Årsmelding for Fusa Bondelag 2015 STYRET Leiar: Lars Inge Vik Nestleiar: John Erik Foer Skrivar: Gitle Berland Kasserar: Egil Gjelland Studieleiar: Olav Flølo VARAFOLK TIL STYRET: 1. Inge Gjerdevik 2. Jostein Samnøy 3. Jarle Berge REVISORAR: Torstein Skåtun Magnar Vinsjansen AKSJONSUTVAL Styret VALNEMND Torbjørn Berge Stein Olav Hauge Ole Bjørn Eikeland STYREMØTE Har halde 5 styremøte. Handsama 14 forskjellige saker. Arealplan har vore gjenganger på saklista. MEDLEMSTAL Laget hadde pr. 01.september 136 medlemmer. Dette er 2 færre enn 2014. Det er 4 utmeld og 2 nye medlemmer i løpet av året. REPRESENTASJON PÅ MØTE -Lars Inge og John Erik var på regionmøte i Krokeideveien den 27. januar. -Lars Inge og John Erik deltok på årsmøte i Hordaland Bondelag på Thon Hotel Sandven i Norheimsund den 13. og 14. mars. -Lars Inge deltok på eit tlf. møte i samband med jordbruksforhandlingane i mai. -Lars Inge deltok på leiarmøte som i år var ein tur til Romania frå 02.-06. oktober. MEDLEMSMØTE -Årsmøte 2014 vart halde 30.oktober på Tønnekafeen i Fjorden Senter. -Møte/studiering om jordbruksforhandlingane vart halde 19. og 02. januar. AKTIVITET 21-januar -15 Stand på utdanningsmessa på Fusa Vidaregåande Skule. God oppslutnad. Mange interesserte elevar. Bra me var der. Ingen andre representerte landbruket. 18.mars. Kampanje « Norge trenger bonden» under middagen på landbruksmøte på Skjelbreid-Poiree. Test: «Finn din indre bonde» Bybonde, Framtidsbonde, Bondevenn, Bondespira, Skapbonde eller rett og slett Bonde. Deltakarane fekk kvar sin bondebutton. 01.april. Kampanje «Norge trenger Bonden» i Fjorden Senter. Same opplegg som på landbruksmøte. Veldig god respons. 06.mai. Møte med Fusa Frp. Fekk snakka om mange av dei sakene som opptek oss. Gav dei statestikk som viser kva landbruksnæringa har å seia for Fusa Kommune. God dialog. 06.juni.Fusa Bondelag er med på dugnad med å rydda sti til Kikedalen. Stien vart rydda men bondelaget sin innsats var heller moderat. 29.juni. Møte med Fusa Senterparti. Same opplegg som med Fusa Frp. 20.6 Open Gard som var planlagt vert avlyst. 26.6 Markens Grøde i Fjorden Senter. Stand med kalver, høns, steiking av råmjelkslappar på bålpanne, utdeling av diverse matriell + smaksprøvar frå TINE. Veldig god respons. Alt matriell forsvann. Fin omtale i avisa. Gjeve støtte til 4H til bygging av ei gamme på Vinnesholmen Støtte til prosjekt i Malawi: Bonde hjelper Bonde INNSPEL/HØYRINGAR 20.nov.-14 Innspel til Hordaland Bondelag vedrørande forslag om endring/fjerning av konsesjonslova. Kopi til kommuneadm. fordi dei var interessert i vårt syn. Me hadde også utfordra kommunen til å koma med eit politisk vedtak for eller mot konsesjonslova. Kommunestyrevedtak på at konsesjonlova er veldig viktig. Kun 2 repr. stemte mot. Jan-15 Innspel på reguleringsplan i Opsahlmarka. Jan. Brev til Fusa Kommune med spørsmål om saksgang vedrørande butikk i Strandvik sentrum. 09.mars. Brev til alle politiske parti i kommunen med oppmoding om å ta landbruk på alvor i valprogrammet. Fusa Bondelag inviterer seg sjølv til samtale/dialogpartner. 12.august: Svar på høyring på kommuneplanens arealdel. Strandvik 21.oktober 2015 Lars Inge Vik
© Copyright 2024