Lenke til aktivitetsplan hausten 2015 og kontaktinformasjon for

Ny giv i sauehaldet i Aust-Agder
Aktivitetsplan hausten 2015 – felles fagarrangement:
• Laurdag 1. august: Fagtur til Åseral. Vi møter på Evje ved rutebilstasjonen kl.
09.00. Tema: Ulike driftsbygningar. Vi besøker Kjell Eikild, Åknes (ombygd
grisehus til sau) Anna og Frode Forgard, Kyrkjebygda, (ny.r. fjøs i 2014 til 350
vfs.) Jan Egil Orte, Fossdal (oppdrettar av Border Collie), Geir og Anita Kvåle,
Kittelstad, (2 etg. sauefjøs). Påmelding og informasjon: Jakob, tlf. 971 41 754.
• Laurdag 8. august kl. 10.30: Demonstrasjon av ulikt utstyr til spreiing av
tørrgjødsel, hos Terje Birkeland på Evje. (Køyr over brua i Krossen, ta
nordover på Senumsvegen ca. 500 m. Skilta ved garden.) Landbruksmessa
Naturligvis opnar kl. 10.00 denne dagen.
• Tysdag 18. august kl.19.00: Fjøsbesøk hjå Sven Reiersen på Tveit i Hornnes.
Tema: Plukkslakting og uttak av livlam. Siri Haugland frå Nortura blir med.
• Laurdag 22. august: Beitedag. Familietur. Tove Hilde og Egil Åmli på Helle
inviterer til støylsvandring til Furustøyl, Setesdal Vesthei. Ca. 1 times tur i lett
terreng. Dette er beiteområdet for gardane på Helle. Oppmøte ved Lisle
Myklevatn kl. 12. Ta med grillmat, så held vi kaffe, – og overraskande
underhaldning. Driftesjef for Rysstadheia, Øyvind Madland, blir med og deler
erfaringar frå mange år som gjetar i vestheia.
• Torsdag 3. september kl. 17.00: Klassifisering og kjøttkvalitet. Er det pengar i
kvalitetsslakt? Vi besøker Jens Eide AS i Lillesand. Omvisning på anlegget.
• Oktober: Fjøsbesøk på to-tre sauebruk. Tema: Plukkslakting og slaktekvalitet.
Val av livlam. Meir informasjon om besøksvert og tid kjem seinare.
• Desember: Kurs i Sauekontrollen på KVS-Bygland . Meir info seinare.
Dei fleste arrangementa er i samarbeid med lokale sauelag eller slakteri.
Arrangement som lokale sauelag arrangerer, vil vi prøve å formidle over heile fylket.
Arrangementa er opne for alle som er interessert i sau og ønskjer fagleg påfyll. Sett
av datoane i kalenderen alt no! Å møte andre produsentar med same interesse er
ofte svært lærerikt. Velkomen!
Kontaktinformasjon
Har du idear eller ønskje om andre arrangement eller ønskjer besøk på garden, er du
velkomen til å kontakte:
Prosjektleiar: Jakob J. Saaghus, [email protected], tlf. 971 41 754
Leiar i Aust-Agder sau og geit: Kåre Blålid, [email protected],
tlf. 945 05 946
Kom gjerne med innspel til faggruppeleiarane:
Kommunar – gruppe
Gruppeleiar
Gjerstad, Vegårshei, Risør,
Kristian Foss, [email protected], 959 16 183
Tvedestrand, Arendal, Froland
Grimstad, Lillesand, Birkenes
Bjørn Tore Hovland, [email protected],
957 50 465
Åmli
Kjetil Olstad, 971 52 690
Evje, Iveland
Eivind Odd Kallhovd, [email protected],
916 19 852
Bygland, Valle, Bykle
Egil Åmli, [email protected], 988 61 798
Heile fylket – økogruppe
Foreløpig kontakt: Jakob J. Saaghus
Heile fylket – bygg
Jakob J. Saaghus
Kikk gjerne på nettsida vår: www.nsg.no.