Populære turløyper i nærområdet

Postvegen
Nordfjellet
Onarheimslia
PÅ TUR
Populære turløyper i nærområdet
PÅ TUR
Storslagen natur
—like utanfor stovedøra
Bedriftsidrettslaget har opp gjennom dei siste 10
åra vore med på å gi ut fleire flotte brosjyrar med
turar til naturperler i heile kommunen. I denne
brosjyren vil ein i hovudsak synleggjera turmåla
vi har på fjelltrimmen vår og på trimkortet for
nærområdet. Fjelltrimmen er ei vel etablert ordning som starta på midten av 80talet med 4 registreringspunkt: Kaldestadåsen, Bremstølen, Nordfjellet og Mjelkhaug.
Rundt 50 personar var med på fjelltrimmen frå
starten av. Talet har dei siste åra lege på rundt 200
personar. Registreringspunkta har i dag rundt
25000 besøk pr år fordelt på 10 turmål.
Naturleg nok er det dei næraste turmåla som har
mest besøk. Kaldestadåsen, Onarheimslia, Bremstølen, Fenafjell, Nordfjellet og Vardhaugselet er
turmål som ein kan nå heile året og står for rundt
23550 registreringar.
2
Frå 2009 er turkortet utvida med flotte turmål i
nærområdet og resten av kommunen. For dei fleste
er startpunktet for desse turane berre få minutt
unna godstolen heime. I tillegg er det mogleg å
føra inn «valfrie turmål» frå andre område.
Skaff deg turkort for høgt og lågt og plukk flotte
turmål heile året!
GOD TUR.
For styret i bedriftsidrettslaget og trimgruppa.
Geir Berntzen, Hans Haukland, Tordis Sagstad og
Bjørn Heimvik
Populære turløyper i nærområdet
Nokre praktiske
råd om ferdsle og
åtferd til fjells
Når du ferdast i fjellet er det særs viktig at du held
deg mest mogeleg til oppmerka/varda løyper, for
fjellet kan vera ganske lumsk, det kan skifte frå fint
vêr til skodde på utruleg kort tid, og då er det best å
vita kvar ein er, og kvar ein skal.
Ha alltid med rikeleg mat og drikke i sekken, og ta
med litt klebyte, det kan bli kaldt å vera på toppane
i sveitte/våte klede. Alt du ber med deg av emballasje, plast og papir skal sjølvsagt takast med heim og
kastast der det høyrer til.
Allemansretten
I utmark kan du ferdast overalt til fots og på ski og
rasta kor du vil. Overnatting under open himmel
eller telting er tillate i utmark, men ikkje nærare
enn 150 meter frå hus eller hytte. Skal du liggja
meir enn to døger på same staden, må grunneigaren gi løyve.
Som brukar av allemannsretten har du òg plikter.
Alle skal opptre hensynsfullt og varsamt så det ik-
kje skjer skade eller er til ulempe for eigar, brukar
eller andre. Ta omsyn til miljøet. Alle må rydda
opp etter seg og ikkje etterlata staden slik at det
verkar skjemmande. Ver særleg varsam med eld og
respekter forbodet mot å tenna bål i eller i nærleiken av skog i tida 15. april til 15. september. Dei
fleste stader kan du plukka bær, sopp og blomar.
Uansett korleis du ferdast, skal du visa omsyn og
ikkje skada eller forstyrra husdyr, natur eller vilt.
3
PÅ TUR
1 Pollen - Fenafjell - Kaldestadåsen
Turen startar i Pollen på Opsanger (Sunde). Frå parkeringsplassen ved rundkjøringa går ein inn
på grusveg og følgjer denne i omlag 30 meter.
Herifrå er stien merka. Første del
går delvis inne i granfelt, deretter
i kanten av Storemyr. Etter passering av nokre bruer går stien
over i god traktorveg. Følg denne
vidare nokre hundre meter og ta
av til høgre opp Liabakkane. Her
kjem ein til stidele for mange løyper, ta av på sti merka Fenafjell.
Stien går bratt opp nokre minutt,
dei siste i tett granfelt.
På Fenafjell (160 m.o.h.) får ein løn
for strevet med utsyn over store
delar av Sunnhordalandsbassen-
get. Stien er merka vidare til Kaldestadåsen via Thorsenedalen
og opp den bratte lia derifrå. Frå
Kaldestadåsen har ein utsyn mot
Husnes og fjella ovanfor.
På turen ned er det 4 merka turalternativ å velja mellom.
Fakta:
Høgd:
271 m.o.h.
Turtid:
1 time
Startpunkt: Pollen
2 Kaldestad - Kaldestadåsen
Fakta:
Høgd:
271 m.o.h.
Turtid:
45 min
Startpunkt: Kaldestad
4
Turen startar på Kaldestad -frå
riksvegen ved avkjørsla for den
søre vegen ned til Prestnes. Stien
går etter 50 meter bratt opp gjennom eit granfelt. Over granfeltet
er det fin utsikt innover Hardangerfjorden og utover Sunnhordlansbassenget. Følg merking i
slakare lende til gapahuken på
toppen.
Populære turløyper i nærområdet
Husnes - Kaldestadåsen
Merka løype startar ved trappa
bak verkstadbygget til Kvinnherad vidaregåande skule (KVV).
Etter nokre minutt gange kjem
ein inn i eit hogstområde og herifrå ber det oppover. Einskilde
parti er bratte, og det kan vera litt
vått, men stien er godt opptrakka
og merka.
Utsynet er ikkje det beste på turen opp avdi ein går inne i skogen. Toppen av Kaldestadåsen
når ein etter omlag 45 min. I gapahuken er det bok for namneregistrering.
3
Fakta:
Høgd:
271 m.o.h.
Turtid:
1 time
Startpunkt: Husnes idrettspark
Merk dei mange stiane som fører
til dette turmålet.
5
PÅ TUR
4 Bogsnesåsen
Startpunktet er ved bommen til
skogsvegen inst i Bogsnesvågen.
Turen går innover fin grusveg
i vekslande terreng. Etter 20-30
min. er det ein kvilebenk. Ta av
grusvegen til venstre innover i
skogen. Stien er litt tilgrodd med
småskog, men har fleire fine utsiktspunkt mot Husnesfjorden og
Tysnes i nordvest. Bogsnesåsen er
elles kjent for eit yrande fugleliv.
Framom Tysnes ligg øyane: Ånuglo, Midtøya, Seløya, Skorpo og
6
Huglo. I vest ligg Stord med den
store radio- og TV-masta på platået kalla Stovegolvet.
Rett i nord ligg Lokksundet med
brua mellom Tysnes og fastlandet
på Ølve.
Etter 15-20 min. gange deler stien
seg i to. Ein kan ta snarturen
oppom høgaste punktet på Bogsnesåsen og skriva namnet sitt i
boka, som ligg under straumhuset. Eller ein kan halda rett fram
og koma attende til grusvegen
(skogsvegen) og startpunktet ved
hovudvegen.
Fakta:
Høgd:
125 m.o.h.
Turtid:
45 min.
Startpunkt: Skogvegen i Bogsnesvågen
Populære turløyper i nærområdet
SØRAL-løypa
Ein lett og grei lavlandstur som
kan gjennomførast av alle, til
fots, med barnevogn eller i rullestol. Turen går på gode og tørre
stiar. Rundløypa rundt golfbanen
Fakta:
Høgd:
60 m.o.h.
Turtid:
1 time
Startpunkt: SØRAL-hovudport/
båthamna,
ICA/Statoil eller SØRAL-adm.bygg
er best eigna for barnevogn/rullestol, i den øvre delen, mellom
riksvegen og SØRAL-området, er
deler av løypa ikkje så «hjulvenleg». Ver merksam ved golfspel
på banen innanfor turstien.
Startpunkt for rundløypa kan
vera ved: SØRAL sin hovudport,
vegen ned til båthamna, ICA/Statoil eller adm.bygget til SØRAL.
Byrjar ein ved ICA/Statoil kan
ein òg velja gangvegen sørover
gjennom parken langs Opsangervatnet/Opsangervegen, forbi
campingplassen og roklubben og
utover Kaldaneset. Lett og nydeleg tur.
5
Størstedelen er eigna for barnevogn/rullestol.
Frå same startpunkt går ein rundt
SØRAL-løypa på gang-/sykkelstien opp mot rundkjøringa med
skulpturen «Samspel», der ein
tar til venstre inn mot SØRAL
sitt adm.bygg. Kryss vegen ved
skilt (SØRAL-løypa) og fortset på
skogsvegen opp mot riksvegen.
Følg denne omlag 600 m og ta
til venstre og ned gjennom skogen til SØRAL sitt administrasjonsbygg. Følg gangvegen langs
gjerdet til SØRAL-området rundt
sørsida og fortset så rundt golfbanen attende til utgangspunktet.
7
PÅ TUR
6 Onarheimslia - Gråskallen
Turen til Gråskallen startar ved
avkjøringa til skogsvegen oppover Onarheimslia, rett over vegen
nedanfor rasteplassen på «stripa»
(riksvegen mellom Helland og
Langgåt). Første delen av turen
går på fin grusveg, som strekkjer seg oppetter lia. I den skarpe
venstresvingen etter omlag eit
kvarters gange, kan ein ta av og
gå oppover i Husnesfjella (Bremstølen, Sundsstølen, Svartavatn,
Mannen, Mjelkhaug, Englafjell).
Til Gråskallen forset ein gjennom
svingen og følgjer grusvegen til
endes (Totalt omlag 45 min). Her
8
er det sett ut bord og benker som
gjer det høveleg med ein rast for å
nyta utsynet over Husnesfjorden
og registrera seg i boka.
Stien inn mot Gråskallen fortset
i enden av skogsvegen, og den er
skilta og merka. Første delen går
gjennom granskog, der det òg
kan vera noko vått.
Etterkvart går skogen over til fin,
open fureskog og stien er turrare,
litt ulendt til tider, men stigninga
er jamn og ikkje tung. Siste kneika opp mot Gråskallen er noko
brattare, men ikkje lang, og utsynet over fjorden og øyane frå top-
pen er vel verdt litt tung pust.
Frå Gråskallen kan ein gå ned forbi Hellvikvatnet til Herøysund
som eit alternativ.
Fakta:
Høgd:
Turtid:
Startpunkt:
439 m.o.h.
3 timar tur/retur
Avkjørsel ved rasteplass,
Onarheimslia
Populære turløyper i nærområdet
Postvegen
Den 13. mai 1785 vart det ved
kongeleg resolusjon vedteke å
opna ei postrute mellom Bergen
og Stavanger. Den skulle gå ein
gong i veka gjennom kystdistrikta «for at gagne fiskeriene og
andre næringsveier i disse avsides beliggende steder, samt lette
og befordre den derav flytende
handel».
Posten skulle gå frå Stavanger
til Bergen kvar tysdag middag
kl. 12, og frå Bergen laurdag ettermiddag kl. 5. Veglengda blei
rekna til 18 mil, og desse skulle
gjerast unna på 36 timar. Det tok
oftast dobbelt så lang tid.
Gjennom Kvinnherad var ruta
slik: Hellvik (Herøysund) - Husnes - Teigen - Valen - Sandvoll
- Ølfernes.
Postruta vart kalla «Den Stavangerske Posttour» og vart verande
uendra fram til 1870 åra.
7
Rute 1:
Husnes - Valen - Handeland
Start frå parkeringsplassen ved
SØRAL, følg den merka postvegen mot sør. Turen går over
gamle bruer, langs bekkar og
vatn, gjennom kulturlandsskap
og beite og over høgdedrag med
flott utsyn.
Ved butikken på Valen følg
gang- og sykkelvegen forbi Valen
sjukehus til driftsbygningen på
Valen gard og derifrå vidare på
den gamle postvegen.
Denne ruta kan brukast av rullestolbrukarar med elektrisk
rullestol og tar omlag 3 timar
tur/retur.
Rute 2:
Skarvaland - Ølfernes
Start ved Skarvaland skule og gå
langs riksvegen mot sør. Gå til
høgre for steinbrotet og følg den
merka vegen heilt til Ølfernes.
Undervegs passerer du flotte,
gamle bruer, går gjennom kulturlandskapet og kan ta pause på
vakre rasteplassar. På Ølfernes
finst graver frå bronsealderen
(over 2500 år gamle). Turen tar
omlag 2,5 time tur/retur.
Fakta:
Høgd:
80 m.o.h.
Turtid:
3 timar tur/retur
Startpunkt: Husnes
9
PÅ TUR
15
6
14
4
5
13
2
3
1
7
12
10
11
9
10
Populære turløyper i nærområdet
1
2
3
8
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
Pollen - Fenafjell - Kaldestadåsen
Side 4
Kaldestad - Kaldestadåsen
Side 4
Husnes - Kaldestadåsen
Side 5
Bogsnesåsen
Side 6
SØRAL-løypa
Side 7
Onarheimslia - Gråskallen
Side 8
Postvegen
Side 9
Utåker - Dyrrinda - Ulvanosa
Side 12
Sandvoll - Handelandshorga
Side 13
Valen - Olderbotn Vardhaugselet - Mjelkhaug
Side 14
Valen - Nordefjellet Vardhaugselet - Mjelkhaug
Side 15
Husnes - Nordefjellet
Side 16
Husnes - Svaneheia - Mjelkhaug
Side 17
Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Mannen
Side 18
Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Englafjell
Side 1911
PÅ TUR
8 Utåker - Dyrrinda - Ulvanosa
Turen er litt krevjande, men større barn med turtrening greier det
fint. Fjellet vart brukt som seglingsmerke i gamle dagar.
Start frå skisenteret i Tveitedalen
og følg skogsvegen/skitraséen
innover langs elva til dei skil lag
og terrenget byrjar å stiga, fortset
til høgre og opp over moreneryggen Dyrrinda, til selet som ligg
på omlag 600 m.o.h.
Herifrå er løypa T-merka og varda. På toppen ovanfor selet opnar
landskapet seg og det er flott utsyn mot Skånevik og Etnefjella i
12
sør, Handelandshorga i vest og
turmålet i nord.
Vidare på vegen er det mykje berg
og stein, men lett å gå. Før toppen
er nådd går stien langs det svært
bratte stupet ned mot Fjellandsbø
øvst i Uskedalen. Utsynet gir verkeleg sug i magen, men om det
er er ynskjeleg, er det råd å halda
seg litt borte frå kanten og unngå
det.
Varden på Ulvanosa er stor og
majestetisk, men er likevel heilt
dekka av snø om vinteren. Herifrå er det storslagent utsyn over
Folgefonnshalvøya med «Rosendalsalpane» og Folgefonna
og heile fjordlandskapet i Sunnhordland.
Dette er også ein flott skitur på ettervinteren/våren. Skiene må då
vanlegvis berast til Dyrrinda.
Fakta:
Høgd:
1247 m.o.h.
Turtid:
6 timar tur/retur
Startpunkt: Utåker
Populære turløyper i nærområdet
Sandvoll - Handelandshorga
Turen er ikkje av dei lettaste, men
kan stort sett gjennomførast av
heile familien.
Start ved bommen øvst på Handeland gard, her er det god parkeringsplass.
Gå innover grusvegen og over
brua, etter omlag 100 m ta av til
venstre på traktorvegen oppetter
lia. Denne går etter kvart over til
godt synleg sti. Hald mot venstre
heile vegen oppover.
Omlag hundre meter inne i skogen, etter at det har flata ut, tek
vegen av til høgre. Heretter er det
stigning gjennom heile skogspartiet på ein godt markert sti. Etter kvart blir det mindre skog og
stien tar en sving til venstre over
ei lita myr. Herifrå er det god
merking i form av vardar og raudemåla merkepinnar. Etterkvart
som ein kjem opp på berg og fjell
er turmålet synleg oppe i høgda.
Undervegs oppetter lia er det
mange synsopplevingar: demningane nede i Valedalen, Nordfjellet og Vardhaugen på den
andre sida av dalen, og elles
god utsikt over vestlege deler av
Sunnhordlandsbassenget.
Ved varden på Handelandshorga, er det utsyn mot Halsnøy i
sør, Skånevik og Etne i aust, Ulvanosa og Folgefonna i nord, og
Mjelkhaug og Mannen i vest.
Denne turen bør gåast i tida april
til oktober/november, då det kan
elles vera snø som ligg og gjer det
vanskeleg i brattane ned mot dalen.
9
Fakta:
Høgd:
893 m.o.h.
Turtid:
4 timar tur/retur
Startpunkt: Bom ved
Handeland gard
13
PÅ TUR
10
Valen - Olderbotn Vardhaugselet - Mjelkhaug
Mjelkhaugsteinen
Turen høver for alle med litt turtrening.
Start frå Søsterheimen øvst i innmarka til den tidlegare sjukehusgarden på Valen, og følg den stigande traktorvegen opp gjennom
skogen. Traktorvegen går gradvis
over til merka og godt synleg
sti der den passerer Olderbotnhytta. Hytta vart oppført i 1920åra, som kvilebu for vedhogst
ved Valen sjukehus. Etter iherdig
dugnadsinnsats dei seinare åra er
hytta bygt heilt oppatt, og det er
14
kome til uthus.
Over tregrensa bryt stien av til
høgre ved stor stein og går vidare
til det steinsette selet under Vardhaugen.
Selet vart bygt rundt 1860 som
stølshus. Etter mange års forfall
er det dei seinare åra sett i svært
god stand ved hjelp av stor innsats både frå einskildpersonar og
lag. Det er òg sett opp uthus, som
vart frakta opp med helikopter
som ferdig bygg.
Turen til Vardhaugselet er flittig
brukt som treningstur/dagstur av
folk frå Valen og bygdene rundt.
Vegen vidare mot Mjelkhaug går
bratt, men kort, opp til Vardhaugen. Herifrå er det godt utsyn
over Skånevik, Etne, Halsnøy,
Stord, Tysnes og vidare endå.
Innover mot Mjelkhaug er det
flott fjellterreng opp til platået,
deretter gjennom det steinete
«månelandskapet» før varden
vert nådd.
Det er òg verdt å ta den korte
turen bortom den store, firkanta Mjelkhaugsteinen, som vart
brukt som seglingsmerke i tidlegare tider.
Utsikten er, som alltid i fjellet,
storslått og syner mellom anna
Mannen, Englafjell, Ulvanosa og
Folgefonna - og fjordane og øyane i Sunnhordland, som kan nytast under heile tilbaketuren. Gå
gjerne ned over Svaneheia og via
Nordfjellet.
Fakta:
Høgd:
1005 m.o.h.
Turtid:
5 timar tur/retur
Startpunkt: Søsterheimen
på Valen
Populære turløyper i nærområdet
Valen - Nordefjellet Vardhaugselet - Mjelkhaug
Denne turen har same turmål, og
går frå same staden som tur 10,
men går via Nordfjellet i staden
for Olderbotnen.
Berre eit par hundre meter etter starten frå Søsterheimen bryt
traktorvegen skarpt av til venstre
og fortset oppover lia ovanfor
Valebygda. Rett før skogsvegen
tar slutt bryt den av mot venstre
igjen og fortset som sti gjennom
den etterkvart meir glisne og lysare skogen. Det er her mogleg
å ta endå ein gong til venstre og
gå den «gamle» stien via Kokkelberg, eller å gå rett fram gjennom
plantefeltet og koma opp ovanfor
Kokkelberg, der desse to stiane
møtest att. Herifrå ber det over
berga mot varden på Nordfjellet.
Gå vidare ned på Svaneheia bak
Nordfjellet og følgjer den merka
stien innover mot høgre/aust under kraftlina til den møter stien
frå Valen via Olderbotnen i stidele ved stor, firkanta stein. Her er
det skilta og merka mot Vardhaugselet og vidare (sjå tur 10).
11
Fakta:
Høgd:
1005 m.o.h.
Turtid:
5 timar tur/retur
Startpunkt: Søsterheimen
på Valen
15
PÅ TUR
12 Husnes - Nordefjellet
Turen til Nordfjellet er ein fin
søndagstur for heile familien.
Start på andre sida av rv. 48 i vegkrysset med innkjøringa til Husnes. Her er det òg plass å parkera
bilen.
Gå opp den vesle skråninga og
følg traktorvegen innover innmarka/beitemarka øvst på Helland. I det komande vegskiljet ta
den merka stien til høgre, skilta
til Nordfjellet. Stien går oppetter
lia under høgspentlina og kan til
tider vera ganske bratt.
16
Det går ein liten time for å koma
over tregrensa, og deretter omlag
15 min opp til varden på Nordfjellet. Den obligatoriske blå boksen med tang for klyppekort og
bok til å skriva namnet i finst rett
under knausen.
Frå Nordfjellet kan ein sjå rett
ut Hardangerfjorden og heilt til
havs, og elles Høylandssundet
og Husnesfjorden og alle øyane i
desse fjordane og endå vidare.
Nordfjellet er eit knutepunkt med
stiar vidare til Vardhaugselet
(643 m.o.h) eller over Svaneheia
til Mjelkhaug (1005 m.o.h.)
Fakta:
Høgd:
559 m.o.h.
Turtid:
2 timar tur/retur
Startpunkt: Hellandsbrua, Husnes
Populære turløyper i nærområdet
Husnes - Svaneheia - Mjelkhaug
Turen til Mjelkhaug høver for alle
med turtrening.
Start på andre sida av rv. 48 i vegkrysset med innkjøringa til Husnes. Her er det òg plass å parkera
bilen.
Gå opp den vesle skråninga og
følg traktorvegen innover innmarka/beitemarka øvst på Helland. I det komande vegskiljet ta
merka sti som er skilta til Mjelkhaug. Herfrå går det bratt oppover og etter 45-60 min, akkurat i
tregrensa, passerer stien eit nyrestaurert sel. Då er verste stig-
ninga unnagjort, vegen vidare
går oppover Svaneheia. Ned til
venstre ligg Bremstølen, ovanfor
den, Sundstølen, og vidare dalføret innover mot Svartavatnet.
Etterkvart byrjar «klatreetappen»
opp mot Mjelkhaugplatået, og
deretter det lette flate partiet mot
toppen. Mjelkhaug er med sine
1005 m.o.h. den 3. høgste av toppane i Husnesfjella.
Frå Mjelkhaug er det utsyn til Ulvanosa og Folgefonna i nordaust
og
Sunnhordlandsbassenget,
Husnes og Stord i sørvest.
13
Den korte turen til det gamle seglingsmerket Mjelkhaugsteinen,
sørvest for varden, er obligatorisk.
Fakta:
Høgd:
1005 m.o.h.
Turtid:
4 timar tur/retur
Startpunkt: Hellandsbrua, Husnes
17
PÅ TUR
14
Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Mannen
Turen tar 5-6 timar tur-retur og
høver for dei som går litt i fjellet.
Turen går opp skogsvegen frå rv.
48, over vegen for Husnes motor,
ved informasjonstavla som viser
turmål i området. Her er det òg
plass til å parkera bilen.
Første delen av turen går på
traktorveg opp gjennom skog og
hogstfelt, denne går over i merka
sti og fører til Bremstølen/Bremstølsvatnet (460 m.o.h), som er
mykje brukt som turmål for folk
frå Husnesområdet. Stien går
vidare i kupert terreng med lett
18
barskog til Sundstølen/Sundstølsvatnet og endå vidare opp bratt
stigning til/på dei flotte berga
som går inn- og oppover dalføret
mot Svartavatnet. (drikkevasskjelde for ytre Kvinnherad.)
Turen fortset opp mot Mannen.
På venstre sida av vatnet på
merkt sti over stein og berg.
Følg stien skilta med «Nyevegen»
opp gjennom eit lite dalsøkk før
den rundar på utsida oppover
fjellet og det er råd å sjå fram mot
turmålet over ein flate og opp ei
ny stigning.
Fakta:
Høgd:
777 m.o.h.
Turtid:
6 timar tur/retur
Startpunkt: Avkjørsel ved rasteplass, Onarheimslia
Utsynet er som vanleg praktfullt
innover fjella og utover fjorden.
Populære turløyper i nærområdet
Onarheimslia - Bremstølen Svartavatnet - Englafjell
Ruta er som for rute 14 fram til
Svartavatnet. Herifrå er det merka veg til høgre for vatnet innover
berga før siste oppstiginga, som
er nokså bratt, men komen over
kanten er det berre ei lita flate før
varden på Englafjell. Ned att kan
ein, i staden for å følgja same vegen som opp, anten gå ned Eikedalen (mellom Mannen og Engla-
fjell) til Eik i Uskedalen, eller gå
over berg og fjell til Mjelkhaug og
vidare ned derifrå.
Det er òg merka ein trasé frå varden i og langs fjellsida ned mot
Uskedalen via Såta og ned til Fet.
På denne ruta er det flott utsikt
både innover fjella og ut mot fjorden.
15
Fakta:
Høgd:
1200 m.o.h.
Turtid:
9 timar tur/retur
Startpunkt: Avkjørsel ved
rasteplass, Onarheimslia
19
www.soralbil.no