Program, Gulen KrF, 2015-2019 Oppvekst «Det som er godt for barnet, er godt for alle» KrF vil: Prioritere helsestasjon og barnevern Arbeide for god følgje- og jordmorteneste Støtte foreldra sitt val av omsorg for eigne born, og tilby gode barnehageplassar med fleksibelt opptak, minst to opptak i året Mobbing skal takast alvorleg og ryddast opp i At skulane får ressursar til å gje god og tilpassa opplæring Legge til rette for samarbeid mellom skulane, og at ungdomen frå Gulen skal bli godt kjente med kvarandre og få ein Gulen-identitet Ha god demokratiopplæring, ma. gjennom eit ungdomsråd med ansvar og eigne midlar Tilby samlivskurs for foreldre Gje gode tilbod innan avlasting, dagtilbod og bustad for menneske med særlege behov At ein i solidaritet med dei som har rusproblem, skal førebygge misbruk, avgrense tilgang til alkohol og har gode kontrollrutinar. Særleg vil vi ha eit førebyggande arbeid retta mot born og unge Busette fleire flyktningar Tilby god norskopplæring og hjelp til integrering for dei flyktningane vi busett og for andre innvandrarar. Årleg løyving til trygge skulevegar Eldre Dagens eldre er spreke og aktive, og tilfører samfunnet mykje i form av frivillig arbeid. KrF vil legge til rette for det, ma. med støtte til kulturelt arbeid, møteplassar og Frivillig-sentral. For dei som ikkje lengre klarer seg sjølv, og treng omsorg, vil KrF: Ha fleire avlastingsplassar og sjukeheimsplassar for demente Gje dagtilbod til demente, td ved bruk av «Inn på tunet» At organiseringa i open omsorg må ta omsyn til helsetilstand, avstandar og kompetanse. Målet er at folk skal kunne bu heime så lenge dei vil og det er forsvarleg. Samhandlingsreforma krev meir lokal behandling av sjuke. Det gjer at vi treng fleire, og ikkje færre, sjukeheimsplassar og auka kompetanse hos dei tilsette Gje pårørande høve til å vere ein ressurs, samtidig som dei får avlastning når dei treng det Gje tilbod om omsorgsløn til pårørande der det blir sett på som best og er ønska frå dei pårørande Styrke habilitering- og rehabiliteringstenesta, td ved å tilby god fysio- og ergoterapiteneste Tilby sørvis-skyss og tilrettelagt transport Bruke og utvikle «den kulturelle spaserstokken» Kultur og frivillig arbeid «Det trengs ei heil bygd for å oppdra eit barn». Samhandling og møteplassar på tvers av bygdene, generasjoner og interesser er ein av styrkane våre. KrF vil: Bygge symjebasseng og fleirbrukshall på Dalsøyra At biblioteka skal ha lengre opningstid, vere møteplassar og gje gratis kulturtilbod Oppmuntre og medverke til årleg «Ungdommens Kulturmønstring» Ha ein kulturskule med eit breitt spekter av tilbod, gjerne i samarbeid med andre kommunar Samarbeid mellom kommune, kyrkje og andre frivillige organisasjonar om kulturopplevingar (td. tilskot til «Utkant» ol.) Ikkje ha eigedomsskatt på kulturhus, grendahus og verna bygg At frivillige lag og organisasjonar skal få bruke offentlege bygg gratis Kyrkja er viktig for mange. KrF vil gje rammer som gjer at kyrkjene og kyrkjegardane vert heldne vedlike og stelte på ein verdig måte. Vi vil ha eit samarbeid med kyrkja om både barne- og ungdomsarbeid, diakoni og skulegudstenester. Vidareutvikle Tusenårsstaden Gulatinget i samsvar med vedteken plan. Støtte opp om Frivillig-sentralen Næringsliv, miljø og utvikling Gode, varierte og lønsame arbeidsplassar innanfor både private bedrifter og offentleg verksemd er av stor verdi for kommunen. KrF vil: God og effektiv sakshandsaming Oppdatert og godt planverk Medverke til ei god mobil- og breidbandsdekning i heile kommunen Godt vedlikehald på kommunale vegar Utbetring av fv 57 som del av Kystvegen Bergen-Ålesund Rassikring Brekke-Instefjord og utbetring til Rutledal Landbruket er viktig både for busetting og for produksjon av mat. Vi vil gje tilskot til melkekvotekjøp, ha kommunal landbrukskompetanse og aktivt påverke nasjonale rammer for landbruket. Vi vil legge til rette for nisjenæringar og vere kjøpar av tenester som td. dagtilbodet «Inn på tunet» Stimulere til tiltak som hindrar attgroing, særleg langs vegane Medverke til fleire utleigebustader og byggeklare tomter Ta vekk eigedomsskatt frå område regulert for utbygging, før utbygginga tar til Ha tiltak mot attgroing, og ha eit sterkt jordvern, særleg på god matjord. Rasteplassar med god skilting og informasjon om kva ein kan sjå og oppleve i Gulen Styrke samarbeidet mellom kultur og næring, og slik legge til rette for ma reiselivet Energiøkonomisering på nye og gamle bygg Legge til rette for fleire parkeringsplassar ved knutepunkt for offentleg transport Kommunereforma – folkerøysting, oppgåver, kva tenester vi vil ha vil vere avgjerande (avstandar) Gå mot søndagsopne butikkar Gje gode ordningar for folk som busett seg, td. etableringstilskot Kommunereforma og kven ein eventuelt skal slå seg saman med vil vere ei viktig sak framover. KrF har gått inn for folkerøysting om saka, og vil legge stor vekt på det som kjem fram der og i den påbyrja prosessen. KrF vil vektlegge gode tenester til folk, at reiseavstandane til tenestene ikkje blir for lange og at tilbod som ein nyttar til dagen skal vere lokalisert i nærområdet. Ved ei samanslåing er det mest truleg at vi finn saman med kommunar sør for oss. KrF går samstundes inn for ein større region på Vestlandet, slik at det ikkje vil vere naudsynt for Gulen å byte fylke.
© Copyright 2024