Våren 2015

KULTURSKULE-POSTEN JANUAR 2015
TIME KULTURSKULE
Kalenderen viser slutten av januar i eit nytt år. Administrasjon og lærarar ved Time kulturskule vil med dette ønske
dykk eit Godt nytt år og VELKOMMEN TIL VÅRSEMESTERET 2015.
Time kulturskule er organisert under kommunaleining for oppvekst og er ein skule for undervisning innan
kunstnariske og kulturelle fag. Vi har 5 ulike fagretningar med mange ulike tilbod innan Musikk, Dans/Ballett,
Drama/Teater, Kunstfag samt Skapande skriving. Det er god søknad og mange elevar som står i kø for å få plass i
kulturskulen. Alle vil etter kvart få plass, men ein del må ha tolmod og pårekne noko ventetid for å kome inn i
systemet. Kulturskulen fungerer som eit ressurssenter for musikk- kunst- og kultur-fag i kommunen. Skulen har
spisskompetanse på nettopp dei estetiske faga og arbeider dagleg med å lære frå seg og å gje barn og ungdom høve til
å oppleva, utøve og utvikle seg gjennom kunst- og kulturfagleg verksemd.
Vi samarbeider med dei 5 skulekorpsa i kommunen og har arbeidsgjevaransvar for dirigentar og instruktørar som
arbeider med opplæringa i Frøyland, Lye, Undheim, Rosseland og Bryne skulekorps. I tillegg samarbeider vi med
kulturavdelinga i kommunen, med kyrkja, skular og barnehagar, Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle
spaserstokken, samt lokale lag og organisasjonar.
Elevane ved Time kulturskule kjem frå alle dei 5 skulekrinsane. Me har hovudbase for undervisninga på Bryne skule,
men noko pianoundervisning skjer også på Undheim, Frøyland og Lye skule.
Staben av lærarar har bakgrunn som utøvarar og pedagogar med ulik kunstfagleg spesialisering. Dei er
kunnskapsrike og arbeider entusiastisk med faget og sine elevar. Alle lærarar arbeider med nye fagplanar for
undervisninga. Desse skal gjelde f.o.m. august 2015.
Time kulturskule sin visjon lyder:
«Alle barn og unge har oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistre det»
Kulturskulen legg vekt på trivsel og læring gjennom kunstfagleg samvær. Lærarane samarbeider på tvers av
fageiningane i større prosjekt. Kvalitet og tilrettelagd undervisning for den enkelte elev skal heile tida stå i
hovudfokus. Det undervisast både for bredde- og talentutvikling. Kulturskulen har i tillegg til større arrangement
stadig elevar ute på speleoppdrag til stor glede for kommunen sine innbyggjarar. Målet er å overrisle nærmiljøet med
levande kunst- og kulturhendingar av og med kulturskuleelevar.
Haustsemesteret hadde to store vellykka konsertarrangement; «Juvenes – ungdommelege tonar» i oktober og «Tre
nøtter» med vandrande publikum mellom tre ulike konsertscener i november. I tillegg var det juleavslutningsarrangement for alle elevar på ulike fag med dansetrinn, kunstfagleg strek og musikkaktivitetar i alle disponible rom
og lokale dei siste dagane før juleferien.
Komande vinter og vår vil innehalde et breitt spekter av undervisning og arrangement:
Slagverkkonsert: Tysdag 10. februar vert det rytmiske opptrinn av og med alle elevar som har slagverk som
hovudinstrument..
Kulturskulekonsert: Onsdag 11. februar kl. 18.00, variert program i aula på Bryne skule. Lærarar frå pianoseksjonen
har ansvar for gjennomføringa.
Interkommunal kulturskulekonsert: Torsdag 12. februar kl. 18.00, festsalen i Klepp rådhus. Elevar frå Klepp, Hå
og Time
Kulturskuleveka 2015 har sin opningskonsert måndag 16. mars i Storstova. På scenen står kulturskulelevar og
musikantar frå alle dei 5 skulekorpsa.
Resten av dagane i veke 12 er det fleire konsertarrangement og ulike kurs og workshops for elevane.
10.trinn-prosjektet 2015 er godt i gang. Ungdomar og lærarar arbeider intenst med forarbeidet og innøving til
førestillinga «Benjamin - son av lykke». Det vert 5 skule-førestillingar og ein kveldsførestilling i Storstova den 26. og
27. mars.
JUSI – Jæren ung symfoni. Vi fortset samarbeidet med Hå kulturskule om akustisk orkstersamspel. Det vert
samarbeidskonsert i Klepp rådhus torsdag 12. februar og stor klassisk konsert i Nærbø kyrkje søndag 26. april. Her
deltek JUSI i lag med Jæren symfoniorkester.
Danseførestilling: Eit samla kompani med alle danseelevane skal i løpet av vårsemesteret arbeide seg fram mot ein
stor førestilling; «Ringenes herre». Det vert premiere og framsyning på scenen i Storstova torsdag den 28. mai.
Dramafaget skal ha førestillingar der alle elevar deltek med tildelte roller i juni månad.
Skapande skriving planlegger å gi ut bok med samling av tekstar frå inneverande skuleåret.
Kunstfag arbeider for tida målretta fram mot eigen utstilling med tittel «Følg tråden».
Fleire av Skulekorpsa deltok denne hausten med stor suksess og gode resultat i showkonkurransen Stavanger Open.
Etter ei travel førjulstid med julespeling i desember månad, er dei no inne i ein ny fase med intens øving fram mot
deltaking i RM – Rogalandsmeisterskapet. Vi ønskjer dei lykke til. Korpsa samarbeider om eit felles helgeseminar og
konsert i «Totaltreffet» på Jæren. I tillegg er dei sjølvsagt synlege i gatene på 17. mai og under Jærdagane. Alle dei
fem skulekorpsa vert å høyre på konsert i Storstova i mars månad.
«Musikk fra livets begynnelse» er eit tilbod med musikkgrupper for barn 0-3 år i lag med vaksne. Det er både
babygrupper på dagtid og song- og musikkleik for 1 til 3 åringar på ettermiddagstid. Kulturskulen tilbyr rettleiing i
auka bruk av song og musikk i barnehagekvardagen.
«Fargeglobus»: Kulturskulen sitt innovasjonsprogram har fått friske midlar til faste lærarstillingar. Kulturskulen
underviser no 3 aldersinndelte musikkgrupper kvar veke. Målsettinga er tidleg og god språklæring og kulturforståing
for barn og ungdom som kjem nyinnflytta frå andre land til Time kommune. Elevane deltek på ulike framsyningar og
arrangement.
Trio Triol: Utøvande gruppe med 3 kulturskulelærarar som konserterer for Den kulturelle spaserstokken i Time.
Gruppa gir i tillegg tilbod om små konsertar for salg til andre interesserte.
Den kulturelle skulesekken – «Songskattane»: Kulturskulen er også i år prosjektansvarleg og musikalsk ansvarleg
for eit omfattande korprosjekt der alle 4.trinnelevar i Time kommune deltek med innøving og konsertframføring av
kjend og kjært barnesongrepertoar.
Foreldresamtalar: Arena for viktig dialog mellom lærar, elev og heim. Alle lærarar på vokal- og
instrumentalopplæring gjennomfører trekantsamtalar elev-føresett-lærar i januar/februar månad. Det kjem eigen
innkalling med tid og dag frå lærarane. Her skal det mellom anna avklarast om kva og korleis elevane skal vera aktive
i kulturskuleveka.
Dialog mellom lærar og heim, gruppefag: Lærarane er til ein kvar tid tilgjengeleg på telefon og mail eller for kortare
møte dersom det er behov for det. Ta direkte kontakt med faglærar eller med kulturskulen sin administrasjonen
dersom det er noko du ønskjer å ta opp.
Kulturskulen sitt Samarbeidsutval – SU:
Organ for samarbeid mellom elevar, føresette, politikarar, lærarar og kulturskule-administrasjon. Drift, kvalitetssikring
og utviklingsarbeid. De kan ta kontakt med politikar Rein Harald Salte eller foreldrerepresentantane Gunn Bjørg
Aasland, Lars Tore Helgeland eller administrasjonen dersom de ønskjer å ta opp noko i dette utvalet.
Søknadsfrist for nye fag og nye elevar skuleåret 2015-2016 : 1. mai:
Nettbasert søknad som link på heimesida: www.time.kulturskule.no
Oppseiing av elevplass for neste skuleår : 1. mai.
Avmelding skal skje skriftleg til kulturskulen sin administrasjon via mail: [email protected].
Oppseiing etter fristen belastast med full elevkontingent for haustsemesteret.
Kulturskulen sin administrasjon: Rektor Astrid Fjeld, inspektør Guri Årsvoll telefon: 51776410
Kulturskulen si heimeside: Me oppmodar til å abonnere på nyheter: www.time.kulturskule.no
Årshjul: VÅREN 2015
5. januar - Oppstart undervisning
10. februar - «Slagverk-konsert» Aula Bryne skule kl. 18.00, med alle slagverkelevar
11. februar - «Vinterkonsert», kulturskulekonsert Aula Bryne skule kl. 18.00, kulturskuleelvar
12. februar - «Interkommunal kulturskulekonsert» Festsal Klepp rådhus kl. 18.00, Jusi&Kulturskulelevar
15. februar – nominering til Drømmestipend
16.-20.februar – Vinterferie
3.-5. mars – «Songskattane» for 4. trinn, Den kulturelle skulesekken i Time & kulturskulen
5.-8. mars – Livsglededagane i Time, Kunstutstilling «Følg tråden» Time bibliotek
8. mars – Livsgledegudstenste med Bankers, Bryne kyrkje kl. 11.00
16.-20.mars - «Kulturskuleveka 2015» Konsertar og kurs/wokshops for alle kulturskulelevar (eigen plan)
23.-27.mars - «10.trinn-veka 2015» Øvingar og førestillingar i Storstova, alle kulturskulelevar på 10. trinn
30.mars-6.april - Påskeferie
7. april - Oppstart undervisning etter påskeferie
26. april - Interkommunal konsert Nærbø Kyrkje JUSI m/ Jæren symfoniokester
30. april - Fridag
1. mai - Offisiell fridag
14.-15.mai Fridagar
25.mai - 2. pinsedag offisiell fridag
28. mai – Danseførestilling «Ringenes Herre» Storstova kl. 18.00
29. mai – Rytmisk konsert og trommekonkurranse på M44 kl. 16.00. Jærdag-arrangement
29. mai – Klassisk konsert m/ kunstutstilling, Bryne mølle kl. 18.00. Jærdag-arrangement
2.-3. juni – Dramaførestillingar
15.-18. juni – Sommaravslutningsarrangement for alle kulturskulefag
Pris for ulike fagtilbod 2015:
Vokal/instrumental, individuell
Band
Band i tillegg til instrument
Bankers
Drama
Kunstfag
Skapande skriving
«Musikk frå livets begynnelse»
Dans & Ballett
Korgruppe
Regnbuen
Leige av instrument
Materialutgifter kunstfag
pr år kr 3300,-/pr semester kr 1650,pr år kr 3300,-/pr semester kr 1650,pr år kr 2120,-/pr semester kr 1060,pr år kr 2650,-/pr semester kr 1325,pr år kr 2650,-/pr semester kr 1325,pr år kr 2650,-/pr semester kr 1325,pr år kr 2650,-/pr semester kr 1325,pr år kr 2330,-/pr semester kr 1165,pr år kr 2330,-/pr semester kr 1165,pr år kr 2120,-/pr semester kr 1060,pr år kr 2120,-/pr semester kr 1060,pr år kr 640,-/pr semester kr 320,pr år kr 640,-/pr semester kr 320,-
Konsert og arrangementsplan for veke 12 og 13 – 2015
I tillegg kjem det eit allsidig tilbod om samspelopplegg, kurs og workshops.
Opplegg og oppmøte avklarast mellom lærar og elev/heim.
Måndag 16/3 kl. 11.30
Lunch-konsert i kantina på Time rådhuset
Måndag 16/3 kl. 11.45
Konsert for elevar på Språkstasjonen for vaksne, aula Bryne skule
Måndag 16/3 kl. 18.00
Åpningskonsert i Storstova for korps og kulturskuleelevar
Tysdag 17/3 kl. 10.30
Føremiddagsskonsert på Velferdssenteret
Tysdag 17/3 kl. 16.00
M44-konsert og kunstutstillinga «Følg tråden», på M44
Tysdag 17/3 kl. 18.00
«Spill opp & Maestro» - konsert. Bryne skule, aula
Onsdag 18/3 kl. 10.30
Føremiddagskonsert på Bryneheimen
Onsdag 18/3 kl. 18.00
Konsert. Bryne skule, aula.
Torsdag 19/3 kl. 09.30
Barnehagekonsert
Torsdag 19/3 kl. 10.30
Barnehagekonsert
Torsdag 19/3 kl. 12.00
Barnehagekonsert
Torsdag 19/3 kl. 16.00
Konsert på Time bibliotek
Torsdag 19.3 kl. 18.00
Konsert. Bryne skule, aula.
Torsdag 26/3 kl. 09.30
Skuleførestilling, Storstova, Musikal: «Benjamin-son av lykke»
Torsdag 26/3 kl. 11.00
Skuleførestilling, Storstova, Musikal: «Benjamin-son av lykke»
Torsdag 26/3 kl. 12.30
Skuleførestilling, Storstova, Musikal: «Benjamin-son av lykke»
Torsdag 26/3 kl. 18.00
Kveldsførestilling, Storstova, Musikal «Benjamin-Son av lykke»
Fredag 27/3
kl. 09.30
Skuleførestilling, Storstova, Musikal: «Benjamin-son av lykke»
Fredag 27/3
kl. 11.00
Skuleførestilling, Storstova, Musikal: «Benjamin-son av lykke»