KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT (2016-2019) Rådmannen sitt reviderte forslag | 20.11.2015 INNHALD 1. FØREORD_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 4 2. KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 6 2.1 Om planarbeidet og forankring i lovverket _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 6 2.2 Prosess _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 7 2.3 Føringar i kommuneplanens samfunnsdel, målsettingar mv. _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 7 2.4 Litt fakta _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 8 2.5 Kommunen sitt handlingsrom og budsjettramme _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 10 2.6 Einskilde sentrale inntektspostar og statsbudsjettet _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 13 2.6.1 Skatt på inntekt og formue _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 13 2.6.2 Statsbudsjettet og rammetilskot _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 13 2.6.3Eigedomsskatt _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 14 2.6.4 Sal av konsesjonskraft _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 15 2.6.5Konsesjonsavgifter _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 15 2.7Finanspostar_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 16 2.7.1 Sentrale finanspostar – inntekt _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 16 2.7.2 Sentrale finanspostar – utgift _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 16 2.8 Organiseringa i kommunen_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 18 2.8.1 Politisk styring _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 19 2.8.2Sentraladministrasjonen_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 21 2.8.2.1 Rådmannen – planområde 100 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 23 2.8.2.2 Økonomi og personal – planområde 130 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 24 2.8.2.3 Service og kultur – planområde 150 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 26 2.8.3 Oppvekst og levekår _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 28 2.8.3.1 Barnehage – planområde 210_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 29 2.8.3.2 Skule og integrering - planområde 220 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 31 2.8.3.3 Helsehuset – planområde 310_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 34 2.8.3.4 Pleie, rehabilitering og omsorg – planområde 340 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 36 2.8.3.5 NAV – planområde 390_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _38 2.8.4 Drift og utvikling _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 40 2.8.4.1 Utvikling – planområde 510 2.8.4.2 Drift og vedlikehald – planområde 540 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 42 2.8.4.3 Reinhald – planområde 550_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 43 3. BUDSJETT 2016_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 45 3.1 Oppsummering av budsjett og budsjettføresetnadar_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 45 3.2 Driftsramme for budsjettår 2016 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 46 3.3 Handlingsplan 2016 _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 48 3.4Prislista_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 50 3.5Likviditet_ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ _ 50 RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 3 1. FØREORD Åseral kommunestyre har ved siste rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel gjeve ei retning for lokal samfunnsutvikling med omsyn til å definere mål og strategiar. Det er rådmannen sin ambisjon å følgje opp desse så langt som mogleg ved handlingsretta tiltak, samt å innarbeide desse i økonomiplan og årsbudsjett. Dei økonomiske rammevilkåra, som vi må halde oss til dei næraste åra, gjev oss likevel utfordringar til omstilling utover ønskje om utvikling med grunnlag i kommuneplanen. Statsbudsjettet gjev ikkje noko vekststimulans for Åseral kommune, vi må også for 2016 halde oss til ei inntektsutvikling som ikkje tek høgde for vekst i våre kostnadar. Veksten i dei frie inntektene er på 1,2 %, medan kostnadane i snitt er berekna til å auke med 2,7 % (deflator) for kommunal sektor. Dette gjev eit utgangspunkt for økonomisk omstillingsbehov på om kring 1,7 mill. kr, løyst ved kostnadsreduksjonar og/eller inntektsaukingar. Dei særskilte inntekter frå eigedomsskatt, konsesjonskraft, skjønnsmidlar og finansinntekter blir redusert òg for dei næraste åra. Med dette bakteppet er det frå administrasjonen si side lagt til grunn behov for innsparingar utover dei krav som allereie er innarbeidd i noverande økonomiplanperiode. I 2017 skal netto kostnad reduserast ytterlegare med 2 mill. Utfordringane er tydelege, men bør vere handterbare så sant det ikkje blir gjort store endringar i inntektssystemet i disfavør for småkommunar og kraftkommunar. Dette kan vere seg i høve til skattesystem, grunnlag for rammeoverføringar eller noverande reglar for eigedomsskatt. Regjeringa har lagt opp til ein gjennomgang av det kommunale inntektssystemet, og i løpet av 2016 vil ein del av disse forholda avklarast. Dei økonomiske utfordringane er tydelege, men handterbare, innanfor dagens inntektsregime. 2016 vil syne om dei økonomiske utfordringane vert forsterka ytterlegare ved endra rammevilkår. Det vises stor vilje til å ta fatt på sentrale utviklingsoppdrag i dei ulike fageiningane, det vere seg innan skule, barnehage, helse, teknisk eller sentraladministrasjonen sine fagområde. Mykje har allereie starta opp - ikkje minst vises det til plan for kvalitetsutvikling på skulen og i barnehagen. Mål, strategiar og handlingstiltak er omtalt på dei ulike planområda, og desse syner vilje til omstilling samt krav til kvalitet i vår tenesteleveranse. Trass i økonomiske utfordringar i det korte tidsbildet er det grunnlag for å levere tenester i samsvar med lov og forskrift. Ordførar syner òg i sin tekst (planområde Politisk styring) til behovet for å prioritere arbeid med utviklarrolla. Administrasjon, fagpersonell og lokalpolitikarar har eit viktig oppdrag som samfunnsutviklarar. Kommuneplanen gjev oss i oppdrag å «knekke koden» for korleis me skal bli meir attraktiv for næringsverksemder, meir attraktiv for vitjande samt meir attraktiv som bustadkommune. Det skal investerast stort i planperioden innan kommunal og kraftbasert sektor. For kommunen sin del er dette i hovudsak i samband med prosjekt innan avløpssektor og bygningsmasse innan helsesektor. Kraftindustrien har allereie starta opp med store investeringar og fleire vil truleg følgje under føresetnad av konsesjon frå OED til «Åseralprosjektene». Desse prosjekta vil skape arbeidsplassar regionalt, og det er særs viktig for lokalt næringsliv å følgje denne prosessen tett, slik at det òg kan skapast arbeidsplassar lokalt. Kommuneplanens samfunnsdel vart vedteken i 2015, og kommunestyret blir invitert til å gjere vedtak på eit dokument som vonleg får fram tydelegare samanheng mellom kommuneplan og økonomiplan. Under dette ligg òg skifte av namn på dokumentet til «Kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og årsbudsjett». Kjell G. Olsen Rådmann RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 4 2. KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT 2.1 Om planarbeidet og forankring i lovverket Føresegnene om utarbeiding av økonomiplan finn ein i kommunelova § 44. Kommunestyret skal kvart år vedta ein økonomiplan som minst omfattar dei fire neste budsjettåra. Han skal gi eit realistisk oversyn over forventa inntekter/ utgifter og prioriterte oppgåver i planperioden. I plan- og bygningslova § 11-1 er det stilt krav om at kommunen skal ha ein samla kommuneplan som inneheld ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel. Handlingsdelen tek føre seg korleis planen skal følgjast opp dei neste fire åra og skal reviderast årleg. Kommuneplanens samfunnsdel 2015-2025 vart vedteken i kommunestyret 25.06.2015. Arealdelen vart vedteken i 2011. Av plan- og bygningslova § 11-1 går det fram at økonomiplanen etter kommunelova § 44 kan inngå i kommuneplanens handlingsdel. Frå 2016 vert det difor heitande «Kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett». På denne måten ønskjer ein å sikre ei tettare kopling mellom kommuneplan, økonomiplan og budsjett. Vidare ønskjer ein med dette å løfte opp kommuneplanens samfunnsdel til å bli eit tydelegare styringsverktøy enn det som har vore tilfelle tidlegare, der mål og strategiar i samfunnsdelen vert følgd opp med konkrete tiltak gjennom kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett. Denne endringa i kommunens plansystem er forankra i den kommunale planstrategien som vart vedteken av kommunestyret i 2012. Gjennom årsmelding og tertialrapportering (budsjettkontroll) vil ein framover sjå til korleis status er i høve til kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett, og om kommunen får gjennomført det den set seg føre gjennom vedtekne planar. Konkret skal kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett sikre: - Godt økonomisk oversyn – her samlar ein trådane og gjer prioriteringar - Langsiktigheit og kontinuitet - At kommunen har eit samordnande og strategisk dokument - Kommunestyret si bestilling til administrasjonen – avklaring av politiske prioriteringar og at administrasjonen konsentrerer sitt arbeid kring dette - Rammer for drift og prosjekt Som ein vil sjå har tiltaka som ligg inne i dokumentet ei kopling til kapittel/punkt i kommuneplanens samfunnsdel. Gjennom året vil ein likevel oppleve at det er tiltak som dukkar opp og som må handterast, til dømes som følgje av avvik, vedlikehaldstrong eller uventa tilhøve. Desse vil i mange høve ikkje ha nokon direkte kopling til kommuneplanens samfunnsdel. Prosjekt/driftstiltak som kjem opp gjennom året bør likevel vera unnataket. For ordens skuld vert det streka under at kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett skal reviderast årleg. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 6 2.2 Prosess Både rådmannen, kommunalsjefar og einingsleiarar har alle delteke i arbeidet med handlingsdelen. På denne måten vert det ei meir sams forståing av utfordringar på einingane, med siktemål at heile organisasjonen dreg i same retning uavhengig av kva sektor ein høyrer til. Det er kommunestyret som vedtek kommuneplanens handlingsdel med økonomiplan og budsjett etter innstilling frå formannskapet (kommunalutvalet). Rådmannen utarbeider eit framlegg for formannskapet (kommunalutvalet). Jamfør plan- og bygningslova § 11 - 4 skal forslaget gjerast offentleg kjent minst 30 dagar før kommunestyret si handsaming. 2.3 Føringar i kommuneplanens samfunnsdel, målsettingar mv. Gjennom kommuneplanens samfunnsdel har kommunestyret vedteke visjon, overordna målsetting og verdiar som ein skal arbeide etter. Det vert synt til kommuneplanens samfunnsdel kap. 1 og 2. Visjon: ÅSERAL – EI POSITIV KRAFT Visjonen speglar kommunen si rolle som kraftkommune og vertskap for fornybar energi. Vidare vår vilje og evne til i bidra der vi ser at det er naudsynt og klokt. Visjonen er òg eit uttrykk for korleis vi ønskjer å bli oppfatta blant innbyggjarar, turistar/hytteeigarar, næringsdrivande og andre. Overordna målsetting: ALLE I ÅSERAL SKAL OPPLEVE GOD LIVSKVALITET OG VERE GODT RUSTA TIL Å MØTE FRAMTIDA Våre verdiar er: -Særprega -Venleg -Aktiv -Romsleg Som nemnd vart kommuneplanens samfunnsdel vedteken 25.06.2015. Den er konsentrert om mål og strategiar innan følgjande område: - Åseral – attraktiv for næringsverksemd - Åseral – attraktiv for vitjande - Åseral – attraktiv som bustadkommune -Folkehelse -Likestilling - Energi og klima - Samfunnstryggleik og beredskap RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 7 2.4 Litt fakta Utviklinga i innbyggjartalet Figuren under syner utviklinga i innbyggjartalet frå 2000 – 2014, med 923 innbyggjarar per 01.01.2015. 950 900 850 800 750 700 650 antall 600 550 500 450 Åseral, alle aldre 400 350 300 250 200 150 100 50 14 20 20 13 12 20 11 20 10 20 09 20 20 08 0 År Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB) | Folkehelseinstituttet Befolkningssamansetning Tal innbyggjarar må sjåast i nær samanheng med alders- og kjønnssamansetning. Figuren under syner folkemengd etter kjønn og aldersgruppe i 2014. 250 225 200 175 125 menn 100 kvinner 75 50 25 + år 80 år 9 -7 75 år 4 -7 65 45 -6 4 år år 4 -4 25 år 4 -2 15 14 år 0 0- antall 150 Alder Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB) | Folkehelseinstituttet RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 8 Framskriving av innbyggjartalet fordelt på aldersgrupper For å vurdere framtidig tenestetilbod, er det nyttig å sjå på korleis alderssamansettinga vil utvikle seg. Figuren under syner mellom anna at mot slutten av 2020-talet vil ein få auka tal eldre. 275 250 225 200 antall 175 Åseral, 0-14 år Åseral, 15-24 år 150 Åseral, 25-44 år 125 Åseral, 45-64 år Åseral, 65-74 år 100 Åseral, 75-79 år 75 Åseral, 80 år+ 50 25 40 20 30 20 20 20 25 20 0 Årstall Kilde: Statistisk sentralbyrå (SSB) | Folkehelseinstituttet Tal fødde 1999 – 2014 Figuren under syner tal fødde i perioden 1999 - 2014. Figuren illustrerer godt svinginga i årskulla med dei utfordringane dette kan gi i høve til bemanning1999 i barnehage og2001skule. 2002 2000 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 1026 Åseral Antall fødte i løpet av året 17 9 23 7 14 14 8 10 7 10 10 11 23 17 15 14 14 11 10 10 11 10 9 9 8 7 7 5 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 1026Åseral 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Antallfødteiløpetav året RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 2010 9 2.5. Kommunen sitt handlingsrom og budsjettramme Åseral kommune har hatt ein rimeleg god økonomi. Vi ser nå at det blir betydeleg strammare framover. Inntektene våre følgjer ikkje løns- og prisveksten, og på einskilde tenesteområde har vi fått overskridingar og svært høge utgifter. Inntektsanslaget for 2016 og dei neste 3 åra er lågare enn det vi såg føre oss for eit år sidan. Vi står også framfor betydelege utfordringar knytt til store investeringar, noko som igjen vil føre til betydeleg større rente- og avdrags-utgifter. Vi har ikkje funne rom for å bruke midlar frå drifta til å finansiere investeringar i perioden. Kommunen har arbeidd med at driftsinntektene skulle vere så store at dei kunne dekke kommunen sine driftsutgifter. Dvs. at vi har eit positivt brutto driftsresultat før avskrivingar for slit og elde. Vi er ikkje der. Vi må arbeide vidare med å klare eit positivt brutto driftsresultat. Fylkesmannen er tydeleg på at over tid så skal ikkje brutto driftsresultat vere negativt. Det indikerer at kommunen brukar meir pengar enn det ein har av sikre inntekter. Det inneber òg at kommunen ikkje har det økonomiske handlingsrommet ein treng for å kunne jobbe med fornying og utvikling. I driftsrammene for 2016 er det føreteke reduksjonar av utgiftsnivået på tenester, til dels store på einskilde einingsområde. Endra kostnadsbilete eller inntektssituasjon for nokre fagområde gjer at vi må styrke ramma noko. Økonomiplanen viser for 2017 ytterlegare krav til innsparingar på 2 mill. Så langt er den reduserte ramma kun fordelt prosentvis etter netto ramme på planområda. Åseral kommune har jamt over hatt store finansinntekter og ein del mindre finansutgifter. Difor har vi gjennom fleire år hatt eit relativt stort og godt netto driftsresultat, med unntak av åra 2008 og 2011 kor det var store svingingar i finansmarknaden. Men vi ser nå verknaden av store investeringar med lån som finansieringskjelde. Mange store og flotte investeringar, men baksida av dette er at vi har fått ei høg lånegjeld med store rente- og avdragsutgifter. Vi har også brukt mykje av tidlegare oppsparte fond til desse investeringane. Dette gir utfordringar for kommunen når ein skal gjere nye investeringar. I rådmannen sitt framlegg til investeringar i økonomiplanperioden er det to store prosjekt som må lånefinansierast og som vil medføre betydelege rente- og avdragsutgifter. Verknaden ser ein i hovudsak frå år 2017 og frametter. I framlegg til økonomiplan har vi redusert budsjettert inntekt av utbytte frå Agder Energi frå det vi budsjetterte med for 2015, frå 7 mill. til 5,7 mill. i 2016 og deretter 5,25 mill dei påfølgande åra. Anslaget for utbytte er usikkert frå og med år 2017. På sikt er det ønskjeleg at vi kan gjere drifta heilt uavhengig av utbytte frå dette selskapet og av inntekter av kapital plassert i finansmarknaden. Ein vil då kunne nytte desse midla til tidsavgrensa driftstiltak og gode investeringsføremål. Auka finansutgifter, særskilt frå åra 2018 og 2019, vil gje utslag i svakare netto driftsresultat viss ein ikkje får ein betre balanse mellom driftsinntekter og utgifter. Vi må i dag oppsummere med at vi framleis har for høgt driftsnivå og ikkje kan betale drifta vår utan betydelege finansinntekter. For at vi skal kunne gå inn i framtida med ein sunn økonomisk basis, er det avgjerande å arbeide vidare med dette, sjølv om det kan medføre upopulære tiltak. Det er viktig at administrasjonen og kommunestyret har felles forståing av den økonomiske situasjonen og tek nødvendige grep for å betre på dette. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 10 Økonomiplan drift 2016 – 2019 Økonomiplanen for 2016 - 2019 er gjort opp i balanse, totalt sett og for kvart år i planperioden. For budsjettåra 2016 og 2017 har vi nokre midlar til overs, og dei blir avsett til eit disposisjonsfond. Desse midla må brukast i 2018 og 2019 for å saldere drifta. Dei grepa og føresetnadane som ligg til grunn for dette er omtalt under kapittel 3 – budsjett 2016. Dei større inntektspostane i budsjettet blir gått gjennom under eige kapittel. Økonomiplan drift (Beløp i 2016-kroner) Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett 2016 2017 2018 2019 Skatt på inntekt og formue -19 329 000 -19 509 000 -19 678 000 -19 856 000 Ordinært rammetilskot -34 271 000 -34 345 000 -34 507 000 -34 669 000 Skatt på eigedom -24 415 000 -24 415 000 -25 840 000 -26 140 000 Naturressursskatt -13 850 000 -13 850 000 -13 850 000 -13 850 000 Konsesjonsavgifter -6 100 000 -6 100 000 -6 100 000 -6 100 000 Andre generelle statstilskot -1 650 000 -981 000 -945 000 -945 000 Konsesjonskraft -3 165 000 -2 250 000 -2 000 000 -1 750 000 -102 780 000 -101 450 000 -102 920 000 -103 310 000 Renteinntekter og utbytte -12 220 000 -12 020 000 -12 275 000 -12 525 000 Renteutg., provisjonar og andre fin.utg. 2 306 000 5 018 000 -4 896 000 2 687 000 5 360 000 -3 973 000 3 787 000 6 696 000 -1 792 000 3 684 000 7 866 000 -975 000 2 675 000 6 100 000 0 -766 000 -3 200 000 3 841 000 6 100 000 0 -250 000 -3 000 000 3 330 000 6 100 000 0 -250 000 -3 000 000 3 343 000 6 100 000 0 - 250 000 -3 000 000 Netto avsetningar 4 809 000 6 691 000 6 180 000 6 193 000 Overført til investeringsbudsjettet 2 220 000 1 850 000 1 850 000 1 850 000 -100 647 000 -96 882 000 -96 682 000 -96 242 000 99 027 000 96 632 000 96 432 000 95 992 000 1 620 000 0 250 000 0 250 000 0 250 000 0 Sum frie disponible inntekter Avdrag på lån Netto finansinnt./-utg. Til dekn. av tidl. reknesk.m. meirforbruk Til ubundne avsetningar Til bundne avsetningar Bruk av tidl. reknesk.m. mindreforbruk Bruk av ubundne avsetningar Bruk av bundne avsetningar Til fordeling drift Sum fordelt til drift (til planområda) Tiltak over driftsbudsjettet Meir-/mindreforbruk RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 11 Økonomiplan investering 2016 – 2019 Budsjett for investeringar 2016 – 2019 er gjort opp i balanse for kvart år i planperioden. Det er budsjettert med opptak av noko lån vedkomande investering i VA Bortelid i 2016. Prosjektet er kostnadsrekna til 9 mill, Dette blei finansiert ved eksternt opptak av lån på 6,78 mill. og ved overføring av 2,22 mill. frå driftsrekneskapen i 2016 (tilkoplingsavgifter frå prosjektet) Deretter skjer det ei planlagt ekstra nedbetaling med kr. 1,85 mill per år i økonomiplanperioden (ekstra tilkoplingsavgifter i samanheng med investering VA Bortelid). I 2017 og 2018 er det budsjettert med eit betydeleg opptak av lån knytt til investeringar i reinseanlegg Ljosland og institusjonsprosjekt (omsorgsbygg). Til institusjonsprosjektet vil vi få betydelege tilskot frå staten. Vi brukar også det beløpet vi avsette på fond for år 2013 som finansiering til dette prosjektet. Tabellen syner samla investeringsutgifter og korleis dette blir finansiert. Dei einskilde prosjekta blir nærare omtala under planområda sine kommentarar. Budsjettskjema 2A - investering Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett 2016 2017 2018 2019 9 625 000 45 000 000 36 750 000 0 Utlån og forskoteringar 500 000 500 000 500 000 500 000 Avdrag på lån 490 000 2 355 000 2 400 000 2 445 000 0 0 0 0 10 615 000 47 855 000 39 650 000 2 945 000 7 280 000 30 500 000 26 500 000 500 000 Inntekter frå sal av anleggsmidlar 0 0 0 0 Tilskot til investeringar 0 0 7 000 000 0 490 000 505 000 550 000 595 000 0 0 0 0 125 000 5 000 000 3 750 000 0 0 0 0 0 Sum ekstern finansiering 7 895 000 36 005 000 37 800 000 1 095 000 Overført frå driftsrekneskapen 2 220 000 1 850 000 1 850 000 1 850 000 500 000 10 000 000 0 0 Bruk av ubundne investeringsfond 0 0 0 0 Bruk av bundne fond 0 0 0 0 Sum finansiering 10 615 000 47 855 000 39 650 000 2 945 000 Udekt/udisponert 0 0 0 0 (Beløp i 2016-kroner) Investeringar i anleggsmidlar Avsetningar Årets finansieringsbehov Finansiert slik: Bruk av lånemidlar Motteke avdrag på lån og refusjonar Renteinntekter og utbytte Mva.-kompensasjon Andre inntekter Bruk av disposisjonsfond RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 12 2.6 Einskilde sentrale inntektspostar og statsbudsjettet 2.6.1 Skatt på inntekt og formue Åseral kommune har framleis skatteinntekter som er godt over landsgjennomsnittet. I tillegg til skatt frå inntekt og formuesskatt har kommunen naturressursskatt. Budsjettet for skatteinntektene er eit anslag ut frå skatteinngangen i 2014 og 2015. Vi har lagt til grunn at det kommunale skatteøret, i forslag til statsbudsjett, er endra frå 11,35 til 11,8. Denne endringa er saman med prognose for folketalsutvikling på landsplan berekna å gje ein auke i skatteinntektene i 2016 på 7,4 %. Åseral kommune har dei siste åra fått betydeleg lågare skattevekst frå inntekt og formue enn snittet på landsplan. Noko skuldast at folketalet ikkje veks i same takt som elles i landet, men det meste er at innbetalinga av skatt frå inntekt og formue ikkje har auka i same grad som for andre kommunar. Budsjettet for skatt på inntekt og formue er eit anslag ut i frå årets skatteinngang med tillegg for 7 % vekst i 2016. For perioden 2017 – 2019 er det lagt inn ein liten vekst i skatteinntektene tilsvarande 0,5 %. Det er budsjettert med 13,85 mill. i naturressursskatt i heile planperioden. Det er same beløp som ein skal få inn i 2015. Naturressurskatten blir berekna med 1,1 øre/kWh til kommunen av gjennomsnittleg kraftproduksjon dei siste sju åra. Beløpet på 1,1 øre/kWh har stått stille sidan denne skatten blei innført. Det betyr for Åseral kommune at denne inntekta blir mindre verd når ein tek med prisendringane som skjer. Det er ikkje tatt inn konsekvensane av utbyggingar i Skjerkavassdraget som nå er starta eller for konsesjonssøknaden frå Agder Energi vedkomande Åseralsprosjekta. For planperioden har vi budsjettert med følgjande inntekt på skatt og formue: År 2016 2017 2018 2019 Skatt på inntekt og formue -19 329 -19 509 -19 678 -19 856 Naturressursskatt -13 850 -13 850 -13 850 -13 850 2.6.2 Statsbudsjettet og rammetilskot Rammetilskotet blir tildelt kommunane etter mange kriterium. Folketalet og alderssamansetning er dei viktigaste kriteria. I tillegg kjem mange former for utgiftsutjamning. Kostnadsindeksen for Åseral er for 2016 auka litt samanlikna med 2015, dvs. at vi er blitt noko dyrare å drive. Det skal medføre at rammeoverføringa frå staten i kronebeløp vil bli noko høgare enn det vi får overført i 2015. Retningslinene for tildeling av skjønn er endra frå 2015. Ei rekke særskilte tema som tidlegare har fått eigen omtale i retningslinene er nå teken ut, m.a. kompensasjon for auka sats på differensiert arbeidsgjevaravgift. Dette inneber ikkje at fylkesmannen ikkje lenger kan gi skjønnsmidlar til desse formåla, men at desse formåla ikkje nødvendigvis skal gje fortrinn framfor andre lokale utgiftsdrivande forhold som ikkje blir fanga opp i inntektssystemet eller gjennom andre faste tilskot. Det er departementet sitt ønskje at fylkesmannen skal tilpasse skjønnstildelinga etter lokale tilhøve og etter behov som måtte oppstå i løpet av budsjettåret. Det blir difor presisert at fylkesmennene også skal sette av skjønnsmidlar til hendingar ein ikkje kan føresjå. I tillegg har skjønnspotten blitt noko redusert. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 13 Vi har etter endring av sone for arbeidsgjevaravgift, som blei gjennomført for nokre år sidan, fått kompensert som skjønnsmidlar det vi tapte på å gå frå sone 2 til sone 1A. Tildelinga av skjønnsmidlar, som vi får via rammetilskotet og etter Fylkesmannen si innstilling, er redusert frå 1,6 mill. i år 2014, 0,8 mill. for 2015 til kr. 0 for år 2016. Dette er ei årsak til at kommunen får ei dårleg utvikling i rammetilskotet. Vi ser at vi har ei dårlegare utvikling av rammeoverføringane frå staten enn våre nabokommunar. Ved tildeling av rammetilskot blir det også føreteke ei inntektsutjamning. For Åseral kommune, som har skatteinntekter over landsgjennomsnittet, blir det eit trekk i overføringane. Trekket som kommunen får er på 60 % av inntektene som er over landsgjennomsnittet. Ut frå prognosar for skatteinntektene vil det utgjera 4,77 mill. i 2016. Inntektsutjamninga medverkar til at det er vanskeleg å gje ein god prognose for rammetilskotet. Regjeringa legg opp til ein gjennomgang av inntektssystemet for kommunane. Ut frå signal vil vi tidleg i 2016 få kjennskap til kva desse endringane vil bli. Gjennomgangen vil bli sett i samanheng med kommunereforma. - Det vil bli gitt ei vurdering av smådriftsulemper, om dette er ein ufrivillig kostnad for kommunane eller om kommunestorleik kan bli sett på som ein frivillig kostnad for kommunane. - Utforming og omfang av regionalpolitiske tilskot vil bli vurdert (Nord-Norge- og Namdalstilskot, småkommunetilskot, distriktstilskot Sør-Norge og storbytilskot). - Regjeringa ønskjer at kommunen skal behalde meir av skatteinntektene enn i dag. Det betyr at skatteelementa i inntektssystemet og systemet for inntektsutjamning blir vurdert. I kommuneproposisjonen for 2016 blei det lagt fram ein modell i forhold til å tilbakeføre selskapsskatten til kommunane. For Åseral kommune vil ein slik modell medføre tapte inntekter. Denne endringa får først verknad for budsjettåret 2017. For budsjettet 2016 og økonomiplanen har vi lagt til grunn forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram den 7. oktober. For planperioden har vi budsjettert med ein liten realvekst i tilskotet og vi får følgjande rammetilskot i økonomiplanperioden: År Rammetilskot 2016 2017 2018 2019 - 34 271 - 34 345 - 34 507 - 34 669 2.6.3Eigedomsskatt Eigedomsskatt er ei viktig inntektskjelde til kommunen. Det gode med denne inntekta er at ho ikkje blir samordna med overføringane frå staten (rammetilskotet). Vi beheld eigedomsskatten utan å bli trekt andre stader. Hovudkjelda til eigedomsskatt er kraftanlegga til Agder Energi. Vi skriv ut eigedomsskatt på verk og bruk og har maksimumssats på 7 promille (7/1000) av verdien på eigedommane. Kommunen har nå fått grunnlaget for utskrivinga av eigedomsskatt for kraftverka for 2016 (brev frå Sentralskattekontoret datert 14. oktober 2015). Alle anlegg i Åseral eigd av Agder Energi, bortsett frå Håvorstad kraftverk, hadde ein formuetakst over maksimumstaket for inntektsåret 2015. For år 2016 er det skjedd store endringar. Nå er det bare Smeland kraftverk som ligg over maksimumstaket av dei seks kraftverka Åseral får skatt frå. Dette medfører at grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt for kraftverka er redusert, og kommunen får her 220 000 mindre i eigedomsskatt i 2016 samanlikna med 2015. For andre skatteytarar legg vi til grunn for budsjettet 2016 same verdi som utskriven eigedomsskatt for år 2015. Regjeringa har sendt ut forslag til endringar i eigedomsskatten for verk og bruk. Det er frå kommunane ein massiv motstand mot denne endringa. Og signal frå regjeringa sine støtteparti er at dei er imot ei slik endring. Vi har i forslag til inntekt av eigedomskatt ikkje teke høgde for at eigedomsskattelova blir endra. Skulle regjeringa sitt forslag til endringar få fleirtal, vil det medføre ein reduksjon i denne inntekta på 1,6 mill. for Åseral. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 14 Det er i økonomiplanen for 2018 og 2019 budsjettert med auke i eigedomsskatten i forbindelse med utbygging av trafostasjonen på Honna. Skatt av denne utbygginga er også avhengig av at forslaget til endringar i eigedomsskatt for verk og bruk ikkje blir vedteken. Det er for skatt på eigedomar ikkje teken inn konsekvensane av utbyggingar i Skjerkavassdraget som nå er starta eller for konsesjonssøknaden frå Agder Energi om Åseralsprosjekta. Det er ikkje lagt opp til å innføre generell eigedomsskatt i planperioden. Vi ser i dag for oss følgjande inntekter frå eigedomsskatt i perioden 2016 - 2019: År Eigedomsskatt 2016 2017 2018 2019 - 24 415 - 24 415 - 25 840 - 26 140 2.6.4 Sal av konsesjonskraft Kommunen får konsesjonskraft frå utbyggingane i vassdraga våre. Frå år 2015 blir krafta forvalta av Konsesjonskraft IKS, som kommunen gjekk inn som medeigar av i 2014. Inntekta frå sal av konsesjonskraft til kommunen blir som kjent avgrensa av straumforbruket innanfor kommunen sine grenser. Åseral er tildelt mykje meir konsesjonskraft enn straumforbruket. I samband med at Åseral, saman med fylkeskommunen og alle kommunar i Vest-Agder som har konsesjonskraft, blei medeigar i Konsesjonskraft IKS, blei det avtala at Åseral skulle ha 5 % av overskotskrafta som i dag går til fylkeskommunen. Vi opplever for tida låge salsprisar for straum, men produksjonskostprisen som vi betalar Agder Energi for krafta aukar. Ut frå desse forholda blir inntekta frå sal av konsesjonskraft i 2016 lågare enn det vi budsjetterte med for 2015. Vi har for budsjettåret 2016 lagt til grunn føringar frå Konsesjonskraft IKS for denne inntekta. I planperioden 2016 - 2019 har vi budsjettert med følgjande inntekter frå sal av konsesjonskraft: År Konsesjonskraft 2016 2017 2018 2019 - 3 165 - 2 250 - 2 000 - 1 750 2.6.5Konsesjonsavgifter Kommunen får konsesjonsavgifter, og inntekta er berekna til 6,1 mill. Vi budsjetterer med same inntekt i heile planperioden. Bruken av konsesjonsavgifter er regulert i forskrifter. Det er ikkje teken inn konsekvensane av utbyggingar i Skjerkavassdraget eller for Åseralsprosjekta. Budsjettet for planperioden 2016 - 2019 for konsesjonsavgifter er følgjande: År Konsesjonsavgifter 2016 2017 2018 2019 - 6 100 - 6 100 - 6 100 - 6 100 RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 15 2.7Finanspostar 2.7.1 Sentrale finanspostar – inntekt Avkastninga av kommunen sin plasserte kapital er vanskeleg å budsjettere, spesielt med dei svingingane vi har sett dei siste åra. Vi vel å budsjettere med ei avkastning på 4 % for åra 2016 - 2019. Finansinntekta bygger på eit berekna beløp på 133,7 mill. per 31.12.2015. 2 % av avkastninga blir sett på fond slik at kapitalen ikkje vert svekka i åra framover i forhold til prisutviklinga i samfunnet, jf. kommunen sitt finansreglement pkt. 4.3.1. Utbytte frå Agder Energi har vi budsjettert med kr 5,7 mill. i 2016 og deretter med kr 5,25 mill. i dei påfølgande åra. Dette anslaget er lågare enn utbetalt utbytte dei siste åra. Vi trur at den vanskelege marknaden for straum vil medføre at Agder Energi sine overskot og grunnlag for utbytte blir lågare i åra framover. Skulle kommunen få inntekter utover budsjettet, ser ein for seg å nytte dei til eigenkapital ved investeringar eller avsette til fond for framtidige investeringar. Renter på driftskonti i bank og formidlingslån er anslått til 1,17 mill. for 2016. Renteinntektene aukar i perioden då vi har lagt til grunn at renter på innskot vil gå noko opp i planperioden. Finansinntekter 2016 2017 2018 2019 Finansavkastning - 5 350 000 - 5 455 000 - 5 565 000 - 5 675 000 Utbytte Agder Energi - 5 700 000 - 5 250 000 - 5 250 000 - 5 250 000 Renter driftskonto/utlån - 1 170 000 - 1 315 000 - 1 460 000 - 1 600 000 - 12 220 000 - 12 020 00 - 12 275 000 - 12 525 000 Sum finansinntekter 2.7.2 Sentrale finanspostar – utgift Kommunen har dei seinare åra finansiert fleire store investeringsprosjekt med langsiktige lån. Vi har gått frå å vere ein kommune med lite lån til å vere ein kommune med mest lån per innbyggjar i Vest-Agder. I planperioden blir det føreslått å ta opp lån på omlag 65 mill. Det skal dekke finansieringskostnaden til VA-anlegg på Bortelid i 2016 på 6,78 mill. til reinseanlegg Ljosland på 38 mill. i 2017/2018, til rehabilitering/nybygg sjukeheimen med kr. 18 mill. i 2017/2018 og til startlån på 0,5 mill. per år i perioden. Renter og avdrag på lån for reinseanlegget blir føreslått delvis finansiert med å auke gebyrinntektene. Det blir difor budsjettert med ein auke i gebyr for vatn og avløp utover løns- og prisvekst for alle åra i økonomplanperioden. Vi vil sjå av tabell over finansutgifter at utgifter til renter og avdrag aukar betydeleg i planperioden. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 16 Det er lagt til grunn eit rentenivå på 2,25 % i 2016, som vil auke til 3,25 % i slutten av planperioden. Det er budsjettert med eit rentenivå som er noko høgare enn det vår største långjevar, Kommunalbanken, legg til grunn. Vi har sett avdragstid til 20-30 år for alle nye lån i planperioden. Avdragstida er sett til berekna levetid for investeringsprosjekta. Vi har inngått avtalar om fast rente for ca. 45 % av låneporteføljen. Avtalt rente for to lån fram til 2023 er på 3,67 % og for eit lån teken opp i januar 2015 på 1,59 % fram til 2020. Kommunen har budsjettert følgjande utgifter til renter og avdrag i perioden 2016 - 2019: Finansutgifter 2016 2017 2018 2019 Avdragsutgifter 5 018 000 5 360 000 6 696 000 7 866 000 Renteutgifter 2 306 000 2 687 000 3 787 000 3 684 000 Kommunen driv med vidareformidling av startlån for Husbanken. Dette er lån som skal gjevast til unge førstegangsetablerarar som har problem med å kome seg inn på bustadmarknaden. Kommunen vil ta opp startlån på kr 500 000 kvart år i planperioden. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 17 2.8 Organiseringa i kommunen Nedanfor fylgjer ein gjennomgang av dei einskilde planområda som syner driftsrammer, målsettingar for planperioden og spesielle tiltak i planperioden. Administrativ struktur Kommunestyret vedtok 9. september 2011 ny administrativ struktur. Vedtaket innebar at administrasjonen vart omorganiserst i 2 etappar, fyrste gong med verknad frå 01.01.2012. Andre etappe med verknad frå 01.01.2015 eller om mogeleg tidlegare. Strukturen vart teken opp til evaluering i 2013, og det vart gjort nokre endringar av planen frå 2011. Den nye organiseringa vart gradvis innført. 1. januar 2015 var alle endringar iverksett. I dag ser organisasjonen slik ut: Rådmann Sentraladministrasjon Økonomi og personal Einingsleiar Service, reiseliv og kultur Einingsleiar Stab (Folkehelsekoordinator, kommuneoverlege, organisasjon) Avdeling for drift og utvikling Kommunalsjef Avdeling for oppvekst og levekår Kommunalsjef Utvikling Einingsleiar Barnehage Einingsleiar Drift og vedlikehald Einingsleiar Skule og integrering Einingsleiar Reinhald Einingsleiar Helsehuset Einingsleiar Pleie, rehabilitering og omsorg Einingsleiar NAV Åseral Einingsleiar RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 18 2.8.1 Politisk styring Rammeområdet politisk styring består av planområde 190. Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Politisk styring Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 3 694 Komp. lønsauke for år 2015 2018 Utgift Inntekt 3 479 2019 Utgift Inntekt 3 509 Utgift 3 409 25 Reuksjon 2017 -70 Komp. lønsauke - overheng 2016 Kompensasjon prisvekst 50 Opplæring 10 Reduksjonar driftsramme: Kommuneval 2015 -110 Ny politisk organisering og endra godtgjersle – reduksjon av utval -190 110 Stortingsval 2017 Korrigert brutto Netto ramme drift 100 0 3 479 3 479 0 3 509 3 509 -100 0 3 409 3 409 0 3 519 3 519 Ordførar si tilråding for mål i perioden - Følgje opp ny politisk utvalsorganisering. Ordførar vil prioritere å følgje opp dei nye leiarane i utvala med regelmessige møte. - Politikaropplæring gjennom Folkevaltprogrammet til KS startar i haust, men det vil bli oppfølging med aktuelle tema i 2016 (minst ei dagsamling). - Ny politisk organisering gjer det òg aktuelt å ta ein gjennomgang av delegasjonsreglementet. Mal for samhandling mellom administrasjon og politisk side skal utarbeidast. Arbeidet med dette temaet startar i folkevaltprogrammet til KS. - Kraftprosjekt samt inntekter frå kraftproduksjonen er avgjerande for Åseral kommune. Oppfølging av desse prosjekta vil ha høg prioritet i 2016. Ordførar vil òg ta ansvar for at leiar i takstnemnd for eigedomsskatt får ekstra opplæring. Åseral kommune brukar aktuelle tilbod frå LVK her. Kommunestyret skal minst ein gong i kvartalet få oppdatert informasjon om aktuelle saker innan kraftprosjekt og økonomi/skattespørsmål i sam- band med kraftproduksjon. - Ekstra fokus på næringsprosjekt som kan vekse fram i åra med store kraftutbyggingsprosjekt. - Gjennomføre etablering av Barne- og ungdomsråd. - Auka fokus på arbeidet med integrering og tverrfagleg samarbeid. - Avslutte arbeidet med kommunereforma slik at Åseral kommune sender brev til Fylkesmannen i god tid før fristen 1. juli 2016. - Starte arbeidet med auka fokus på utviklarrolla. Vi skal vere gode på drift for å utnytte pengane godt. For å sikre ei positiv utvikling for Åseral som eigen kommune i framtida, må utviklarrolla få auka merksemd og høg prioritet. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 19 KOSTRA-tal: Brutto driftsutgifter politisk styring, funksjon 100, kr per innbyggjar 2014 2013 2012 2011 2010 Åseral kommune 3 369 3 490 3 661 3 800 3 366 Audnedal kommune 1 225 1 102 1 100 1 255 1 129 Marnardal kommune 963 844 1 030 946 744 Bykle kommune 2198 Sirdal kommune 1793 Kommunegruppe 06 1 311 1 497 1 359 1 428 1154 338 410 371 415 339 Vest-Agder Åseral har gjennom ein del år no hatt høge utgifter til politisk styring. Sjølv om ein justerer for folketalet så er tala høgare per innbyggjar enn dei aller fleste andre kommunar. Brutto driftsutgifter kontroll og revisjon, funksjon 110, kr per innbyggjar 2014 2013 2012 2011 2010 Åseral kommune 430 599 618 577 601 Audnedal kommune 244 310 278 214 111 Marnardal kommune 250 222 188 266 300 Bykle kommune 794 Sirdal kommune 340 Kommunegruppe 06 345 344 323 385 288 Vest-Agder 108 91 107 113 94 Utgifter til revisjon er det som i hovudsak trekker opp her. Vi betalar høvesvis mykje for forvaltningsrevisjon (kr. 100 000 per kommune i revisjonssamarbeidet) og har mange spelemiddelprosjekt og andre prosjekt som skal godkjennast av revisjonen. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 20 2.8.2Sentraladministrasjonen Rammeområdet Sentraladministrasjonen består av einingane Rådmannen, Økonomi og personal og Service og kultur. Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Sentraladministrasjonen Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 21 889 Komp. lønsauke for år 2015 2018 Utgift Inntekt 22 815 Utgift 2019 Inntekt 22 359 Utgift 22 359 120 Komp. lønsauke – overheng 2016 61 Kompensasjon prisvekst 142 Red. 2017 -456 Kommuneoverlege (20 %) Overføring soknerådet (auke med 2,9 %) Auka inntekter utleigebustadar Ny, sentral føring 3 lærlingheimlar Kompetanseheving 234 33 -50 525 20 DDV – auke ut over prisvekst 150 Musikkskulen, jf. KOS 15/28 50 Reduksjonar driftsramme: Generell reduksjon -40 Garantiungdom -150 Seniortiltak -120 Ny, sentral føring lærlingheimel Korrigert brutto Netto ramme drift -50 -50 22 865 22 815 0 22 359 22 359 0 22 359 22 359 0 22 359 22 359 Sentraladministrasjonen må ta sin del av kostnadskutta for at kommunen kan levere eit forslag til årsbudsjett for 2016 i berekraftig balanse. - Generell reduksjon knytt til planområda 100, 130 og 150 - Definere særskilte reduksjonar knytt til rammeområdet, m.a. reduksjon og endring i sommarjobbgaranti for ungdom og redusere tal ekstra fridagar for seniorar (lokalt reglement) Det blir noko auke i utgifter knytt til ny IKT-organisering. Nye DDV starta si drift 01.01.2015. Kyrkja blir styrkt 2,9 % når det gjeld ordinær driftsramme. Samstundes er det ein auke til ekstra vedlikehald med kr. 75 000 som driftstiltak gjeldande berre for 2016. Styrkinga tek utgangspunkt i deira forslag til vedlikehald, men desse tiltaka er ikkje fullfinansiert med denne auken, jf. skriv frå kyrkjeverje. Garantiungdom Dei seinare åra har ungdom som skal byrje i 1. og 2. klasse på vidaregåande skule hatt garanti på to veker med sommarjobb i kommunen om dei søkjer innan søknadsfristen. Ved å endre garantiordninga til berre å gjelde elevane som skal byrje i 1. klasse på vidaregåande skule, samstundes som desse får tre veker med arbeid, kan ordninga organiserast på ein betre og meir føremålstenleg måte. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 21 Lærlingar Budsjettering for utgifter til lærlingar vert flytta til ansvar 130. Ved å samle dette, og å systematisere heile lærlingordninga, meiner vi å kunne gje eit betre tilbod til ungdom som søkjer lærlingplass. Vi vil òg auke tal lærlingplassar til minimum tre i året ved å flytte kostnadar frå dei ulike einingsområda og m.a. redusere utgiftene ved seniortiltak. Dette gjer vi ved å redusere talet på ekstra fridagar for dei over 64 år frå 10 dagar til 5 dagar. Dei som er over 63 år vil ha 5 fridagar ekstra, jf. plan for seniortiltak. Mål for perioden Med bakgrunn i fokusområde og målsetjingar i kommuneplanen har ein sett opp desse måla for planperioden: - Ta på oss vertskommuneoppgåver for regionale samarbeid, særleg innanfor IKT, tekniske tenester og næring - Integrere systembasert internkontroll i organisasjonen - Tilpasse organisasjonen i tråd med administrativ struktur vedteken av kommunestyret og hente ut effekt av dette i tråd med ambisjonane i vedtaket - Kunnskapsbasert og samordna tilnærming i folkehelsearbeidet Vurdering av måloppnåing skjer i årsmeldinga. KOSTRA-tal Brutto driftsutgift til adm. og styring, funksjon 120, kr per innbyggjar 2014 2013 2012 2011 2010 15 881 15 108 15 092 14 745 14 602 Audnedal kommune 5 370 4 936 4 856 5 201 7 137 Marnardal kommune 5 608 5 026 5 890 6 406 5 339 Åseral kommune Bykle kommune 15 433 Sirdal kommune 12 611 Kommunegruppe 06 9 361 8 763 8 550 8 022 7 595 Vest-Agder 3 902 3 240 3 435 3 659 3 183 Brutto driftsutgifter er framleis høge i nasjonal samanlikning. Planområdet sine kommentarar til handlingsprogrammet Kjøp av spesialistkompetanse mv: Ekstra økonomisk ramme for 2016 til kjøp av særskilt spesialistkompetanse og fagleg bistand i samband med utarbeiding av plan for drift og organisering av den framtidige pleie- og omsorgstenesta og midlar til utvikling av internkontrollen – jf. mellom anna punkt 4.4.2 og 5.1.2 i kommuneplanens samfunnsdel. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 22 2.8.2.1 Rådmannen – planområde 100 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Rådmannen Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 6 286 Komp. lønsauke for år 2015 6 Komp. lønsauke – overheng 2016 4 Kompensasjon prisvekst 2018 Utgift Inntekt 6 419 2019 Utgift Inntekt 6 291 Utgift 6 291 26 Red 2017 -128 Kommuneoverlege (20 %) Overføring soknerådet (auke med 2,9 %) 234 33 Reduksjon i driftsramme: Generell reduksjon -20 Garantiungdom Korrigert brutto Netto ramme drift -150 0 6 419 0 6 419 6 291 6 291 0 6 291 6 291 0 6 291 6 291 I samband med ny administrativ struktur skal kostnadar til løn og andre driftsutgifter til kommunalsjefar førast på rådmannen sitt planområde. Lønskostnadar til hovudtillitsvalde blir også ført her frå 2015. Stillingsressurs til HRrådgjevar blir delt med føring av 30 % med ansvar for organisasjon på rådmannen sitt område og 70 % på økonomisjefen sitt planområde 130 med ansvar personal. Frå 2016 skal òg 20 %-stilling som kommuneoverlege førast på planområde 100. For fleire stillingar er det ikkje gjennomført lokale lønnsforhandlingar. Ev. auke i løn blir budsjettregulert og kompensert frå planområde 600 (felles). Planområdet må ta sin del av kostnadskutt for at kommunen kan levere eit forslag til årsbudsjett i berekraftig balanse for 2016. - Generell reduksjon i ramma - Særskilt reduksjon knytt til planområdet, mellom anna reduksjon og endring i sommarjobbgaranti for ungdom. Sommarjobbgarantien blir endra frå 2 veker for både 10. klasse og 1. vidaregåande til berre tilbod til dei som går ut av 10. klasse, men då auke til 3 veker. Innsparing for 2016 blir ca. kr 150 000. Kyrkja blir styrkt med 2,9 % når det gjeld ordinær driftsramme. Planområdet sine kommentarar til handlingsprogrammet Kyrkja Det er ein auke til ekstra vedlikehald med kr. 75 000, som driftstiltak gjeldande berre for 2016. Styrkinga tek utgangspunkt i deira forslag til vedlikehald, men desse tiltaka er ikkje fullfinansiert med denne auken, jf. skriv frå kyrkjeverje. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 23 2.8.2.2 Økonomi og personal – planområde 130 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr. 1000) Økonomi og personal Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 4 041 Komp. lønsauke for år 2015 41 Komp. lønsauke – overheng 2016 21 Kompensasjon prisvekst 17 2018 Utgift Inntekt 4 495 Red. 2017 2019 Utgift Inntekt 4 405 Utgift 4 405 -90 Auka inntekter utleigebustadar Ny, sentral føring 3 lærlingheimlar Kompetanseheving -50 525 20 Reduksjonar driftsramme: Seniortiltak Korrigert brutto Netto ramme drift -120 -50 4 545 4 495 0 4 405 4 405 0 4 405 4 405 0 4 405 4 405 Økonomi- og personalkontoret er tildelt ei driftsramme på kr 4 495 000 for budsjettåret 2016. Planområdet har ikkje fått midlar til ekstra driftstiltak. Det var ønskje om midlar til kompetanseheving både for kontoret sine tilsette, til leiaropplæring og til likestillingsarbeid i kommunen. Det er lagt inn som ein liten auke i driftsramma. Tiltaket er ikkje eit konkret tiltak frå kommuneplanens samfunnsdel, men må sjåast i samanheng med det generelle ønsket om kompetanseheving i kap. 1. Vidare er det viktig å arbeide med ein heilskapleg kompetanseplan og lærlingplan, jf. kommuneplanen pkt. 2.2.1 og 4.4.3. Det er overført midlar til 3 lærlingplassar til tenesteområde 27330. Det vil bli utarbeidd eit felles reglement og rutinar for lærlingplassar i kommunen. Måler er å auke talet på lærlingar og kvaliteten på lærlingtilbodet, jf. pkt. 2.2.1 i kommuneplanen. Det var òg ønskje om midlar til kompetanseheving til bruk til leiaropplæring, jf. pkt. 1.3 og 1.4 i kommuneplanens samfunnsdel og likestillingsarbeid i kommunen, jf. pkt. 6.2.1. Desse tiltaka vart ikkje prioritert i budsjettet for 2016. Frå 1. januar 2015 har personalkontoret vore organisatorisk og budsjettmessig samanslått med økonomikontoret. Dette har ført til auka samarbeid og fagkompetanse innanfor løn og personal. Vi meiner at vi på denne måten kan gje betre tenester og service til kommunen sine tilsette. Frå 1. april har økonomi- og personalkontoret hatt ei auka stilling som økonomirådgjevar. Tilsett i denne stillinga skal hjelpe einingane med økonomistyring og budsjettarbeid i tillegg til back-up på vesentlege område. Både eininga og einingsleiarane i organisasjonen har hatt stor nytte av denne tilsetjinga. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 24 Personalarbeid Sjukefråværet i Åseral kommune hadde ein gradvis nedgang i 2011 og 2012 for så å auke i 2013 og 2014. Det siste kvartalet i 2014 gjekk sjukefråværet drastisk ned, men vi nådde likevel ikkje målet på under 5 %. I 2015 har sjukefråværet vore lågare, men vi veit framleis ikkje om vi klarer å nå målet på under 5 %. God leiing er viktig i forhold til økonomi- og personaloppfølging. I det siste har vi i samarbeid med lege fått varsel om sjukemelding som kan kome, jf. pkt. 5.1.1 i kommuneplanen. Dette har vore til hjelp for leiar som då kan leggje til rette for den tilsette slik at det ikkje vert naudsynt med sjukemelding. Tiltaket «lokalt raskare frisk», jf. pkt. 4.4.4.2 i kommuneplanen, skal vere eit tiltak som har auka fokus på å førebyggje sjukemeldingar. På sikt treng vi midlar for å iverksette dette. Vi ønskjer å ha fokus på leiaropplæring òg i 2016 (jf. punkt 1.3 og 1.4 i kommuneplanen), men har ikkje ekstra midlar å nytte til dette formålet. Vi må derfor som tidlegare basere opplæringa på å nytte interne lærekrefter, både når det gjeld personal-, økonomi- og innkjøpskompetanse. Med samarbeid i Lindesnesregionen ser vi likevel føre oss at vi kan halde kurs for leiarane i løpet av året. Vidare ønskjer vi å arbeide vidare med likestilling, jf. pkt. 6.2.1 i kommuneplanen. Det er spesielt lagt vekt på deltidsproblematikken. Til tross for at vi ikkje har fått løyvd midlar til dette arbeidet ønskjer vi å gjere eit arbeid innanfor eiga ramme som kartlegg deltid og problemstillingar rundt dette. Det må òg settast av tid til å arbeide meir med KvalitetsLosen. Mål for perioden Basert på fokusområde og målsetjingar i kommuneplanen har vi sett opp desse måla for planperioden: - Eit sjukefråvær samla for kommunen på under 5% - Revidere Åseral kommune sitt økonomireglement - Revidere sentrale rutinebeskrivingar for økonomistyring og internkontroll samt auke økonomikompetansen i administrasjonen - Ha fokus på fag- og leiarkompetanse - Redusere sjukefråværet i Åseral kommune - Ha fokus på likestilling - Opparbeide felles reglement og rutinar for lærlingplassar i kommunen - Halde fokus på HMS/kvalitet og forbetringsarbeid i kommunen - Innkjøp for kommunen skal skje etter reglane for offentlege innkjøp for å sikre etisk framferd og god utnytting av midla som kommunestyret har stilt til rådvelde Planområdet sine kommentarar til handlingsprogrammet Garantiungdom Dei seinare åra har elevar som skal opp i 1. og 2. klasse på vidaregåande skule hatt garanti på 2 veker med arbeid i kommunen om dei søkjer innan søknadsfristen. Ved å endre garantiordninga til å berre gjelde elevane som skal opp i 1. klasse på vidaregåande skule, samstundes som desse får tre veker med arbeid, kan ordninga organiserast på ein betre og meir føremålstenleg måte. Lærlingar Budsjettering for utgifter til lærlingar vert flytta til ansvar 130. Ved å samle dette, og å systematisere heile lærlingordninga, meiner vi å kunne gje eit betre tilbod til ungdom som søkjer lærlingplass. Vi vil òg auke tal lærlingplassar til tre i året ved å flytte kostnadar frå seniortiltak til lærlingordninga. Dette gjer vi ved å redusere talet på ekstra fridagar for dei over 64 år frå 10 dagar til 5 dagar. Dei som er over 63 år vil ha 5 fridagar ekstra jf. plan for seniortiltak. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 25 2.8.2.3 Service og kultur – planområde 150 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Service og kultur Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 11 562 Komp. lønsauke for år 2015 73 Komp. lønsauke – overheng 2016 36 Kompensasjon prisvekst 99 2018 Utgift Inntekt 11 900 Red. 2017 Utgift 2019 Inntekt 11 662 Utgift 11 662 -238 DDV – auke ut over prisvekst 150 Musikkskulen, jf. KOS 15/28 50 Reduksjon driftsramme: Generell reduksjon -20 Ny, sentral føring lærlingheimel -50 Korrigert brutto Netto ramme drift 0 11 900 11 900 0 11 662 11 662 0 11 662 11 662 0 11 662 11 662 Tenesteområdet har for 2016 fått eit generelt kutt på kr 20 000 samt kr 50 000 til å finansiere lærlingordninga. Dette betyr at ein i praksis ikkje får mykje kompensasjon for prisveksten for 2016. I budsjettforslaget har ein justert litt i høve til forbruk i 2015 samt omfordelt innan einskilde postar utan at dette skal få for store verknadar for drifta i 2016. IKT for Åseral vart overført til selskapet DDV frå januar 2015. Det har synt seg at dette har blitt noko dyrare enn det ein la til grunn då vedtaket vart fatta. Det skuldast mellom anna at tala i plandokumentet som vart vedteke i kommunestyret i 2014 var basert på 2012-tal. Dette gjorde at ein måtte auke ramma innan IKT for 2015. I plandokumentet var det lagt opp til ein auke frå andre driftsår som vi no går inn i. Tala for DDV er framleis noko uvisse ettersom det har synt seg naudsynt å oppgradere/samordne «tung» programvare som arkiv og rekneskap alt frå 2016. Eit tidlegare avsett IKT-fond vil kunne nyttast for å kunne ta slike uforutsette hendingar. På sikt skal lisenskostnadar òg betalast av DDV. Planen er at kommunen etter kvart vil få ei innsparing her, ei innsparing som då vil kunne hentast inn hjå dei einskilde tenesteområda i kommunen som i dag blir belasta desse. Åseral kommune søkte i 2015 om støtte gjennom Nkom til tre ulike breibandsprosjekt. Eitt av desse fekk støtte, og ein vil arbeide for å få gjennomført ei utbygging i området Austegard/Håvestøl i løpet av 2016. Det er førebels ikkje sett av kommunale midlar til dette prosjektet, men det vil kome som eiga sak for kommunestyret i byrjinga av 2016 saman med andre breibandsprosjekt som vert lyst ut på anbod i same runde, jamfør diskusjonssak i kommunestyret i oktober 2015, som igjen er i samsvar med punkt 2.2.4 i kommuneplanen. Minne kultursenter har gjennom året hatt ei positiv utvikling når det gjeld vitjande og bruk av lokala. Ei ny krigsutstilling er kome på plass og det vert arbeidd med forbetring av fleire utstillingar. Ettersom Minne i utgangspunktet berre har ein stillingsheimel, har det diverre ikkje vore mogleg å halde oppe heile året. No må det seiast at kulturkonsulent og reiselivskonsulent begge i dag har kontorplass på Minne og difor er ein ekstra ressurs som ofte kan nyttast for å betre opningstidene samt utvikle staden. Vi ønskjer å starte eit prosjekt for å sjå på om det er mogleg å flytte biblioteket ned til Minne for ei betre ressursutnytting, samt betre besøkstala for begge partar, jf. pkt. 4.4.4.2 i kommuneplanen. Dette vil vere ein prosess som vil inkludere biblioteket, Minne, skulen og fylkesbiblioteket og som etter kvart vil ende opp til ei politisk handsaming. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 26 I 2014 starta arbeidet med å gjere Åseral kommune til eit berekraftig reisemål i regi av turistkontoret for Lindesnesregionen, jamfør punkt 3.2. (3.2.6) i kommuneplanen. Dette arbeidet vil halde fram i 2016 og er no utvida til å gjelde heile regionen. Ein tek sikte på å finansiere dette prosjektet gjennom DA-midlar (tidlegare: arbeidsgjevaravgiftskompensasjonsmidlar). Dette kan sjåast i samanheng med punkt 3.2.5 i kommuneplanen som går på å skape særeigne lokale produkt av god kvalitet, samt å gjere tradisjonar innan mat, musikk og kunst meir synleg. Eit pågåande arbeid innan filmproduksjon på Minne gjer at Åseral alt er leiande blandt kommunar på Sørlandet når det gjeld profilering gjennom film. Dette arbeidet vil halde fram. Ein vil arbeide vidare med den positive trenden ein har sett dei siste åra i samband med utvikling av arrangement og aktivitetar i Åseral, jamfør punkt 3.2.4.1 i kommuneplanen. Det er teke høgde for dette i detaljbudsjettet for 2016, kor budsjettrammene til dette er auka. Kommunestyret vedtok sommaren 2015 å innføre kommunalt tilskot til elevar i kulturskulen samt ein søskenmoderasjon. Dette er no lagt inn i budsjettet samt prislista for 2016. Mål for perioden: Basert på fokusområde og målsetjingar i kommuneplanen, samt eigne målsetjingar, har ein sett opp desse måla for planperioden: - Innkjøp for kommunen skal skje etter reglane for offentlege innkjøp for å sikre etisk framferd og god utnytting av midla som kommunestyret har stilt til rådvelde - Halde sjukefråværet ved eininga så lågt som mogleg - Få på plass ei best mogleg arbeidsfordeling innan eininga for å stå godt rusta mot framtidige utfordringar - Arbeide for å lyfte beredskapsarbeidet til eit godkjent nivå (jamfør tilsyn oktober 2015), samt å få vedteke alt av planverk i kommunestyret - Halde fram arbeidet med å utvikle kultur både når det gjeld tilbod og økonomi, herunder sjå på om det er mogleg å flytte biblioteket ned til Minne kultursenter for å sikre ei betre ressursutnytting - Arbeide vidare for at Åseral som destinasjon skal kunne sertifiserast som «Bærekraftig reisemål» Planområdet sine kommentarar til handlingsprogrammet Berekraftig reisemål Åseral kommune skal gjennom sertifisering som «Bærekraftig reisemål» tilrettelegge slik at reiselivsnæringa står betre rusta for framtida, jf. punkt 3.2 i kommuneplanen. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 27 2.8.3 Oppvekst og levekår Rammeområdet Oppvekst og levekår består av einingane Barnehagen, Skule og integrering, Pleie, rehabilitering og omsorg, Helsehuset og NAV. Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Oppvekst og levekår Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 59 580 Komp. lønsauke for år 2015 606 Komp. lønsauke – overheng 2016 298 Kompensasjon prisvekst 158 Utgift Inntekt 58 684 Red. 2017 Utgift 2019 Inntekt 57 507 Utgift 57 507 -1 177 Komp. ny forskrift foreldrebetaling 100 Flyktningressurs Frivilligsentralen, overført frå driftstiltak 2015 Vaktordning og utvida jordmorstilling, overført frå driftstiltak 2015 Barnevern og auka satsar til avlastning, jf. HSU 15/3 Auka driftsramme (øk. sosialhjelp) 100 Reduksjonar driftsramme: Ny, sentral føring, lærlingheimlar (2 stk.) Redusert driftsramme for skulen, jf. økonomiplanen 2015-2018 Kommuneoverlege (20 %) Generell reduksjon 2018 210 120 500 200 -351 -2 000 -234 -450 Korrigert brutto 58 684 Netto ramme drift 58 684 0 57 507 57 507 0 57 507 57 507 0 57 507 57 507 Rammeområde Oppvekst og levekår er samla tildelt ei ramme på kr 58 684 000 for 2016. Drifts- og investeringstiltak kjem i tillegg. Driftstiltaka utgjer ein kostnad på kr 295 000, medan kostnadsramme for investeringar i 2016 er på kr 500 000. I tillegg er det lagt inn kr 500 000 i startlån. Trass i auka utgifter på nokre område har rammeområdet Oppvekst og levekår totalt sett redusert si ramme. Det har ligge inne i tidlegare økonomiplan at drifta skulle reduserast. For dei neste åra er det noko ein må arbeide vidare med. Rådmannen gav kommunalsjefane i oppgåve å spare kr 500 000 på si avdeling. På Oppvekst og levekår vart det fordelt med kr 250 000 på pleie, rehabilitering og omsorg (PRO) og tilsvarande på skule og integrering. Då alt kom til alt, blei det lagt inn kr 250 000 i reduksjon på PRO, medan skule og integrering har fått ein reduksjon på kr 200 000. Skule og integrering skulle spare 2 mill. kr i 2016, jf. økonomiplanen 2015-2018. I tillegg har det vist seg at ein del utgifter ikkje har vore budsjettert på skule og integrering sitt budsjett. Det er no lagt inn i deira budsjett, og totalt sett har eininga spart meir enn dei ekstra 200 000 kr. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 28 Ei utfordring for rammeområdet blir å arbeide vidare med korleis framtida innan helse og omsorg skal sjå ut. Det er særs viktig å utgreie kva behov vi har framover, og korleis dette best kan løysast. I dag har vi eit godt omsorgstilbod til eldre, medan det er dårleg stilt med t.d. eigne bustadar til unge med særskilte tilretteleggingsbehov. Plankomiteen har vore i gong ei stund. For å ta dette arbeidet vidare, er det naturleg å tilpasse det til «Retningslinjer for roller, ansvar og arbeids-oppgåver i kommunale byggjeprosjekt», som kommunestyret har vedteke. 2.8.3.1 Barnehage – planområde 210 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Åseral barnehage Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 5 985 Komp. lønsauke for år 2015 87 Komp. lønsauke – overheng 2016 40 Kompensasjon prisvekst Inntekt 2019 Utgift Inntekt 6 005 Utgift 6 005 4 -123 Komp. ny forskrift foreldrebetaling 100 Reduksjon driftsramme: Ny, sentral føring lærlingheimel (1/2 heimel) Netto ramme drift Utgift 6 128 Red. 2017 Korrigert brutto 2018 - 88 0 6 128 6 128 0 6 005 6 005 0 6 005 6 005 0 6 005 6 005 For 2016 er planområde 210 tildelt netto driftsramme på kr 6 128 000. Det tilsvarar ramme for 2015 med kompensasjon for lønsauke, prisvekst og tillegg for endring i foreldrebetalingsforskrifta. Kommunebarometeret 2015 viser at barnehagen har fått litt auka bemanning frå 2014. Dette heng saman med krava i pedagognormen. Barnehagen har dei siste åra arbeidd med å tilpasse bemanning til faktisk barnegruppe. Resultata viser også at vi har høg del av tilsette med fagutdanning, både pedagogar og barne- og ungdomsarbeidarar. Det er bra med tanke på satsingar kommunen har innanfor tidleg innsats og auka læringsutbytte for barna. Eit anna positivt resultat er at del av barn med minoritetsspråkleg bakgrunn har auka. Dette er bra for rask integrering og språklæring. KOSTRA-tal viser også at vi ligg jamnare med samanliknbare kommunar når det gjeld netto driftsutgifter per barn i alderen 1-5 år enn vi gjorde tidlegare. Tidleg innsats i barnehagen og auka kompetanse blant tilsette Det er grunnleggjande samanheng mellom tidleg innsats og resultat seinare i skulen. Barnehagen har høg prioritet på tidleg innsats hjå barn i barnehage, som ei viktig førebuing til skulestart. Barnehagen, i samarbeid med tverrfagleg gruppe i kommunen, arbeider for å sjå behova tidleg. Dette gjer vi gjennom samarbeid om å auke kompetansen hjå tilsette og gjennomføring av årleg tverrfagleg observasjon av barn i barnehagen etter Kvello sin metodikk. Barnehagen har fokus på å utvikle kompetanse hjå dei tilsette. Barnehagen har utdanna pedagogane til rettleiarar innan programmet Være Sammen. Denne kunnskapen blir brukt i arbeidet med barna, foreldra og tilsette. Denne utdanninga er i tett samarbeid med Kompetansesenter Sør. Satsinga har fokus på å styrke dei vaksne som rollemodellar for barn i kvardagen og utvikle sosial kompetanse hjå barn. Det heng òg tett saman med området i plan for verksemda som omhandlar respekt som grunnleggande ferdigheit. I tillegg satsar ein også i denne planperioden på språk- og lesestimulering gjennom utvikling av barnehagebibliotek og målsettingar for språkstimulering sett i plan for verksemd. Barnehagebibliotek er eit samarbeid med folkebiblioteket slik at barn og foreldre kan låna med seg bøker frå barnehagen som dei kan lese saman. Inn i komande planperiode vil det også bli satsa på realfag og matematikk, jamfør sentrale føringar og lokale satsingar. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 29 Kvalitet i barnehagen Barnehagen er oppteken av å halde høg kvalitet på tenestetilbodet, samstundes som ein har fokus på utvikling og forbetring. Barnehagen skal i januar 2016 gjennomføre ny ståstadsanalyse frå Utdanningsdirektoratet som skal legge grunnlag for nye målsettingar i arbeidet med verksemdsplan. Verksemdsplanen skal også spegle målsettingar frå dokumentet om kvalitet i barnehage og skule. Dokumentet om kvalitet i barnehage og skule blei vedteken av hovudutvalet (OKU) i mai 2015. Dette dokumentet blir eit reiskap for barnehagen i arbeidet med å sikre kvalitet i opplæring og auke barn og unge sitt læringsutbytte. Dokumentet set tydelege målepunkt for korleis personalet skal arbeide for å betre læringsutbyttet til barn og unge. Utfordringar for planområdet Det er svært viktig at barnehagen har god pedagogtettleik for å gjennomføre satsing på kvalitet, kompetanseheving og utvikling i personalgruppa. Pedagogane er ei viktig faggruppe i arbeidet med å sjå tidleg kva utfordringar barna kan få vidare i utdanningsløpet og legge til rette for god utvikling og læringsutbytte hjå barna. Barnehagen vil framleis ha ei utfordring i å behalde og skaffe nok pedagogar for å oppretthalde krav om pedagognorm etter sentrale retningsliner. Barnehagen vil frå 2016 halde fram med auke i barnetalet etter ein periode med små barnegrupper. Dette stiller krav til nok pedagogar for å gjennomføre kommunen sitt krav til å innfri lova om rett til barnehageplass og politisk målsetting om at alle som søkjer barnehageplass ved hovudopptak skal få ein barnehageplass uavhengig av retten etter lova. Planområdet sine mål for perioden Basert på fokusområde og målsetjingar i kommunale planar har ein sett opp desse måla for planperioden: - Eininga held seg til tildelt ramme - Tenestene innanfor barnehageeininga har høg kvalitet, og foreldre og barn opplever eit godt tenestetilbod - Eininga vektlegg å gjennomføre brukarundersøking - Rekruttering av pedagogar blir vektlagt - Revidere plan for verksmeda - Kvalitetsdokumentet for barnehage og skule skal implementerast i personalet, jf. kommuneplanen pkt. 4.4.1 - Programmet Være Sammen er implementert, jf. kommuneplanen 4.4.1 - Satsing på realfag: Matteprosjekt jamfør kommuneplanen sin handlingsdel pkt. 5.1.3 og sentrale føringar - Tilsette har fokus på kvalitet og kompetanseheving - Dei tilsette opplever å ha eit godt arbeidsmiljø, og at dei har fagleg utfordrande arbeidsoppgåver - Eininga legg til rette for samarbeid med Kompetansesenter Sør i kompetanseheving av dei tilsette - Det er fokus på systemarbeid i eininga KOSTRA-tal Netto driftsutgifter per innbyggjar 1-5 år i kroner, barnehagar 2014 2013 2012 2011 Åseral kommune 141 224 122 151 135 857 133 625 Audnedal kommune 109 092 99 268 96 821 117 505 Marnardal kommune 143 154 120 579 117 484 91 353 Kommunegruppe 06 138 037 125 063 125 915 114 510 Vest-Agder 118 211 110 713 107 370 99 312 2010 Som tabellen syner ligg Åseral kommune over gjennomsnittet i Vest-Agder, men ligg nært opp til gjennomsnittet i kommunegruppe 06 når det gjeld netto driftsutgifter i barnehage. Dette viser at justeringar vi har gjort i samband med gruppestorleik og fordeling av bemanning dei siste åra har gitt resultat. Det vil likevel vere periodar vi ikkje klarar å utnytte ressursen fullt ut etter kva pedagogtettleiken krev grunna svingingar i barnegruppene. Vedtektene i Åseral barnehage tillet at foreldre kan endre barnehageplassen med ein månads varsling. Det betyr at ein ikkje alltid kan erstatte barn som sluttar i barnehagen på kort varsel. Kommunen har sikra at retningslinene jamfør pedagognorm er oppfylt når det er meir enn 9 eller 18 barn i gruppene. Grunnbemanninga med pedagogar og fagarbeidarar fylgjer elles tilrådd norm med 1 vaksen per 3 barn frå 0-3 år og 1 vaksen per 6 barn frå 3-5 år. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 30 2.8.3.2 Skule og integrering – planområde 220 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Åseral skule Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 21 833 Komp. lønsauke for år 2015 221 Komp. lønsauke – overheng 2016 110 Kompensasjon prisvekst Red. 2017 Flyktningressurs 2018 Utgift Inntekt 20 037 2019 Utgift Inntekt Utgift 19 636 19 636 61 -401 100 Reduksjonar driftsramme: Redusert driftsramme for skulen, jf. økonomiplanen 2015-2018 Ytterlegare reduksjon driftsramme ut over vedtak i økonomiplan 2015-2018 Ny, sentral føring lærlingheimel (1/2 heimel) -2 000 -200 -88 0 Korrigert brutto Netto ramme drift 20 037 20 037 0 19 636 0 19 636 19 636 19 636 0 19 636 19 636 I budsjetthandsaminga for 2015 vart det sett opp mål om å redusere lønsutgiftene for å kome ned på eit akseptabelt kostnadsnivå for skuledrifta i Åseral. Målet var å ha ei nedtrapping gjennom 2015 og bruke overgangen til nytt skuleår hausten 2015 til å gjere nødvendige nedskjeringar. Full årsverknad av den reduksjonen vi har gjort i 2015 får vi såleis først sjå på budsjettet for 2016. Ut over varsla nedskjering i førre økonomiplan har skulen teke ytterlegare innsparingar gjennom auka utgiftsnivå på enkelte faste postar, som må dekkast innanfor ramma, samt eit tillegg på 288 000 ut over dei 2 millionane vi skulle ta frå 2015 til 2016. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter til grunnskulesektor (202, 215, 222, 223) i kroner, per innbyggjar 6 - 15 år 2014 2013 2012 2011 2010 Åseral 203 825 173 243 170 687 164 874 140 467 Audnedal 128 607 114 531 105 265 112 340 94 743 Marnardal 134 572 130 090 126 538 119 311 120 627 Vest-Agder 101 199 98 667 96 478 93 118 88 394 Kommunegruppe 06 156 708 150 890 147 162 137 623 130 700 Tabellen syner utviklinga av kostnadsnivået i kommunen samanlikna med nabokommunar, den kommunegruppa Åseral tilhøyrer og Vest-Agder fylke. Denne fortel oss at kostnadar til skulen har auka kraftig dei seinare åra. Oversikten syner ikkje 2015, men ein kan forvente at reduksjonane for hausten 2015 gjer at vi allereie nå ser ei positiv utvikling i kostnadsnivået. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 31 Satsingsområde for skulen I Oppvekst-og kulturutvalet (OKU) vart det 28.10.2014 fatta eit samrøystes vedtak som seier følgjande: - «OKU meiner kommunen driv ein skule med eit for høgt kostnadsnivå samanlikna med andre kommunar, og at utgiftene til skule må reduserast.» - «Innan 2017 skal Åseral barne- og ungdomsskule vere blant dei 100 beste på Kommunebarometeret.» Saman med dette vedtaket vart administrasjonen beden om å utarbeide eit kvalitetsdokument som skulle syne korleis ein skulle arbeide med kvalitetsutviklinga i Åseral. Dokumentet «Kvalitet i barnehage og skule» vart vedteken i OKU 26. mai 2015 og hadde følgjande målformuleringar: Hovudmål: - Sikre kvalitet i opplæringa og auke barn og unge sitt læringsutbytte. Skulen skal vere blant dei 100 beste i landet på Kommunebarometeret innan 2017. Delmål: - Leiing på alle nivå – fordi leiing påverkar ein organisasjon sitt liv og utvikling i sterkare grad enn mange andre forhold - Læringsfremmande åtferd – fordi individet og gruppa si samhandlingsdugleik er grunnleggande for all læring - Vurdering for læring – fordi vurderinga skal gi barn og unge motivasjon, kunnskap og lyst til å lære meir - Grunnleggande dugleik – fordi desse er avgjerande for vidare læring og utvikling (lesing, skriving, rekning og IKT) Skulen får bistand frå Kompetansesenter Sør i utviklingsarbeidet. Resultata presentert i Kommunebarometeret syner at skulen i Åseral har klatra frå 364. plass i 2014 til 281. plass i 2015. Tilpassa opplæring og spesialundervisning Andel elevar i grunnskulen som får spesialundervisning 2014 2013 2012 2011 2010 Åseral 10,1 8,6 8,7 10,5 7,6 Audnedal 4 7,4 7,2 10,2 8,7 Marnardal 6,2 9,1 8,2 7,6 5,1 Vest-Agder 7,4 8 8,5 8,6 8,2 Kommunegruppe 06 10,4 10,9 11,6 12,4 12,1 Andel timar spesialundervisning av tal lærartimar totalt 2014 2013 2012 2011 2010 Åseral 17,3 24,7 23,6 18 17 Audnedal 12,9 17,4 15,6 18,3 15,4 Marnardal 11,8 15,5 9,1 13,7 12,5 Vest-Agder 16,4 16,9 17,7 18,9 16,8 Kommunegruppe 06 18,9 18,8 18,8 19,7 19,2 Åseral har ligge svært høgt på tildeling av timar til spesialundervisning utan at det har gitt betre resultat. Forsking syner at det i dei fleste tilfella gjev betre læring om ein klarar å tilpasse opplæringa for den enkelte eleven innanfor klassen framfor i små grupper eller 1-1. Etter omlegging førre skuleår har vi knytt spesialundervisninga betre saman med den ordinære, tilpassa opplæringa. Dette er gjort gjennom fokus på leiarskap og struktur samt kartlegging som grunnlag for tilpassing og variasjon i metodar. Ressursane kjem på denne måten fleire elevar til nytte samstundes som den enkelte elev med særskilte RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 32 behov oppnår ei betre samkjensle i eigen klasse. Vi opplever òg at læringsutbyttet aukar når avstanden mellom spesialundervisning og tilpassa opplæring blir mindre. At omlegginga har gjeve seg utslag også i betre ressursutnytting kan vi lese ut av tabellane over. Sjølv om andel elevar med behov for spesialpedagogisk hjelp har auka, er timar til spesialundervisning redusert. Integrering I 2015 vart integreringsarbeidet lagt inn under skulen sitt ansvarsområde. Frå oktober 2015 har vi på plass 60 %-stilling som integreringskonsulent. Fokus i perioden blir å få på plass og innarbeide system og strukturar for eit godt integreringsarbeid. Integreringskonsulenten skal vere eit kontaktpunkt for nye sambygdingar og formidle kontakt ut i eit breitt samarbeidsnett med aktuelle offentlege og frivillige aktørar. Kommunen må ta stilling til nytt inntak av flyktningar for perioden 2016-2019. Dette vert ikkje avklart før handsaming av økonomiplanen. Kostnadar og inntekter knytt til dette er difor ikkje innarbeidd i økonomiplanen. Mål for eininga for perioden Basert på fokusområde og målsetjingar i kommunale planar har ein sett opp desse måla for planperioden: - At utgiftsnivået for skulen kjem ned på eit nivå samanliknbart med kommunar i eiga kommunegruppe. - At læringsresultata for skulen vert betra gjennom utviklingsarbeid og kompetanseheving som bygger på vedteken plan «Kvalitet i barnehage og skule», samt forsking på kva som fremmer god læring. - At den enkelte elev opplever ein meiningsfull skulekvardag med læring, trivsel, mestring og gode relasjonar, samt at heimen opplever eit nært og godt samarbeid med skulen. - At forholda ligg til rette for nye sambygdingar slik at dei fort kan settast i stand til å ta utdanning og få arbeid, samt fungere og trivast i lokalmiljøet. Tiltak: Namn på tiltak: Omtale Skulen opprettar produksjon av varer og tenester som fast valfag. Her er det mogeleg for alle elevar på ungdomstrinnet å Elevbedrift som fast valfag drive elevbedrift. Totalkostnad 2016: kr 40 000 innanfor driftsramma Ein vil styrke oppfølging av den enkelte elev knytt til karriereval. Karriereplan Ein ser karriereplanen i samanheng med faget utdanningsval og kontaktlærar sine fagutviklingssamtalar. Skulen engasjerer elevane til elevstyrt aktivitet i hallen, kantina Aktiv og kulturell midttime og musikkrommet i utvalte midttimar gjennom veka. Oppfølging av strategi for kvalitet i barnehage og skule. Kvalitetsutvikling barneVert gjennomført i samarbeid med utviklingsrettleiar frå hage/skule kompetansesenteret. Kostnad 2016: kr.355 000 innanfor driftsramma Stor klasse på ungdomstrinnet utløyser behov for ekstra investeringar ved kjøp av lærebøker. I tillegg treng skulen Lærebøker stor klasse å gjere ekstra innkjøp av litteratur knytt til lesesatsinga på småtrinnet. Kostnad 2016: kr 80 000 som driftstiltak HMS-tiltak. Farlege maskinar er ikkje skjerma frå elevane. Det er Ombygging av sløydsal difor behov for ombygging. Kostnad 2016: kr 500 000 som investeringstiltak For å unngå tilbakebetaling av tilskotsmidlar må skateanlegget Reetablering av skatereetablerast. Må sjåast i samanheng med andre anlegg i området. anlegg + sykkelcrossbane Kostnad 2016: kr 100 000 som driftstiltak. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 Pkt. i kommuneplanen 4.4.3. 4.4.3 og 5 4.4.4. og 5.1 4.4.1. 4.4.3 5.1.1 33 2.8.3.3 Helsehuset – planområde 310 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Helsehuset Inntekt 2017 Utgift Driftsramme føregåande år: 11 170 Komp. lønsauke for år 2015 93 Komp. lønsauke – overheng 2016 46 Kompensasjon prisvekst 67 Inntekt 2018 Utgift Inntekt 11 972 Red. 2017 Utgift 2019 Inntekt 11 732 Utgift 11 732 -240 Frivilligsentralen, overført frå driftstiltak 2015 Vaktordning og utvida jordmorstilling, overført frå driftstiltak 2015 Barnevern og auka satsar til avlastning, jf. HSU 15/3 210 120 500 Reduksjonar driftsramme: Kommuneoverlege (20 %) Korrigert brutto Netto ramme drift -234 0 11 972 11 972 0 11 732 11 732 0 11 732 11 732 0 11 732 11 732 For 2016 er planområde 310 tildelt ei netto driftsramme på kr 11 972 000. Frivilligsentralen er overført frå planområde 340. Utgifter til barnevernet var for budsjettåret 2015 underbudsjettert. Vårt detaljbudsjett er difor auka i tråd med barnevernet sitt budsjett. Vi ser det som viktig å følgje opp denne kostnadsutviklinga. Eininga har eitt driftstiltak på kr 40 000. Det er vår del av ein interkommunal psykolog retta mot barn og unge. Utfordringar for planområdet Tenestetilbodet til barn og unge er sentralt i arbeidet for å nå kommuneplanen si overordna målsetting: «Alle i Åseral skal oppleve god livskvalitet og vere godt rusta til å møte framtida». Helsetenestene ser aukande behov og forventningar både når det gjeld førebygging og oppfølging av barn og unge med særlege helsemessige/sosiale utfordringar og deira familiar. Behov for psykososial støtte er særleg merkbar. Det er lagt til rette for tverrfagleg innsats internt i kommunen og eksterne samarbeidspartnarar. Helsetenesta samarbeider med skule og barnehage for å sikre tidleg innsats og førebygge uheldig utvikling. Leiarane samarbeider om rammene. Som følgje av samhandlingsreforma har kommunen fått eit utvida ansvar for helsetenester. På bakgrunn av forventa utvikling i befolkning, teknologi og medisin kan ein i åra som kjem rekne med store endringar i sjukehusstruktur, organisering av helsetenester og fordeling av oppgåver mellom kommunar og sjukehus. Interkommunalt samarbeid vil vere viktig for å lykkast med helsereforma. Lindesnesregionen har fleire samarbeid gåande, blant anna prosjekt med sjukehuset i forhold til fedme og overvekt hjå barn og unge («Friskus») og opplæringsprogram rundt vald i nære relasjonar («Tidlig inn»). Lindesnesregionen Medisinske Senter (LRMS) er opna i Mandal og er samlokalisert med legevakta. Dei tilbyr døgnplassar for øyeblikkeleg hjelp og er framover tenkt til å bli eit kompetansesenter på helseområdet for regionen. Den lokale legevaktordninga saman med Audnedal og Hægebostad held fram. Det er til tider utfordrande å ha nok legar til å sikre forsvarleg vaktbelastning. Tidlegare fastlegeavtale, i forhold til permisjon, vart ikkje vidareført ved ny tilsetting i 2015. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 34 Tilpassing til endringar – både når det gjeld tenestebehov, økonomisk ramme og teknologi – kan bli utfordrande framover. Endringar skjer stadig raskare, og det blir viktig å sikre kompetanse i personalgruppa for å møte desse utfordringane. Mål for perioden Basert på fokusområde og målsettingar i kommuneplanen har ein sett opp desse måla for planperioden: - Intensjonane i samhandlingsreforma blir gjennomført ved tett samarbeid innan regionen og med spesialist helsetenesta. Avdelinga har nødvendig fagkompetanse til å meistre nye oppgåver som følgje av reforma. - Det blir lagt vekt på fleksibilitet og omstillingskompetanse i personalgruppa. Opplæringsplanen blir revidert årleg. - Behandlingstilbodet i kommunen er utvida ved bruk av moderne teknologi. Avdelinga har styrka kompetansen innan bruk av elektroniske fagsystem. - Videokonferansar blir brukt som alternativ til samarbeidsmøter av ulike slag, både mellom kommunar og i forhold til spesialisthelsetenesta. - Tenestene har god kvalitet og blir utvikla med stor medverknad frå brukarar og tilsette. Brukarundersøkingar viser positiv utvikling. - Kommunen vektlegg førebyggjande innsats. Ein har oversyn over faktorar som påverkar levekåra og nyttar dette ved prioritering av tiltak. Det er fokus på tidleg innsats for å hindre at ting utviklar seg. Tverrfaglege tiltak retta mot barn og unge har høg prioritet. - Dei tilsette opplever å ha eit godt psykososialt arbeidsmiljø og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver. - Fokus på oppfølging av sjukefråvær. - Auka samarbeid om tenester med frivillig sektor. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, kommunehelsetenesta 2014 2013 2012 2011 Åseral 6 399 6 086 6 784 5 829 Audnedal 3 606 3 497 2 763 2 967 Marnardal 2 585 2 346 2 421 2 339 Kommunegruppe 06 4 873 4 364 4 443 4 060 Vest-Agder 2 085 1 959 1 875 1 827 2010 Driftsutgifter til helsetenester har hatt ein auke att siste året. Hovudårsaka til dette er at det har blitt brukt meir vikar i fråvær på legesida og på helsestasjonen. Vi ligg godt over snittet for kommunegruppa. Åseral har ei betre dekning enn dei fleste når det gjeld lege-, fysioterapiog helsesøsterteneste. Utgifter til kommunale helsetenester må vurderast opp mot kostnadar ved samhandlingsreforma. Samanlikningstal for bruk av spesialisthelsetenester syner at vi ligg langt under andre kommunar. Netto driftsutgifter per innbyggjar 0-17 år i kroner, barnevernstenesta 2014 2013 2012 2011 11 453 10 600 10 156 8 827 Audnedal 6 716 6 597 6 596 5 710 Marnardal 8 533 8 211 7 079 5 650 13 213 9 640 9 419 7 540 7 484 6 885 6 298 5 710 Åseral Kommunegruppe 06 Vest-Agder 2010 Dei siste åra er det sett inn omfattande tiltak for fleire barn/familiar. Utgiftene er høge, men vi meiner dette er rett prioritering av ressursar med tanke på å gi dei barna som treng det eit betre utgangspunkt for framtida. Tidleg innsats og god kvalitet på barnevernstenesta må også vera god samfunnsøkonomi på lang sikt. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 35 2.8.3.4 Pleie, rehabilitering og omsorg – planområde 340 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Pleie, rehabilitering og omsorg Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 18 766 Komp. lønsauke for år 2015 2018 Utgift Inntekt Utgift 18 656 2019 Inntekt 18 283 Utgift 18 283 199 Komp. lønsauke – overheng 2016 99 Kompensasjon prisvekst 17 Red. 2017 -373 Reduksjonar driftsramme: Generell reduksjon Ny, sentral føring lærlingheimel (1 heimel) Korrigert brutto Netto ramme drift -250 -175 0 18 656 18 656 0 18 283 0 18 283 18 283 18 283 0 18 283 18 283 For 2016 er planområde 340 tildelt netto driftsramme på kr 18 656 000. Det er ikkje gitt kompensasjon for reduserte inntekter ved institusjonsopphald. Berekna reduksjon av vikarutgiftene er oppfølging av tidlegare vedtatt innsparingstiltak. Eininga har eitt driftstiltak på kr 75 000 knytt til samhandling. Utfordringar for eininga Folkehelseprofilen 2015 syner at Åseral på dei fleste områda ikkje har sikre avvik frå landsnivå. Sjukdomar og plager knytt til muskel- og skjelettsystemet ser ut til å vera meir utbreidd enn i landet som heilhet, vurdert etter data frå fastlege og legevakt. Andel uføretrygda under 45 år er òg høgare enn i landet elles. Ein har òg hatt større andel tilfelle av lungekreft enn fjoråret. Kommunen ligg lågare enn landsgjennomsnittet på andel kvinner som røykjer, hjerte- og karsjukdommar og bruk av type II diabetes-medikament. Det trengs å gå nærare inn i statistikk og lokal kunnskap for målretta førebyggjande innsats. I ein liten kommune gjer små tal store utslag på statistikken. Tenestetilbodet er sentralt i arbeidet for å nå kommuneplanen si overordna målsetting: Alle i Åseral skal oppleve god livskvalitet og vere godt rusta til å møta framtida. Alle skal få lov å bu heime så lenge dei ønskjer sjølv. Som følgje av samhandlingsreforma har kommunen fått utvida ansvar for helsetenester. På bakgrunn av forventa utvikling i befolkning, teknologi og medisin kan ein i åra som kjem rekne med store endringar i sjukehusstruktur, organisering av helsetenester og fordeling av oppgåver mellom kommunar og sjukehus. Interkommunalt samarbeid vil bli nødvendig for å lykkast med helsereforma. Lindesnesregionen samarbeider om psykolog, folkehelse/ førebygging og prosjektleiar/koordinator for velferdsteknologi. I tillegg er det interkommunale døgntilbodet for øyeblikkeleg hjelp (Lindesnesregionens medisinske senter - LRMS) iverksett. Ein har òg legevaktteneste knytt til eit interkommunalt samarbeid, med base i Mandal, som blei sett i gang i september. Vi har eit omsorgssenter som er lite praktisk utforma i høve til eksisterande og framtidige behov. Bygget har i tillegg høge driftskostnadar. Tilbodet til aldersdemente er høgt prioritert, men personalet opplever dagleg at det er stort behov for betre tilrettelagt bygning og uteområde. Bygningen er òg sterkt prega av nedprioritert vedlikehald dei seinare åra då ein har hatt eit nytt omsorgsbygg i pågåande planprosessar. Det vil vere krevjande å bygge om dagens bygningsmasse til eit moderne omsorgssenter som er tilpassa dagens krav. Dette er eit arbeid som krev grundige prosessar og som vil vere særs prioritert i eininga i 2016. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 36 Folketalsprognosane viser at det i åra framover blir færre i dei eldste aldersgruppene og litt fleire yngre alderspensjonistar. Dette har konsekvensar for samansetting av tenestetilboda, og det trengs ei grundig vurdering av korleis kommunen skal løysa framtidige behov. Eit sentralt spørsmål er fordeling mellom institusjonsplassar og tilrettelagte bustadar med heildøgns omsorg. Som hyttekommune vil vi kunne få utfordringar med å dekke auka behov for helse- og omsorgstenester i samband med feriar og høgtider. Dette er ei utfordring i dag då det er kort tid frå pasienten søker om tenester til dei skal iverksettast. Ofte har dei store hjelpebehov som krev ekstra bemanning i periodar der ein vanlegvis har ei lågare bemanning i ordinær turnus. Tilpassing til endringar, både når det gjeld tenestebehov, økonomisk ramme og teknologi, kan bli ei utfordring framover. Endringane skjer stadig raskare, og det blir viktig å sikre kompetanse i personalgruppa for å møte desse utfordringane. I Åseral som elles ser ei generell auke i forventningane til offentlege tenester, og det trengs ein grundig gjennomgang av kva som er rett nivå på kommunale tilbod. Mål for perioden Basert på fokusområde og målsettingar i kommuneplanen har ein sett opp desse måla for planperioden: - Det blir lagt vekt på fleksibilitet og omstillingskompetanse i personalgruppa. Opplæringsplanen blir revidert årleg. Avdelinga har system for internundervisning i tillegg til aktiv bruk av relevante eksterne opplæringstilbod. - Regelmessig inntak av lærling i omsorgsfag. - Behandlingstilbodet i kommunen er utvida ved bruk av moderne teknologi. Avdelinga har styrka kompetansen innan bruk av elektroniske fagsystem, og personalet kan nytta fagsystema heime hjå brukarane. Teknisk utstyr er oppdatert og godt tilpassa. - Tenestene har god kvalitet, godt omdømme og blir utvikla med stor grad av medverknad frå brukarar og tilsette. Regelmessige brukarundersøkingar skal visa positiv utvikling samanlikna med året før. - Innbyggjarar i alle delar av kommunen skal kunne få tenestetilbod i eigen heim så langt dette er forsvarleg. Endring av ”omsorgsprofil” ved auka ressursbruk til heimebaserte tenester og mindre andel til institusjonsomsorg. - Tilbodet til aldersdemente og deira pårørande har prioritet. Demensteamet er sentralt ved tilrettelegging av tilbodet for den enkelte. - Dagaktivitetstilbod til heimebuande demente er eit tilbod som blir brukt av den aktuelle brukargruppa. Kommunen legg til rette for at dette tilbodet blir utvikla vidare saman med brukarane. Tilbodet kan òg bli gitt i heimen til brukar. - Dei tilsette opplever å ha eit godt arbeidsmiljø og at dei har fagleg utfordrande arbeidsoppgåver i sin arbeidskvardag. - Turnusplanar for omsorgstenestene har ein god balanse mellom tenestekrav og personlege ønskje om tilpassingar av arbeidstid. - Leiarane har fokus på oppfølging av sjukefråvær. Tilrettelegging skjer utan at det fører til auka belastning for medarbeidarar. Aktiv bruk av tilboda frå NAV-arbeidslivssenter. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter per innbyggjar i kroner, pleie- og omsorgstenesta 2014 2013 2012 2011 Åseral kommune 29 631 27 482 28 770 27 076 Audnedal kommune 22 494 21 164 20 609 22 157 Marnardal kommune 21 039 20 207 20 624 19 841 Kommunegruppe 06 28 273 27 744 27 919 25 737 Vest-Agder 15 036 14 461 14 249 13 514 RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 2010 37 Utgiftene har gått opp det siste året. Det har samanheng med omprioriteringar, men òg at vi hadde enkelte pasientar som var ressurskrevjande i fjor. Vi ligg framleis godt over nabokommunane og fylket, men ikkje veldig høgt over kommunegruppa. Samla tenestebehov er høgt, og ein må sjå utgiftene i samanheng med dette. Andelen brukarar med omfattande tenestebehov er på 34 %, medan gjennomsnitt for kommunegruppa (30 %) og landet (23 %) ligg godt under Åseral. Andre faktorar som påverkar utgiftene er: Stor og ressurskrevjande bygningsmasse og god bemanning for å unngå unødig bruk av medikament. Ein har lange avstandar som krev mykje bemanning på tenestene. Tenestetilbodet går ut over det som er klart lovpålagt, men ein ser dette som positivt i høve til å utsette behov for institusjonsplass. Planområdet sine oppgåver for 2016 Tiltak Vidareutdanning av sjukepleiarar Samhandlingsreforma Prosjekt sjukeheim/ omsorgsbygg 2.8.3.5 Pkt. i komKostnad og muneplanen finansiering Omtale Vidareutdanning i avansert sjukepleie knytt opp mot dei utfordringane kommunane får i samband med meir ansvar/sjukare pasientar heim til kommunen. Konsekvens av samhandlingsreforma. Utgifter knytt til samhandlingsreforma. Dette skal dekke samhandlingskoordinator/-utviklar, kreftkoordinator og prosjektleiar velferdsteknologi. For å imøtekoma framtidige utfordringar trengs bygningsmasse tilpassa brukarane sitt behov (eldre, unge uføre mv.). Utgreiing av kva behov vi har innan omsorg og kva bygningsmasse som må til. 4.3 Innanfor driftsramma 4.3 Kr 75 000. Driftstiltak 4.4.2/5.1.2 Kr 700 000. Tidlegare sett av på fond. NAV – planområde 390 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) NAV Inntekt 2017 Utgift Inntekt Driftsramme føregåande år: 1 826 Komp. lønsauke for år 2015 6 Komp. lønsauke – overheng 2016 3 Kompensasjon prisvekst 9 Inntekt 2019 Utgift Inntekt 2 004 Utgift 2 004 -40 Auka driftsramme (øk. sosialhjelp) Netto ramme drift Utgift 2 044 Red. 2017 Korrigert brutto 2018 200 0 2 044 2 044 0 2 004 2 004 0 2 004 2 004 0 2 004 2 004 NAV har ei netto driftsramme på kr 2 044 000. Ut over løns- og prisvekst er det ein auke på kr 200 000. I 2015 synte det seg at utgifter til kvalifiseringsordninga og økonomisk sosialhjelp var større enn budsjettert. Det er det teken høgde for i driftsramma for 2016. I Åseral har NAV eitt årsverk fordelt på to personar (40 % + 60 %). I tillegg dekker vi ein avtalt del av utgiftene til felles leiar saman med Audnedal og Marnardal. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 38 NAV-kommune har ansvar for følgjande tenester: - Økonomisk sosialhjelp - Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving -Kvalifiseringsprogrammet - Samarbeide tett med integreringskonsulenten i integreringsarbeidet - Rettleie og hjelpe flyktningar og innvandrarar i høve til busetting, økonomi og kvalifisering for utdanning og arbeid - Ansvar for koordinering av ulike NAV-tenester Det er starta opp eit arbeid med å sjå på organisering av NAV lokalt i kommunane Audnedal, Marnardal og Åseral. Jamfør kommunestyrevedtak i sak 15/37 skal det utarbeidast forslag til ein samarbeidsavtale om vertskommunemodell etter kommunelova §§ 28-1 a og 28-1b. KOSTRA-tal Netto driftsutgifter til sosialtenesta per innbyggjar i kroner, 20-66 år 2014 2013 2012 2011 Åseral kommune 2 701 2 093 2 347 2 217 Audnedal kommune 1 377 154 1 091 987 Marnardal kommune 1 625 1 816 1 859 1 545 Kommunegruppe 06 2 904 2 513 2 029 2 288 Vest-Agder 3 226 2 856 2 485 2 525 2010 KOSTRA-tala viser at Åseral ligg over Audnedal og Marnardal i netto driftsutgifter til sosialteneste, målt per innbyggjar 20-66 år. Det gledelege er at vi for 2014 ligg under gjennomsnittet for Vest-Agder og samanliknbare kommunar i kommunegruppe 06. Mål - Lågt tal på sosialstønad ved god oppfølging av personar som treng økonomisk sosialhjelp slik at stønadsperioden blir så kort som mogeleg - Rettleie og hjelpe fleire til å kome i arbeid/aktivitet - Tett oppfølging av flyktningar RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 39 2.8.4 Drift og utvikling Rammeområdet Drift og utvikling består av einingane Utvikling, Drift og vedlikehald og Reinhald. Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Drift og utvikling Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 17 161 Komp. lønsauke for år 2015 217 Komp. lønsauke – overheng 2016 109 Kompensasjon prisvekst 2018 Utgift Inntekt 15 597 Utgift 2019 Inntekt 14 734 Utgift 14 084 35 Red. 2017 -313 Auka VA-avgifter jf. nye invest. Auka inntekter VA – fleire abonnentar Villreinsekretariat -1 275 -500 -500 -200 -150 -150 100 100 Reduksjonar driftsramme: Trafikktryggleikskontakt mv. -120 Redusert bruk av konsulenttenester -135 Skotpremie -35 Reduserte lønsutgifter -160 Generell reduksjon reinhald -50 Ny, sentral føring lærlingheimel -50 Korrigert brutto Netto ramme drift -1 375 16 972 15 597 -550 15 284 14 734 -650 14 734 14 084 0 14 084 14 084 Rammeområde Drift og utvikling (DRU) er samla tildelt ei netto driftsramme på kr 15 597 000 for 2016. Driftsog investeringstiltak kjem i tillegg. Driftstiltaka utgjer ein kostnad på kr 700 000, medan kostnadsramme for investeringar i 2016 er 9 000 000 kroner. Rådmannen gav kommunalsjefane i oppgåve å spare kr 500 000 på si avdeling. På Drift og utvikling vart dette fordelt på alle tre einingane. Innsparingane er spesifisert i tabellen over. I tillegg har eining for Reinhald frigjort kr. 50 000 som blir lagt i den sentrale «lærlingpotten». Reinhald er interessert i å ha ein lærling innafor deira fag år om anna. Vi står overfor store investeringar i avløpssektoren dei neste åra. I 2016 byggjer vi nytt reinseanlegg på Kvesmonen i Kyrkjebygd. Det er ei investering på drygt 10 mill. kr. Vidare held vi på med utviding av reinsekapasiteten på Bortelid. På Kylland må det òg gjerast tiltak på reinseanlegget, men vi ser for oss at det er ei investering av meir beskjeden karakter. I tillegg til nytt reinseanlegg på Kvesmonen er nytt reinseanlegg på Ljosland den verkeleg store investeringa på vår avdeling. Forprosjektet konkluderer med at investeringa kjem på 40 mill. kr. Vi har, saman med Sirdal kommune, hatt møte med Fylkesmannen for å sjå om vi fekk gehør for å dimensjonere reinseanlegg på ein annan måte enn den «tradisjonelle» med å rekne tal pe (personekvivalentar) per bueining. –Og det fekk vi! Så no tek vi sikte på å arbeide vidare med dette i 2016. Investeringa er planlagt i 2017 og 2018. Som følgje av dei store investeringane som ligg føre oss på reinseanlegg har vi sett oss nøydd til å auke avløpsgebyret RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 40 monaleg. Investeringstiltak på DRU for 2016 er knytt til utbygging av vatn og avløp på Bortelid. Det er tre ulike prosjekt på gang. Her er vi avhengige av når utbyggjarar/grunneigarar vil setje i gong utbygging i eit felt. –Men kommunen må vere klar med sin del når utbyggjar set i gong. Det er difor det er noko vanskeleg å vite når prosjekta blir realisert. 2.8.4.1 Utvikling – planområde 510 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Utvikling Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 8 089 Komp. lønsauke for år 2015 93 Komp. lønsauke – overheng 2016 47 Kompensasjon prisvekst 39 2018 Utgift Inntekt 8 078 Red. 2017 2019 Utgift Inntekt 8 016 Utgift 8 016 -162 Reduksjonar driftsramme: Trafikktryggleikskontakt mv. Redusert bruk av konsulenttenester Skotpremie -120 -135 -35 Villreinsekretariat 100 Korrigert brutto 100 Netto ramme drift 100 7 978 8 078 100 7 916 8 016 0 8 016 8 016 0 8 016 8 016 Kommentarar til endringar i driftsramma Dei siste åra har det vore ein eigen stillingsprosent knytt til trafikktryggleikskontakt og barn og unges representant i plansaker. Frå august 2015 er stillingane sagt opp. Arbeidsoppgåvene må framleis handterast, men det vert fordelt internt på eininga. For ivaretaking av barn og unges interesser i plansaker er det krav om at kommunen skal ha ei særskilt ordning for dette. Eininga vurderer høveleg ordning innanfor budsjettramma. Bruk av konsulenttenester er ei monaleg utgift på eininga. Innanfor VA er det lagt opp til noko reduserte utgifter til dette. Konsulenttenester knytt til investeringsprosjekt går uavhengig av dette. Det er lagt opp til å fjerne ordninga med skotpremie på rev. Forsking syner at om ein skal få auke i bestanden av matnyttig vilt må ein drive ei særs intensiv predatorbekjemping over store areal. I tillegg vil det alltid vera fleire faktorar som spelar inn i høve bestandsstorleiken av matnyttig vilt. Viltfagleg kan det difor ikkje forsvarast å halde fram med dette tilskotet. Frå november 2012 har Åseral kommune hatt sekretariatet for Villreinnemnda for Setesdalsområdet. Kontrakten gjeld ut 2015. Av omsyn til kapasitet på eininga er det ikkje lagt opp til å vera med i ein ny anbodsrunde. Ein har likevel sagt seg viljug til å vidareføre nokre av oppgåvene ut i 2016 til nytt sekretariat er på plass. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 41 Planområdet sine oppgåver for 2016 Pkt. i komKostnad og finansiering muneplanen Tiltak Evaluering og gjennomgang av tilskotsordning til næringslivet Scanning av byggesaksarkivet Forprosjekt veg Bortelid – Ljosland for å kunne ta stilling til realisering Revitalisering av kdpl. for idrett og friluftsliv for betre kopling mellom denne og økonomiplanen Skilting i Bordalen – oversiktstavle og skilting langs fylkesveg Hovudplan VA 2.2.6 Innanfor driftsramma Kr 50 000. Finansiert gjennom planmidlar frå Agder Energi 3.2.2 5.1 Innanfor driftsramma 3.2.2 Destinasjonsutviklingsprosjekt Bortelid 2.2.2 2.2.2 og 3.2.4 Tekniske anlegg Kvitefossmyra Lokal verdiskaping knytt til Åseralsprosjekta (planarbeid mv.) VA-utbygging Bortelid (Løyningsknodden, Velia og Bjelkelaget) 2.8.4.2 Innanfor driftsramma 3.2.2/7.1.2 Utvikling sin del er naudsynte formelle avklaringar Kr 100 000 innanfor driftsramma Kr 500 000 årleg i tre år. Finansiert ved DAmidlar Blir lagt fram som eiga sak på eit seinare tidspunkt. Kr 150 000. Finansiert via rammeavtale -midlar frå Agder Energi Finansiert ved lån. Drift og vedlikehald – planområde 540 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Drift og vedlikehald Inntekt 2017 Utgift Driftsramme føregåande år: 3 610 Komp. lønsauke for år 2015 52 Komp. lønsauke – overheng 2016 26 Kompensasjon prisvekst Inntekt 2018 Utgift Inntekt 2 038 2019 Utgift Inntekt 1 347 Utgift 697 -15 Red. 2017 -41 Auka VA-avgifter jf. nye invest. Auka inntekter VA – fleire abonnementar -1275 -500 - 500 -200 -150 -150 Reduksjon driftsramme: Reduserte lønsutgifter Korrigert brutto Netto ramme drift -160 -1 475 3 513 2 038 -650 1 997 -650 1 347 1 347 697 0 697 697 Lønsutgifter er redusert med kr 160 000 pga. reduksjon i stillingsstorleik for ein medarbeidar. Det er i 2015 ein inntektssvikt på vatn og avløp med hhv. kr 61 000 og kr 87 000 i forhold til budsjett. Prisvekst er kr -15 000 på grunn av inntektsauken i 2016. Driftstiltak for 2016 er Håvestøl bru. Etter Safe Control sin gjennomgang konkluderte dei med at tilstanden slik han er i dag kan gå ut over berande konstruksjonar. Her må det difor gjerast tiltak i 2016. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 42 Vi har i 2015 utarbeidd vedlikehaldsplanar for bygg og vegar. I tillegg har vi Safe Control sine kontrollar/vurdering av bruer. Vedlikehaldsplan for bygg viser at vi har behov for kr 6 600 000 til vedlikehald dei neste 4 åra. Dette inkluderer ei oppgradering av symjehallen med garderobar og badstover. Tilpassing for HC-brukarar med garderobe/dusj er òg lagt inn. Til veg i same periode er det trong for kr 3 200 000 for å få ein tilfredstillande vegstandard og for å forhindra at vedlikehaldet blir fordyra ved at veglekam blir sundkøyrd. Etterslep på bruer er av Safe Control kostnadsrekna til kr 3 980 000. Mål - Energiøkonomisering er noko vi framleis vil ha fokus på - Lekkasjesøk på vassforsyning og reduksjon av innlekk av overvatn på avløpsnettet er noko vi vil fortsetta med for å redusera kostnadar til kjemikaliar og straumforbruk - Vedlikehald av bygg og vegar må vi gjera så godt det let seg gjera innanfor ramma 2.8.4.3 Reinhald – planområde 550 Justering av driftsramme: 2016 (Alle beløp i kr 1000) Drift og vedlikehald Inntekt Driftsramme føregåande år: 2017 Utgift Inntekt 5 462 Komp. lønsauke for år 2015 72 Komp. lønsauke – overheng 2016 36 Kompensasjon prisvekst 11 2018 Utgift Inntekt 5 481 Red. 2017 2019 Utgift Inntekt 5 371 Utgift 5 371 -110 Reduksjonar driftsramme: Generell reduksjon reinhald -50 Ny, sentral føring lærlingheimel -50 Korrigert brutto 0 Netto ramme drift 5 481 0 5 481 5 371 5 371 0 5 371 5 371 0 5 371 5 371 Mål for 2016 og framover blir å halde utgiftene for eininga på 2016-nivå, justert for eventuelle løns-/pristillegg. Driftsramma blei for 2016 redusert med kr 50 000 (generell reduksjon). I tillegg har reinhaldsavdelinga fått redusert driftsramma si med kr 50 000 for sitt bidrag til lærlingpotten. Ved ein eventuell auke i reingjort areal skal dette løysast innanfor eksisterande budsjett. Eininga skal vere innovativ og ha fokus på høg kompetanse blant dei tilsette. Eininga har òg to driftstiltak som skal løysast innanfor eiga ramme. Tiltak Omtale Energimerking av kommunale bygg er lovpålagt. Vi har framleis nokre Energimerking av bygg som ikkje er energimerka. Første prioritet er å energimerke kommunale bygg rådhuset. I tillegg til at det er lovpålagt får ein god oversikt over kva som må gjerast for å redusera straumforbruket på bygget. Oppretthalde energigruppa Fortsette arbeidet med å få oversikt over energiforbruket i kommunale og utforme mandat bygg, samt foreslå gode ENØK-tiltak. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 Pkt. i kommuneplanen 7.1.3 7.1.3 43 3.BUDSJETT 2016 Dette er den bindande delen av økonomiplanen. Dei rammene som blir fastsett her for drift og tiltak er bindande for administrasjonen. For investeringstiltak er det berre kommunestyret som kan gjere endringar. 3.1 Oppsummering av budsjett og budsjettføresetnadar Budsjettet for år 2016 har lagt til grunn ei gjennomsnittleg kostnadsauke i samheldet på 2,9 % - same som deflator i statsbudsjettet. I budsjettet for 2016 blir det vidareført at budsjettert lønsauke blir lagt samla under eit felles ansvarsområde. Det er budsjettert med 2,3 mill. i lønsauke. Planområda har fått justert si ramme etter lønsoppgjeret i 2015. Det er gjeve tillegg for auka kostnad for 2015 og overhenget som kjem som kostnad i 2016. Planområda sine rammer neste år er også justert for prisauke. Tillegget er berekna etter sum kjøp av varer og tenester minus brukarbetalingar og salsinntekter. Føresetnaden for driftsinntektene vedkomande sal og refusjon av varer og tenester er at dei skal auke med same prosent som løns- og prisauken. Det er likevel unnatak frå denne hovudregelen. Det har dei siste åra vore fokus på at driftsinntektene er lågare enn driftsutgiftene. Brutto driftsresultat har vore negativt og det vil fortsatt vere slik også i år 2016. Det seier oss at vi har brukt meir på drift enn det vi har hatt i driftsinntekter. Brutto driftsresultat er negativt og dette vil bli forsterka dersom vi ikkje finn ytterlegare rom for inntektsauke eller reduksjon av kostnadane. Årsaka til at vi ikkje klarer å betre driftsbalansen er at dei sentrale driftsinntektene som kommunen mottek ikkje aukar i same takt som løn og pris, ja, jamvel over tid er einskilde poster redusert. Pensjonsutgiftene for kommunen er høge, men vi reknar ikkje med at dei vil auke i 2016. Så pensjonsutgiftene for dei forskjellige ordningane er lagt på same nivå som i budsjettet for 2015. Utbytte frå Agder Energi har vore ei stor og viktig finansinntekt for Åseral. Eigarane bestemte at utbytte frå og med 2014 skal utbetalast meir etter selskapet sitt resultat og ikkje som eit fast beløp som tidlegare. Det er vedteke ein ny utbyttemodell for eigarane. Dette, saman med låge straumprisar, gjer at vi har lagt til grunn eit redusert utbytte frå Agder Energi – frå 7 til 5,7 mill. kr frå neste år. Vi har lagt til grunn ei avkastning av den langsiktige kapitalen som er plassert i finansmarknaden på 4 %. Halvparten av avkastninga blir føreslått overført til fond som vedlikehald av finanskapitalen. Kommunen har nå opparbeidd seg ei høg lånegjeld, og det medfører betydelege finansutgifter. Viser også til omtale av inntekts- og finanspostane under eit eige kapittel. Det er planlagt fleire investeringar i komande år, og dette vil særleg auke avdrags- og rentebelastning frå 2017 og utover. Bruken av konsesjonsavgifter i driftsbudsjettet er på 3 mill. kr – dvs. same nivå som i år 2015. Netto avsetning av konsesjonsavgifter aukar då til kr 3,1 mill. Det er i driftsbudsjettet finansiert driftstiltak for år 2016 med kr 1,62 mill. I forslaget til budsjett er dei finansiert med bruk av disposisjonsfond, driftsmidlar og DA-midlar. Dei einskilde tiltaka er nærare omtala på dei einskilde tenesteområda. RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 45 3.2 Driftsramme for budsjettår 2016 Budsjettskjema 1A - drift (Beløp i 2016-kroner) Budsjett Budsjett Budsjett Rekneskap 2016 2015 2014 2014 Skatt på inntekt og formue -19 329 000 -19 700 000 -19 700 000 -18 034 150 Ordinært rammetilskot -34 271 000 -33 940 000 -35 330 000 -35 760 833 Skatt på eigedom -24 415 000 -24 640 000 -24 340 000 -25 087 938 Naturresursskatt -13 850 000 -13 600 000 -13 400 000 -13 806 576 Konsesjonsavgifter -6 100 000 -5 645 000 -5 630 000 -6 142 789 Andre overføringar 0 0 0 -3 528 165 Andre generelle statstilskot -1 650 000 -1 008 000 -225 000 -1 127 093 Konsesjonskraft -3 165 000 -5 525 000 -4 932 000 -4 787 215 -102 780 000 -102 058 000 -103 560 000 -108 274 759 -12 220 000 -13 770 000 -11 620 000 -17 970 244 Renteutgifter, provisjonar og andre finansutgifter 2 306 000 2 786 000 2 929 000 2 877 178 Avdrag på lån 5 018 000 5 294 000 4 829 000 4 328 429 -4 896 000 -5 690 000 -3 862 000 -10 764 637 Sum frie disponible inntekter Renteinntekter og finansinntekter Netto finansinnt./-utg. Til dekning av tidlegare reknesk.m. meirforbruk Til ubundne avsetningar 2 675 000 2 535 000 3 110 000 21 528 137 Til bundne avsetningar 6 100 000 5 645 000 5 630 000 6 692 967 0 0 0 -13 418 137 -766 000 -1 870 000 1 207 000 -3 212 365 Bruk av bundne avsetningar -3 200 000 -3 000 000 -3 000 000 -3 000 000 Netto avsetningar 4 809 000 3 310 000 4 533 000 8 590 602 Overført til investeringsbudsjettet 2 220 000 0 2 000 000 871 000 -100 647 000 -104 398 000 -100 889 000 -109 577 795 99 027 000 102 688 000 97 926 000 100 542 163 1 620 000 1 710 000 2 963 000 0 0 0 Bruk av tidlegare reknesk.m. mindreforbr. Bruk av ubundne avsetningar Til fordeling drift Sum fordelt til drift (til planområda) Tiltak over driftsbudsjettet Meir-/mindreforbruk 0 RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 -9 035 632 46 Tabellen over tildeling til planområda viser netto driftsrammer for 2016, med og utan driftstiltak. Viser til kapittel 2.8 for nærare omtale av endringar av driftsrammene for planområda. Budsjett 2016 - fordeling til: Netto driftsrammer for 2015 Forslag netto driftsrammer 2016 Nye tiltak netto budsjett 2016 Netto ramme inkl. tiltak 2016 100 – Rådmannen 6 286 000 6 419 000 275 000 6 694 000 130 – Økonomi og personal 4 041 000 4 495 000 0 4 495 000 11 562 000 11 900 000 150 000 12 050 000 190 - Politiske organ 3 694 000 3 479 000 0 3 479 000 210 – Barnehage 5 985 000 6 128 000 0 6 128 000 220 – Skule og integrering 21 833 000 20 037 000 180 000 20 217 000 310 – Helsehuset 11 170 000 11 972 000 40 000 12 012 000 340 – Pleie, rehab. og omsorg 18 766 000 18 656 000 75 000 18 731 000 390 – NAV 1 826 000 2 044 000 0 2 044 000 510 – Utvikling 8 089 000 8 078 000 700 000 8 778 000 540 – Drift og vedlikehald 3 610 000 2 038 000 200 000 2 238 000 550 – Reinhald 5 462 000 5 481 000 0 5 481 000 364 000 -1 700 000 0 -1 700 000 102 688 000 99 027 000 1 620 000 100 647 000 150 – Service og kultur Felles Sum alle planområda Finansiering av driftstiltaka for 2016 går fram av denne tabellen: Driftstiltak år 2016 Finansieringskjelde Beløp Bru Håvestøl Disp. fond -200 000 Skulebøker stor klasse Disp. fond -80 000 Sykkelcrossbane + reetablering skatebane Disp. fond -100 000 Ekstraordinært vedlikehaldsbudsjett til Soknerådet Disp. fond -75 000 Samhandlingsreforma 310 Disp. fond -40 000 Samhandlingsreforma 340 Disp. fond -75 000 Berekraftig reiseliv DA-midlar -150 000 Destinasjon Bortelid DA-midlar -500 000 Forprosjekt veg Bortelid - Ljosland AE-midlar -50 000 Lokal verdiskaping knytt til Åseralsprosjekta AE-midlar -150 000 Driftsmidlar -200 000 Kjøp av spesialistkompetanse vedr. drift, pleie og omsorg og internkontroll Sum alle driftstiltak år 2016 RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 -1 620 000 47 3.3 Handlingsplan 2016 Ein viser til det som er sagt under dei einskilde tenesteområda vedkomande handlingsprogrammet. Budsjettskjema 2A - investering (Beløp i 2016-kroner) Investeringar i anleggsmidlar Budsjett Budsjett Rekneskap 2016 2015 2014 9 625 000 8 185 000 8 801 273 Utlån og forskoteringar 500 000 500 000 0 Avdrag på lån 490 000 440 000 417 064 Dekning av tidlegare års udekka Avsetningar 1 038 663 0 0 3 255 968 10 615 000 9 125 000 13 512 968 7 280 000 4 200 000 1 112 301 Inntekter frå sal av anleggsmidlar 0 0 3 312 000 Tilskot til investeringar 0 0 1 125 000 490 000 440 000 948 069 0 0 0 125 000 895 000 478 916 0 0 0 Sum ekstern finansiering 7 895 000 5 535 000 6 976 286 Overført frå driftsrekneskapen 2 220 000 0 871 000 0 0 0 500 000 1 590 000 0 Bruk av ubundne investeringsfond 0 0 0 Bruk av bundne fond 0 2 000 000 0 Bruk av avsetninger 0 0 5 301 835 10 615 000 9 125 000 13 149 121 0 0 -363 847 Årets finansieringsbehov Finansiert slik: Bruk av lånemidlar Mottatte avdrag på lån og refusjonar Renteinntekter og utbytte Mva.-kompensasjon Andre inntekter Overført frå driftsrekneskapen – mva.-komp. Bruk av disposisjonsfond Sum finansiering Udekt/udisponert RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 48 Under følgjer oversyn over investeringstiltak i 2016. Utgifter til det einskilde investeringsprosjektet er inkl. mva. 2B – investeringstiltak Ansvar Budsjett 2016 Sløydsalen 200 625 000 VA Bortelid (Velia, Løyningsknodden og Bjelkelaget) 500 9 000 000 Sum investeringstiltak 9 625 000 Finansiering av investeringstiltaka for 2016 går fram av denne tabellen: Investeringstiltak år 2016 Sløydsalen Startlån VA Bortelid (Velia, Løyningsknodden og Bjelkelaget) Overført frå driftsrekneskapen Finansieringskjelde Disp. fond Lån Lån Drifts- og invest. fond Startlån frå husbanken Lån Sum investeringstiltak år 2016 RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 Beløp -500 000 -500 000 -6 780 000 -2 220 000 -10 000 000 49 3.4Prislista Drift og utvikling Det er viktig at kostnadane på VA blir reflektert i avgiftsnivået på rett måte. I høve til at vi står overfor store investeringar på avløp, har vi sett oss nøydde til å auke avløpsgebyret ut over deflator. Brøyting av private vegar har ein prisauke som er lågare enn deflator då vi har nytta maskinprisindeksen til å justere prisen. Byggesaksgebyra er auka noko ut over deflator då vi står i fare for å misse nokre gebyr. Arbeidet fell ikkje bort, og det er slik at byggesaksgebyra skal dekke kostnaden vi har til handsaming av desse sakene. Vi har likevel ikkje dekka inn heile bortfallet av desse gebyra sjølv om vi aukar prisen ut over deflator. Oppvekst og levekår Nokre presiseringar er gjort ved at ein har teke inn fleire varer/tenester i prislista. Barnehagesatsane følgjer forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Sentraladministrasjonen Utleige av bustadar og administrasjonslokale aukar i tråd med avtalt indeksregulering og i hht. avtale. 3.5Likviditet Kommunen har gjennom 2015 hatt ein god likviditet. Drifts- og investeringsbudsjettet som blir lagt fram til politisk handsaming vil ikkje endre nemneverdig på det. Åseral, 20. november 2015 Kjell Gunnar Olsen rådmann RÅDMANNEN SITT REVIDERTE FORSLAG | 20.11.2015 50 Åseral kommune | November 2015
© Copyright 2024