Studenttingsmøter 2014-15 Møteprotokoll nr 6/14-15 Møtedato 04.03.15 Møteprotokoll nr 6/14-15 Tid Stad 04. mars 2015 kl 17.00 Rokken, konferanserommet Til stades med stemmerett AHL: Marie Havnsund, Nikolai Bjørnevik Flisnes, David Fiskaa AMF: Halvard Roald Kvamme AKF: Axel G. Lund, Melissa Nerland (tom. Sak 45), Bendik Aarsæther ASH: Alexandra Endresen, Marie Dahle Storfjord, Serghei Levcenco (tom. sak 42) Til stades utan stemmerett Styret: Joanna Antoniak, Karoline Strand, Lisa Kalvø, Thomas Hesselberg Kontrollkomite: Eirik Nybø og Marius Heldal Hope Ordstyrar: Vilde Sævik Landsstyrerepresentant: Tormod Smedsvig Andre: Ecaterina Prostomolotova, Marit Aklestad (referent). Sak 00 – 14/15 Konstituering __________________________________________________________________________________ Styret innstiller Vilde Sævik som ordstyrar Vedtak: Studenttinget godkjenner Vilde Sævik som ordstyrar. Styret innstiller Eirik Nybø og Marius Hope som teljekorps. Vedtak: Studenttinget godkjenner Eirik Nybø og Marius Hope som teljekorps. Sak 01 – 14/15 Godkjenning av innkalling og referat __________________________________________________________________________________ Vedtak: Studenttinget godkjenner innkalling og referat frå dei to siste møta. Kommentar: Studenttinget tilføyer at møteslutt på møtet 04.02. var kl 19.30. Sak 02 – 14/15 Godkjenning av sakliste og dagsorden __________________________________________________________________________________ Det vert meldt inn to eventueltsaker. Sak 43 vert flytta til etter pausen. Vedtak: Studenttinget godkjenner sakliste og dagsorden. 1 Studenttingsmøter 2014-15 Møteprotokoll nr 6/14-15 Møtedato 04.03.15 Sak 03 – 14/15 Orienteringar __________________________________________________________________________________ Orienteringar frå arbeidsutvalet v/Joanna Antoniak: - Aktivitet i arbeidsutvalet sidan sist Informasjon om komande arrangement (Kompetanse Sunnmøre, word-kurs for studentar, kurs i psykisk helse, region- og landsmøte i NSO) Vedtektsdokument med redaksjonelle endringar. Vedtak: Studenttinget godkjenner dei redaksjonelle endringane i vedtektsdokumentet. LS-representant Tormod Smedsvig - Informasjon frå landsstyremøtet Val til nytt arbeidsutval i NSO i april Høgskulestyremøte 29. januar. Valt tre nye dekanar, den siste blir valt no i mars. Sak 42– 14/15 Val av jurymedlem til Studentprisen Type sak: Vedtakssak Sakshandsamar : Thomas Hesselberg __________________________________________________________________________________ Det vert halde val på studenrepresentant frå SfS til juryen i Studentprisen. Dei tre studentrepresentantane i styret i SfS stiller til val. Votering: urneval. Vedtak: Studenttinget vel inn David Fiskaa til å sitje i juryen for Studentprisen. Sak 43 – 14/15 Trivselen i STiV Type sak: Diskusjonssak Sakshandsamar Lisa S. Kalvø __________________________________________________________________________________ AU i STiV ynskjer innspel frå Studenttinget på kva som kan gjerast for å auke trivselen i STiV, og få studentar til å verte verande over tid, både i AU og i Studenttinget. Oppsummering av innspela frå Studenttinget: Inntrykket er at få studentar veit kva STiV eigentleg er og kva STiV gjer. Det er behov for bevisstgjering og tydeleggjering av kva ein kan oppnå ved å sitje i Studenttinget. Det er også lite kunnskap om korleis ein går fram dersom ein ynskjer å delta i Studenttinget. 2 Studenttingsmøter 2014-15 Møteprotokoll nr 6/14-15 Møtedato 04.03.15 På studenttingsmøta må det vere låg terskel for å stille spørsmål eller be om ekstra forklaring og utdjuping. Ein må skape eit trygt og godt miljø i gruppa, med passe balanse mellom det sosiale og det faglege. Det kan informerast betre om sosiale aktivitetar som går føre seg i STiV – vise at det er kjekt å vere aktiv i STiV. AU bør utnytte betre sjansen dei har når dei går rundt i klassene og informerer ved studiestart. Denne type ansikt-til-ansikt-kontakt er veldig viktig, og då er det avgjerande at ei planlegg godt kva ein skal seie, får fram bodskapen, og viser at ein har det kjekt i vervet sitt. Eit forslag er at ein på klassebesøk legg opp til ein kort klasseromdsdiskusjon som eksempel på korleis saker vert diskuterte i STiV. Ein bør ikkje overdrive tydinga av det som skjer i STiV. Ein må gje eit så realistisk bilete som muleg av aktiviteten i STiV, og gje studentane eit ærleg bilete. Det bør heller ikkje vere slik at ein rekrutterer studentar gjennom å tilby gratis mat. Ein må engasjere studentane gjennom det studentpolitiske arbeidet, og mulegheita til å påverke tilhøva og studiekvardagen ved HVO. Tidlegare studenttingsrepresentantar kan stille opp i rekrutteringsfasen. Ein kan med føremon nytte studentfora som Peikestokken og nærnett for å nå ut til fleire studentar. Vedtak: det vert ikkje gjort vedtak i diskusjonssaker. Sak 44 – 14/15 Profileringsmateriell Type sak: Diskusjonssak Sakshandsamar: Karoline Strand __________________________________________________________________________________ AU ynskjer innspel frå Studenttinget på kva type profileringsmateriell STiV bør satse på framover. Studenttinget kjem med fylgjande forslag: - STiV-kondomar Sticky cleaner? – Blir lite brukt, hamnar fort i søpla Gode pennar Eingongstatovering Buff Snapper-refleks – heller det enn dei tradisjonelle refleksa Lommelykter på nøkkelring Blokker med post-it og merkelappar til pensumbøker Paraplyar – gjerne fylle på med utlånsparaplyar med STiV-logo Gjenbruksposar 3 Studenttingsmøter 2014-15 Møteprotokoll nr 6/14-15 Møtedato 04.03.15 - Klistermerke Vindusskrape til bilen Tøysebriller med nase og bart Blå leppestift/lypsyl 80-talls panneband Vedtak: det vert ikkje gjort vedtak i diskusjonssaker. Sak 45 – 14/15 Overhaling av nettsida Type sak: Diskusjonssak Sakshandsamar: Karoline Strand __________________________________________________________________________________ AU ynskjer innspel frå Studenttinget på kva som kan gjerast med nettsida for at ho skal fungere betre. Oppsummering av innspela frå Studenttinget: Sida framstår som veldig omfattande og rotete per i dag. Logo og det øvste på sida er stilreint, men under er det kaos. Blant anna gir scrollefunksjonen og feltet med ordskya eit rotete inntrykk. Det er ynskje om ei meir minimalistisk og moderne side. Sida bør vere tilpassa mobil og nettbrett Ein får ein større wow-effekt dersom ein skiftar ut alt, enn dersom ein beheld deler av det gamle oppsettet. Det manglar informasjon om korleis bli med i STiV Ein må rydde opp i språkblandinga mellom nynorsk og bokmål, og gå inn for ein standard. I staden for å skrive «Facebook», «twitter» osb, bør ein bruke logoane som lenke. Det kan vere ein ide å ha ein liten «kontakt-oss»-knapp nedst på alle sidene. Studenttinget er positive til at PR-studentane køyrer ei evaluering av sida, med tips til korleis gjere det betre. Vedtak: det vert ikkje gjort vedtak i diskusjonssaker. Sak 46 – 14/15 Eventuelt Sakshandsamar: Joanna Antoniak __________________________________________________________________________________ 46.1 – 14/15 Overføre ansvaret for å føre rekneskap for Fadderveka til sekretariatet i STIV Sidan det har vore litt rot med rekneskapet til Fadderveka 2014, der blant anna 4 Studenttingsmøter 2014-15 Møteprotokoll nr 6/14-15 Møtedato 04.03.15 Frifond krevjer tilbakebetalt ein delsum, ynskjer Fadderveka 2015 at organisasjonskonsulenten i STiV får ansvar for å føre rekneskapet for Fadderveka. Vedtak1 : organisasjonskonsulenten i STiV får ansvar for å føre rekneskap for Fadderveka Vedtak2 : Ei eventuell omdisponering av midlane STiV tildeler til Fadderveka må vente til rekneskap er endeleg rapportert til Frifond. 46.2 – 14/15 Endring i valreglementet ved HVO Joanna legg fram dei foreslegne endringane i valreglementet. Studenttinget diskuterer føremoner og ulemper ved endringa knytt til tidspunkt for val av studentrepresentantar i valnemnda. Vedtak: Studenttinget har diskutert saka og stiller seg positive til endringane. 46.3. – 14/15 Sosialt i Studenttinget Arbeidsutvalet ynskjer å arrangere ein fest for studenttinget ila vårsemesteret. Datoforslag er fredag 27.03. eller fredag 10.04. Stad: hos David og Halvard. Tema: cocktail party, noko på hovudet. Meir info kjem på FB-sida. 5
© Copyright 2024