Oppsummering - Fylkesmannen.no

Ungdomstrinn i utvikling – hovudmoment frå sluttrapportane til
deltakarane i pulje 1 frå Hordaland
Tabellen under viser deltakarane i pulje 1 frå Hordaland. Dei momenta vi har trekt fram er gjort med
utgangspunkt i dei rapportane deltakarane har sendt Fylkesmannen.
Kommunar
Askøy
Fjell
Øygarden
Austrheim
Voss
Ullensvang
Ulvik
Eidfjord
Austevoll
Fusa
Tysnes
Stord
Private skular
Skular
Erdal og Fauskanger
Fjell
Øygarden
Kaland og Årås
Sundve og Voss
Hauso og Kinsarvik
Brakanes
Lægreid
Austevoll
Fusa
Tysnes
Nordbygdo, Nysæter og Stord
Danielsen Sotra
Danielsen Frekhaug
Bergen Kristne Grunnskule
Møllebakken skole
Nordhordland Kristne Grunnskule
Val av mål og satsingsområde
Deltakarane i pulje 1 har i hovudsak valt klasseleiing og lesing i alle fag som satsingsområde, men
nokre har hatt skriving eller rekning som satsingsområde. Fleire gir samstundes uttrykk for at eit meir
overordna mål har vore å få etablert «skulebasert kompetanseutvikling» som utgangspunkt for
organisasjonsutvikling gjennom tiltak som kollegarettleiing, systematisk refleksjon over praksis på
tvers av fag og trinn, skulevandring og Lesson study som metode i aksjonslæring.
Skuleeigar si rolle
Det var fleire private skular med frå Hordaland i pulje 1, og ein seier dette: «I likhet med de fleste
andre privatskoler, har skoleeier ikke vært direkte involvert. (Skolestyret består av mennesker som
gjør frivillig arbeid.) Som skoleleder har jeg derfor informert – skriftlig og muntlig – på samtlige
styremøter i denne perioden.»
I dei minste kommunane våre kan skuleeigar- og skuleleiarrolla bli utført av ein og same person, og
det er derfor enklare å vise til skuleeigar si rolle i dei større kommunane. Askøy kommune seier til
dømes at skuleeigar gjennom arbeidet med pulje 1 har fått auka fokus på skulebasert
kompetanseutvikling som grunnlag for utviklingsarbeid for alle skulane i kommunen. Dette tar
skuleeigar med seg i arbeidet med ny temaplan for skole. Stord kommune seier: «Etter kvart såg me
at i den fasen kor skulane samarbeidde nært med HSH, var det lite behov for andre ressurspersonar.
Samarbeidet gav skulane ei ramme for arbeidet som sikra god framdrift og viktig læring i heile
organisasjonen. Nå når denne fasen er over, tar skuleeigar ei tydelegare rolle i forhold til å setja mål
og ha klare forventningar til arbeidet ute på skulane, og støtta frå utviklingsvegleiaren har i dette
arbeidet stor verdi.»
Skulebasert kompetanseutvikling
1. Oppstartsfasen:
Det er stor skilnad på deltakarane sine omtalar av oppstartsfasen. Den blir omtalt som kjapp og noko
kaotisk med liten tid til forarbeid og forankring i personalet. Det blir peika på som uheldig å måtte
velje satsingsområde utan gode analysar i botn. I andre enden av skalaen er det døme på skular som
hadde inngått intensjonsavtale med «sin» høgskule på det valde satsingsområdet allereie før pulje 1
starta opp.
I rapportane Fylkesmannen har mottatt blir møta med UH-institusjonane opplevd som konstruktive.
Høgskulane har hatt ønske om å rettleie skulane der dei sjølve meinte behovet var. Etter tre
semester er tilbakemeldinga at samarbeidet med høgskulane har vore svært positivt og nyttig for
skulane. Skulane har fått god støtte og møtt dyktige fagpersonar som viktige bidragsytarar både i
forhold til arbeid med fag i klassane, klasseleiing og organisasjonslæring. Rapportane viser at
høgskulane både har følgt skolane godt opp, og dei har og vore pådrivar i arbeidet. Samarbeidet har i
all hovudsak vore ei god oppleving.
2.Teikn på betre praksis
Det vert vist til ulike teikn på forbetring. Dette kan til dømes vere at enkle, tydelege mål retta mot
klasseleiing har gitt praksisendring. Ein har utvikla felles standardar og lagt tydeleg vekt på relasjonar.
Vidare vert det vist til at lærarane har fått ei større forståing av lesing som grunnleggjande dugleik. I
rekning har lærarane blitt meir medvitne på å knytte rekning inn i eigne opplegg og samstundes gjere
elevane merksame på korleis rekning er til stades i alle fag.
Den skulebaserte kompetanseutviklinga har ikkje minst ført til meir systematisk deling og refleksjon
over praksis.
3.Korleis tillitsvalde og FAU har vore involvert
Dei tillitsvalde har særleg vore sentrale i oppstartsfasen. Dette gjeld både i planprosessen og på dei
første samlingane Utdanningsdirektoratet gjennomførte for pulje 1. Seinare i arbeidet varierer
tilbakemeldingane meir, frå at den tillitsvalde har vore med i styringsgruppa for prosjektet til at dei
har deltatt gjennom dei ordinære medverknadsprosessane på skulane.
Dei fleste rapportane viser at FAU ikkje vore involvert direkte i skulane sitt arbeid med
satsingsområda, men dei er blitt informert gjennom dei ordinære medverknadsprosessane på
skulane og på foreldremøte. Fusa kommune viser til at både foreldra og elevane har vore
representerte i plangruppa ved skulen som har gjort naudsynte prioriteringar og vegval i prosjektet.
4.Korleis samarbeidet med ressurspersonar har vore
Den generelle tilbakemeldinga er at det er mange aktørar i denne satsinga. Samarbeidet med
ressurspersonene i pulje 1 har vore godt, men prega av at alle prøver å finne sin form på
samarbeidet.
Fleire omtalar samarbeidet med «sin» høgskule som godt, konstruktivt og nyttig. Skulane fekk god
støtte og møtte dyktige fagpersonar som var viktige bidragsytarar både i forhold til arbeid med fag i
klassane, klasseleiing og organisasjonslæring. Samstundes blir det vist til at det har vore ein ulempe
når høgskulen ikkje har hatt kunnskap om metodar i aksjonsforsking som skulen/kommunen
meiner står sentralt i ungdomstrinnsatsinga.
Ressurslærarane har i all hovudsak vore støttespelarar for leiinga og kome med gode faglege innspel
frå samlingane dei har vore på, og. Samstundes har det vore utfordrande å finna ei tenleg rolle for
ressurslærarane når skuleleiarane har vore svært engasjerte og teke ei sentral og førande rolle i
satsinga. Det vert og vist til vanskar med rekruttering pga. uklar rolle og korte fristar.
Samarbeidet med utviklingsrettleiarane etter perioden med rettleiing frå høgskulane blir særleg
omtalt. Fleire seier både skulane og skuleeigar har fått eit tett og godt samarbeid med
utviklingsrettleiarane som bidrar i forhold til utarbeiding av planar, er ein god refleksjonspartner og
gir støtte i forhold til både fag og dei gjennomgåande tema i satsinga.
Pedagogisk ressursar
Nettressursane er relevante og dei vert brukt av skulane, også på barnetrinnet. Filmane blir til dømes
nytta som felles introduksjon til ulike tema både i møte for rektorar, lærarar og på foreldremøte.
Nettressursane er til god støtte i forhold til opplæringa til elevane, for refleksjonsøkter for personalet
ute på skulane og for samlingar for rektorane. Elles er nettressursane til god hjelp når det er trong for
bakgrunnsstoff i forhold til ulike tema i satsinga.
I nokre rapportar vert det peika på at skulane skulle ha sett av meir tid til nettressursane. Det er store
mengder med ressursar og til tider overveldande og ein skulle ha vore flinkare undervegs «å styre»
bruk av nettressursane. Om ein skal ta innover seg alt som er der, er det altfor krevjande for kvar
enkelt lærar. Som ein av deltakarane opplever det: «Materialet er alt for omfattande til at ein får
nytta seg av det, og ligg som ein konstant stressfaktor på alle nivå i skulen – me skulle alltid ha gjort
meir.» Det vert og vist til ei oppleving av at nokre av filmane har vore «glansfilmar» frå særs vellukka
opplegg. Kva når det ikkje går som planlagt, eller elevane ikkje har så lyst å gjera det ein seier? Saknar
meir konkrete tips inn i vanskelege elevsituasjonar.
Lærande nettverk
Nettverk mellom skular/kommunar har i liten grad blitt etablert. Det blir vist til store avstandar som
den største utfordringa for denne typen nettverk. Eidfjord og Ullensvang har hatt eit samarbeid på
planleggingsdagar, men det har ikkje vore etablert som eit lærande nettverk. Stord har hatt eit
nettverk i kommunen og vi vil trekkje fram deira vurdering: «Både skulane og skuleeigar vurderer det
som positivt at alle ungdomsskulane i kommunen starta samstundes i satsinga. Læringsfellesskapet
som dei faste møta har gitt for skuleleiarane og rådgjevar på skuleeigarnivå har fungert som ein
avgjerande støttestruktur for det arbeidet som i neste omgang skal gjerast på dei ulike
arbeidsplassane. Samstundes må me vera bevisste på at kompetanseutviklinga for lærarane/kvar
organisasjon skal vera skulebasert, og såleis ikkje setja inn fellestiltak for alle skulane som ikkje høver
i forhold til dette.»
Samlingane i regi av nasjonale myndigheiter får gode tilbakemeldingar. Desse har gitt grunnlag for
vurdering av eigen praksis både på skuleigarnivå og skuleleiarnivå, betre forståing av nyare forsking
og korleis forsking kan omsetjast til ein endra praksis.
Suksessfaktorar og utfordringar
Suksessfaktorar har mellom anna vore at
- deltakarane ikkje har opplevd dette som eit «top down» prosjekt, men eit arbeid der skulane
sjølve har vore i tett dialog med UH-miljø for rettleiing på aktuelt tema. Tema har vore
praksisnært og UH har forsøkt å justere rettleiinga undervegs i satsinga. Skuleeigar har ikkje
vore styrande, men støtta rektor undervegs.
- små 1-10-skular valte at alle lærarar skulle delta på ungdomstrinnssatsinga. Det å gjere eit
slikt grep har vore positivt for alle partar.
- satsinga har vore godt forankra i skulen sine eigne målsettingar
- arbeidet har vore viktig for den enkelte i personalet og dermed for arbeidet i klasseromma
- leiinga på skulen har vore motor i prosjektet og lagt til rette for gjennomføringa
- systematisk kollektiv kompetanseheving gjennom arbeidsformer som fordrar refleksjon over
eigen praksis og pedagogisk debatt.
Utfordringane har mellom anna vore
- å få heile personalet på ein skule med, samt oppretthalde fokus på valde satsingsområde når
andre dagsaktuelle oppgåver skal løysast.
- å lukkast med den overordna målsettinga om meir praktisk, variert og relevant undervisning.
Siste elevundersøkinga stadfestar dette.
- å vera i pulje 1. Ikkje tid til god nok forankring mellom dei tilsette på arbeidsplassen
- at utviklingsrettleiarar mangla i ei tid der me trong ekstern støtte til leiarane
- skifte av rektor i perioden og skifte av ansvarleg for oppfølging i administrasjonen.
- skuffelse over at «århundrets ungdomsskolesatsing» blei redusert til å lese bunkevis med
forhåndslitteratur kopla saman med eit alt for lågt timetal med rettleiing frå UH. Me trudde
på «satsinga» i starten, men ser at det lett vert eit nytt slag i lufta – fordi det alltid kjem på
toppen av pedagogane sitt dagleg arbeid med å skape god undervisning/læring parallelt med
tunge tak for å skapa endring.
Råd




Det er særs viktig at skulen er godt førebudd ved oppstart av prosjektet. Bruk tid i
førebuingsfasen til å arbeida inn dei teoretiske bakgrunnsdokumenta. Er det behov, ta eit
skritt tilbake.
Tida går fort og det kan bli vanskeleg å gjennomføre to satsingsområde. Vi vil difor anbefale
berre eit satsingsområde. Det er også viktig å vera tru mot satsingsområdet og ikkje gape
over fleire ting samstundes.
Det er flott at Udir satsar på ressurslærarar, men slik mange skular er organiserte i dag, er
det eit aukande tal avdelingsleiarar. Desse leiarane er tett på personalet, i tillegg til at dei
framleis har undervisning og er tett på elevane. Dette er viktige støttespelarar for rektor.
Ressurslærarar bør kunna organiserast på ulike måtar. Noko bortkasta arbeid/ressursar slik
krava var sett fram. Burde heller vore mogeleg å styrka leiinga dersom ein ikkje fekk gode
ressurslærarar på plass. Det hadde truleg hatt større effekt.



Dei deltakande kommunane var av svært ulik storleik. Det kan vere at utbyttet av
nettverksarbeid på samlingane hadde vore høgare om nettverksgruppene var sett saman av
kommunar med liknande utfordringar.
Når ein privat skuleeigar går inn i dette prosjektet, bør alle skulane i eigarskapet vera med.
Dei private skulane bør få vera med i kommunen der dei er lokalisert saman med dei
kommunale skolane slik at ein kan dra nytte av kvarandre, til dømes med lærande nettverk.
Dei private står litt åleine her.
Anna
Ein av deltakarkommunane seier: «Det må bli gjort noko med fag og timefordelinga i ungdomssteget
i nær framtid. Mange fag/elevar/foreldre/lærarar ropar på praktisk tilnærming. Det veit me vil ta
meir tid om me skal gjennomføra. Omfanget av kompetansemål er for stort til at ein kan fordjupa
seg, særleg når ein startar med eit praktisk utgangspunkt som skal vera kreativt motiverande,
livsnært, relevant, lokalt tilpassa global tenking…...
Me slit ut elevane i alle fag, og samstundes treng elevane å bli meir fysisk slitne, dvs ha kroppsøving
eller fysisk aktivitet dagleg.»
Økonomi
Økonomirapportane frå deltakarane i pulje 1 viser at tildelingane er brukt i samsvar med
føresetnadene frå Utdanningsdirektoratet.
Fylkesmannens sluttkommentar
Generelt
Å delta i første pulje har hatt særskilte utfordringar knytt til oppstartsfasen. Desse har handla om tid
til forankring i personalet, å få oversikt over og kunne nyttiggjere seg av det som blir omtalt som «dei
mange kokkane» i satsinga og at UH også kunne opplevast som famlande i starten.
Nokre av rapportane peikar på at tre semester med rettleiing frå UH er i minste laget, men
samstundes ser det ut til at å vere i første pulje har gitt godt rom for vidare arbeid i satsingsperioden
når ein framleis har tilgang på støtte frå til dømes utviklingsrettleiarane. Fordelen med å vere i pulje
1 er kanskje nettopp det å komme raskt i gang og kunne sjå heile satsingsperioden under eitt. Som
Stord kommune seier det: «Arbeidet med grunnleggjande dugleikar og dei gjennomgåande tema
som satsinga har, er omfattande, men den innleiande fasen som me nå har delteke i, gir eit viktig
fundament for det vidare arbeidet.» Fylkesmannen ser tydelege teikn på at deltakarane har lært
mykje innan sitt satsingsområde, og ikkje minst har dei lært mykje om systematisk kollektiv
kompetanseheving gjennom arbeidsformer som fordrar refleksjon over eigen praksis. Denne
kompetansen vil vere avgjerande i det vidare arbeidet mot den overordna målsettinga om ei meir
praktisk, variert og relevant undervisning.
Utviklingsrettleiarane får gode tilbakemeldingar. Dei er gode støttespelarar særleg for dei private
skulane og for dei mindre kommunane, men fleire større kommunar opplever at dei har god nytte av
samarbeidet med utviklingsrettleiarane. Dei blir opplevd som god sparringspart i arbeidet når UH no
har sluttført sin del av satsinga i pulje 1.
Deltakarane har fått øyremerka midlar til frikjøp av ressurslærarar i tre semester. Denne ordninga
har mange hatt god nytte av, men det blir og stilt spørsmål om desse midlane kunne vore nytta meir
fleksibelt.
Om dei tre sentrale verkemidla - skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og
pedagogiske ressursar.
Den skulebasert kompetanseutviklinga ser ut til å ha fått eit godt fotfeste gjennom rettleiing frå UH
og deltaking på Utdanningsdirektoratet sine samlingar. Rapportane viser til auka kunnskap innan dei
særskilte områda deltakarane valde, anten det var klasseleiing, rekning, lesing eller skriving.
Organisasjonslæring og utvikling av ein god organisasjonskultur har vore viktig, men det ser ikkje ut
til at Vurdering for læring, som var det andre gjennomgåande temaet, har fått same plass i den
skulebaserte kompetanseutviklinga.
Prosjektleiar for GNIST og Fylkesmannen inviterte deltakarane i pulje 1 til ein felles dag om Lærande
nettverk der Torbjørn Lund frå Universitetet i Tromsø hadde det faglege ansvaret. Dagen i seg sjølv
fekk god tilbakemelding, men vi ser at det er etablert få lærande nettverk knytt til pulje 1. Stord
kommune har fått dette til då alle tre ungdomsskulane i kommunen deltok i same pulje og det var
god oppfølging frå kommunen si side. Andre har opplevd det som vanskeleg, dette er i hovudsak på
grunn av geografiske forhold.
Nettressursane til Utdanningsdirektoratet får god tilbakemelding. Utfordringa er den store mengda
av informasjon, litteratur og verktøy. Det er krevjande å setje seg inn i alt materialet og finne det som
er tenleg for den einskilde sin situasjon.
Å vere i pulje 1 har hatt sine utfordringar knytt til å vere dei første. Samstundes har deltakarane fått
eit godt grunnlag for vidare skulebasert kompetanseutvikling og dei har, om dei opplever det
føremålstenleg, tilgang på støtte frå utviklingsrettleiarane i heile resten av satsingsperioden.