Vart heidra for god drift

MØRE-NYTT LAURDAG 13. JUNI
Ingen reiselivsfusjon
Det vert etter alt å døme ingen
fusjon mellom reisemålsselskapa Destinasjon Ålesund og
Sunnmøre og Destinasjon Geiranger og Trollstigen.
Det opplyste styremedlem i
Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Rune Hovde, under
kommunestyremøtet toredag.
– Under generalforsamlinga
til Destinasjon Geiranger og
Trollstigen røysta 75 prosent av
aksjonærane for, og slik sett
skulle det vere eit klarsignal.
Likevel er det klart at ingen av
verksemdene i Geiranger
ynskjer å vere med, og det gjer
at styret i DÅS til generalforsamlinga komande tysdag vil
rå til at fusjonen vert lagt på is,
2015 7
Tussa Energi
mest effektiv
Tussa Energi er kåra til det
mest effektive produksjonsselskapet i kraftbransjen.
I målinga vert kraftselskapa
sine påverkelege kostnader for
drift, vedlikehald og rehabilitering av kraftverk samanlikna.
I årets måling var 24 selskap
med, og kåringa gjeld for 2014.
sa Hovde.
Han vart kjend ugild i møtet
då han er styremedlem i DÅS,
men fekk orientere om saka.
Opphavleg var det foreslått
ein fusjon mellom Nordfjord
og Sunnmøre, men no ser det
altså ut til at ingenting vert endra.
Vart heidra for god drift
Sissel Karin og Ottar
Erling Standal saman
med Odd Bjarne Bjørdal vart heidra med
jord- og skogbrukspremien til
Aarsæther-legatet under kommunestyremøtet torsdag.
• Rune Sæbønes
[email protected]
Det var ordførar Rune Hovde
som overrekte premiane etter
at ei eiga fagnemnd har peika
ut mottakarane.
Ottar Erling Standal og Sissel
Karin Standal tok over slektsgarden Klubben på Store-Standal i 1977.
– Dei bygde ny driftsbygning
for mjølkeproduksjon i 1978,
og saman med andre gardbrukarar i bygda, vart det drive
med nydyrking av jord på Standaleidet i åra 1982–87. Til saman 90 dekar vart nydyrka, og
Ottar Erling var ein aktiv deltakar i dette arbeidet. Arealet på
Standaleidet har vore viktig for
driftsgrunnlaget til gardsbruket, sidan ein del jordbruksareal nede i bygda har vorte
bandlagt til massetak, heiter
det i grunngjevinga.
Nydyrking
Då Ottar Erling starta drifta,
var mjølkekvoten på ku på 30
000 liter, og gjennom nydyrking og kjøp av kvote, har den
auka, slik at det i 2014 vart levert 106 000 liter mjølk frå
garden.
I 2014 var areal i drift til saman 273 dekar jordbruksareal,
der 214 da er fulldyrka og 59 da
er beite. Ottar Erling og Sissel
Karin er no dei einaste som
driv gardsbruk på Store-Standal, og dei driv store deler av
jordbruksarealet i bygda.
Odd Bjarne Bjørdal vaks opp
i Bjørdalen, og sjølv om familien ikkje hadde gard sjølv, fekk
han tidleg interesse for praktisk gardsarbeid og stell av dyr.
Saueeigar vart han alt som
15-åring. I 1992 kjøpte han gard
på Eide i Bondalen. Han starta
opp med sauehald, og i 1997
Fekk Aarsæther-premie: Sissel Karin og Ottar Standal og Odd Bjarne Bjørdal.
med pelsdyr i tillegg. Pelsdyrhaldet vart avvikla i 2005. I
2007 kjøpte Odd Bjarne Samundegarden i Bjørdalen av
onkelen sin. Han har etter dette satsa stort på sau, og har
gjort ein stor innsats med nybygg på garden, m.a. ny fjøs og
reiskapsbygg. Han har i dag
200 vinterfôra sauer, og om lag
600 dyr vert sendt på ulike
sommarbeite.
– Saueflokken til Odd Bjarne
er med det ein svært viktig faktor for at store deler av kulturog
naturlandskapet
i
kommunen ikkje gror att, sa
ordføraren.
Odd Bjarne har 95 da fulldyrka areal, og 114 da beite på
eige bruk, men driv til saman
640 da til slått og beite, på 11
bruk i Ørsta og Volda. I seinare
år har han starta opp med kjøt-
Aarsætherlegatet
• Aarsetherlegatet vart
oppretta i 1918 etter ynske
frå Marte Nilsdotter
Aarsæther og Anders
Aarsæther.
• Legatet skal fremje
jordbruket og skogbruket.
• Legatet kan delast ut
årleg med ein jordbruks- og
skogbrukspremie.
• Det er også ein ærespris,
som sist vart delt ut i 2008.
produksjon på storfe, noko
han vil satse meir på i åra framover. Det høyrer med 580 da
produktiv skog til garden.

Det er ei
kjensgjerning at
vi vert færre og
færre
Odd Bjarne Bjørdal
Profilerer næringa.
– Odd Bjarne profilerer gjerne
sauenæringa, og har opna garden for dei som vil sjå og lære,
ikkje minst skular og barnehagar. Han er sterkt engasjert i
organisasjonane i landbruket,
og er for tida leiar av Møre &
Romsdal sau og geit, heiter det
i grunngjevinga.
– Det er stort å verte vurdert
som god nok for Aarsæther-legatet. Det er ei kjensgjerning at
vi vert færre og færre. Og det
er stort å få pris saman med Ottar og Sissel, dei siste brukarane på Standal. sa Bjørdal.
Og så kom han med ei salve.
– Folk vil gjerne eige gardane.
Dei vil ha dei som feriestadene.
Dei står i fremste rekkje når
rettane skal krevjast, men
dessverre bakarst når pliktene
gjerast, sa Bjørdal.
Han rosa kommunen for å ha
eit godt landbrukskontor, men
meinte politikarane på langt
nær gjer nok for landbruket.–
Nøkkelen ligg i kva de gjer
oppover i dykkar eigne parti.
Dessutan – vi har no mykje
skog som skal hoggast, men
det offentlege vegnettet er
ikkje lagt til rette for tunge
tømmertransportar. Der har
de ein jobb å gjere, sa Bjørdal.