2015-01-13 Møtereferat Brukerutval

BRUKARUTVALET
MØTEREFERAT
13 januar 2015
Tid:
Kl 09.30 – 13.30
Stad: Stort møterom 3 etg. Sentralblokka
Til stades:
Magnus Mjelde
Margot Bertheussen
Bente Orlen Westervik
Anniken J Kvaal
Kirsten Eikanger Mjelde
Hjørdis Dahle
Torill Irene Haara
Inger Lise Kjeksrud
Hilde Otteren
Inge Aareskjold Fiskvik
Ulrikke Amundsen Tranberg
Forfall:
Svein Nord Kristiansen
Ida Carlsen Eide
Referent: Magne Høgelid
Invitert: Anne Sissel Faugstad, Christian Ohldieck
Sak 01/15 Presentasjon av nytt utval, konstituering av utvalet med val av leiar og
nestleiar.
Inge Aareskjold Fiskvik vart valt som leiar av Brukarutvalet i Helse Bergen for dei komande
to åra.
Magnus Mjelde vart vald til nestleiar for dei same to åra.
Sak 02 /15 Godkjenning av innkalling og saksliste for Brukarutvalet i Helse Bergen
Vart godkjent utan merknader
Sak 03/15 Referat 27 oktober til godkjenning
Vart godkjent utan merknader
Sak 04/15 Bilder tas av nytt utval v/ Kommunikasjonsavdelinga.
Vart gjennomført som planlagt
1
Sak 05/ 15 Status og planer for LAR behandling og rehabilitering v/Christian Ohldieck
Christian Ohldieck orienterte om utviklinga av LAR i Helse Bergen.
Helse Bergen overtok ansvar for LAR i 2011, det var då 550 brukarar. I dag er talet pasientar
dobla. Dette heng mellom anna saman med handlingsplan mot opne russcener. Ein vil ha flest
mogeleg i LAR for å unngå rekruttering av nye. Frå 7 spesialrådgjevarar til 60-70.
Spesialisthelsetenesta skal finansiere medisinering inkludert utlevering. Det er 7 Lar sentre i
kommunen som blir desentrale poliklinikkar. Her er det gjennomført overdraging av
verksemd. 25 nye tilsette.
Nygårdsparken er stengt. Ein har etablert M 31 i Møllendalsveien den 1711-14. Her kommer
de aller dårlegaste og får tilgang til vurdering på dagen. Alle er bustadlause. Ein når ei spesiell
målgruppe som ein ikkje nådde før. Dei aller fleste har fått starte opp etter 3 døgn. Utan krav
om å vera rusfri på førehand.
Det er 6 team som følgjer opp pasientane. 350 får altfor dårleg oppfølging. Oppfølging frå
fastelege funger for nokre men ikkje for andre.
Avdeling for rusmedisin har gått frå 15 til om lag 300 tilsette på få år. Har store
voksesmerter. Floen er det medisinfrie tilbodet.
Temaet i dag var LAR. Christian Ohldieck kjem gjerne igjen for å snakke om alt anna tilbod i
avdelinga.
Sak 06/15 Gjennomgang av prosjektoversikt v/ leiar og sekretariat
Utvalet gjekk gjennom prosjektoversikten. Leiar og nestleiar frå førre periode hadde merka
dei prosjekt dei ønskte skulle bli overtatt av nye personar. I alle desse prosjekta vart det
utpeika ny representant og vararepresentant. Leiar ajourfører prosjektoversikt og sender det
til sekretariat for kvalitetssikring. Sekretariat sender prosjektoversikt til alle medlemmane.
Sak 07/15 Orientering om aktuelle saker i Helse Bergen v/ Anne Sissel Faugstad
Anne Sissel Faugstad orienterte om følgjande saker:
 Diagnostisk senter
 Samhandling med kommunane- Nå snart 24 kommunar i vårt område
 Funksjonsfordeling med Haraldsplass. Den er kanskje ikkje veldig oversiktleg
o HDS gjer enklare kirurgi, mage/tarm og noen andre organ. Alt anna til
Haukeland
o HDS gjer utvalde områder. Blant anna gode på knær, hofte og bekkenbrudd.
o Indremedisin(medisin, lunge og hjerte). Sektorinndeling det HDS har
Nordhordlandskommunane samt Åsane og Bergenhus.
 Det var spørsmål om samhandlinga med fastlegane. Kommunane har tre
hovudområder for helsetenester. eimebasert teneste, sjukeheimane og fastlegane. Vi
har dialog med fastlegane mellom anna gjennom våre 5 praksiskonsulentar(PKO).
Fastlegane er eigne juridiske einingar som ikkje så lett lar seg styre. Nokre kommunar
har eigne kommunelegar.
 HDS er eit privat ideelt sjukehus, det største i vårt område. Det er også store private
aktørar innan rusfeltet og psykisk helse.
2
 Pakkeforløp kreft. Her er det laga 4 forløp til no, prostata, mamma, kolon og
lungekreft. Det skal koma 15-20 nye i 2015
 God dialog med kommunane. Ein har ikkje lenger utskrivingsklare pasienter i
sjukehuset.
 Etablering av direktorat for IKT. Ein har heilt ulike journalsystem noko som gjer
kommunikasjon krevjande.
 Vestlandspasienten er eit stort prosjekt for å gje pasienten oversikt over eigne avtalar
og medverknad i eiga behandling.
 Legevakta flyttar frå Vestre Strømkai til Utrustningsbygget på Danmarksplass.
Kveldspoliklinikken for barn vert flytta som ein del av dette. Akuttpost rus/somatikk
følgjer også med. I tillegg blir det etablert ein ØH post med 34 senger. ØH sengene
som er etablert til no har hatt en beleggsprosent på ca 50. Ved akuttmottak er ca 50 %
til observasjon og er utskrevet innan eit døgn. Kanskje kan 10% vera aktuelle for ØH
seng i kommunen, altså kan unngå innlegging.
 Mottaksklinikk er ein veldig stor sak som kan vera eiga sak på et møte.
 Bestillingar frå Departementet og Helse Vest bør vera eiga seak på neste møte.
 Kompetansestrategi er også ei stor sak.
Sak 08/15 Brukarmedverknad prosjekt avansert teknisk sjukepleie.
Brukarutvalet utnemnte Svein Nord Kristiansen som representant i arbeidet. Inge Fiskvik er
vararepresentant.
Sak 09/15 Brukarmedverknad Nordås
Brukarutvalet utnemnte Anniken Kvaal som sin representant i arbeidet. Svein Nord
Kristiansen er utnemnt som vara.
Sak 10 /15 Møteplan 2015, inklusiv fellesmøte med Brukarutvalet i Helse Vest
I forslag til møteplan vart det vedteke ei endring. Møtet i juni 2015 vart flytta frå 15 til 8.
Sekretariat oppdaterer oversikt og sender til alle medlemmane.
Sak 11/15 Til/ frå utvalet
Ingen saker
Sak 12/15 Eventuelt
Utvalet ønskte ein oversikt over medlemmer med epost adresser, postadresser og
telefonnummer.
Sekretariatet utarbeider oversikt og sender til medlemmane.
3