NY GIV høsten 2015

NY GIV I SAUEHALDET A-AGDER
Aktivitetsplan hausten 2015.
Felles fagarrangement:
 Laurdag 1. august: Fagtur til Åseral. Vi møter på Evje ved rutebilstasjonen kl.
09.00 Tema: Ulike driftsbygningar. Vi besøker Kjell Eikild, Åknes, (Ombygd
grisehus til sau) Anna og Frode Forgard, Kyrkjebygda, (ny.r. fjøs i 2014 til 350
vfs.) Jan Egil Orte, Fossdal (Oppdrettar av Border Collie), Geir og Anita Kvåle,
Kittelstad, (2 etg. Sauefjøs), Sven Reiersen, Tveit, (Nytt fjøs i 2014)
 Laurdag 8. august kl. 10.30: Demonstrasjon av ulikt utstyr til spreiing av
tørrgjødsel, hos Terje Birkeland på Evje. (Køyr over brua i Krossen, ta
nordover på Senumsvegen ca. 500 m. Skilta ved garden.) Landbruksmessa
Naturligvis opnar kl. 10.00 denne dagen.
 18 august kl.19:00: Fjøsbesøk hjå Sven Reiersen på Tveit i Hornnes. Tema:
Plukkslakting og uttak av livlam. Siri Haugland frå Nortura blir med.
 Torsdag 3. september kl. 17.00: Klassifisering og kjøttkvalitet. Er det pengar i
kvalitetsslakt? Vi besøker Jens Eide AS i Lillesand. Omvisning på anlegget.
 Laurdag 22.august: Beitedag. Familietur. Tove Hilde og Egil Åmli på Helle
inviterer til støylsvandring til Furustøyl, Setesdal Vesthei. Ca. 1 times tur i lett
terreng. Dette er beiteområdet for gardane på Helle. Oppmøte ved Lisle
Myklevatn kl. 12. Ta med grillmat, så held vi kaffe, - og overraskande
underhaldning. Driftesjef for Rysstadheia, Øyvind Madland, blir med og deler
erfaringar frå mange år som gjetar i vestheia.
 Oktober: Fjøsbesøk på to-tre sauebruk. Tema: Plukkslakting og slaktekvalitet.
Val av livlam. Meir informasjon om besøksvert og tid kjem seinare.
 Desember: Kurs i Sauekontrollen på KVS- Bygland . Meir info seinare.
Dei fleste arrangementa er i samarbeid med lokale sauelag eller slakteri.
Arrangement som lokale sauelag arrangerer, vil vi prøve å formidle over heile fylket.
Arrangementa er opne for alle som er interessert i sau og ønskjer fagleg påfyll. Sett
av datoane i kalenderen alt nå! Å møte andre produsentar med same interesse er
ofte svært lærerikt.
Velkomen!
Har du idèar eller ønskje om andre arrangement eller ønskjer besøk på garden, er du
velkomen til å kontakte:
Prosjektleiar: Jakob J. Saaghus, [email protected] tlf. 97141754
Leiar i A-Agder sau og geit: Kåre Blålid, [email protected], tlf.94505946
Kom gjerne med innspel til fagruppeleiarane:
KOMMUNAR
GRUPPELEIAR
Gjerstad, Vegårshei, Risør, Tvedestrand, Arendal,
Froland
Kristian Foss
[email protected]
95916183
Grimstad, Lillesand, Birkenes
Bjørn Tore Hovland
[email protected]
95750465
Åmli
Kjetil Olstad
97152690
Evje, Iveland
Eivind Odd Kallhovd
[email protected]
91619852
Bygland, Valle, Bykle
Egil Åmli
[email protected]
98861798
Heile fylket
Økogruppe
Foreløpig kontakt: Jakob J. Saaghus
Heile fylket
Bygg
Jakob J. Saaghus