Styremøte SELJORD IDRETTSLAG Dato: 17.08.2015 Deltakarar: Tellef Solås (TS), Iselin Stundal (IS), Willy Aufles (WA) (fotball), Terje Øverland (TØ) (ski), Gunn Helga Vindfjell (GHV) (ridegruppa) (delar av møtet), Adle Helen Tveiten Øya (AHTØ), Forfall: Svanhild Verpe Moen (SVM), Øyvind Oland (ØO) (A-lag), Ingvild Øverland (IØ) (handball), Geir Særsland (GS) (anlegg) Følg opp: Nytt møte med undergruppene 21. september kl 19.00 på Granvin. Viktig at ein frå kvar gruppe er representert for diskusjon rundt samarbeid og treningstider. Nr Sak Vedtak 41/15 Gjennomgang av referat frå sist styremøte (vedlegg) Status Eventyrøy Referat gjennomgått og godkjent. 42/15 Ansvar Møte i dag. Vidar Tveiten har hand om utsending av anbod på arbeida. Alf Johansen tek av jorda. Planering av tunellmasse – tre stk forespørslar er sendt ut. Eige anbod på planering. Val av leverandør av kunstgrasbane og val av friidrettsbane er nå avgjort. Tømmer, kvist og buskas samt gjerde er fjerna på dugnad. Har ikkje økonomisk oversikt ennå før prisane er i hamn. Prosjektet er i rute ihht plan. 43/15 Status Raudkleiv Møte i dag. Frist 31. oktober for ferdigstilling av lysanlegg. Dette vert stressa litt, då tilskott er avhengig av dette. Skisse heishus skal framleggast og settast opp før sesongstart. Seljord Personal har også tatt ansvar for ei vedlikehaldsavtale av anlegget. Gunhild Tveiten og Geir Særsland jobbar med ein Instruks for bruk av anlegget knytta til drift av heisanlegget. Gapahuk skal settast opp (Seljord Personal). 1 Frist 44/15 Matsal SIL under Dyrskun utkast til avtale om matsal for 5 år samt mannskapslister Utkast føreligg. SIL må kome med tilbakemeldingar på punkta i avtala. Innspel: Lokalmat som vi blir pålagt og som vi ikkje tener på – SIL bør ikkje betale for produkt vi ikkje får velge og som vi ikkje tener på. Andre kommentarar vart gjennomgått og diskutert. Ingen merknadar utover dette. Mannskapslista for Dyrskun: 14-19 år er sett opp på to vakter, men 3-5 timars vakter. Dag to vert godskrive laget dei representerer. Det er i år langt mindre innleige samanlikna med tidlegare år. Kvitsund steppar inn der andre melder avbod. 45/15 Sak frå handballgruppa Forslag om at barneidrett og ulike andre aktivitetar samarbeider om opplegget slik at aktivitetar som barneidrett, fotball, handball og ski ikkje konkurrerer med kvarandre om dei minste utøvarane. Tellef Solås tek kontakt med folkehøgskulen om dei skal ha barneidrett i år også. Saka kjem opp at på neste styremøte, der alle undergruppene og Svanhild (organisering av treningstider på Granvin) må vere representert. 46/15 47/15 Rapport frå undergruppene med økonomistatus Ymse TS Utgår til neste møte. Ole Einar Bjørndalen fondet deler ut 20 skiskyttarbørser i løpet av ein 5 års periode. SIL ved Terje Øverland har søkt og vi har fått ei børse frå dette fondet. Verdi ca 25.000. Terje Øverland reiser på premieoverrekking og passar på å få tatt bilete av eventen. Gjennomgang status på politiattestar. Ref. Iselin 2
© Copyright 2024