Ledig stilling Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet, som har tilsynsansvar for 7000 norske stiftelsar, og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet er delt i to avdelingar; frivilligheitsavdelinga og pengespelavdelinga. Frivilligheitsavdelinga i Lotteritilsynet forvaltar den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Noreg, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping. Pengespelavdelinga har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, i tillegg til ansvaret for arbeidet vårt med marknadskontroll og speleåtferd. Tilsynet held til i Førde, og har i dag til saman om lag 70 tilsette. For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no. Ledig fast stilling som rådgjevar i Lotteritilsynet I Lotteritilsynet si frivilligheitsavdeling er det ledig ei fast stilling som rådgjevar for snarleg tilsetjing. Arbeidsoppgåver Sakshandsaming, analyse og utviklingsarbeid på tilskotsområdet. Utvikling av rutiner og interne støttefunksjonar. Utgreiingsoppgåver og andre oppgåver knytt til avdelinga sitt ansvarsfelt. Kvalifikasjonar Utdanning på høgare nivå innan økonomi/rekneskap, men også anna høgare utdanning kan vere aktuell (omfattande og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning). God kjennskap til, og erfaring med bruk av Excel. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Minst 3 års relevant praksis. Ønskjeleg med generelt god digital kompetanse. Vi ønskjer søkjarar som er initiativrike og samfunnsengasjerte, med interesse for frivillig sektor, og som har evne til å jobbe målretta, effektivt og sjølvstendig med store data- og talmengder. Vi ser etter personar med stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner, og som trivast med å jobbe tverrfagleg. Du bør vere utadvendt og kunne representere tilsynet på ein tillitvekkande måte. Vi kan tilby Stort fagmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn. Positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområdet. Gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. Gode stab/støtte funksjonar, godt innarbeidd sak/arkivsystem, og gode rutinar for opplæring av nye tilsette. Medlemskap i Statens Pensjonskasse. Fleksibel arbeidstid og betalt overtid. Nytt, moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine. IA-bedrift. Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna vert det trekt 2 % til innskot i Statens pensjonskasse. Stilling som rådgjevar blir løna i stillingskode 1434. For spørsmål om stillinga, kontakt: seniorrådgjevar Bjarne Hellem avdelingsdirektør Elna Berge tlf: 57 82 80 06, mobil: 99 28 43 22 tlf: 57 82 80 20, mobil: 99 28 43 03 Søknadsfristen er 14. juni 2015 Skriftleg søknad vedlagt CV, vitnemål og attestar skal sendast til: [email protected] alternativt til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde. Merk søknaden: «Frivilligheitsavdelinga». Innsende kopiar av vitnemål og attestar blir ikkje returnerte. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.
© Copyright 2024