Referat til Samarbeids

■ Referat til drøftingsmøte mellom rektor og organisasjonane
med heimel i Hovudavtalen Del B , § 3 ved
Dato: 24.02.15
Ref:
Sakliste:
Til stades:
Frå organisasjonane:
Organisasjon:………………………………Namn:………………………….
DELTA (S)
Fagforbundet (F)
1:
2:
3:
4:
5:
6:
Godkjenning av referat og saksliste
Orienteringssaker
Drøftingssaker initiert av arbeidsgivar
Innmeldte saker frå organisasjonane
Samarbeidssaker (avvik frå mal)
Eventuelt
Utdanningsforbundet
Utdanningsforbundet
NITO (S)
Skolens
Landsforbund
Frå arbeidsgjevar:
Rolle:……………………………………………Namn:………………………….
Avdelingsleiar
Avdelingsleiar
Ass.rektor
Rektor
Kopi av referat skal straks leggjast ut på nettsida til skolen
under OD-møter: http://mrfylke.no/Intranett/ArbeidsgivarHR/Arbeidsgivarpolitikk/Medraaderett/Droeftingsmoeterutdanning/Lokale-OD-referat
Referent: Jeanette S. Håhjem
Ordstyrar: Elisabeth Gjørtz
Møteleiar: rektor
Gjørtz, Elisabeth
Engeset, Janne
Riise, Frank
Heltne, Iris
Vågnes, Oddbjørn
Stokke, Sissel
Devold, Torhild H
Henriksen, Kjell
Tangen, Arne
Fagervoll, Jessie S
Stad og tid: Tysdag den 24.02.15
Kl. 0830 - 0945
Neste møte: Ikkje avtalt
Dato:
Stad: Møterom 24107
Sak 1: Godkjenning av referat frå førre møte og sakliste
Ingen merknad til referat frå møte 27.01.15, men rektor beklagar sein innkalling til dagens
møte. Det vart ikkje sett ny dato til neste møte, det er mykje som skjer framover. Vi blei
einige om å pratast på AGP -konferansen 10. og 11. mars, om det er noko viktig.
Sak 2: Orienteringssaker
2.1 Resultatrekneskapen for 2014 – vedlagt.
2.2 Oppdragsbrev frå fylkesutdanningsjefen og årsmelding for skolane
2.3 Risikovurderingar i alle avd. skoleåret 2014-2015 – kort om status
2.4 Sertifisering etter DNVGL-ST-0029 – kort om status på arbeidet
2.5 Status på utbygging av skolen, Byggesteg 5 og den nye brakkemodulen
2.6 Påmelding til AGP-konferansen den 10. og 11.mars i intern kalendar – gjeld alle
tillitsvalde, leiarar og verneombod. Kvar enkelt må melde seg på sjølv.
2.1 Rektor viser resultatrekneskapen for 2014, som viser overskot på skoleramma. Det er
underskot på spesialundervisning ramme 37, der behovet er større en ramma rekk til, bl.a.
1
ressurs til integrerte elevar. Skolen hadde rekna med å få ekstra midlar for elevar i
barnevernsinstitusjon skal ha spesialundervisning. Det vart det ikkje kompensert for. Men
det er eit flott resultat, vi har klart å snu dei negative tala frå 2013.
2.2 Den endelege oppdragsavtalen var lagt ved innkallinga, den er tidlegare gått gjennom.
Det vart difor brukt lite tid på denne.
2.3 Skolen har gjennomført nye risikovurderingar på alle avdelingane. Det er ikkje sagt
noko om kva som er ein risiko, men tilsette og elevar skal vurdere kva dei meinar er ein
risiko. Etter tilbakemeldingar, blir det vurdert om skolen må sette inn tiltak. Det har kome
nokre saker det må sjåast nærare på. Håpet er å få eit felles mål og forståing for arbeidet,
slik verktøyet blir nyttig i kvardagen.
2.4 Sertifiseringsprosessen DNVGL-ST-0029. Alle leiarane er godt i gang med arbeidet, ein
tek utgangspunkt i eksisterande dokument og tilpassar dei standarden. Ein blir meir bevisst
på rutinar, å ha god struktur og å vere skjerpa. Så langt er tilbakemeldingane at det er eit
god utbytte av arbeidet.
2.5 Ny brakkemodul - Det er lovt innflytting i månadsskifte mars/april. Det er ei utfordring
med situasjonen slik den er i Borgundhallen i dag. I år blir det ein elev som skal bruke
bygget, men satsar på 4 elevar til neste skoleår. Det vil avlaste situasjonen på ATO.
Når det gjeld byggesteg 5, gjennomførte plannemda møtet sitt i februar på Borgund vgs.
Leiar i plannemnda var ikkje fornøgd med situasjonen, men kan ikkje gi nokon lovnad på
start av byggeprosessen før tida. Dei tillitsvalde minner om at brakkene berre er godkjende
for 2 år. Dei peikar på at arbeidsmiljølova må brukast sterkare, bruke Riskmanager og
registrere avvik (lys, ventilasjon og toalettforhold) BYVE bruker avvik som er registret når
dei vurdere prioriteringane på kommande prosjekt.
2.6 AGP – konferansen - Husk å melde deg på, via intranett. Pga. tett program framover må
vi bruke ledig tid her til diskusjonar og saker som kjem opp som hastar.
Sak 3: Drøftingsaker initiert av arbeidsgivar
3.1 Forslag til rutinar ved klage på ein kollega – saka er sendt til juridisk avdeling for
gjennomgang
3.2 Stillingsplan for skoleåret 2015 – 2016 Vedlagt fylgjer nokre grunnlagsdokument,
vedtatt skolebruksplan, budsjettskjema 1-4 og behov for pedagogiske stillingar på Borgund
vgs 15-16 pr 16.02.15. Meir om søkjartal så langt i møtet. Rektor prøver også å få på plass
ei oversikt over tal på faste tilsette innanfor dei ulike fagområda til møtet.
3.3 Skjema for val av seniorordning for dei som er fødde i 1962 eller tidlegare jf ny SFS
2213 – sjå vedlagte forslag.
3.1 – Venter på en uttale frå juridisk avdeling.
3.2 – Rektor vise søkjartala pr. 24.02. Har begynt å sjå på stillingsplanen for 2015 – 2016,
det er knytt spenning til fleire avdelingar. Det blir viktig å sjå på talet av klassar, men må
vente til etter fristen som er måndag 02.03.15. Håper på ikkje overtal, da vi brukar ein del
vikarar dette skoleåret. Rektor sender ut forslag når det er klart. Kan sjå ut som det blir
vanskelig på DH,og kanskje TP og BA. (Det var den 24.02.15 – ved ferdigstilling av
referatet i dag, er situasjonen endra. Det betyr at pr i dag den 02.03.15, er det ingen grunn
til å starte overtalsprosessar – vi må i alle fall vente på korleis sekundærsøkjarane fordeler
seg.)
Utdanningsforbundet lurer på om det bli satsa på vidareutdanning? No er der mykje ein kan
søkje på, og om blir dette oppmoda til frå leiinga si side? Rektor tar med litt i info veke 10.
Frist for å søkje er 15. mars og til no er bare kome 2 søknadar, frå ein tilsett.
3.3 – rektor legg fram eit nytt utkast med bakgrunn i kommentarane i møtet. Sjå vedlegg
og gi tilbakemelding om dette ser ok ut. Blir einig om å endre frå: …ber eg om at det blir
tatt opp med meg til ….kan det bli tatt opp med meg. (ved overtal på avd.)
Sak 4: Innmeldte saker frå organisasjonane
4.1 –Den nye arbeidstidsavtalen – klargjering i god tid før skoleslutt inneverande år.
Orientering om den prosessen som fylkeskommunen og organisasjonane set i gong. Felles
skolering ser ut til å bli den 21.april.
4.1 Før 21. april då det blir felles skolering, skjer det mykje ho både
arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivar. Vi ventar med vidare drøftingar inntil partane
på fylkesnivå kjem med fleire føringar.
Evaluering av bruken av dei 6 studiedagane inneverande skoleår:
Det har fungert greitt her på skolen, og alle er einig om at det kan forsette som no. Det er
ikkje stemning for at fylkesnettverka skal disponere to dagar.
Sak 5: Samarbeidssaker
5.1 Kvalitetsplan frå fylkesutdanningssjefen – Sjå dokument lagt i Fronter -> Pedagogisk
arbeid (nyheiter) Korleis skal vi handsame denne framover?
5.1 – Kvalitetsplan 2015-2019 er lagt ut til alle tilsette med høyringsfrist 20.03.15 for å
komme med kommentarar. Når rektor får inn svara frå avdelingane, pedagogiske
personale, blir det sendt ut på e-post til medlemmane i samarbeids- og drøftingsmøte.
Sak 6: Eventuelt
6.1