Holmelyhausten 2015

VELKOMEN TIL HOLMELY!
Hausten 2015
28.-30. august: «Ta vare på hjarta
framfor alt du tek vare på»
17.-20. september: Retreat
«Vi er eit folk på vandring»
22.-25. oktober: Bibelhelg og
haustmøte med Anfinn Skaaheim
20.-22. november: «Å vekse djupare i
Gudsrelasjonen i livets ulike årstider»
Temahelg m/ramme av retreat ved
Heidi Strømsmo og Eva S. Langseth
Hjartet og Gudsrelasjon heng saman. Livet
flyt ut frå hjartet. Kva pregar hjartet ditt og
korleis kan vi leve i kvardagen ut frå
hjartet? Denne helga vil vi utforske korleis
vi kan leve ut frå kjelda i vårt indre. Heidi
hadde temahelg hos oss i februar, og vi
ser fram til å få henne tilbake to helger
dette semesteret. Heidi har vore ute i
teneste i Hong Kong og Sør-Afrika og har
vore ein av leiarane i Oslo Vineyard i
fleire år. Ho er ei jordnær, men
himmelvend dame som brenn for
gjenoppretting og fridom. Heidi har brei
erfaring i vegleiing og forbøn for
menneske som treng å kome fri frå
bindingar i livet. Eva er dagleg leiar på
Holmely og vil leie helga, ha morgon- og
kveldssamlingar, og tilby samtale og
forbøn saman med Heidi.
Pris: 1950,- (inkl. arr. avgift: 450,-)
3-dagars retreat ved Audun Aase,
Jorunn Glomnes og Eva S. Langseth
Etterfølgings- og pilegrimsmotiv vil stå i
sentrum desse dagane. Audun har leia
retreat hos oss tidlegare, han er
sokneprest i Samnanger og har lang
erfaring med retreat og sjelesorg. Jorunn
er ein av grunnleggjarane av Holmely,
har tidlegare vore leiar på staden og er
ein erfaren sjelesørgjar. Eva er noverande
dagleg leiar, lærar og diakonarbeidar.
Pris: 2450,- (inkl. arr.avgift:200,-)
Skaaheim er ein kjend mann for mange,
tidligare generalsekretær i
Indremisjonselskapet og seinare i
Normisjon. Skaaheim har ein levende og
humoristisk måte å forkynne på, og han
er ein dyktig formidlar. Han har hatt
bibelhelger på Holmely tidlegare, og vi
gleder oss til nok ei innhaldsrik helg med
fokus på Guds ord! Vi startar torsdag
kveld. Vikarierande dagleg leiar, Hilde
Balsnes Lande leier sjølve Bibelhelga.
Laurdag frå lunsj, deltek vi på
haustmøtet til Normisjon som blir på
Fjordly, der Skaaheim har både seminar
og festtale. Pris: 2600,- (inkl. arr.avgift
og haustmøtet på Fjordly)
Temahelg m/ramme av retreat ved
Heidi Strømsmo og husfolk på
Holmely
Jesus er fredsfyrsten og han leier oss heim
til vår himmelske Far. Gud er vår verkelege
Far og er full av kjærleik. Vi vil denne helga
ha fokus på å vekse djupare i relasjon med
den treeinige Gud. Dette er andre helga
som Heidi Strømsmo besøker oss denne
hausten, og vi ser fram til å få henne
tilbake. Sjå meir info om Heidi under
temahelga i august.
Pris: 1950,- (inkl. arr. avgift: 450,-)
Torsdag 10. september: Bønedag
Vi møtast til bøn, lovsong, kveldsmat og
bønevandring kl. 17.30 – 21.30. Oppmøte
Holmely. Vi håpar mange vil prioritere
denne dagen saman med oss! Marte Iren
Lade (dagleg leiar Fjordly) og Eva S.
Langseth (dagleg leiar Holmely) leiar
denne dagen.
I staden for matpengar, tek vi opp ei
gåve til Holmely.
Påmelding innan måndag 7. sept.
9.-11. oktober:
«Følelsar og kommunikasjon»
Kurs m/ramme av retreat i samarbeid
med Fermate Sunnmøre. Vi fortset
kursserien: «Ta vare på deg sjølv og
andre» - ei helg for deg personleg i dine
prosessar i livet, og samtidig eit lærerikt og
utrustande kurs som kombinerer
menneskeleg erfaring, sjelesørgerisk teori
og teologisk refleksjon forankra i Bibelen..
Iris Vartdal Clausen og Anne Line Dahl
Jerstad, begge frå Fermate Sunnmøre,
byter på å undervise desse helgane.
Helga blir leia av vikarierande dagleg
leiar, Hilde Balsnes Lande. For meir info:
www.fermate-sunnmore.no
Pris: 2300,- (inkl. kursavgift: Fermate
700,- arr. avgift: Holmely 100,-)
Laurdag 31. oktober: Bønedag
Vi møtast til bøn, lovsong, lunsj og
bønevandring kl. 10 – 16. Oppmøte på
Holmely. Vi håpar mange vil prioritere
denne dagen saman med oss! Marte Iren
Lade (dagleg leiar Fjordly) og Ingebjørg
Isane Fure (tilsett i Normisjon Sogn og
Fjordane) leier denne dagen.
I staden for matpengar, tek vi opp ei
gåve til Holmely.
Påmelding innan onsdag 28. okt.
4.-6. desember: Adventsretreat
«Med lengsel og forventning»
2-dagars retreat ved Brit Lundby Hilde
og Sigrun Berge Raae Retreat er å trekkje
seg tilbake, bruke tid i stillhet for å bli betre
kjent med seg sjølv og Gud. Her kan vi få
hjelp til å vandre med kvilepuls. Å feste
blikket på Jesu komme, med lengsel og
forventning kan vere godt i ei elles, for
mange, hektisk førjulstid. Brit og Sigrun er
trygge og kjente fjes her på staden, og
har begge lang erfaring i retreatarbeid.
Sigrun har tidligare jobba på Holmely og
har i mange år vore ein frivillig ressurs.
Brit har i fleire år vore ein ressurs her på
Holmely, blant anna i utarbeiding av
retreatmaterialar og no som retreatleiar.
Pris: 1700,- (inkl. arr.avgift: 200,-)
Dagsprogram for kvar enkelt helg blir sendt ut seinare til dei som tek kontakt for info eller påmelding. Alle arrangement startar med kveldsmat 18.30 og avsluttar med varmlunsj søndag.
INFORMASJON:
Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie:
Enkeltgjestar og feriegjestar er
velkomne, etter nærare avtale. Holmely
kan òg leigast av grupper og lag som
ynskjer ha eigne arrangement. Vi har
sengeplassar til ca. 20 personar.
Normisjon sin einaste retreat-stad ligg
som ei perle like i sjøkanten, med
vakkert utsyn over fjord og holmar –
nær skog og fjell. Ein fredfull stad.
På diakonal grunn – ein stad for alle!
• TEMAHELGER/KURS
Inspirasjon og fornying for kristenlivet
og kvardagen. Gode tema-haldarar
med livsnære tema. Kurs i samarbeid
med Fermate.
• OMSORG
Medvandring - høve til sjelesorg/
samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling.
Individuelle opphald. Ta kontakt!
• BØN
Bønelunsj fredagar 11.30 – 12.30, vi et
ilag, drikk kaffi og ber for staden,
regionen og kvarandre (ta med matpakke)
Vi møtest til bønedagar (sjå program),
åndeleg påfyll, lovsong, bønevandring,
høve til personleg forbøn.
Bryggja i Nordfjord
Ein jordnær plass med open himmel
medvandring
bøn
påfyll
fred
Meld deg på i god tid til:
HOLMELY omsorg og retreat
6711 BRYGGJA
Tlf. 57853425
e-post: [email protected]
Dagleg leiar:
Eva S. Langseth
(fødselspermisjon f.o.m. 20. sept.)
Hilde Balsnes Lande (vikar f.o.m. 15. sept)
Kontortid/telefontid:
tysdag, torsdag og fredag: 09-14
Reise til og frå:
Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen,
Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g.
dagleg, korresponderande buss til
Holmely/Totland.
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane.
Meir informasjon:
www.holmely.no
www.facebook.com/holmely
retreater.no/retreatsted/holmely
Dersom du ynskjer å få brosjyre og
annan info elektronisk, gje beskjed.
Kontonummer: 3000 14 72204
Hausten 2015
• RETREAT
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet
for å bli betre kjent med seg sjølv og
Gud. Få hjelp til å vandre med
kvilepuls. Tid til å vere stille og be.
Faste samlingar i kapellet.
Bibelmeditasjon. Stille måltid med
musikk. Tilbod om sjelesorg/åndeleg
vegleiing.
Døgnpris:
Full pensjon pr. person pr. døgn i
dobbeltrom/enkeltrom: Kr. 750,I tillegg kjem arrangementsavgift eller
kursavgift for planlagde helger.
Holmely