Ledig stilling - og stiftelsestilsynet

Ledig stilling
Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to fagtilsyn: Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet. Lotteritilsynet
forvaltar den norske lotterimarknaden, og kontrollerer statlege pengespel. Stiftelsetilsynet har tilsynsansvar for
7600 norske stiftelsar. I tillegg har Lotteri- og stiftelsestilsynet ansvar for ordninga med kompensasjon av
meirverdiavgift til det frivillige Noreg. Tilsynet held til i Førde, og har i dag til saman ca. 70 tilsette.
For meir info, sjå www.lottstift.no.
Er du samfunnsengasjert og klar for nye utfordringar?
Stiftelsestilsynet har ledig spennande stilling for revisor/siviløkonom.
Ein av våre revisorar skal no over i ny jobb, og vi har ledig fast stilling.
Stillinga vert lyst ut som rådgjevar eller seniorrådgjevar.
Stiftelsestilsynet fører tilsyn og kontroll med at drift og forvaltning i norske stiftelsar er i samsvar med
stiftelseslova. Vi har også ansvar for Stiftelsesregisteret, og gir generell rettleiing og juridisk rådgjeving
m.m. som ligg innafor vårt ansvars- og myndigheitsområde.
Stiftelsestilsynet vart oppretta i 2005. Vi er i dag 15 tilsette, og er det leiande fagmiljøet innanfor
stiftelsesrett i Noreg. Målet vårt er å vere eit ekspertorgan med høg legitimitet og stort truverde i ein
tilsynsmarknad med jus, økonomi og samfunnsorientering.
Arbeidsoppgåver
 tilsyn med stiftelsar og det som følgjer av dette
 vidareutvikling av tilsynsarbeid og - metodikk
 fatte vedtak med heimel i stiftelselova
 rettleiing til publikum
 utvikling av tilsynet elles
Kvalifikasjonskrav
 Registrert/statsautorisert revisor eller siviløkonom
Det er også ein fordel om du har
 juridiske forkunnskapar, helst innanfor selskapsrett
 erfaring frå tilsyns- og kontrollarbeid
 god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi ser etter ein initiativrik, engasjert og godt motivert person som ønskjer å arbeide med dette området
som er i stadig utvikling. Du vil få arbeide innafor eit større fagmiljø med dyktige medarbeidarar.
Oppgåvene er varierte, fagleg utfordrande, og gir godt høve til kompetanse- og eigenutvikling. Du må
kunne arbeide systematisk og nøyaktig både sjølvstendig og i team. Analytiske evner, fagleg
engasjement og serviceinnstilling er også eigenskapar vi ser etter.
Vi kan tilby
 stort fagmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
 positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområdet
 varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
 gode velferdsordningar og fleksibel personalpolitikk, også når det
gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
 gode stabs- og støtte-funksjonar, godt innarbeidd sak/arkivsystem, og gode rutinar for opplæring
av nytilsette
 medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
 fleksibel arbeidstid og betalt overtid
 nytt, moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
 IA-bedrift
Side 1 av 2
Lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna vert det trekt 2 % til innskot i
Statens pensjonskasse. Stillinga har 6 månaders prøvetid. Stilling som rådgjevar blir løna i stillingskode
1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364.
For spørsmål om stillingane, kan du kontakte:
Avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen
Seniorrådgjevar Terje Gjertsen
tlf: 57 82 80 40, mobil: 99 28 43 38
tlf: 57 82 80 47, mobil: 97 03 28 53
Søknadsfristen er 20. februar 2015
Skriftleg søknad vedlagt CV, vitnemål og attestar skal sendast til: [email protected]
alternativt til: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Postboks 800, 6805 Førde.
Merk søknaden: ’Stiftelsestilsynet’. Innsende kopiar av vitnemål og attestar blir ikkje returnerte.
Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av
alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg
søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om
ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.
Side 2 av 2