■ Referat frå samarbeids- og drøftingsmøte mellom rektor og organisasjonane med heimel i Hovudavtalen Del B , § 3 ved Dato: 02.06.2015 Ref: Sakliste: Til stades: Frå organisasjonane: Organisasjon:………………………………Namn:…………………………. 1: 2: 3: 4: 5: 6: Godkjenning av referat og saksliste Orienteringssaker Drøftingssaker initiert av arbeidsgivar Innmeldte saker frå organisasjonane Samarbeidssaker (avvik frå mal) Eventuelt DELTA (S) Fagforbundet (F) Gjørtz, Elisabeth Utdanningsforbundet Utdanningsforbundet NITO (S) Skolens Landsforbund Riise, Frank Heltne, Iris Vågnes, Oddbjørn Stokke, Sissel Frå arbeidsgjevar: Rolle:……………………………………………Namn:…………………………. Avdelingsleiar Avdelingsleiar Ass.rektor Rektor Kopi av referat skal straks leggjast ut på nettsida til skolen under OD-møter: http://mrfylke.no/Intranett/ArbeidsgivarHR/Arbeidsgivarpolitikk/Medraaderett/Droeftingsmoeterutdanning/Lokale-OD-referat Referent: Jeanette S. Håhjem Ordstyrar: Elisabeth Gjørtz Møteleiar: rektor Devold, Torhild Henriksen, Kjell Tangen, Arne Fagervoll, Jessie S Stad og tid: Tysdag den 02.06.15 Kl. 0830 – 0945 Neste møte: Dato: 09.06.15 Stad: Møterom 24107 Sak 1: Godkjenning av referat frå førre møte og sakliste Ingen kommentarar til referatet. Utdanningsforbundet har 2 saker til neste møte: - BA – fellesfaglærarane ønskjer ikkje at utplassering i bedrift skal komme på same tidpunkt som karakteroppgjera. Usikker på om dette var rette forum? - Fag- og timefordeling må tidlig ut, helst før sommarferien. Gjeld spesielt for dei som får endring i fag. Frist at det skal være klart minimum 14. dager før skolestart. Sak 2: Orienteringssaker 2.1 Sertifisering etter DNVGL-ST-0029 – status 2.2 Økonomi – orientering om rapporten pr april og om budsjett for spesialundervisning 2015-2016, sjå meir sak 3.1 2.3 Internasjonalisering – ramme tildelt frå SIU for 2015-2017 115 914 Euro 2.1. Borgund Vgs er godkjend og vi får sertifisering på undervisningsstandaren DNVGL – 1 ST-0029. Vil få eit sertifikat som vil vise at heile skolen er sertifisert. 2.2 Skolen har totalt eit overforbruk, og det blir leita etter feil og forklaringar. Der er funne ein føringsfeil der vi har belasta 2 klasseressursar, (1 225 000 *2)/4 på ramme 37 som skulle vore ført på ramme for ordinær skoledrift. Dette blir ompostert, og vi vil få verknaden av omposteringa på juni rapporten. Rektor har sendt ein førespurnad til fylkeskommunen om å få oversikt over heile budsjettildelinga til skolen, ønskjer openheit om kva vi får tildelt. Ved gjennomgang av budsjett for neste skoleår, vart det oppdaga at vi av ei resttildeling får alt på hausten og ingen ting på våren – og det er stilt spørsmål ved om det er gjort same feilen inneveran skoleår. I tilfelle har det som konsekvens at vi har lagt inn eit forbruk på meir enn 2 milloonar kr enn skolen faktisk har fått. (I ettertid har Økonomiseksjonen på Utdanningsavdelinga tatt kontakt med rektor og informert om fylgjande: 1) Denne feilen er ikkje gjort for inneverande år. 2) Når det gjeld neste skoleår, vil Utdanning legge inn 7/12 også på våren slik at skolane kan ha forutsigbarheit.) 2.3 Borgund vgs har fått tildelt 115 914 Euro i perioden 2015 - 2017. Ingen enkeltskole fekk tildelt så mykje! Rektor informerer i vekesinformasjonen, men om det er ønskeleg kan vi be ein av dei som driv internasjonaliseringa her på skolen om litt fyldigare informasjon i eit samarbeids- og drøftingsmøte. Sak 3: Drøftingsaker initiert av arbeidsgivar 3.1 Stillingsplan for skoleåret 2015 – 2016 – rektor hadde i skrivande stund framleis ikkje mottatt prøveinntaket til skolen. Men sidan eposten stort sett var nede heile fredag, og prøveinntaket kom i løpet av fredagen, viser dette av VG2 bygteknikk er lagt inn. Samstundes viser det at den 4.klassa på VG1 DH slett ikkje er uaktuell. Men svaret på om den blir lagt inn, får rektor ikkje svar på før tidlegast onsdag den 3.juni. Prøveinntaket seier noko om behovet for spesialundervisning og grupper som vil trenge ekstra ressursar. Budsjettet for spesialundervisning har kome for hausten, på årsbasis viser dette ein reduksjon på ca 1,5 mill kroner, noko som tilsvarar ca 3 fagarbeidarstillingar eller ca 2 lærarstillingar. Korleis dette kuttet skal gjennomførast må drøftast med dykk og med utgangspunkt i det inntaket skolen får. Det har heller ikkje kome svar vedkomande ressursar knytt til HMS tiltak på verkstadane – elevtalet er framleis 15 også i klasser som er utsette i høve til HMS. 3.2 Rettleiarutdanning – oversikt over kor mange som har meldt seg til eksamen, blir gitt i møtet – registreringa blir gjennomført i løpet av helga. Utdanningsforbundet ved Iris sende ein epost etter møtet den 20.05.15 (vedlagt). Aktuelle spørsmål frå denne blir tatt opp i møtet. 3.3 SFS 2213 - Det har kome melding frå fylkeskommunen om at det fortløpande skal leverast: - SFS 2213 pkt 5, 5.1 protokoll - SFS 2213 pkt 4b avtale 3.1 Det er lagt inn 3 klasser på VG2 byggteknikk på prøveinntaket som kom fredag 29.05.15, men fortsatt usikkert om ei 4.klasse på VG1 DH. Rektor er i dialog med fylkeskommunen. Det er 13 elevar med ungdomsrett på VG1 HO som ikkje er tatt inn nokon stad. Erfaringsmessig har desse ofte søkt DH. Det vil vere meiningslaust å melde tilsette overtallige no, for så å måtte tilsetje igjen ved skolestart. Ein eventuell overtalsprosess blir difor utsett. Oversikt av fordeling av pedagogisk ressursar for 2015 – 2016 pr dags dato vart vist fram, men denne er usikker pga usikkert klassetala. Budsjetttala tyder på at vi skal gjere same jobben for mindre pengar i åra som kjem. 3.2 Det er god oppslutning i høve til eksamen. 102 var påmelde til eksamen innan 1.juni. Svar på spm frå utdanningsforbundet: Nei til munnleg eksamen Nei til å utsette eksamen til hausten Ja, gjennomføring av eksamen kan skje over fleire veker og Høgskulen i Volda signaliserer at dei kan vere veldig fleksible på det. Utdanningsforbundet kjem med ønske frå sine medlemmar om at dei vil arbeide i faggrupper. 3.3 Borgund Vgs har laga årsplanar, så vi gjer ikkje noko her. Årsplan som vi blir einige om, er grei nok. Rektor viser fram tabell som vi brukar for å fordele timar pr. skuleår, og her ønskjer utdanningsforbundet at dette blir vist på eit fellesmøte ved start på skuleåret, kva som er planlagt og evt. omdisponeringar. Utdanningsforbundet etterlyser ein annan måte enn den gamle konverteringsregelen til å rekne om omdisponeringar frå undervisning til anna elevretta arbeid på. Rektor vil gjerne ha forslag til korleis det kan gjerast. Sak 4: Innmeldte saker frå organisasjonane 4.1 Den nye arbeidstidsavtalen – med utgangspunkt i den lokale rettleiaren til SFS2213 som det er semje om på fylkesnivå, skal vi utarbeide vår eigen arbeidsavtale. Rektor ønskjer å behalde den årsplanen som vi har per i dag som viser tidsbruken i dei ulike vekene. Vidare er forslaget at arbeidsplanen som vi har brukt blir utgangspunkt også for neste skoleår sjølvsagt med naudsynte justeringar. Vedlagt fylgjer eit meir utfyllande forslag til bruk av reknearket. Vær vennleg å leite etter feil og forbetringar. 4.1 Det er usemje mellom leiinga og organisasjonane på arkfana Arbeidsplan ved bedriftspraksis. Organisasjonane meiner at det er berre SGS 1010 som skal nyttast ved reise i utlandet. Rektor meiner SGS 1010 skal brukast ved ekskursjonar der læraren har alt ansvar, elles gjeld vanleg arbeidsplan og reiseregulativet. Sak 5: Samarbeidssaker 5.1 Handlingsplan for Borgund vgs 2015-2016(det som vi i dag kallar tiltaksplan) 5.1. Sak 6: Eventuelt 6.1
© Copyright 2024