STYRETS ÅRSBERETNING 2014 PEER GYNT GALLERIET AS 1 Styrets samansetting i 2014: Ole Ringdal (styreleiar), Øystein Ljøen, Per Magne Mork, Åse-Elin Hole, Lena Parr og Jan Sebjørnsen Storstein. Verksemdas art og kor den drivast. Selskapet eig bygningen Peer Gynt Galleriet på Hellesylt og dei unike trerelieffa fra ulike scener i Ibsens Peer Gynt iscenesett av kunstnaren Oddvin Parr. Selskapet har drifta kunstsenteret og kafèen; det har vore tilsett dagleg leiar. Rekneskapsinformasjon. Rettvisande oversikt over utvikling og resultat. Selskapets årsrekneskap for 2014 viser driftsinntekter på kr. 521 420 og eit driftsresultat på - kr. 536 323. Selskapets årsresultat blei – kr. 836 449. Eigenkapitalandelen er mindre enn halvparten av aksjekapitalen. Styret meiner at årsrekneskapen gir eit rettvisande bilde av selskapets eigedelar og gjeld, finansielle stilling og resultat. Etter styret si oppfatning gir framlagt resultatrekneskap og balanse med noter fyldestgjerande informasjon om drifta og økonomisk stilling ved årsskiftet. Mht. forhold etter rekneskapsåret som er av betydning for bedømming av selskapet visast til punktet under – fortsatt drift. Med omsyn til avsetningsforhold og prisutvikling, er det ikkje noko å bemerke utover det som går fram av årsrekneskapet. Det rekneskapsmessige underskot kr. 836 449 foreslåast anvendt slik: Overført til udekka tap: kr. 836 449 Fortsatt drift. Styret er klar over at selskapet sin eigenkapital er låg i og med at den er mindre enn halvparten av aksjekapitalen. Styret vurderer ulike tiltak for å sikre vidare drift – bl.a. sal av bygg og relieff. På bakgrunn av dette, meiner styret at føresetnadene for vidare drift er til stades, og årsrekneskapen for 2014 er sett opp under den føresetnaden. Forsknings- og utviklingsaktivitetar Selskapet har i 2014 utvikla og installert ei multimedia-framsyning tilpassa kvart bilete i Peer Gyntsamlinga. Multimediaframsyninga erstattar guiding i galleriet, og har lang levetid for PGG. Dette har vore ei stor satsing for galleriet som har fått støtte frå Innovasjon Norge. Vi er svært nøgde med resultatet, og tilbakemeldingane på multimediaframsyninga er utan unnatak svært gode. Arbeidsmiljø. I 2014 er det ikkje registrert sjukefråvere. Det er styret si oppfatning at arbeidsmiljøet og den generelle trivsel på arbeidsplassen er god. Det har ikkje vore skader eller ulykker i 2014. Ytre miljø. Bedrifta driv ikkje verksemd som etter styret si oppfatning forureinar det ytre miljø, og har følgjeleg ikkje sett i verk spesielle tiltak på dette området. Likestilling. Selskapets daglege leiar i 2014 er mann. Styret har bestått av seks personar , fire menn og to kvinner. Styret har ut frå vurdering av storleiken på bedrifta, tal på tilsette og stillingskategoriar ikkje funne det naudsynt å setje i verk spesielle tiltak med omsyn til likestilling. 2 Hellesylt, 18. juni 2015 I styret for Peer Gynt Galleriet AS fra 23.03.2015 Jan Sebjørnsen Storstein Fung. styreleder Lena Parr Styremedlem Arild Ringdal Styremedlem Monica Rødven Daglig leder 3 Randi Ansok Styremedlem
© Copyright 2024