4 TORSDAG 05. FEBRUAR 2015 MØRE-NYTT Landbruksmesse: Eiksenteret, A-K Maskiner, Felleskjøpet, Øye Maskin og Ørsta næringskontor har teke initiativ til landbruksmesse i Ørsta. I april vil det vere mykje aktivitet over to dagar på Utstillingsplassen i Ørsta, og eit av måla er å skape meir optimisme innanfor næringa. F.v. Ove Myklebust (Eiksenteret), Bernt Brekk (A-K Maskiner), Per Arild Skjåstad (Felleskjøpet), Johnny Øye (Øye Maskin) og Odd Magne Vinjevoll (Ørsta næringskontor). Skal setje Ørsta på kartet Fire lokale landbruksforhandlarar går no saman for å lage ei landbruksmesse som igjen skal setje landbrukskommunen Ørsta på kartet. • Joachim Kroken Åsebø [email protected] Landbruksmessa i Ørsta har kome i stand etter initiativ frå Øye Maskin, Eiksenteret, A-K Maskiner, Felleskjøpet og Ørsta næringskontor. 24.- og 25. april vil Utstillingsplassen i Ørsta vere fylt av utstyr og maskiner til m.a. landbruk, skog og hage. – Vi ynskjer å skape glede og positivitet innan næringa. Det er ei veldig sterk næring som er godt samla i Ørsta. Vi ynskjer å vise styrke og vi er optimistiske for framtida, seier dagleg leiar Bernt Brekk ved A-K Maskiner. Tidlegare har den enkelte aktør hatt sine eigne dagar, men no står dei samla bak ei større messe. Med landbruksmessa ynskjer aktørane å verkeleg setje Ørsta på kartet innan landbruk. Alt som er relatert til agri vil verte å sjå på messa. Vi er optimistiske for framtida – Vi er på den plassen på nordvestlandet der flest leverandørar er best representert. For vår del er det viktig at vi samlar oss og viser styrkje. Vi har ei breidde her i Ørsta som er unik. Innanfor næringa i dag er det over tretti arbeidsplassar i Ørsta kommune. For dei ulike landbruksforhandlar strekkjer distriktet seg frå Måløy og Stryn i sør til Haram, Ørskog og Geiranger i nord. – Ørsta er ei stormakt innan landbruk, men dette er veldig usynleg på ulike statistikkar, seier næringssjef Odd Mange Vinjevoll. Eit av måla med landbruksmessa er å skape meir optimisme innanfor næringa. – Vi har von om trekkje mykje folk til landbruksmessa og vise fram kva vi har og kva vi kan tilby. Ved å slå oss saman rundt dette vil vi også skape mykje større interesse blant kundar og eksterne leverandørar. Landbruksmessa skal ha eit breitt nedslagsfelt og i tillegg til utstyr vert det og hesteutstilling med Fjordhestlaget. Det vil verte dyr, barneaktivitetar, nærmat og informasjon rundt finansiering og forsikring. – Det vert som ein marknad. Vi vonar at dette vert eit årleg arrangement og at vi vil vekse oss større på sikt, seier Brekk. – For oss er det viktig å vere ein medspelar og vere med på synleggjeringa av ein stor bransje. Det er ein bransje der endringane har vore store med tanke på kva dei tradisjonelt har levert til. Dess meir aktivitet vi klarer å skape dess meir merksemd får vi, seier Vinjevoll. Karen Høydal ny leiar i Ørsta Ap Karen Høydal er valt til ny leiar i Ørsta Ap. Ho tek over etter Petter Bjørdal, som sa frå seg attval. Ny Ap-leiar: Karen Høydal er ny leiar i Ørsta Ap. Det var godt frammøte på Ørsta Ap sitt årsmøte. Tema var kommunikasjon med kommunikasjonsdirektør Solveig Moe Frøland i Kystverket. Ho la vekt på at kommunikasjon er demokrati, makt, kultur og eit viktig verktøy i samhandling. Det er ein balansekunst å manøvrere mellom god intern kommunikasjon og å vere synleg i det offentlege rom. Stortingsrepresentant Fredrik Holen Bjørdal la vekt på det helsefremmande i arbeidslivet og kor viktig det er at alle har arbeidsavtalar og føreseielege arbeidsforhold. Han orienterte elles om aktuelle saker sentralt. Årsmelding, kommunestyregruppa si årsmelding, rekneskap og budsjett vart behandla og godkjent. Det er ei fin re- kruttering til partiet og valet gav dette resultatet: Styret: Karen Høydal (leiar) Ingvild Aasen (nestleiar), Inge Birger Bjørdal (kasserar), Hans Andrè Sørvik (studieleiar). Iselin Steinnes Foldal (kvinnepolitisk leiar) og Jostein Mo (styremedlem). Styret nemner opp sekretær. Vara: Karen Longva Buset, Lars Johan Hammer, Maria Halse og Alexander Riise Olsen. Revisor: Roar Rønning og Brynjulf Skurtveit.
© Copyright 2024