Strandbuen påskekrim

22 fredag
FREDAG 27. mars
MARS 2015
Klubba i hel
på
Politikarar og rådmenn
er samla til møte i styringsgruppa for kommunestruktur (STYRKOSS)
i Kommunestyresalen i
Forsand kommunehus.
Stemninga blir stadig meir
amper i løpet av møtet, og
det heile endar i eit brutalt
mord. Kven er det av kommunepampane som er så
iskalde at dei slår i hel eit
anna menneske bare på
grunn av litt usemje...?
Det summer rundt pultane som
er sett opp i hestesko inne i kommunestyresalen i Kommunehuset på Forsand. Forsand-rådmann
Søren Jensen kremtar forsiktig.
Forsand-ordførar Ole Tom Guse
slår eit hardt slag med ordførarklubba si.
– Kvar er Helge, spør Guse.
– Og Jon Ola, legg han til.
– Kvar trur du, svarer Strandvaraordførar Alf Henning Heggheim tørt, medan han snur seg
og ser ut i bakgården, der to
frakkledde menn hutrande sug
på kvar sin sigarett.
Guse sprett opp på beina og
vinkar dei to etternølarane inn
og på plass.
– Godt med frisk luft, spør han
dei med heva augebryn.
Strand-ordføraren og Strandrådmannen ser begge bare halvsurt på han, før dei heng frakkane på plass på stolryggen bak seg.
– Då er neste punkt på programmet ei orientering frå
rådmennene om statusen for
innbyggarinvolvering, seier møteleiar i styringsgruppa for kommunestrukturprosessen ForsandStrand-Hjelmeland (STYRKOSS),
Søren Jensen.
Etter presentasjonen er det
klart for ein diskusjon blant dei
politiske og administrative kommunetoppane om korleis dei
enkelte kommunane best kan
organisera innbyggarane sine i
prosessen.
– Det er i alle fall ikkje noko
«
Du kan ikkje sitja
der på eit møte
som dette å seia slikt!
Nå er me her for å finna
saman, ikkje splitta
kvarandre
ei spiss, lita stemme
på trøndersk
problem i Forsand, for me er
ein så liten og oversikteleg kommune. Eg kan bare nemna at me
kom høgt opp i lokaldemokratiundersøkinga me hadde i fjor,
seier Guse.
– Og kor enda Strand og Hjel-
meland i denne undersøkinga.
Nei, forresten de hadde jo ikkje
råd til å vera med denne gongen,
legg han humrande til.
Ingen svarer, men nokre augebryn blir heva rundt bordet.
– Og korleis er det nå med
dykk i Hjelmeland? De har kome
så vilt av garde at de kanskje
ikkje får styra dykkar eigne pengar framover?
– Du kan ikkje sitja der på eit
møte som dette å seia slikt! Nå er
me her for å finna saman, ikkje
splitta kvarandre, seier ei spiss,
lita stemme på trøndersk. Hjelmeland-ordførar Trine L. Danielsen set tydelegvis ikkje pris på
sleivsparka frå Forsand.
Opptakten til eit mord
– Der ser du kor lite me eigentleg
har å gjera samen, slår ein bul-
drande Bjørn Laugaland fast frå
den pulten som er lengst vekk frå
alt og alle. Han representerer den
politiske opposisjon i Hjelmeland i STYRKOSS-gruppa.
Danielsen ser åtvarande på
Laugaland, men den tidlegare
ordføraren let seg ikkje stoppa.
– Det var andre tider då eg var
ordførar i Hjelmeland. Då takka
me heilt bestemt nei til å slå oss
saman med Strand og Forsand,
og økonomien var mykje betre
då, held Laugaland fram. – Men
nå, med både ny rådmann og ny
ordførar, då…
Han får eit rasande blikk frå
Danielsen og Flacké.
– Nå trur eg du må rett og
slett roa deg litt ned, Bjørn, seier
Hjelmeland-varaordførar
Håkon Helgøy varsamt. – Du og eg,
Bjørn, me har vore med i skiftan-
de politiske tider, og me har lært
å tilpassa oss.
– Ha! Tilpassa oss, du liksom!
Nei, det var mykje betre før i
Hjelmeland då eg var ordførar,
slår Laugaland fast. Nok eit svart
blikk finn vegen frå den sitjande
ordføraren på andre sida av hesteskoen til Laugaland.
Heggheim prøver å vera diplomatisk å jobba seg tilbake til det
STYRKOSS-gruppa eigentleg er
samla for å diskutera.
– Me kan ikkje henga oss for
mykje opp i fortida, nå er det jo
framtida me skal snakka om.
Når me har blitt éin stor kommune og eg har blitt ordførar,
då… Heggheim stoppar brått og
ser forskrekka ut over forsnakkinga. – Hm, kremt, eg meiner
når me har blitt ein stor kommune, ehm, då blir det jo nye
sjansar for politikarane til å posisjonera seg og danna nye konstellasjonar…
– Bla-bla-bla-bla-bla, bryt Laugaland av. – La oss nå kalla ei
spade for ei spade. Når Hjelmeland og Forsand har blitt lagt inn
under Strand, då finst det ikkje
lokalpolitikarar frå våre kommunar igjen i det nye kommunestyret. Alle dei nye politikarane
kjem til å vera frå Strand.
– Eg er heilt einig med Bjørn
i dette, slår opposisjonspolitikar
frå Forsand, Kåre Oaland, fast.
Dødeleg konflikt
– Nå er det heilt klart at med ein
ny storkommune vil nye konstellasjonar bli danna, gamle vil forsvinna og nye vil koma til. Det er
ikkje sikkert at det treng å vera
så negativt, seier ei predikerande