Last ned nyheitsbrev for Fjordhagen for januar her.

MÅNADSNYTT FRÅ FJORDHAGEN – KNUTEPUNKT FOR REGIONAL NÆRINGSUTVIKLING – NR. 1 l 3. FEBRUAR 2015
FULL UTTELJING –
GRATIS NORSKKURS!
Gjennom prosjektet for integrering
av arbeidsinnvandrarar i Stranda,
Norddal og Stordal har Fjordhagen
AS i samarbeid med Folkeuniversitetet Midt-Norge klart å hente inn
910.000 kroner i eksterne midlar
frå Vox, Nasjonalt organ for kompetansepolitikk, som kjem bedrifter
og tilsette arbeidsinnvandrarar til
gode.
Folkeuniversitetet Midt-Norge
har med dette fått løyvd midlar til å
kunne halde gratis yrkesretta norskkurs for alle bedrifter og tilsette
det vart søkt for, totalt ni bedrifter
og 79 tilsette i Norddal, Stordal og
Stranda kommunar.
BILETBEHANDLING
OG PRESENTASJON
Vi held fram suksessen med å
arrangere datakurs for næringslivet.
Desse kursa er ein del av næringsforumstilbodet, og denne gongen blir
det fokus på bruk av digitale verktøy
frå Adobe-pakken; Photoshop,
Illustrator og InDesign. Kursleiaren
kjem som vanleg frå Abbra.
Kurset blir i mars, over to dagar.
Meir informasjon kjem etter kvart.
hoppid.no-kontor for Stordal og Norddal
www.fjordhagen.com
HOPPID.NO-KONTOR
I TO NYE ÅR
Fjordhagen AS har nyleg inngått ein
ny avtale med Stordal kommune
om å vere hoppid.no-kontor for dei
ut 2016.
Samarbeidet med prosjektet
Vekst i Stordal blir vidareført og
styrkt, og vi skal arbeide mot eit
felles mål om å skape vekst og nye
arbeidsplassar i Stordal.
Dermed ligg høva godt til rette
for gründerar i Stordal, som kan
gjere seg nytte av ressursar både frå
hoppid.no og vekstprosjektet.
Så om du går med ein idé i
magen, men ikkje heilt veit korleis
du skal gripe det an: Ta kontakt, så
vil vi hjelpe deg!
FIRE FLINKE FYRAR: Kenneth Hovden (t.v.), lærlingane Jørgen Gjerde og Elias Indreeide, og “hjelpearbeidar”
David Kobza framfor huset der dei akkurat har teke imot panelplater og parkett frå Valldal Høvleri.
OPPTRAPPING: No innreier dei loftet som høyrer til
leilegheita som snart kjem for sal på Sylte.
– Lærlingar eit vere eller ikkje vere
– Vi må vise samfunnsansvar
og ta vare på dei unge som
vil vere her i bygda. Vi har
ingen å miste, seier Kenneth
Hovden som for tida har to
snikkarlærlingar i firmaet.
Hovden Bygg AS vart etablert i 2010,
men Kenneth Hovden har arbeidd
som sjølvstendig snikkar sidan 2000,
både i Oslo og i heimtraktene. I tillegg til lærlingane Elias Indreeide og
Jørgen Gjerde har han David Kobza
som han kallar «hjelpearbeidar».
LÆRLINGAR
Snikkarlærlingane har to år bak seg
på vidaregåande skule før dei går inn
i læretida som er like lang. Etter det
står fagbrevet for tur.
Hovden Bygg tok inn den første
lærlingen i 2013 etter at Elias Indreeide hadde spurd om lærlingplass,
og etter at selskapet hadde blitt
godkjent lærebedrift av Møre og
Romsdal fylkeskommune.
– Det er for få lærebedrifter, så
mange lærlingar får ikkje praksis,
seier Kenneth Hovden, som sjølv
hadde læreplass i Langevåg.
– Somme bedriftsleiarar har sagt at
dei er redde for at unge lærlingar ikkje
kjem seg opp om morgonen?
– Nei, det er ikkje noko problem,
heita leggjast ut for sal. Då har ho til
saman fem soverom og to stover.
KREATIV LOSSING: Parketten blir lyfta med kran
opp til soveromsvindauget på loftet.
seier sjefen, følgd av ein latter som
hintar om at kanskje ikkje alle er like
morgonfriske.
EIN RESSURS
Kenneth Hovden ser på lærlingane
som ein ressurs, ikkje som noko heft.
– For mi bedrift er det eit vere
eller ikkje vere. Då eg var åleine,
samarbeidde eg ofte med andre.
No kan eg ta på meg heilt andre og
større oppdrag enn eg kunne før. Det
er ein kjempefordel. Berre no når vi
skal losse eit par pallar med parkett
og panelplater, er det ein fordel å
vere fleire.
Materiala som kjem frå Valldal
Høvleri, blir heiste inn gjennom det
eine soveromsvindauget på loftet
som dei driv og innreier. Det høyrer
til leilegheita der Kenneth Hovden
sjølv bur på Sylte. Når loftet med
to ekstra soverom og ei loftstove er
ferdig om ein månads tid, skal leileg-
KJELDESORTERING
Hovden Bygg skil seg òg positivt ut i
byggjebransjen med å vere oppteken
av kjeldesortering.
– Eg har merka kor mykje sortering av plast og papir utgjer privat. I
denne bransjen er det utruleg mykje
emballasje. Så lenge vi har gode
rutinar, er det lett å sortere avfallet.
Dei skryter av Miljøstasjonen, men
skulle ønskt han var open oftare.
– Har du hengaren full måndag,
er det lenge til torsdag. Heldigvis
er dei på Miljøstasjonen ofte greie,
slik at vi får levere avfall utanom
opningstida.
VEGEN VIDARE
Elias Indreeide satsar på å ta høgare
utdanning som ingeniør når han har
teke fagbrevet. Då ser Kenneth Hovden for seg å ta inn ein ny lærling.
– Kan hende eg kan bruke slagordet «Vi utdannar framtidas ingeniørar», fleipar han.
– Vi har ein god sjef som har
forståing for ungdommen, seier
Jørgen Gjerde.
– Og så er han god til å lære frå
seg, seier Elias Indreeide.
– Det er utruleg kjekt å ha eit
ungt arbeidsmiljø, seier sjefen sjølv.
FERDIGSTILLING: TIRILTUNGA AS
Bedrifter i næringshagen:
Fjordhagen AS
Gjerde Entreprenørdrift AS
Hjelme Web ENK
Norddal Eigedomsselskap KF
Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord
Trollbinding AS
Nord-Vest Revisjon AS
Valldal naturopplevingar AS
Bedrifter i Fjordhagen næringsforum:
Alternativ Terapi ENK
Juvet landskapshotell
Duo Bygg AS
Kulå Bowling AS
Eidsvatnet hyttegrend DA
Muritunet AS
Gjerde Camping
Norddal Rekneskapskontor AS
Gjerde Entreprenørdrift AS
Nord-Vest Revisjon AS
H.L. Muri AS
Omenås Hyttegrend AS
Hjelme Web ENK
Petter Lingaas ENK
Hovden Bygg AS
Rempro AS
Indreeide Mek. Verkstad AS
Sparebanken Møre
Jemtegård Feriesenter ENK
Stall Bjørstad
Stiftinga Kraft- og skredsenter i Tafjord
System-Electro Norddal AS
Tiriltunga AS
Vika servicesenter AS
Valldal Camping
Valldal Grønt AS
Valldal Høvleri AS
Valldal Kailag AS
Nyttige adresser:
www.fjordhagen.com
www.hoppid.no
www.innovasjonnorge.no
www.kvinnovasjon.no
www.ue.no
www.altinn.no/no/starte-ogdrive-bedrift
Følg Fjordhagen på Facebook!
http://www.facebook.com/Fjordhagen
Stor interesse for lokal yrkesmesse
Gro Marita Stennes Valdal, Hallvard Omenås
og Petter Lingaas legg ikkje ofte armane i
kors, men no er dei klare for julelunsj.
BANKGÅVE TIL
LIVSKRAFTPORTAL
Den siste fredagen før jul hadde Fjordhagen næringsforum møte og julelunsj
i næringshagen. Det har kome fleire
nye bedrifter inn og i skrivande stund
tel næringsforumet 28 bedrifter. Kven
som er med i næringsforumet, finn du
oversikt over øvst på denne sida.
Næringsforumet fekk nokre dagar
tidlegare ei hyggeleg julegåve frå Sparebanken Møre på 25.000 kroner. Desse
pengane ynskjer næringsforumsbedriftene å bruke i etableringa av ein nettportal
som skal synleggjere positiv utvikling og
stadkvalitetar i tråd med omdømestrategien til Norddal kommune. Bedriftene
drøfta også korleis næringsforumet kan
bidra til å få framdrift i tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum, og
det vart presentert ein handlingsplan for
aktivitetar i næringsforumsregi i 2015.
Næringsforumet ynskjer mellom anna å
arrangere næringspub der også eigarar
av fritidsbustader vert inviterte.
100 MILLIONAR I EKSTRA
ETABLERARTILSKOT
I 2014 løyvde Innovasjon Norge i Møre og
Romsdal 18,3 millionar kroner i etablerartilskot til 45 gründerselskap og kopla
mentorar til 16 bedrifter. I statsbudsjettet
for 2015 er det løyvd 110 millionar ekstra i
etablerartilskot til Innovasjon Norge.
Hoppid.no-kontoret i Fjordhagen
hjelper gode gründerar til å skape vekst
og nye arbeidsplassar. Vi planlegg i desse
dagar ein fagdag med inspirasjon og
motivasjon til vekst. Her vil vi mellom
anna invitere bedrifter i distriktet, som
har lukkast med å utvikle seg og vekse,
til å fortelje suksesshistoria si. Vi viser
korleis ein kan utnytte dei ressursane
ein rår over, til å vekse og skape fleire arbeidsplassar. Arrangementet blir i mars.
Følg med på Fjordhagen og hoppid.
no sine facebooksider, på www.hoppid.
no og på www.fjordhagen.com. Besøk
gjerne gründersidene til Innovasjon
Norge http://www.innovasjonnorge.
no/no/grunder/ for meir informasjon
om kva dei kan bidra med, og ta kontakt
med oss i hoppid.no for rådgjeving.
Over 30 bedrifter var med i
den første lokale yrkesmessa
på indre fjordstrok.
Tysdag 20.januar deltok Fjordhagen
og hoppid.no på den første lokale
yrkesmessa i indre fjordstrok, som
vart halden i Storfjord kulturhus.
Stranda vidaregåande skule var
arrangør, og over 30 bedrifter frå
Stranda, Norddal og Stordal kommunar deltok med stand. Messa var
ein flott arena som viste det store
mangfaldet av yrkesretningar som
finst hjå bedriftene her.
FLOTT ARENA
Kokk, gründer og strandar Bjørn
Tore Furset heldt eit svært inspirerande opningsinnlegg som verkeleg
fekk fram mulegheitene ungdommen har for å bruke utdanninga
og erfaringa som dei byggjer opp
undervegs, til å etablere eiga bedrift.
Han har bygd opp Fursetgruppen
som eig og driv ulike restaurantar i
SUNN MAT: Anne Kristin Aklestad (t.v.) og Karen Dyrkorn representerte Muritunet på yrkesmessa.
Oslo, mellom andre Maemo som har
to stjerner i Michelinguiden. http://
www.fursetgruppen.no/no/
AUKA KOMPETANSE
Til hausten får elevar på Stranda
vidaregåande skule, som dei første
i Møre og Romsdal, høve til å ta
yrkes- og studiekompetanse innan
restaurant- og matfag og helse- og
oppvekstfag. Yrkes- og studiekompetanse (YSK), tidlegare TAF, er ei
studieretning som både gir studiekompetanse og fagbrev. Utdanninga
går over fire år og gir eleven løn
under utdanninga. Stranda vidaregåande skule tilbyr også YSK innan
teknisk industriell produksjon.
Målretta miljøarbeid
Fredag 30. januar gjekk det første
partnarskapsmøtet i Grøn Fjord 2020
av stabelen på Stranda Hotel. Kring
40 av dei totalt 70 partnarskapsbedriftene frå Norddal og Stranda
kommunar møtte.
Destinasjon Geirangerfjord–Trollstigen har sett i gang arbeidet med å
oppnå Innovasjon Norges merke for
Berekraftig reisemål. Anne Dorthe
Carlsson trekte fram gode eksempel
på målretta miljøarbeid både frå Trysil
og Røros, reisemål som allereie er
sertifiserte som Berekraftige reisemål.
Stephen Oommen frå Møre og Roms-
Partnarskapsmøtet var på Stranda Hotel.
dal fylkeskommune fortalde om ulike
typar miljøsertifisering som finst, og
den kortreiste miljøfyrtårnkonsulenten frå Fjordhagen fortalde nærare
om korleis bedrifter kan bli sertifiserte
som Miljøfyrtårn. Mona Nilsen frå
Miljøkom
heldt eit
morosamt og
inspirerande
innlegg og
kom med
mange
konkrete
eksempel
på korleis god miljøkommunikasjon kan inspirere til handling blant
innbyggjarar, tilsette, politikarar og
næringsliv. Resten av dagen var også
fylt av gode og inspirerande innlegg
frå Kongsberg Devotek, Møreforsking
og ÅRIM.
Til slutt fekk partnarane idémyldre
om korleis dei kan ta eit årleg steg
mot sporlaus ferdsel.
MED STRAUMEN: Fylkesordførar Jon Aasen og
ordførar Bjørn Inge Ruset stod for opninga av
hurtigladestasjonen ved Kulå Bowling.
HURTIGLADESTASJON FOR
ELBILAR I VALLDAL
Den første hurtigladestasjonen i Norddal
kommune vart opna i Valldal tysdag
20. januar. Ladestasjonen som ligg ved
Kulå Bowling i sentrum, vart høgtideleg
opna av fylkesordførar Jon Aasen (Ap)
og ordførar i Norddal kommune Bjørn
Inge Ruset (Ap). No kan reisande langs
nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen
stoppe for hurtiglading av elbil i Valldal.
Ladestasjonen er drifta av Grønn
Kontakt som er ein nasjonal operatør
og utbyggar av ladenettverk for alle
bilar som kan ladast. Oversikt over
ladestasjonane som Grønn Kontakt har i
Norge, finn du på http://gronnkontakt.
no/ladestasjoner-i-norge