Horgo - Olav H. Hauge

Horgo
Stølen ligg vest og ned for Vassfjøro, i ca.
725 m høgd. Han vart rekna som ein god
sommarstøl for mange av bruka på Ljono.
Namnet på stølen kjem av horg, høgt fjell
med bratte kantar (Nesheimshorgi, Lønahorgi m.fl.) Om namnet kjem av fjellryggen
der stølen ligg eller av ei horg i nærleiken
(Vetlavassfjøro?) er usikkert. Stølsvegen til
Horgo tok til nede på Bruflaten ved Eitro
(Solsæ), opp Krokslia, over øvre Sauamjølkvadet og vidare over Horgavadet i Krokselva og opp på Horgafledna til stølen.
På Horgo var det rimeleg god tilgang på
vatn, men ved til koking og ysting måtte
kløyvast eller berast opp frå lia ned mot
Skrulselva. Som på mange stølar, vart det
på første halvdelen av 1800-talet knapt
med beite også på Horgo, og bruk 2 og 7
flytte då til området kring Skrulsvatnet. Bnr.
7 sin støl låg noko heimom og sør for Skrulsvatnet, og dei buførde med kyrne om
Sveig. Beita hadde dei på båe sider av elva
som kom i frå vatnet. Bnr. 2 buførde frå
Horgo over Raudesteg og inn til det nye
selet, som låg på austsida av vatnet. Skulle
dei nytta dei inste beita, laut dei ha kyrne
«på vatnet», det vil seia at dei sumde!
Stølinga i Skrulen varde ikkje så lenge,
mellom anna grunna lite ved til ystinga.
Desse to bruka har ikkje sel på Horgo i dag.
På Horgo slutta dei med tradisjonell støling
i 1949.
HORGO
SOLSÆ
VASSDALANE
JONSTØL
Ulvik Sogelag
TUNHEIM
STØLSTRIMMEN
Ulvik
20
15
Horgo
GPS:
67202041/389496