Høyanger 2015-2019 KrF Menneskeverd i sentrum KrF er eit kristendemokratisk parti som byggjer politikken sin på det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret. Alle menneske har den same verdi, vi skal ha ansvar for kvarandre og skal bruke av ressursane i ei rettferdig fordeling. Oppvekst KrF ønskjer å legge til rette for at familiane kan organisere kvardagen sin slik at ein har tid for kvarandre. Aktiv verdiformidling er særleg viktig i ei tid då born og unge gjennom ulike media får ein påverknad som ofte tøyer grenser. KrF går inn for: tilbod om barnehageplass for alle born og fleire opptak i året at skulane får ressursar til å gje god og tilpassa opplæring, og spesialundervisning for dei som har behov for det fleksible SFO-tilbod knytt til alle skulane å støtte og gje avlastning til familiar med store omsorgsoppgåver Helse og omsorg KrF går inn for: å sikre eldre ein verdig, trygg og meiningsfylt alderdom nok omsorgs- og sjukeheimsplassar for dei som har behov for det ei god open omsorg med tilbod til alle dei som ynskjer å bu heime lengst mogeleg at nattevaktordninga i open omsorg held fram å halde fram arbeidet med samhandlingsreforma slik at folkehelsa blir styrka og menneskeverdet lagt til grunn arbeide for eit godt tilbod innan rehabilitering at alle skal ha ei hand å halde i og smertelindrande hjelp når livet går mot slutten å leggje til rette for godt samarbeid mellom offentleg omsorg og frivillig innsats å leggje til rette arbeidsplassar for personar som treng verna og tilpassa arbeidsopplegg å halde fram med seniortiltak for kommunalt tilsette Internasjonal solidaritet Den katastrofale flyktningesituasjonen i dag gjer det endå meir naudsynt at kommunane tek ansvar for busetjing og integrering av menneske som er forfølgde eller lir på grunn av krig og katastrofar. KrF går inn for: at kommunen tek sin del av ansvaret landet har for å ta imot flyktningar og asylsøkjarar Klima og miljø Dei store utfordringane for klimaet på jorda må også få følgjer for den einskilde og kommunane. KrF går inn for: god oppfølging av klima- og energiplan å vidareføre opplegga for kjeldesortering og gjenbruk i samarbeid med SIMAS å ta vare på dyrka mark Førebyggjande alkoholpolitikk KrF går inn for: aktiv oppfølging av kommunal rusplan å støtte positive tiltak som er med å skape rusfrie oppvekstmiljø god kontroll med sal og skjenking av alkohol Levande lokalsamfunn KrF ser det som svært viktig at busetnaden i grendene blir oppretthalden, at ein har ei aktiv næringsutvikling, som også kan støtte eit livskraftig landbruk. Ein meiner Høyanger gir gode kommunale tenester i dag og er tvilande til at kommunesamanslåing vil styrke lokalsamfunn og demokrati. Når resultatet av utgreiingane ligg føre og folkerøysting er gjennomført, vil ein sjå om det er grunnlag for samanslåing. Gode kommunikasjonar og opprusting av vegar er viktig. Vakker natur, turløyper, jakt og fiske, skisenter, museum, badebasseng osv. gjer det godt å bu i kommunen og kan brukast aktivt i satsing på reiselivet. Etablering av nye arbeidsplassar og arbeidsinnvandring vil vere avgjerande for auke i folketalet framover. KrF går inn for: å støtte Høyanger Næringsutvikling A/S sitt arbeid med å ta vare på og skape nye arbeidsplassar å leggje til rette for havbruksnæringa innafor berekraftige rammer for miljøet å støtte opparbeiding av nye byggjeklare tomter på Sørsida og i Vadheim og gjennomgangsbustader spreitt i kommunen å leggje til rette for næringsområde i kommunen å arbeide for at ferjeruta Nordeide-Måren-Ortnevik-Vik blir oppretthalden å opne landskapet mot fjorden ved rydding og beiting å sikre bra vedlikehald av kommunale vegar og bygningar å arbeide for tilfredsstillande breiband og mobildekning i heile kommunen å bruke tingingsruter, tilrettelagt transport (TT) og serviceskyss når grunnlaget for offentleg transport elles er liten å motarbeide søndagsopning av butikkane Kultur Vidareføring av vår kristne og humanistiske kulturarv er viktig, i eit ope samspel med andre kulturar. Tru og livssyn må få ein naturleg plass også i det offentlege rom. KrF går inn for: at kommunen opprettar frivilligsentral å halde fram med ordninga med gratis lokale til frivillige lag og organisasjonar å vidareføre kulturstøtte til lag og organisasjonar å støtte allsidig idrettsaktivitet for born og unge å stimulere til auka aktivitet innafor song, musikk og dans i heile kommunen at kyrkjeleg fellesråd framleis får budsjettrammer som gjer det mogeleg å byggje ei livskraftig lokalkyrkje og vedlikehalde kyrkjer og gravplassar Valliste KrF er eit sentrumsparti. I kommunepolitikken vil vi samarbeide med dei partia som i dei ulike sakene står nærast KrF sine verdiar. Vi vil føre ein politikk basert på langsiktig planlegging og ansvarleg prioritering. 1. Sissel Sørebø, f. 1948, Bjordal 2. Runar Matsui-Li, f. 1965, Høyanger 3. Joar Oppedal, f. 1963, Ortnevik 4. Bjørnar Otterstein, f. 1955, Høyanger 5. Anne Irene Ølmheim, f. 1959, Vadheim 6. Janne-Karin Brekken, f. 1976, Ortnevik 7. Audun Engedal, f. 1945, Lavik 8. Mari-Ann Lund Fridtun, f. 1950, Ikjefjord 9. Sverre Elveseter, f. 1943, Kyrkjebø 10. Beate Systad, f. 1967, Lavik 11. Sven Ove Fossen, f. 1958, Høyanger 12. Sigrid Elveseter, f. 1943, Kyrkjebø 13. Margit Arntsen, f. 1934, Lavik
© Copyright 2024