Årsmøte Forsand jeger- og fiskerforening tysdag 24. februar 2015, referat. Forsand jeger- og fiskerforening hadde årsmøte på Forsand skule tysdag 24. februar 2015. Møtet tok til klokka 1900, og det møtte 16 medlemmer. Leiaren ønska alle velkomne og bad om forslag på ordstyrar. Sak 1: Val av ordstyrar: Rune Søyland valt til ordstyrar. Sak 2: Merknader til innkallinga. Spørsmål om kvifor ikkje innkallinga kom på mail og sms. Torgeir forklarte dette. Elles ingen merknader til innkallinga. Sak 3: Val av refertent: Tore Torgersen valt til referent. Sak 4: Val av to medlemmer til å underteinke protokollen: John Sevrin Mitchell og Odd Kåre Hatleskog valde. Sak 5: Årsmelding: Ordstyraren gjekk kort gjennom det viktigaste i årsmeldinga. Korrigeringar: Det var Tore, og ikkje Rune som var med på ungdomsturen til Nilsebu, men Tore var ikkje med på opplæringsjakt småvilt Skåpet. Det var Kjell Egil og Atle. Årsmeldinga elles godkjent. Sak 6: Rekneskap: Kasseraren gjekk gjennom rekneskapen som blei godkjent utan merknader. Sak 7: Styret sitt budsjettforslag og arbeidsprogram: Budsjettforslaget godkjent utan merknader. Når det gjeld arbeidsprogrammet vil styret setje opp dette på første styremøte. Dei frammøtte på årsmøtet blei oppfordra til å kome med gode forslag. Sak 8: Medlemskontingent for 2016: Uendra. Sak 9: Val av medlemmer og varamedlemmer til styret: John Magne Mitchell la fram valnemnda sitt forslag. Leiar: Bjørnar Høie. (Valt for 2015.) Sekretær: Torgeir Kvalberg. (Valt for 2015 og 2016.) Kasserar: Rune Søyland. (Valt for 2015 og 2016.) Styremedlem: Sigurd Espedal. (Valt for 2015.) Styremedlem: Atle Espedal. (Ikkje på val, sit ut 2015.) Varamedlemmer: Olav Matre og Tore Torgersen. (Valde for 2015.) Sak 10: Val av utsendingar til årsmøtet i NJFF Rogaland: Bjørnar Høie og Odd Olav Hatleskog representerer Forsand jff. Sak 11: Val av to revisorar med ein vara: Anita B. Solland og Unni Espedal valde. Vara: Nancy Kjærvoll. Sak 12: Val av valnemnd på tre medlemmer: Gitle Tangen leiar, fungerer siste år 2016. John Magne Mitchell fungerer i 2016 og 2017. Stian S. Bjørheim ny: Fungerer til og med 2017. Sak 13: Innkomne saker: Ingen. Spørsmål om krav om desinfisering av fiskeutstyr for fiske i Espedalselva. Sigurd sa at saka blir diskutert, men blir ikkje aktuelt inneverande år. Etter at årsmøtet var slutt var det kaffi og smørbrød + ei utlodning med premiar frå Sport 1. Ordstyraren takka avtroppande leiar for innsatsen. Møtet slutt klokka 2100. Forsand 25. februar 2015. Tore Torgersen -referent-
© Copyright 2024