Velkommen til nytt barnehageår på Blåmann ! Dette året er det 20

Velkommen til nytt barnehageår på Blåmann !
Dette året er det 20 barn på Blåmann. Vi har fått 7 barn frå Peter Pan og Rødhette . Vi er 15
jenter og 5 gutar.
I år jobbar desse på avdelinga :
Mariann Hatleset – pedagogisk leiar
Anita M I Olsen – pedagogisk leiar 80%
Hildegunn Kvistad - ped.l 20%
Zekija Dzelatic - assistent
Unni Pedersen – ekstra assistent 50% (på kjøkkenet og avdelinga)
Ann Kristin Takle Winterthun er òg knytt til avdelinga tirsdagar og torsdagar.
Den første tida legg vi vekt på at barna skal bli kjend med kvarandre. Det er litt rart at mange
av leikevennane har byrja på skulen. Dei nye skal òg verte kjend med nye rutinar på stor
avdeling og mange nye vennskap skal etablerast.
Vi legg vekt på leik og aktivitetar inne og ute ! Kvar dag har vi samlingstund der vi pratar
saman, les eventyr, syng og har det kjekt ilag. Vi bruker opplegget «Venner» , som handlar
om kanina og pinnsvinet. Temaet er vennskap og korleis vi skal vere med kvarandre.
Florabarnehagen har ein felles språkplan. I august legg vi vekt på songar. drama og rim og
reglar.
Månadens song : Blåmann Blåmann bukken min ( to vers)
Månadens fargar : Blå for Blåmann og rosa for naboavdelinga Rosa Panter
Månadens regel : Telje til ein telje til to , høna går ikkje med strømper og sko….
Som ein del av den nasjonale satsinga på realfaget i barnehagen jobbar vi ekstra med å lære
barna å sortere og systematisere leikane og formingsmatriale på Blåmann. Kvar dag har vi
lærerike og kjekke ryddesituasjonar. Alt har sin faste plass på dei ulike romma våre.
Barna på Blåmann :
Barn fødd i 2010 : Maja, Millie Rose, Andrine, Sina Marie, Amalie, Birk, Åsmund
Barn fødd i 2011: Vilde, Poovija, Caroline, Tilla Sofie, Cecilie
Barn fødd i 2012 : Anne Sofie, June Isabell, Henrik, Live, Malin, Solveig, Oliver, Adrian
Bursdag i august har Malin, som blir 3 år 24.august. I ferien har òg Poovija blitt 4 år, Sina
Marie 5 år og Live 3 år! Hurra!!!
Når barnet kjem i barnehagen byrjar dei med å vaske hender. Vi et frukost på kjøkkenet frå
kl.06.45 til 07.30. I dette tidsrommet ber vi dykk foreldre fylgje barnet inn på kjøkkenet. Vi
har frukost på avdelinga fram til kl.09.30. Dei som vil kan ete yoghurt til frukost. Vi har ikkje
yoghurt til fruktmåltidet kl.14, men barna får ete det som måtte vere att i matboksen sin.
Vi har barn med peanøttallergi og eggallergi. Ver difor venleg å ikkje sende med peanøtter
eller egg i matboksane.
I september byrjar vi med aldersdelte grupper i samarbeid med Rosa Panter. De får meir
informasjon i neste månadsbrev.
Vi koser oss ute i all slags ver ! På regnversdagar er det viktig at de tek med regntøyet heim
til tørk. Det heng så tett i garderoben at vi klarar ikkje å få det tørt.
Alle barna må ha med seg ekstra tøy og ein kopp !
31.august får vi besøk frå Rikskonsertane! Førestillinga heiter ” Mister Ping”. Tilbodet er for
de største barna.
Ann Kristin Takle Winterthun vil også dette året ha kor for små og store, på tirsdagar !
I månadsbrevet for september vert det informasjon om organiseringa og innhaldet på
avdelinga
I september vert det foreldresamtale med dei nye barna. Dei andre får same tilbodet i
oktober og november!
HUGS ! Onsdag 16.september er det FORELDREMØTE !
Vi gler oss til eit lærerikt og kjekt år!
Helsing
Mariann, Anita, Hildegunn, Zekija og Unni