PP juni og juli 2015

www.havrenes.florabarnehagen.no
Månadsbrev juni og juli 2015
Evaluering av mai: Mai har vore den store bursdagsmånaden vår: Erik den 5, Sigve den 8 og
Mattis den 11. Vi feira dei med flagg, song, plakat og krone. I starten av månaden lærte vi om
17 mai. Vi snakka om fargane i flagget vårt og viste bilete av kongefamilien og øvde litt på 17
maitog. Så song vi på: "Ja vi elskar" og "Det går eit festtog gjennom landet". Vi brukte
fargane raud/blå/kvit i bilete der barna fekk legge bitar av kvar farge på kontaktpapir. Fredag
22 mai (er den 24. mai) markerte vi Eritrea sin nasjonaldag. Titus hadde med si festdrakt, god
mat som vi fekk smake på og flotte bilete av feiring i Oslo og dyrebilete frå Eritrea.
Etter 17 mai til 3 juni: hadde vi om fadderbarnet vårt DELVIN. Vi brukar eit bilete av Delvin
som er blitt 15 år no, landet Honduras (vise det på globus) og flagget i kvitt og blått. Vi telte
på spansk: uno, dos og tres. Småting som vi prøver å lære barna om Honduras er at dei dyrker
bananer og kaffibønner der og at landet har gull- og sølvgruve. Vi har fått tilsendt plakatar frå
SOS Barnebyer som er fine å samtale rundt. Ellers øver vi oss på songane og laga nokre
kunstverk som de foreldre skal få kjøpe på sommarfest 3 juni (sjå eige inf. brev). Ellers heng
oversikt over arbeidsfordeling og loddbøker på ytterdøra vår.
Å ha eit fadderbarn går mykje ut på å hjelpe andre. Dette er vanskeleg å formidle til små barn.
Men det vi legg vekt på er å rose barna for prososial adferd, som å hjelpe kvarandre og vise
omsorg overfor kvarandre. Det barna får ros for, vil dei gjenta og gjere til sitt, over tid.
OVERFLYTTING TIL STOR AVDELING: Live skal begynne på avdeling Blåmann og
Titus, Mattis, Sigve, Johan og Lucas Andre på avdeling Rosa Panter ved nytt barnehageår.
Ein flott gjeng som er klar for STOR AVDELING. I veke 24 vil vi gå på besøk der slik at
barna blir litt kjent med avdelinga, vaksne og barn, og vi brukar sommaren til å vere meir og
meir på stor avdeling. I løpet av juni vil foreldre motta eit velkommenbrev frå Blåmann og
Rosa Panter og eit informasjonsbrev. Før nytt barnehageår vil vi ha ein fest for desse barna.
Heldigvis har vi igjen 5 kjekke barn på avdelinga: Lenea, Ella, Tora, Erik og Jakob. Til
hausten får vi 6 nye barn: Christine Isabell, Lucas, Emil, Iver, Sander og Sondre. Velkommen
til oss alle sammen. Fredag den 5 juni er dei nye barna på besøk hos oss kl 10-11 slik at vi får
bli litt kjent. I veke 25 vil vi ha ein sommartur til akvariet til Monica Landøy og kanskje ein
busstur med dei store barna. Eige skriv vil komme. Er det foreldre som vil vere med så blir vi
veldig glad for det.
Elles: Veldig fint om de tar på barna solkrem på solrike dager, så gjer vi det same om
ettermiddagen. Ta gjerne med solhatt og solbriller. Husk å vaske vannflaskene/koppane til
barna kvar dag- dei vil bli brukt til fruktmåltidet i staden for kopper.
JUNI MÅNAD: Denne månaden har vi fagområde antall, rom og form i rammeplanen, der vi
har ansvar for å oppmuntre barns eigen utforskning og legge til rette for tidleg og god
stimulering. I språkplana for juni står det at vi skal fremje barna si lese- og skriveutvikling.
Då vil vi ha fokus på tal og bokstaver. Vi vil male namna på barna på vindauget og skrive
bokstavane på data og bruke telle songar i samlingstunda. Elles skal vi øve på mor og far sitt
namn og telle kor mange år vi er.
St.Hans feira vi tysdag 23 juni med barna på Peter Pan som brudefølgje. Det blir brudevals,
sommarsongar og pølse m/brød til maten.
Når juni er over, er det sommar og ferietid. Fellesaktivitetane som grupper, songstund,
fellesmåltid blir avslutta for sommaren. No ”grip” vi dagen meir spontant og planlegg alt
etter ver og vind og kva vi har lyst til. Det kan vere småturer, finne småkryp, ete ute i det fri,
vannleik ute, songleikar, temaarbeid.
FERIETID: Nokon veker i juli er avd. Rødhette og avd. Peter Pan ”slått sammen”. Då er
meste parten av barna og personale på ferie. Vi prøver å avvikle ferien slik at det er igjen 1
kjent person frå kvar avdeling heile sommaren. Elles bruker vi vikarar som er kjente i
barnehagen frå før.
VI HÅPER PÅ EIN KJEMPEFIN SOMMAR.
Personale til hausten blir som no: Barne og ungdomsarbeidar Hilde Jagedal, Pedagogisk
leiarar Eva Barstad og Bente Hallerud Domben.
Ha ein kjempefin sommar. Helsing Bente, Hilde, Eva, Eirin.
Oversikt over Juni:
Mandag 01.06
Tirsdag 02.06
Vi øvar på
Vi øvar på
songane til
songane til
sommarfesten. sommarfesten.
Mandag 08.06
Denne veka går
vi på besøk til:
Blåmann: Live
Rosa Panter:
Titus, Mattis,
Sigve, Johan og
Lucas Andre.
Tirsdag 09.06
Mandag 15.06
Tirsdag 16.06
Mandag 22.06
Tirsdag 23.06
Jonsokfeiring
med Peter Pan.
Brudefølgje
med alle barna
på peter pan,
brudevals.
Pølse m/brød.
Onsdag 03.06
Sommarfest kl
16. Sjå eige
skriv og
oppgåver.
Mandag 10.06
Onsdag 17.06
Sommartur til
akvarium og
ser på dyr og
fiskar.
Onsdag 24.06
Torsdag 04.06
Vi tar ned
plakater om sos
barneby og
Delvin.
Fredag 05.06
Vi har besøk av
dei nye barna
kl 10-11.
Christine
Isabell, Lukas,
Emil, Iver,
Sander, Sondre.
Onsdag 11.06
Fredag 12.06
Bruker telle og
namnesongar i
samlingsstunda,
og skrive navna
til barna på
data.
Torsdag 18.06
Kanskje ein
busstur med dei
største barna.
Fredag 19.06
Torsdag 25.06
Eva begynner
på ferie.
Fredag 26.06
Hipp hipp
hurra: Johan er
3 år (27.06).
Fest, song og 3
gongar opp i
lufta.
Songar til St.Hans.
Bind deg ein blomekrans
Bind deg ein blomekrans, kom så til leik og dans, fela ho læt no så vakker i lund. Sitt
ikkje stur og tung, syn at du og er ung, veks fri som fagre lyng, dans no og syng.
Per Spelemann
#Per speleman han spela og fela ho let#
#så gutane dansa og jentene gret#
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi
+
#Per speleman han spela og fela var go#
#så gutane dansa og jentene lo#
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi
FOKUSORD FOR JUNI/JULI 2015
SOL
DANS
BLOMSTERKRANS