Les heile programmet her

Sterkt sentrum
– levande bygder
Kommunestyrevalet 2015:
Programmet
Fusa Senterparti
Senterpartiet vil at Fusa skal bestå som sjølvstendig kommune.
Dersom stortingsfleirtalet likevel skulle bestemma at Fusa skal
bli ein del av ei større eining, vil Senterpartiet arbeida for at mest
mogeleg av tenestetilbodet i kommunen vert oppretthalde.
For at ei bygd skal vera attraktiv må det vera arbeidsplassar,
barnehage, skule, butikk og møteplassar i nærleiken.
Kommunen er den viktigaste tenesteytaren for innbyggjarane.
Fusa kommune har gjennom ei årrekkje stått fram som ein av
dei beste kommunane å bu i.
Skal me klara å oppretthalda det høge tenestenivået, er me
avhengige av høgare inntekter. Senterpartiet kan vurdera å auka
eigedomsskatten dersom tenestetilbodet blir trua. Målet må vera
å oppretthalda det gode tilbodet me har i dag. I tillegg vil me
helst styrkja helse- og omsorgstilbodet.
Den gode kommunen
Kommunebarometeret 2014 viser at Fusa kommune leverer dei
beste tenestene i Hordaland. Senterpartiet ynskjer å oppretthalda det gode tilbodet som kommunen har bygd opp.
Nye innbyggjarar, uansett kvar dei kjem frå, må takast vel imot
og kjenna seg velkomne frå fyrste dag.
Betre kommunikasjonar gjer Fusa meir attraktiv som bustadkommune. Kommunen ligg i pendlaravstand til ein stor arbeidsmarknad. I tillegg har kommunen rikeleg med byggjeareal og
fantastisk natur.
Senterpartiet vil i valperioden
2015-2019 arbeida for:
at noverande barnehage- og skulestruktur blir oppretthalden
at fleirbrukshallen står ferdig i 2016
at kommunen er attraktiv for bedrifter og enkeltpersonar som ynskjer å
etablera seg.
at det er tilgjengelege bustadtomter
i alle krinsane
å støtta opp under differensiert
strandsonepolitikk der lokale planar får
større gjennomslagskraft
Senterpartiet vil
i valperioden
2015-2019 arbeida for:
å styrkja Eikelandsosen som kommunesenter
å leggja til rette for bustadbygging som sikrar tilflytting og vekst
at kommunen skal vera ein støttespelar for utvikling i bygdene i alle
delar av kommunen
aktive bygdeutval
Samferdsle
Tyssetunellen og ny veg frå Os til Bergen vil gjera Fusa meir attraktiv
for både næringsliv og tilflytting. Den godt utbygde teknologiske infrastrukturen har gjort det enkelt å arbeida i og kommunisera frå Fusa.
Senterpartiet vil i valperioden 2015-2019 arbeida for:
god infrastruktur (veg, fiber og 4G)
gode tilknytingsvegar for Kyststamvegen
at Fusa-samfunnet får eit betre kollektivtilbod med buss og ferje
ein prioritert plan for gang- og sykkelvegar i kommunen
utbetring av dei kommunale vegane
utbetring av fylkesvegen mellom Eikelandsosen og Fusa
å gjenoppretta snøggbåtsambandet mellom Os og Nordveitgrend
På lengre sikt vil me
arbeida for:
å utbetra vegen
mellom Holdhus og
Grunnasundet
tunell mellom Eikelandsosen og Sævareid
bru over
Samnangerfjorden
Næringsliv
I Fusa har me eit sterkt næringsliv. Verksemdene har skapt
mange gode arbeidsplassar som er blant dei mest lønnsame i
landet. Det varierte næringslivet innan mekanisk industri, havbruk, trelast og treforedling, handverk og transport har saman
med handels- og servicenæringa gjort Fusa til ein attraktiv
arbeidskommune med netto innpendling.
Fusa Senterparti vil ha eit breitt samansett næringsliv med eit
mangfald av bedrifter og næringar. Dei som har gode idear
skal møta opne dører og velvilje. Rask kommunal sakshandsaming er viktig.
Å vidareutvikla Eikelandsosen som handelssenter med
fleire tilbod vil gjera kommunen endå meir attraktiv.
Senterpartiet vil i valperioden 2015-2019 arbeida for:
å utvida eksisterande industriområde og setja av meir
areal til næringsutvikling
å styrkja kommunens planavdeling
at kommunestyret tar eit tydeleg ansvar for næringsutvikling
Matproduksjon
Senterpartiet vil at landbruket
skal sikra befolkninga trygg,
rein og kortreist mat, basert
på norske råvarer. Levande
bygder og eit rikt kulturlandskap er heilt avhengig av eit
aktivt landbruk. Oppdrettsnæringa er ein viktig bidragsytar til matproduksjon, og
Senterpartiet vil arbeida for å
sikra næringa gode lokalitetar
der også miljøomsyn vert
ivaretekne.
Senterpartiet vil i valperioden 2015-2019 arbeida for:
ein restriktiv jordvernspolitikk med sterke avgrensingar og føringar for
omdisponering av dyrka mark
at bønder som vil driva med matproduksjon skal lett kunna tileigna seg
areal som ikkje vert drive
å styrkja inntektene i jordbruket slik at inntektsgapet mellom jordbruket
og andre yrkesgrupper blir utjamna
å finna løysingar for den skaden som ein aukande hjorte- og grågåsbestand forårsakar.
å auka investeringstilskotet til utbygging av lausdrift
Oppvekst og
undervisning
Kommunebarometeret 2014
viser at det er god fagleg
kvalitet på barnehagane og
skulane i Fusa.
Senterpartiet vil i valperioden
2015-2019 arbeida for:
å oppretthalda noverande
barnehage- og skulestruktur
å sikra ressursar til skulane
slik at dei kan oppretthalda god
fagleg kvalitet, samt nå måla om tidleg innsats og tilpassa opplæring
at det vert laga gode system som gjer samarbeid mellom skulane lettare
å leggja til rette for kompetansehevingstiltak for personalet
at Fusa vidaregåande skule får behalda og helst styrkt eksisterande tilbod
Helse, familie og barnevern
Senterpartiet arbeider for omsorgstenester som gjev brukaren ein
trygg og verdig kvardag uansett kvar ein bur i kommunen.
God heimebasert omsorg skal sikra at den enkelte kan bu lengst
mogeleg i heimen.
Senterpartiet vil i valperioden 2015-2019 arbeida for:
at ledige lokale ved Baldersheim helsetun blir ombygde til omsorgsbustader
at den høge faglege kompetansen ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) vert oppretthalden
å oppretta psykologstilling i kommunen
at det kommunale tilskotet til Frivilligsentralen vert auka
Ung i Fusa
Det er viktig at ungdomen trivst og
vil bu i Fusa. Senterpartiet vil lytta
til kva ungdomen meiner, og ynskjer å bruka ungdomsrådet i Fusa
som høyringsinstans.
Senterpartiet vil i valperioden
2015-2019 arbeida for:
å støtta opp om fleire møteplassar for ungdom
å støtta initiativ som kjem frå
ungdomen
ungdomsbustader og arbeidsplassar for ungdom
å sikra areal for motorsport i
kommunen
å vidareføra prosjektet med ungdomsrute Os-Hatvik
Kultur og idrett
Eit aktivt kulturliv bidrar til levande bygder i kommunen. Lag og organisasjonar står for mykje av aktiviteten på frivillig basis og er med
på å halda oppe utvikling og trivsel. Senterpartiet vil samarbeida med
og støtta frivillige lag og organisasjonar i deira arbeid.
Senterpartiet vil i valperioden 2015-2019 arbeida for:
ferdigstilling av fleirbrukshall i 2016
å støtta gode kultur- og idrettsarenaer
å støtta og leggja til rette for den lokale kulturelle skulesekken
“Fusanisto” – med gode undervisningsopplegg og leirskule
å styrkja kulturskulen i Fusa
å halda ved like og vidareutvikla kulturstiar i Fusa
Ordførarkandidat:
Svein Lang, Strandvik
Margunn Y. Samnøy,
Bogøy
Mikal Leigland,
Strandvik
Marianne Borge,
Eikelandsosen
Jan Birger Landøy,
Fusa
Odd Joar Glesnes,
Eikelandsosen
Gitle Berland,
Hålandsdalen
Peter-Hans de Zwarte,
Strandvik
Even Revne,
Baldersheim
André Bjørndal,
Hålandsdalen
Aleksander Næss,
Bogøy
Astrid Kolle,
Holmefjord
Anita Rennesvik,
Bogøy
Miljøvern og
naturforvaltning
Senterpartiet arbeider for ei berekraftig forvaltning
av ressursane nasjonalt og globalt. Fornuftig bruk er
ofte det beste vern. Makt og ansvar må vera desentralisert for å sikra lokal kunnskap og beredskap. Dei
store naturkatastrofane som har råka Vestlandet dei
seinare år viser kor viktig lokal beredskap er.
Senterpartiet vil i valperioden 2015-2019
arbeida for:
at kommunane må tilførast dei midlar
som trengst for å registrera og kartleggja
det biologiske mangfaldet
å halda fram arbeidet med å utvikla
kommunale handlingsplanar i samarbeid
med grunneigar
å gje full erstatning for areal som blir verna
eller mellombels verna etter naturlova
Hege Aase Tysnes,
Hålandsdalen
Per Gunnar Haavik,
Baldersheim
Richard Markhus,
Eikelandsosen
Herborg Nordtveit,
Baldersheim
Sissel Berge,
Eikelandsosen
Atle Næss,
Bogøy
Bjørnar Vik,
Strandvik
Maj-Britt Kolle,
Holmefjord
John Erik Foer,
Fusa
Merete Helland,
Eikelandsosen
Laila Stabell,
Fusa
Haldor Tuft,
Strandvik
Vallista
ved kommunestyrevalet i Fusa
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8.
9.
10.
11.
12.
13.
14.
15.
16.
17.
18.
19.
20.
21.
22.
23.
24.
25.
Svein Lang, Strandvik
Margunn Y. Samnøy, Bogøy
Mikal Leigland, Strandvik
Marianne Borge, Eikelandsosen
Jan Birger Landøy, Fusa
Hege Aase Tysnes, Hålandsdalen
Per Gunnar Haavik, Baldersheim
Richard Markhus, Eikelandsosen
Herborg Nordtveit, Baldersheim
Odd Joar Glesnes, Eikelandsosen
Gitle Berland, Hålandsdalen
Peter-Hans de Zwarte, Strandvik
Even Revne, Baldersheim
Sissel Berge, Eikelandsosen
Atle Næss, Bogøy
Bjørnar Vik, Strandvik
Maj-Britt Kolle, Holmefjord
André Bjørndal, Hålandsdalen
Aleksander Næss, Bogøy
Astrid Kolle, Holmefjord
Anita Rennesvik, Bogøy
John Erik Foer, Fusa
Merete Helland, Eikelandsosen
Laila Stabell, Fusa
Haldor Tuft, Strandvik
Layout: Fusa Senterparti Trykk: E. Natvik Prenteverk AS
14. september 2015