17. juni 2015

Helse Førde HF
Administrasjon
Møtereferat
Føremål:
Møtetid:
Stad:
Referent:
Møteleiar:
Saksnr:
Referat frå møte i Brukarutvalet juni Onsdag 17.06.2015 kl 11.00-15.00
Møterom 4 FSS
Randi Holsen Solheim
Gerd Bjørkedal
2014/1460
Deltakarar
Namn
Gerd Bjørkedal
Jarle Vindedal
Svein Lundevall
Audun Nedrebø
Solfrid Fossberg
Gry Sætre
Gerd Torkildson
Bjørg Solheim
Alfred Brusegard
Vidar Vie
Kurt Even Andersen
Solfrid Lillebø
Nr
Organisasjon
FFO
FFO
FFO
FFO (HLF)
SAFO
SAFO
Kreftforeningen
Sogn og Fjordane pensjonistforbund
Fylkesrådet for funksjonshemma
Helse Førde
KS/Førde kommune
FFO
fråvær
x
x
x
Saker
17/15
Godkjenning av innkalling, referat og sakliste
18/15
Styresaker mm – orientering frå adm i Helse Førde
19/15
Kreftpakkeforløp – status Helse Førde og arbeidet med dette. Kreftkoordinator Hanne Elin Skår
Lunch
20/15
Motekne brev og meldingar til Brukarutvalet
21/15
22/15
Høyring verksemdsmessig utviklingsplan 2015 -2030 (vedlegg)
Deltaking i prosjekt og utval – kort tilbakemelding frå deltakarar på møter/aktivitetar sidan sist.
23/15
Oppsummering regional samling Brukarutval i Stavanger 2.-3. juni
24/15
Refleksjonar etter møte mellom leiar BU, KS og sekretær KS og BU
25/15
Eventuelt
Helse Førde HF
Administrasjon
Nr
17/15
18/15
19/15
20/15
21/15
22/15
Referat
Leiar ønska deltakarane velkommen til møtet, og innkalling, sakliste og referat vart godkjend.
Sekretariatet presenterte utdrag frå månadsrapportar av aktuelle kvalitetsindikatorar i HFD, samt
økonomi og sjukefråvær så langt i driftsåret.
Kreftkoordinator Hanne Elin Skår orienterte om nye reglar iht standardiserte behandlingslinjer for
ulike kreftdiagnoser, og vegen inn til dei ulike pakkeforløpa. Ti nye pakkeforløp vart gjort
gjeldande frå 1.mai og ytterlegare 14 nye skal implementerast frå 1.september. Målet med
kreftpakkeforløpa er likebehandling uavhengig av bustad eller behandlingsstad.
Utvalsmedlemmane ynskjer tilsend oversikt på dei ulike pakkeforløpa. Koordinator orienterte også
om sin funksjon i føretaket. Frå hausten vil det bli tilsett ein koordinator til .
Leiar har motteke brev frå barneavdelinga med orientering om etablering av eit barne- og
ungdomsråd sentralt i sjukehussystemet, som også skal ha ei rolle inn mot det etablerte BU. Som
del av utviklingsplanen for føretaket skal det settast i gang eit arbeid med å sjå på utvikling av
spesialisthelsetilbod til barn og unge i fylket, og ein vil sikre brukarmedverknad inn i dette arbeidet.
I samband med dette vert utvalet utfordra på om det finns nokon som representerer born og unge i
dag? Forslag om å sende førespurnad til ungdomsrådet i fylkeskommunen. Medlemane diskuterer i
eigne organisasjonar, og sekretariatet fylgjer opp saka i seinare møte.
Høyring verksemdsmessig utviklingsplan – medlemane hadde ikkje sett seg godt nok inn i
høyringsutkastet til at saka kunne handsamast. Leiar organiserer dette arbeidet i eige
arbeidsgruppemøte, og leverer høyringsuttale innan fastlagd frist.
Arbeidsgruppa er slik samansett:
 Gerd Bjørkedal
 Gerd Torkildson
 Solfrid Fossberg
 Svein Lundevall
Det er sett av 2-3 møtedatoar for arbeidet.
Representantane i Brukarutvalet sender høyringsdokumenta ut til sine respektive organisasjoner,
med frist for tilbakemelding til Gerd Bjørkedal innan 10.07.
Arbeidsgruppa samanfattar ein uttale frå Brukarutvalet og sender til Helse Førde.
Brukarutvalet har ein generell kommentar til arbeidet med verksemdsmessig utviklingsplan, og det
er at det har vore alt for lite med ein berre ein brukarrepresentant inn i dette, samt at det har vore ei
utfordring å få tilgang til aktuelle dokument og møtetidspunkt. Det må takast omsyn til at
brukarrepresentantane ikkje har tilgang til interne sider og innkallingar i Helse Førde.
Tilbakemeldingar frå deltaking i ulike utval og prosjekt; S.Lundevall har delteke i
Koordineringsrådet der det har vore drøftingar kring kva grad avtale-utvalet skal nyttast i vidare
arbeid. Elles er det uttrykt bekymring frå ulike kommunar omkring omfanget av delavtaler mellom
kommunane og helseføretaket. Lundevall meinar at delavtalene har vore medverkande til å betre
samhandlinga og samhaldet mellom partane. Det vert likevel uttalt forståing for utfordringa med at
avtale-omfanget kan verte stort og uoversiktleg for tilsette i organisasjonane. Elles har
koordineringsrådet drøfta sak om ivaretaking av sekretariatsfunksjonen for BU – sjå sak 24/15.
G.Sætre og B.Solheim har deltek i to arbeidsmøter i Helsepedagogikk. Her vert det no planlagd
kursrekke på fem dagar i motiverande intervju. Målsetting at deltakarane skal finne ut av kva den
einskilde kommune kan tilby av læring og meistringstilbod.
A.Nedrebø har delteke i Prosjekt Kuben – og melder om utfordringar med å få tilstrekkeleg med
informasjon for å kunne ivareta brukarrepresentasjonen.
Helse Førde HF
Administrasjon
23/15
24/15
25/15
G.Bjørkedal har delteke i arbeidsmøter for Verksemdsmessig utviklingsplan – og melder om
tilsvarande utfordringar her.
Gerd Bjørkedal og Audun Nedrebø var HFD sine bu-representantar i regional samling for
Brukarutval i Stavanger 2.-3. Stavanger. Samlinga var todelt med kurs i pasienttryggleik fyrste dag
, og presentasjon frå dei ulike brukarutvala andre dag. Kari Furevik hadde presentasjon om
pasientryggleik og leiar Gerd presenterte HFD sitt BU.
Kari Furevik sender ut presentasjonen frå samlinga til medlemmene i brukarutvalet.
Koordineringsrådet har fokusert på korleis kommunesida ivaretek sekretariatsfunksjonen i utvalet
slik det kjem fram i dei vedtekne retningslinjene. Dette var også tema i eit møte mellom sekretariat
HF og KS, samt leiar og kommunerepresentant i BU. Det er utfordrande å samordne saker frå 26
kommunar, og utvalet er oppteken av å finne metode for å ivareta at aktuelle saker frå
kommunesektoren vert gjort kjend for utvalsmedlemane. Forslag om å utarbeide eit «kart» som
syner oppgåve og ansvarsfordelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa. Svein Lundevall tek på
seg å utarbeide ei slik oversikt.
Det er ei klar forventning til at det vert halde planleggingsmøter i forkant av kvart BU der KS deltek
saman med leiar og sekretariat frå Helse Førde.
Leiaren presenterte krav frå utvalsmedlemane om at brukarrepresentasjon til prosjekt og
arbeidsgrupper må utvidast til to representantar. Medlemane tykkjer det er vanskeleg å ivareta rolla
som brukarrepresentant utan høve til interne brukarrepresentantdiskusjonar undervegs. Sidan
medlemane ikkje har tilgjenge til interne system i HFD må dei få tilsend alle relevante dokument.
Elles vert det formidla ynskje om at møtedatoar må klargjerast i god tid for optimal deltaking og
brukarmedverknad.
Elles hadde sekretariatet ei rettleiingsøkt iht å finne fram på Brukarutvalet si nettside. Informasjon
om BU er å finne på nettsida til Helse Førde – under «Fag og samarbeid»
Aksjonspunkt:
Oversikt på dei ulike kreftpakkeforløpa ut på mail til BU-medlemane
Etablering av barne- og ungdområd – representasjon?
Utarbeide kart over oppgåve- og ansvarsfordeling mellom forvaltningsnivåa
Nye satsar for møtegodtgjersle ut på mail til medlemane
Ansvar
K.Furevik
K.Furevik
S. Lundevall
K.Furevik