SP HYLLESTAD - Senterpartiet

SP HYLLESTAD
Morten Askvik – vår ordførarkandidat
1
www.sp.no
www.sp.no
HELSING FRÅ SENTERPARTIET I HYLLESTAD
Hyllestad Senterparti vil byggje samfunnet nedanfrå. Vi takkar
for innspela vi fekk i arbeidet med programmet. For oss er det
avgjerande å få vite kva innbyggjarane og næringslivet i Hyllestad meiner er viktig dei neste fire åra. Vi vil vere ein attraktiv
kommune for alle å bu i.
I programmet ser du nokre saker som vi meiner bør vere i
fokus neste kommuneperiode. I dei kommande åra vil kommunereforma vere ei stor sak. For mange handlar dette om identitet. Identitet er viktig, og skal
det gjerast endringar i kommunestrukturen, er det viktig å lytte til og informere folket. Difor
er det eit krav frå Hyllestad Senterparti at det vert folkeavstemming i Hyllestad om eventuelle strukturendringar.
Valet i september vil avgjere kven som tek dei store avgjerdene framover. Akkurat di
stemme kan avgjere valet. Difor håpar eg at DU vel å bruke stemmeretten din. Dei vala som
skal gjerast no, vil påverke kommunen i mange år framover. Hyllestad SP har fleire unge på
lista, og dei er framtida vår.
Godt val.
Morten Askvik – ordførarkandidat
Senterpartiet vil ha gode vilkår for utvikling av næringslivet i Hyllestad. Vi ønskjer at
kommunen legg premissane til rette for gode vekstvilkår. Vi vil arbeide for
• full mobildekning
• fullverdig breiband
• attraktive jobbar
• tilrettelegging for næringsverksemd
• Tilrettelagde næringsareal
• utvikling av reiselivet
• å verne dyrka mark og drift av bruka
• å handheve buplikt
• å ta vare på eigarskapen i Sunnfjord Energi
Senterpartiet vil at innbyggjarane i Hyllestad skal vere med å bestemme korleis
kommunen skal sjå ut i framtida. Vi vil arbeide for
• rådgjevande folkeavstemming om eventuell endring i kommunestrukturen
• gode basistenester nær innbyggjarane
Senterpartiet vil at Hyllestad skal vere ein attraktiv kommune som unge til liks med
eldre ynskjer å flytte til og bu i. Vi vil arbeide for
• høve til å busetje seg der ein sjølv ynskjer å byggje og bu
• tilrettelegging av attraktive byggjefelt
• gode kulturtilbod og kulturopplevingar
• godt oppvekstmiljø
• breitt tilbod av fritidsaktivitetar for barn og unge
• god skule, SFO og barnehage
• godt utval av utdanningsprogram på Dale vidaregåande skule slik at ungdommane kan
bu heime medan dei tek vidaregåande utdanning, om dei ynskjer det
• fleirbrukshall med scene og basseng for å dekke kommunale behov samt behova til
idrett og kulturliv
• tilrettelagde tilbod og aktivitetar for funksjonshemma
• god eldreomsorg med aktivitetar for eldre
• å prioritere bidrag til Norsk Kvernsteinssenter og utnytte potensialet for verdiskaping
som Norsk Kvernsteinsenter kan gje
• Unesco-status for kvernsteinsbrota
• gode vilkår for det kyrkjelege arbeidet
• godt vedlikehald av kyrkjegardane
• å oppretthalde kinotilbod i kommunen
Senterpartiet vil at Hyllestad skal ha ein god infrastruktur.
Vi vil arbeide for
• ekspressbåtanløpa i Rysjedalsvika
• betre vegstandard på dei kommunale vegane
• å oppgradere vegane 57, 607 og 65
Stem SP
SP tek heile Noreg i bruk!
GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK AS, FLORØ
1. Morten Askvik
6953 Leirvik
2. Karin Tonning Hatløy
6958 Sørbøvåg
3. Amanda Strandos
6953 Leirvik
4. Bjørn Atle Systad
6953 Leirvik
5. Agnete Solheim
6953 Leirvik
6. Frode Risnes
6957 Hyllestad
7. Brit Inger Skaar
6953 Leirvik
8. Sølve Andre Lien
6958 Sørbøvåg
9. Liv Kirsten Mjell Hofsvik
6953 Leirvik
10. Fred Soltveit
6958 Sørbøvåg
11. Gunn Tonning Albertsen
6958 Sørbøvåg
12. Kjell Solheim
6953 Leirvik
13. Hilde Karin Solheim
6953 Leirvik
14. Per Inge Oppedal
6957 Hyllestad
15. Håkon Steinar Giil
6958 Sørbøvåg
Hyllestad
Senterparti
vil ynskje deg
eit godt val!
Meir info om Hyllestad SP finn du på heimesida
http://www.senterpartiet.no/hyllestad/ eller på
Facebook https://www.facebook.com/pages/HyllestadSenterparti/102744813162766
Info om SP finn du på http://www.senterpartiet.no/
INNMELDING
Bli SP-medlem – send «SP» til 2360.
(for deg under 30) Bli Senterungdoms-medlem send «SUL» til 2360