Les heile saka i SUNNMØRSPOSTEN

SUNNMØRSPOSTEN Onsdag 10. juni 2015
BILDETEKST:
NYHETER 11
HANDEL
HARAM
Erik Berg går ut av Bunnpris
Set av 120 millionar til felles skule
Berg-familien i Molde selger seg ut av Bunnpris for å satse videre på
reiseliv og eiendom. Berg Invest AS og I.K. Lykke har eid 50 prosent
hver av Bunnpris Møre. Nå selger Berg sin eierandel til Lykke, som
dermed blir eneeier, melder Romsdals Budstikke. Bunnpris Møre har
1.000 ansatte og ei omsetning på cirka to milliarder kroner.
Haram formannskap vil setje av 120 millionar kroner til ny felles
skule for Vatne og Tennfjord. I handlingsprogrammet og
økonomiplanen er pengane fordelte med 10 millionar i 2016, 50
millionar i 2017 og 60 millionar i 2018. Framlegget kom frå Svein
Harsjøen (Frp). Rådmannen hadde ikkje innstilt på summar.
Ulv observert i Hornindal
• Sauebønder på Nordvestlandet blir oppmoda om å vere på vakt
LANDBRUK
Denne veka vart ein ulv sett i
Hornindal. Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal
Sau og Geit, ber bøndene
vere på vakt.
I fjor vart det nemleg også
observert ein ulv i Hornindal på
omtrent same tid. Han gjekk
vidare til Sunnmøre, der han
drap eit 20-tals sauer og lam.
Denne ulven vart seinare skoten på Ikornnes i Sykkylven.
– Denne nye observasjonen
kjem ikkje som noko overrasking på meg. Dette er eit resultat
av den rovdyrpolitikken som
blir ført i både Sverige og Norge.
Det vil kome fleire ulvar hit,
meiner Bjørdal.
– Men no er det vedteke politisk at det skal vere ein ulvestamme i Norge?
–Ja, men han skal ikkje vere
her på Sunnmøre, svarer Bjørdal.
Hornindal. Det var Mariell
Taraldset (14) som måndag
kveld såg ulven, då ho var på veg
til Holskarsetra i Hornindal. Til
avisa Fjordingen fortel ho at
ulven stod berre 20 meter frå
henne.
– Eg skreik, bråsnudde og
sprang det raskaste eg kunne.
Torde så vidt å snu meg for å sjå
om ulven fylgde etter, men
stoppa ikkje før eg var nede på
fylkesvegen, seier Mariell til
avisa.
Mariell er sikker på at det var
ulv ho såg. Ein dag tidlegare tok
ho bilde av spor i snøen, som ho
meiner er av eit rovdyr. Ein
saueeigar som har gjetarhundar
like i nærleiken, har også fortalt
at hundane har oppført seg
uvanleg siste dagane.
Rovviltkontakt i Nordfjord,
Ingolf Folven, seier til avisa at
dette er ein svært truverdig
observasjon.
Det er vanleg at unge hanndyr
blir utstøytt av flokkane sine på
denne tida. Streifdyra er ikkje
farleg for folk, ifølgje Folven.
Men dei er farlege for sauer
og lam, meiner Odd Bjarne Bjørdal.
– Etter at denne nye ulveobservasjonen vart kjend har eg
knapt hatt tid til anna enn å
snakke med urolege bønder på
telefonen, seier Bjørdal til
Sunnmørsposten.
Frykt. Bøndene har bileta av dei
mange daude sauene og lamma
i fjor friskt i minne, og fryktar at
det no er deira dyr som skal
måtte bøte med livet.
Dyra som vart drepne i Sunn-
SAUEBONDE: Odd Bjarne Bjørdal er leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit oppmodar bøndene om å vere på vakt mot ein ny ulv. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS
Og Vadder har denne oppmodinga å kome med til nervøse
sauebønder:
– Ha betre tilsyn med sauene,
og set opp solide, elektriske rovdyrgjerde, så vil ulven gå vidare,
meiner Anne Margrethe Vadder.
Misfornøgd. Også ho er misfor-
SUNNYLVEN: Ulven som vandra til Sunnmøre i fjor, drap eit 20-tals sauer og lam, mellom anna her i Sunnylven. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS
– Ulven er truleg
på jakt etter ein
make
ANNE MARGRETHE VADDER
ylven gjekk innegjerda, men det
var ikkje nok til å stoppe ulven,
som hadde vandra heilt frå Sverige, 60 mil unna. Undersøkingar av ulven etter at han vart
skoten viste nemleg at han var
fødd ved Tiveden nasjonalpark.
Og nettopp opphavet gjer at
denne ulven burde ha fått leve
vidare, meiner Anne Margrethe
Vadder i foreininga Aksjon Rov-
dyrets Røst.
– Denne ulven kunne ha tilført den norske ulvestammen
friske genar, meiner Vadder.
Ho ber også om at ein eventuell ny ulv som no kan ha kome
til Nordvestlandet får leve:
– Ulven er truleg på jakt etter
ein make. Det vil han ikkje finne
der, og då vil han truleg gå
vidare.
nøgd med rovdyrpolitikken i
Norge, men av ein annan grunn
enn Odd Bjarne Bjørdal i Møre
og Romsdal Sau og Geit.
– Den rovdyrforvaltninga vi
har i Norge i dag er heilt feil. Vi
skyt kvar einaste streifdyr, noko
eg meiner er heilt håplaust,
seier Vadder.
Ho legg til at det står ikkje ein
einaste stad i rovdyrforliket at vi
ikkje skal akseptere streifdyr.
– Nokre ulvar legg ut på vandring, men dei blir ikkje verande.
Dei går vidare. Først nå ein ulv
oppheld seg på same stad i 12
veker kan han reknast som stasjonær, seier Anne Margrethe
Vadder i Aksjon Rovdyrets Røst.
TERJE ENGÅS
[email protected]
ANNE-MARI TOMASGARD
[email protected]