Utkast til selskapsavtale

Utkast til selskapsavtale (vedtekter) etter samanslåing av
Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) og Sogn og Fjordane Revisjon IKS(SFR)
01.07.2014
«Namn» IKS
Indre Hordaland – Sogn og Fjordane
§ 1 SELSKAPETS NAVN
Selskapets namn er «Namn» IKS.
§ 2 SELSKAPSFORM/EIGARDEL
Verksemda er eit interkommunalt selskap og er oppretta med heimel i lov om
interkommunale selskap av 29. januar 1999 (IKS lova).
Eigardelen og ansvarsdelen frå dei deltakande kommunane i selskapet er fordelt slik:
Namn
Fylkeskommunen
Balestrand
Høyanger
Leikanger
Luster
Lærdal
Sogndal
Vik
Årdal
Eigenkapital SF revisjon
Eidfjord
Jondal
Ullensvang
Ulvik
Odda
Voss
Eigenkapital IHR
Sum totalt
Eigardel
8%
5%
8%
6%
8%
6%
8%
6%
8%
63 %
5%
5%
6%
5%
8%
8%
37 %
Beløp
kr
kr
kr
kr
kr
kr
kr
kr
kr
kr
200 000
125 000
200 000
150 000
200 000
150 000
200 000
150 000
200 000
1 575 000
kr
kr
kr
kr
kr
kr
kr
kr
125 000
125 000
150 000
125 000
200 000
200 000
925 000
2 500 000
Deltakarane yter ikkje årleg tilskot til selskapet.
Deltakarane inngår avtale om honorar for tenestene.
Eigenkapitalen skal vera oppgjort nårinnan 1 månad etter at selskapsavtalen er vedteken av
alle deltakande kommunar.
§ 3 ARBEIDSGIVARTILKNYTING
Selskapet skal vera medlem av KS (KS Bedrift).
§ 4 FORMÅL
1) Selskapets formål er å levere revisjonstenester til eigarane og andre.
2) Selskapet leverer revisjonstenester innanfor finansiell revisjon, forvaltningsrevisjon og
selskapskontroll.
3) Selskapet leverer attestasjonsfråsegner og rådgivningstenester.
4) Selskapet kan eiga/delta i andre selskap som leverer revisjonstenester, og andre tenester
som naturleg høyrer slike verksemder til.
5) Selskapet kan inngå samarbeidsavtalar med andre med tilsvarande formål.
6) Selskapet har ikkje erverv til formål.
§ 5 FORRETNINGSKONTOR
Selskapet har sitt hovudkontorforretningskontor i Leikanger.
Selskapet skal som minimum ha eitt kontor i Leikanger og eitt kontor i Voss.
Dagleg leiar kan etter avtale med styre ha sitt hovudsete utanfor forretningskontoret
§ 6 REPRESENTANTSKAP - VALG, FUNKSJONSTID OG
FORRETNINGSORDEN
Alle eigarkommunane skal vera representert i representantskapet med ein representant kvar.
Kvart kommunestyre vel sin representant med personleg vararepresentant. Ved avstemming
har kvar representant ei stemme.
Valet skal fylgje IKS lova § 6 med følgjande tillegg.
1. Representantskapets medlemmar og varamedlemar er valt for 4 år. Funksjonstida for
representantskapet går frå 1.1. året etter kommuneval og til 31.12. i året for neste
kommuneval.
2. Representantskapet vel sjølv leiar og nestleiar der leiaren og nestleiaren skal
vekselvis veljast frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Leiarvervet er for 2 år.
3. Dagleg leiar og styreleiar har talerett i representantskapet sine møter.
4. Haustmøtet vedtek budsjett og økonomiplan.
5. Det skal førast protokoll som vert oversendt eigarane.
6. Representantskapet vel ei valnemnd på minst 3 deltakarar, der begge fylka er
representert
§ 7 STYRET – VAL - FUNKSJONSTID OG FORRETNINGSORDEN
Val til styret følgjer IKS lova sin § 10 etter fylgjande retningslinjer:
1. Representantskapet skal velja leiar, nestleiar og 3 styremedlemar. I tillegg skal det
veljast 3 varamedlemar i rekke.
2. Styremedlemar vert valt for 4 år. Valet skjer normalt 2. år i kommunestyreperioden.
3. Dagleg leiar har møte-, tale- og forslagsrett i styret.
4. Representant for dei tilsette, har møterett i styret i tråd med kommunelova § 26.
§ 8 STYRETS OPPGÅVER
1. Styret skal sørgje for at selskapet vert drive i tråd med selskapets formål,
selskapsavtale og innanfor vedteke budsjett.
2. Styret har ansvar for at representantskapets vedtak og retningslinjer vert gjennomført.
Styret skal også sørgja for at selskapet er organisert på ein kostnadseffektiv måte.
3. Styret skal sikra at rekneskapsføring og formuesforvaltning er undergitt
tilfredstillande kontroll.
4. Styret tilset dagleg leiar.
4.5.Styret fastset dagleg leiar si lønn.
5.6.Styret fører tilsyn med dagleg leiar si leiing av revisjonsverksemda.
6.7.Styret skal sikra at revisjonen har tilfredsstillande arbeidsforhold, medrekna
arbeidsmiljø, kontorplass og utstyr.
§ 9 SELSKAPETS DAGLEGE LEIING
Selskapet skal ha ein Dagleg leiar, som er tilsett av styret:
1. Vedkomande utfører den daglege leiinga av selskapet si drift, og har ansvar for å
gjennomføra dei pålegg og retningslinjer som vert gitt av styret.
2. Dagleg leiar er sekretær for styret og representantskapet og har ansvar for at saker
som vert lagt fram til handsaming er forsvarleg utgreidd.
3. Dagleg leiar rapporterer til styret.
4. Dagleg leiar har ansvar for oppfylging av arbeidsmiljø og medarbeidarane etter
styrets avtalte retningslinjer.
5. Dagleg leiar tilviser selskapets utgifter og kan delegere sin myndigheit til andre
tilsette.
6. Utbetalingar til dagleg leiar personleg eller i saker kor det kan føreliggja inhabilitet
vert tilvist av styrets leiar.
§ 10 ØKONOMIPLAN - BUDSJETT
Representantskapet vedtek årleg økonomiplan og budsjett etter framlegg frå styret. Vedteken
økonomiplan og budsjett vert oversendt eigarane til orientering.
Selskapet kan, i medhald av IKS lova § 22, ta opp lån til kapitalformål eller likviditetsformål
innanfor ei samla ramme på kr 1 000.000,- Ein million norske kroner. Låneopptaket må
godkjennast av styrereprensentantskapet jfr IKS lova§ 22.
Representantskapet gir fullmakt til styret til å inngå låneopptakta opp lånet.
§ 11 UTTREDEN/OPPLØYSNING AV SELSKAPET
Dersom ein av eigarkommunane vel å gå ut av selskapet, må vedtak om dette fattast av eige
kommunestyre og leggjast fram for selskapet før kommande års budsjett er vedteke av
representantskapet. Utreden kan skje etter to år rekna frå det komande budsjettår. Ved
uttreden vil kommunen ha retter og plikter tilsvarande den forholdsmessige eigardelen i
selskapet på tidspunktet for uttreden.,, medrekna pensjonsforpliktingar.
Eigaren skal på tidspunktet for uttreden innløysa eventuelle økonomiske forpliktingar knytta
til selskapets ordinere drift og gjeld.
Framtidige pensjonsforpliktingar må kommunen framleis betala inn årleg til
revisjonsselskapet med utgangspunkt i pensjonsforpliktingar på tidspunktet for uttreden.
Pensjonsforpliktingane gjeld pensjonistar, etterlattepensjon, oppsette rettar samt aktive
medlemmer. Eigarar som vel å avslutta deltakinga i revisjonsselskapet har ei økonomisk
pensjonsforplikting for aktive medlemmer som er avgrensa til tidspunkt for utreden. I
tillegg kjem løpande og framtidige G-reguleringar for omtalte pensjonsordningar. Samtlege
eigarar er ansvarleg for sin del ved eventuelle nasjonale endringar i pensjonsordningane.
Krav om oppløysning følgjer IKS lova §32, med desse unntaka:
1. krav om oppløysing må leggjast fram for representantskapen innan 1.oktober i
kalenderåret.
2. Saka skal deretter behandlast i dei ulike eigarkommunane sine kommunestyre
innan 31/12 same året.
3. Dersom det ikkje er samrøystes syn blant deltakarkommunane om oppløysing,
skal ein uttale frå departementet hentast inn før ny handsaming.
4. Selskapet kan innan 3 år etter at krav om oppløysing vart lagt fram, gjennomføra
oppløysinga.
§ 12 GODTGJERING TIL REPRESENTANTAR I STYRANDE ORGAN
Representantskapet fastset kompensasjon til medlemar av styret. Kompensasjon til
representantskapet sine medlemar vert fastsett og dekka av eigarane.
Representantskapet kan vedta at selskapet yter særskilt godtgjersle til leiar av
representantskapet.
§ 13 SELSKAPETS REPRESENTASJON
Styret representerer selskapet utad og teiknar firma.
Styret kan vedta at styremedlemstyreleiar eller dagleg leiar kan teikna selskapets firma.
Dagleg leiar representerer selskapet utad innanfor sitt myndigheitsområde – sjå
selskapsavtalens § 9.
§ 14 ENDRING AV SELSKAPSAVTALEN
Endringar i selskapsavtalen skjer i samsvar med IKS lova § 4 2.ledd.