Samtale mot meistring - Hordaland fylkeskommune

8
Marsteinen torsdag 1. oktober 2015
Samtale mot meistring
Kva utdanning eller
yrke passar for deg?
Kvar går vegen din
vidare? På Stord sit
to damer som gjerne
vil hjelpa deg å finna
svara, og tilbodet er
heilt gratis.
Karriererettleiar er tittelen, og
Birgit Braseth og Marie Isdahl
er innehavarane. Dei har til no
hatt nærare 200 samtalar med
vegsøkjarar, som dei kallar dei
som kjem til rettleiing hos Karriere Sunnhordland.
– Når ein møter ulike overgangsfasar i livet, kan det vera
greitt å ha nokon å snakka med
om vala vidare. Det kan vera
overgangar knytt opp mot alt
frå jobb og utdanning til pensjonisttilværet. Det heile handlar
om å læra å ta gode val for deg
sjølv, seier Braseth. Ho har bakgrunn som lærar, høgskulelektor i pedagogikk og IKT, og har
tidlegare òg arbeidd med ulike
tiltak for NAV. Kollega Isdahl
er utdanna lærar, og har ti års
røynsle frå NAV.
– Eit overordna mål for karriererettleiing, sett frå eit samfunnsperspektiv, er at folk skal
bli mest mogleg stabile i arbeidslivet. Det er viktig for den
einskilde å oppleva meistring og
trivnad både på arbeidsplassen
og under utdanninga, men alle
opplever ikkje at det er slik. Nokon blir sjukmeldt, eller droppar
ut av utdanninga dei har valt.
Dei kan ha godt av å snakka litt
med oss i høve til kvar vegen
skal gå vidare. I desse nedbemanningstider, står mange òg
plutseleg utan jobb. Kan hende
er det tjue år sidan sist du skreiv
ein søknad eller CV, eller kanskje har du aldri vore på eit jobbintervju? Då kan det og vera
greitt å snakka med oss om korleis ein førebur seg.
Pilotprosjekt
Tilbod om gratis karriererettleiing kom i januar i år, og er i
fyrste omgang eit pilotprosjekt
over to år. Det er Hordaland
fylkeskommune som står bak
prosjektet, som førebels berre er
å finna i dei åtte Sunnhordlandkommunane. Etter planen skal
det koma fleire karriererettleiingssenter i fylket.
– Me er veldig glade for at me
fekk byrja her. Regionen vår er
i stor omstilling med tanke på
oljerelatert sektor, og me vonar
å få halda fram utover pilotperioden òg, seier Braseth.
Karriererettleiarane held til
ved Stord vidaregåande skule på
Saghaugen, og der tek dei i mot
alle som ynskjer samtale.
– Sjølv om me òg handterer
dei som måtte dukka opp utan
forvarsel, ynskjer me helst at
folk bestiller time. Det gjer dei
anten ved å ringa oss, eller gjennom nettstaden vår, seier Braseth.May Linn Clement
[email protected]
Karriererettleiarane Marie Isdahl og Birgit Braseth vil gjennom samtalar hjelpa dei som står fast, vidare i
livet. Biletet har damene sjølve teke.
Kvalitetsutvikling i kulturskulen
På kulturskuleforum
på Bekkjarvik Gjestgiveri førre fredag vart
det retta fokus på ein
ny rammeplan som vil
bidra til kvalitetsutvikling. Det vart òg
diskutert om det er
mogleg å få til eit samarbeid mellom UKM
og kulturskulane.
Kristin H. Geiring, som er rådgjevar i Norsk kulturskuleråd
for Hordaland, fortalde at det er
viktig å få fram at kulturskulen
ikkje berre er ein skule, men òg
eit ressurssenter for heile kommunen. Ho meinte at KS (Kommunenes sentralforbund), som
er ein interesseorganisasjon for
kvalitetsutvikling i kommunen,
er positive til den nye planen.
– Det er ein tydeleg vilje til
utvikling, sa ho.
Kulturskulen sitt tilbod skal
ha høg kvalitet både fagleg og
pedagogisk, står det i rammeplanen, som ligg på kulturskulerådet si nettside. Det kjem fram
at rammeplanen kan hjelpa kulturskulen å definera korleis dei
skal skapa større fleksibilitet i
organiseringa av ulike tilbod,
samt bidra til klårare skildringar av mål.
Geiring fortalde at kulturskuleforumet i hovudsak er eit
leiarforum, kor det er mogleg å
dela erfaringar. Audun Alvsåker, som er kulturskulerektor i
Austevoll kommune, deltok òg
på forumet.
Korleis blir eit eventuelt samarbeid?
Det vart diskutert fordelar og
ulemper med eit samarbeid mellom kulturskulen og Ungdommens kulturmønstring (UKM).
Moglegheita til å stå på ein
større scene var ein av fordelane. Gode opplevingar vart
også vektlagt som ein fordel. Ei
utfordring som kom fram var at
ein del klassiske artistar ikkje
fann tilbodet til UKM attraktivt nok. Mangel på riktig utstyr
kunne vera ein av grunnane til
dette.
Thea Nordbak Gloppen (14)
Fleire hovud tenkjer betre enn eitt. På kulturskuleforumet var desse samla: Bjørn Andersen og Kristin H.
Geiring frå Norsk kulturskuleråd for Hordaland, Mathias Herland og Thea Nordbak Gloppen, som har
representert Austevoll i UKM, Marianne Ose Askvik frå UKM Hordaland, Audun Alvsåker, som er kulturskulerektor i Austevoll kommune og avtroppande ordførar Renate Møgster Klepsvik. Gloppen har teikna
biletet du kan sjå.
og Mathias Herland (13), som
kom heilt til fylkesmønstringa
i Trondheim tidlegare i år, delte
dei positive erfaringane sine
med salen.
– Det var kjekt og spesielt å
få opptre med storband, sa Mathias.
Forumet vart opna av ordførar
Renate Møgster Klepsvik, som
prata varmt om kulturskulen.
Magnhild Rommetveit Fivelstad
[email protected]