Nr 2-2013 - Hyllestad sokneråd

FOR HYLLESTAD
Nr 2
2013
64. årgang
SOMMAR OG SOL OVER LAND OG SJØ
Med åra merkar eg endå meir kor stort det er at livet kring oss vaknar opp og sommaren kjem
til oss for fullt. Det er mest som eit under! Eg kjenner at eg vert lettare til sinns og eg vert stemt
til takk og lovsong for alt Gud gjer. Eg kan ikkje bli mett av lyset, fargane og fuglesongen.
Kunstnarar let seg inspirere av
naturen og lagar poesi og bilete
som gjev uttrykk for undring og
takk. Dei gjev oss språk og høve
til å oppdage at våre liv høyrer
saman i ein større samanheng. I
dei poetiske bøkene i Den heilage skrifta vert det sagt at skaparverket forkynner Guds storverk
og at alt som lever lovsyng Gud,
vår skapar.
Havet og alt som i det er,
skal brusa,
jorda og dei som der bur.
Elvane skal klappa i hendene,
og fjella skal jubla i kor.
Dei skal jubla for Herren,
for han kjem
og vil døma jorda.
Han skal døma verda
med rettferd
og folka med rettvise
(Salme 98, 7-9)
Fleire opplever møte med naturen sin rikdom mest som ei gudsteneste, som eit møte med den
levande Gud. Eg trur ikkje dette
er tilfeldig. For skal vi tru Den
heilage skrifta, forkynner skapar-
Vi tek sikte på å fylla minst
ei heil side i kvart nr. med
annonser til fylgjande prisar:
Visittkortannonse
4 innrykk pr. år:
kr. 2.400,- pr. År
2
verket i all sin rikdom og mangfald, kor stor og rik Gud er. Ikkje
berre for oss menneska, men for
alt han har skapt.
Difor er det ikkje til å undrast
over at han ”skal døme verda
med rettferd og folka med rettvise.” Vi høyrer saman med alt Gud
har skapt og har fått eit særskilt
ansvar for å forvalte skaparverket
til ære for Gud. Korleis kan vi då
vere likesæle til overforbruk og
til øydelegging av naturen? Gud
stiller oss til ansvar. Han vaktar
over sitt skaparverk. Godt er det!
Klimakrisa har vorte ei påminning om at ”bruk og kast- haldninga” kan føre til stor skade. På
kort sikt kan vi som bur her ved
kysten gle oss over auka temperaturar. Men dei som enno ein
gong lyt betale dyrt for skadane
er dei som har minst frå før.
Gud dømer folka med rettvise.
Kva får det å seie for oss storforbrukarar? Håpet ligg i at Gud i
Jesus Kristus har forsona seg
med verda. Han har gjort opp for
all urett og ugjerning. Det finst
håp, også for Guds skaparverk.
Likevel var det håp, for og skap-
2 innrykk pr. år:
kr. 1.800,- pr. År
Dobbel visittkortannonse,
4 innrykk pr. år:
kr. 4.400,- pr. År
2 innrykk pr. år:
kr. 3.200,- pr.år
ningen sjølv skal bli frigjord frå
slaveriet under det forgjengelege
og få del i den fridomen som
Guds born skal eiga i herlegdomen. Vi veit at heilt til denne dag
sukkar og stønnar heile skapningen saman som i fødselsrier.
Rom 8, 21-22)
I håpet finst det frelse og forløysing for alle. I Jesus Kristus skal
han gjere alle ting nye.
God sommar!
Prost Reidar Knapstad
«Foto: Arne Stubhaug»
Send bestilling
til: post@
hyllestad.kyrkja.no
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
LITT INFORMASJON
OM GRAVER OG GRAVPLASSAR
Endeleg kom våren og varmen
til våre grender! Denne vinteren
syner godt att på gravplassane
våre. Mange opplever at gravsteinar står på skeiva, og sume endåtil ligg nede. Dette er eit problem for mange, og samstundes
ein fare for dei som ferdast på
kyrkjegarden. Soknerådet har difor gjeve dei som har plenslåtten
på gravplassane våre fullmakt til
å leggja ned veltefårlege gravminne. Desse gravminna lyt dei
pårørande sjølve ordna på fylgjande måte:
Ta opp sokkel og fundamentere
forsvarleg med god «singelpute»,
evt. leggja ned sliskar i singelen,
og plassera sokkel under bakkenivå, slik at overflata fluktar med
terrenget rundt. Deretter kan ein
plassera steinen, som og skal
vera sikra med 2stk., min. 15cm
lange, rustfrie/syrefaste boltar,
Ø12mm. (hol i stein og sokkel)
Sikring for å unngå veltefåre er
særs viktig! Har faktisk vore
stygge ulukker der born har
kome i klem og vorte alvorleg
skadde ved at dei har fått gravminne over seg. Ansvaret ligg
hjå eigar av gravminne, altso dei
pårørande sjølve. Det er difor
særs viktig at de som pårørande
er klar over dette når de tek til
med oppretting/sikring. De har
sjølvsagt høve til å gjera arbeidet
sjølve, i tråd med føreskrift, eller
få nokon til å gjera jobben for
dykk. Det er og høve til å tinga
dette som betalt teneste hjå kyrkjeverja.
Vidare, litt om generellt stell av
graver: Vi ser altfor ofte at pårørande har vore og luka/rydda og
planta på gravene, for deretter å
ta alt rusk og rask med seg bort
til muren og sleppa det der.
Dette er inga god løysing, korkje
for dykk som pårørande, eller
for gravplassen generellt! Alt dette bosset opp på eller inn i muren gjer at muren vert meir utsett for m.a. frostsprenging, i tillegg vert det berre styggare og
styggare å sjå på. Der står bossdunkar på alle 3 gravplassane
som skal nyttast til restavfall.
Kompostavfall kan samlast på tilvist plass.
Gravminne søkjer eigar
På gravplassane våre er det ein
god del gravminne ein manglar
registrerte festaropplysningar
for. Det er viktig å ha eit godt
oppdatert register, for å ha ein
mest mogleg effektiv gravplassforvalting.
Det er óg viktig at ein får fjerna
gamle gravminne for å oppretthalde kapasiteten på gravplassane våre. Som gravplasstyresmakt set Hyllestad sokneråd frå
sommaren av i gang arbeidet
med ei større kartlegging, for å
få registeret mest mogleg komplett.
Måten denne kartlegginga skjer
på, er at ein systematisk vil gå
gjennom felta og for graver der
anten festar er ukjent, eller det
ikkje ligg føre gyldig festeavtale,
vil ein merke desse med eit klistremerke, med melding til pårørande om å kontakte kyrkjekontoret vedrørande det enkelte
gravminnet.
Om dei pårørande ikkje får gjenoppretta festeavtale, vil dei merka gravminna verte fjerna i løpet
av eit år. Ein gjer også merksam
på at vidare feste av grav som er
eldre enn 60 år, krev særskilt
løyve.
Sjå elles våre heimesider for
meir informasjon om grav og
gravminne.
Rune Ziener
Feste av grav
PARK/HAGE
Sommarvedlikehald
Nyetablering
Retting, flytting, og oppsetting av gravminner
Når fredingstida for ei grav er ute (på gravplassane i Hyllestad er fredingstida 30 år for kistegraver og 20 år for urnegraver) vil kontaktperson for grava få tilbod om å inngå festeavtale i
tidsbolkar på 5 år om gongen, i inntil 60 år etter siste gravlegging.
STEIN
Beleggningsstein
Kantstein
Gråsteinsmuring
LANDBRUK
6953 Leirvik i Sogn
tlf:959 43 735 www.aamsognnes.no
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
Nokre graver yngre enn 30 (20) år krev også
gyldig festeavtale. Dette er om pårørande i
samband med ei gravferd ønskjer å feste ei eller fleire graver i tilknyting til grava som vert
teken i bruk.
Ved feste av grav påløper det ei festeavgift,
som i Hyllestad pr. 2013 utgjer kr 150,- per år
per grav, om fleire graver er festa saman til ein
gravstad påløper det festeavgift for kvar av
gravene.
3
KYRKJEBYGG SOM UTVIKLINGSRESSURS
Kyrkjebyggstrukturen i
Hyllestad kommune
Hyllestad sokneråd har starta ein
prosess med å vurdere kyrkjebyggstrukturen i kommunen på
bakgrunn av ei direkte oppfordring frå Hyllestad formannskap
om å vurdere ulike sider ved soknerådet si drift, herunder kyrkjebyggstrukturen i kommunen.
Bakgrunn - overkapasitet i kyrkjeleg bygningsmasse
Hyllestad kommune har ein stor
kyrkjeleg bygningsmasse sett ut
frå folketalet. Ein har i dag tre kyrkjer og eit kapell for vel 1200 kyrkjemedlemmer, og såleis ein overkapasitet på omkring 70% samanlikna med lovkrav ved oppføring
av ei ny soknekyrkje. Vidare er
det ein lettvint infrastruktur i
kommunen, og ein beveger seg
raskt mellom dei ulike kyrkjebygga. Om ein i dag skulle starte med
heilt blanke ark i Hyllestad og
«teikne kartet på nytt» er det vanskeleg å tenkje seg at ein ville ha
ført opp meir enn éi kyrkje i kommunen.
Omstillingsprosjekt
Hyllestad sokneråd har vedteke,
finansiert med midlar frå omstillingsstyret i Hyllestad, å gjennomføre eit forstudium – Kyrkjebygg
som utviklingsressurs - som skal
gjennomførast i perioden juni-desember 2013. Forstudiet har som
mål å: definere og kartlegge ulike
moglegheiter for å nytte kyrkjebygg til ny verdiskapande aktivitet
i Hyllestad kommune planlegge
minst éin kommersiell arbeidsplass knytt til bruksendringa
4
Kva skjer i Europa?
Fleire europeiske land har som
følgje av samfunnsmessige strukturendringar avhenda mange kyrkjebygg. Den nye bruken av desse
har vore både bustad-, serveringsbutikk- og overnattingsføremål, og
nokre stader vert bygga nytta som
aktivitets- eller opplevingssenter i
ein eller annan form. I nyare tid i
Noreg, finst det vel knapt nok
døme på slik bruksendring av kyrkjebygg, men dette vil truleg verte
eit stadig meir presserande behov
mange stader fordi samfunnet sine
strukturar stadig er i endring, der
folk flyttar på seg og bygg vert
ståande.
Kjensler
Det knyttar seg sjølvsagt kjensler
til eit kyrkjebygg. Kyrkjebygget vil
vere eit symbolbygg i lokalmiljøet,
og dei aller fleste har personlege
opplevingar frå eit slikt byggverk,
gjerne knytt til dei store hendingane i livet på både godt og vondt.
Moglegheiter
Når ein no i Hyllestad skal sjå på
kyrkjebyggstrukturen tenkjer vi –
som lokal kyrkjestyresmakt – at
ein må sjå denne prosessen først
og fremst som ein framtidsretta
moglegheit. Ein ny bruk av kyrkja
kan generere ny aktivitet, og slik
verte ein pådrivar til nytt driv i eit
lokalsamfunn som sårt treng nettopp dette. Hyllestad sokneråd
legg vinn på å vere ein sentral aktør i lokalsamfunnet og ein framtidsretta pådrivar for å finne dei
gode modellane for korleis ein er
kyrkje. Vi ønskjer å bidra til å
finne dei gode løysingane for
framtidsretta drift.
Kyrkjelyden si framtid
Vi er ikkje uroa for konsekvensane for kyrkjelydsarbeidet i
Hyllestad. Ein er inne i ein prosess med omfattande satsing på
Hyllestad kyrkje med fornyingsprosjektet som går føre seg der.
«Nye Hyllestad kyrkje» er no eit
bygg langt på veg tilpassa vår tid
og vår kyrkjelege aktivitet, og
dette er det best eigna lokalet ein
i dag har til framtidsretta kyrkjelydsutvikling, og det er derfor naturleg at meir aktivitet vert flytta
til den nye «hovudkyrkja». Og med
redusert aktivitet i Bø og Øn kyrkje må ein spørje seg om nokre av
desse er overflødige som kyrkjer.
Ein må og spørje seg om det finst
alternative bruksmåtar for desse,
og om dei eventuelt kan verte avvikla som kyrkjebygg og omdisponert til anna verdiskapande aktivitet.
Prosessen framover
Forstudiet Hyllestad sokneråd no
gjennomfører er primært ei kartlegging av bruksendringsmoglegheter, der alle er velkomne til å
gje innspel. Vonleg vil ein få innspel på gode alternativ, og dei
mest realistiske alternativa vil verte nærare utgreidd, og ein vil sjå
om nokre alternativ er verdt å satse på. Om Hyllestad sokneråd
finn realiserbare bruksendringsalternativ, vil ein gå vidare med desse. Mest realistisk vil då vere oppfølging med eit forprosjekt frå
2014 før hovudprosjekt/driftsfase
frå tidlegast 2015.
Praktiske metodar
Kartlegginga vil gå føre seg i to
trinn:
1. Det vert føreteke eit dybdeintervju med nokre sentrale referanKYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
sepersonar i kommunen; utvalde
personar frå noverande og tidlegare politisk leiing, sentrale leiarar
i kyrkjeleg samanheng, næringsliv,
kulturliv og anna samfunnsliv.
2. På bakgrunn av dybdeintervjua
vil ein utarbeide eit kartleggings/spørjeskjema og gå ope og
breiddt ut og skissere moglege
bruksendringsalternativ, og vurdere folk sine haldningar til ulike
bruksalternativ. I og med at dette
er ei kartlegging, vil det verte
opna for at alle kan komme med
innspel på mogleg bruksendring.
Kva kyrkjebygg utpeikar seg?
Prosjektet har ikkje førehandsdefinert noko konkret kyrkjebygg for
bruksendring. Likevel peikar særleg Øn kyrkje seg ut som særleg
aktuell for mogleg bruksendring,
primært fordi:
Her er ikkje omkringliggjande
gravplass.
Øn kyrkje har ingen vernestatus
hos Riksantikvaren (slik som Bø
kyrkje har), og ein står slik friare
til å endre sjølve bygningen
Ein har i dag to kyrkjelege forsamlingslokale i gamle Øn sokn
Kva kan bygget nyttast til?
Når ein no vil ha ei kartlegging
om endra bruk, vil ein i utgangspunktet gå heilt ope ut, og ikkje
vere bunde opp mot bestemte
føremål. Som ein start til inspirasjon kan vi setje opp nokre få
døme på kva type omdisponering
ein kan gjere. Dette kan verte
gjort på fleire måtar, t.d. ved ei avvigsling av bygget med heil eller
delvis eigedomsoverdraging. Ein
kan også tenkje seg ei eller anna
form for samdrift, der lokalet
framleis delvis kan nyttast som
gudstenestelokale. I alle høve vert
det avgjerande å spele på synergieffekt med andre aktørar, og truleg vil ein kunne finne utnyttingspotensial særleg i samband med
mogleg auka turisme. Døme på
ny bruk kan kanskje vere:
Museum
Steinkrossenter
Formidlingssenter
Opplevingssenter
Fleirbruksføremål
Anna
Om ein tek utgangspunkt i Øn
kyrkje, må ein ikkje sjå bort frå
dei potensielle kvalitetane eit nyopprusta Hamneparkområde kan
tilføre eit mogleg bruksendringsprosjekt for Øn kyrkje.
Kom med idéen
Ein må erkjenne at dei beste ideane er enno ikkje uttenkt, og vi
set pris på om nettopp du bidreg
med forslag til korleis vi best kan
nytte eit kyrkjebygg til ny verdiskapande aktivitet for lokalsamfunnet sitt beste.
Informasjon og involvering
Hyllestad sokneråd legg vekt på å
ha ein open prosess i samband
med dette omstillingsprosjektet,
og nyhende vert fortløpande publisert på heimesider og i kyrkjeblad, og media vert haldne oppdatert. For å sikre involvering og lokal forankring vert det vidare lagt
opp til fleire høve der ein kvar
kan komme med innspel i prosessen.
Prosjektfakta:
Prosjektperiode:
Mai-desember 2013
Prosjekteigar:
Hyllestad sokneråd
Prosjektansvarleg:
Soknerådsleiar Aslak Åm Sognnes
Styringsgruppe:
Soknerådsleiar Aslak Åm Sognnes,
Marit Haugen Gjervik,
Anniken Mjell Færestad,
prost Reidar Knapstad
Prosjektleiing:
Kyrkjeverje Rune Ziener og
ekstern kompetanse prosjektleiing
Ryland Bygg v/Jostein Ryland
Finansiering:
Kr 75.000,- i omstillingsmidlar frå
omstillingsstyret i Hyllestad og
kr 25.000,- i eigenbetaling.
Tankar kring bruken av det fornya kyrkjerommet på
Hyllestad, med spesiell helsing til dugnadsgjengen
Dei siste åra har eg vore så heldig
at eg har fått vore ein del saman
med konfirmantane. Årets konfirmantar er den fyrste gruppa som
har hatt konfirmasjonsundervisninga i kyrkjerommet..
No har eg lyst til å dele mi oppleving, særleg med dykk ( i overkant av 80 personar) som har
brukt tid og energi på å få gjort
kyrkjerommet så anvendeleg og
triveleg, til ein plass der det verkeleg er godt å vere. Det å ha konfirmasjonsundervisninga i det flotte kyrkjerommet, har vore ei utruleg positiv oppleving. Det er heilt
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
merkbart kor stor trivsel det har
vore, både mellom konfirmantar,
prest og medarbeidarar. Me har
ved fleire høve høyrt det blir sagt:
«Her er det kjekt å vere», «her er
det godt å vere». Me ser at ungdomen «eig» rommet, at dei kjenner
seg heime i kyrkja vår.
Konfirmantane har gitt slik
tilbakemelding på nokre spørsmål dei fekk:
«Eg kjem nok til å hugse dei gode
kveldane ilag i den varme og koselege kyrkja, vi knytte sterke
band der inne.»
5
«Eg likte godt ungdomskveldane,
med Solution (ungdomsgruppe
frå Askøy) på besøk, dei var geniale og hadde god humor»
«Kjekt med pizza i kyrkja»
«Det fornya kyrkjerommet var veldig flott, stolane var mjuke og
gode, kyrkja vart plutseleg nyare
og meir open»
«Kyrkja var flott. Med nytt lydanlegg m.m. tykkjer eg at kyrkja vart
mykje meir fleksibel og praktisk,
og det beste synest eg er altarløysinga. Når presten står framme, er
han liksom meir med dei som sit
og høyrer på, i staden for å ha eigen ring der framme..» Nokre fortalde at dei hadde ikkje så store
forventningar til konfirmanttida,
då dette er ein tradisjon som dei
fleste fylgjer, men at dei vart positivt overraska. Dei fortel om ei
kjekk og givande tid. Somme fortel at dette året har gjort noko positivt med trua deira, og at det har
betydd noko spesielt for dei.
Mi oppleving: Ja, det kjennest
godt, heimsleg og triveleg å vere i
det nye kyrkjerommet. Eg tenkjer:
Kan det vere grunna så mange av
bygdefolket har gått der i eit heilt
år og jobba iherdig, streva med
isolasjon, svetta over drill, malarkost og byggstøv,- med velvilje og
positive tankar?.. det er som om
positiviteten og velsigninga sit att
i veggene…
Konfirmantsamlingane byrjar med
at alle sit i ein ring rundt lysgloben, midt i kyrkjeskipet. (Ingen sit
og ser kvarandre i nakken.) Slik
er det samlande å sitje når ein har
samtalar, ber eller syng m.m.
Kyrkjerommet er så stort og anvendeleg at det også fungera
godt til gruppearbeid. Stundom
har me trilla pianoet nedover
midtgangen, presten har spelt.
Gjengen har stått rundt og sunge,
nokon i mikrofonar, somme har
spelt strenge -, blåse- og rytmeinstrument, stått på stolane (sokkelesta!!) KJEKT!
Me har hatt vakker, liturgisk dans,
til flott musikk over anlegget.
Dette kan gjerast sidan det nye
altarbordet er flyttbart, og koret
då er så romsleg at det gir plass
for m.a. slikt. (Akkurat dette hadde eg drøymt om i mange år, og
det vart rørande vakkert, eg oppdaga at feire enn eg hadde tårer i
augo.) Dei dansa til teksten av
Fader Vår. Må få sei det: Me har
god grunn til å vere stolt av den
flotte ungdomen me har i
Hyllestad, me gjer vel i å ta positivt imot dei, samt ta godt vare på
dei!
Korleis har kyrkja vorte?
Me sit godt, og borna ser det som
skjer. Grunna armlene sit dei i eit
«avgrensa rom», dei glir ikkje fram
og attende på ein benk lenger. Me
held varmen, behageleg, utan å
svi sko, handvesker eller barnefingrar.
Me har fått handikaptoalett med
stellebord: lyst, varmt og triveleg.
Me har fått multimedianlegg, med
alle dei mogelegheitene det gir.
Me har ein barnekrok, der kan
borna teikne, sjå i ei bok e.l.- eller
berre gå bak til knaggrekka og
hente seg ein «overraskingspose»,
den kan innehalde ein kose
bamse e.l.
Draumebilde i hovudet mitt:
Nokre born sit i barnekroken og
teiknar under preika. Dei teiknar
gjerne noko av det som blir formidla i kyrkja. Mot slutten av gudstenesta kan lydteknikaren, vonleg ein konfirmant, få teikningane, skanne dei og vise dei på
tavla under postludium. Ville ikkje
det bli bra? - ein flott måte for
borna og bli sett? Eg berre spør!
I desse dagar er dugnaden i gang
igjen. No er det kjøkkenkroken
som skal på plass, det opnar for
nye mogelegheiter. Vidare blir det
no laga betre rullestolinngang.
Under oppussinga var det nokre
som ytra bekymring over kor mykje uro det kom til å bli, grunna
barnekroken. Eg deler ikkje bekymringa, men eg deler optimismen over at det skal komme
mange born til kyrkje. Eg kjem
med oppmoding til meg sjølv og
alle andre: Opne kyrkjedørene
våre på vid vegg og ta kyrkjerommet i bruk. Lat oss ikkje bekymre
oss for om dei nydelege stoffstolane våre skulle bli flekka av kaffi
eller pizza, eller om golvteppet
blir rufsete og utslite. La kyrkja
vår vere som ein heim for oss, der
me kan kome saman i glede og
sorg, der me kan styrkje og oppmuntre kvarandre, trøyste og kveikje kvarandre. Måtte kyrkjerommet bli så mykje brukt at det igjen
blir trong for oppussing i komande generasjonar.
Dugnadsfolk: Takk for de gjer
draumen verkeleg.
«Utrulege ting kan skje om begeistring blir brukt som drivkraft»
(Kong Olav V)
6
Beste helsing
Kirsten Gravdal Ryland.
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
Det vert samling
ein tysdag i månaden
frå 18.30 til 20.30
følgjande datoar:
5.-7. klasseklubben
27. august, 24. september,
29. oktober
og 26. november.
5.-7. klasseklubben var samla ved Espelandsvatnet til den årlege
klubbavslutning siste tysdagen i mai. I løpet av eit par fine ettermiddagstimar var det andakt, quiz med bibelspørsmål og ringkasting.
Pølsespidding m/pinnebrøddeig gav litt ulikt resultat – frå gylden
brunt til heilt svart. Viktigast var at alle var nøgde og det smakte
godt. Dei modigast og tøffaste avslutta kvelden med eit bad.
Til hausten er det nye klubbsamlingar; men no vert det ein 5.- 8.
klasseklubb.
Trusopplæringstiltak hausten 2013
22. september kl 16.00:
Hausttakkefest/gudsteneste
m/utdeling av Mi kyrkjebok
4.I forkant av gudstenesta
vert 4-åringane invitert til ei
4-årssamling.
Denne flotte og trivelege gjengen har vore minikonfirmantar i
vinter/vår. Takk for hyggelege samlingar og leir på AlværaTil hausten vert de og andre som er fødd i 2002 invitert til
LysVaken i Hyllestad kyrkje 23.-24. november.
27. oktober kl 11.00
Gudsteneste med utdeling av
Mi kyrkjebok 6. Dei som er
fødd i 2007 er dei første som
får den nye kyrkjeboka for 6åringar. I samband med utdelinga vert det 1-2 samlingar
på ein kvardagsettermiddag.
Dei som er fødd i 2008 og vert 5 år dette året, vert invitert til
5 «Bygge Guds rike» samlingar. Det vert samling med Kyrkjerottefilm, song, lego og mat. 5-åringane vert inivitert til LysVakengudstenesta 24. november kl. 11.00 der dei vil få diplom.
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
7
Konfirmerte 2013
Hyllestad 28.04
Bak frå venstre:
Jan Egil Albertsen Skaar,
Aleksander Tonning,
Kenneth Ramstad,
Trygve Dale.
Framme frå venstre:
Kathinka Hyllestad, Malin
Lavik Akse,
Liza Kiona Markx Fjell,
Marie Hyllestad
Øn 05.05
Frå venstre:
Birte Systaddal Høydal,
Mats Tonning Solstad,
Nils Henrik Lund Hatlem,
Gaute Porten
Bø 12.05
Frå venstre:
Amalie Bosdal Nesje,
Sunniva Breidvik,
Sigrid Kjelstad,
Eli Janne Brendsdal,
Tobias Olsen Høie,
Alexander Wolff,
Bjørnar Rysjedal Tonning,
Andreas Mjell Hofsvik
8
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
Friluftsgudstenester
i Hyllestad.
Også i år legg vi opp til friluftsgudstenester på sommaren og hausten i
Hyllestad.
28. juli kl. 12.00 samlas vi til
Olsokgudsteneste i kvernhusparken i
Skor. Vi vonar på godt vær slik at vi
kan vere ved dei historiske kvernhusa.
Om veret ikkje tillet det blir gudstenesta inne i grendehuset. Det vert kyrkjekaffi ved Skor grendelag. Velkommen
til olsokgudsteneste
25. august kl. 11.00 vert det friluftsgudsteneste i Kvernsteinsparken. Midt i
Hyllestad sitt kulturhistoriske sentrum
har me fått reist ein kross der me kan
feire utegudsteneste.
I Kvernsteinsparken er det hus å søke
ly i om været vert dårleg. Det vert høve
til grilling og leikar for barna etter
gudstenesta. Åfjorddalen bygdekvinnelag vil stå for kyrkjekaffi.
Den 8. september gjentek vi turen på
den gamle kyrkjevegen frå Skor til Øn
kapell. Ta med familie og vener og bli
med på ein opplevelsesrik tur i fotspora til dei som har gått denne vegen i
generasjonar før oss. Vi er på leit etter
deg som kan vere turleiar og deg som
kan fortelje litt om historia knytta til
kyrkjevegen. Om du kunne tenke deg
å ta på deg ei eller begge av desse
oppgåvene ,kan du ringe kyrkjekontoret tlf.57788565. Det vil bli ordna med
samkjøring frå Øn kapell og til Skor.
Turen vert avslutta med gudsteneste i
Øn kapell Kl. 16.00. Ved kapellet vert
det høve til å slukke tørsten med noko
å drikke og det vil bli stelt i stand kyrkjekaffi. Gudstenesta er for turgåarar
og alle andre.
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
Konfirmantjubileum i
Hyllestad kyrkje. 13. oktober
Vi vil nå gjere det til ein tradisjon at vi samlar 50-årskonfirmantar til ei gudsteneste i Hyllestad kyrkje. I år
gjeld det konfirmantane
som vart konfirmerte i 1963
i Øn, Bø eller Hyllestad kyrkje. Kyrkjekontoret finn
fram namn og prøver etter
beste evne å finne fram til
adresser. I desse tider vil
det gå ut informasjon til dei
det er mogleg å oppspore.
Er du ein konfirmant frå
1963 som les dette, kan du
spreie det til dei av dine
jevnaldrande som du kjenner. Kyrkjekontoret er også
interessert i innslag som
kan nyttas på gudstenesta.
Har du ein salme frå di konfirmanttid, eller ein salme
som du likar god, eit bibelvers du ynskjer at vi skal
bruke, ei historie frå konfirmanttida (morosam forteljing, regler, lekser, overhøyring m.m.) Ta kontakt med
sokneprest Ole Agnar
Helland (tlf. 90920521) på
førehand, slik at det kan bli
med i planlegginga.
Etter gudstenesta som
byrjar kl. 11.00 vert det
kyrkjekaffi.
Velkommen som 50-årskonfirmant i Hyllestad kyrkje.
50-Års konfirmantar, 2013
Bø,
25.08.1963:
Hyllestad,
11.08.1963:
Jan Steinar Bråstad
Arne Otto Akse
Kitty Johanne Bø
Odd Normann Akse
Inger Karin Dale
Ole Brekke
Birger Førsund
Svein Bruknapp
Oddvar Arne Tveit
Jorunn Halfrid Dale
Marta Vidme
Leikny Gallefoss
Laila Anny Hatleberg
Øn,
18.08.1963:
Lillian Berit Aal
Norodd Peter Eide
Sveinung Hatlem
Arvid Heimark
Ingmund Johan Løland
Turid Sofie Løland
Harry Malvin Mowatt
Magnhild Ness
Gerd Sonja Skaar
Rune Heimark
Håkon Solheim
Edith Nordbø
John Stigedal
Sølvi Teige
Aud Inger Systad
Jan Ove Øen
Gunhild Systad
Otto Magnus Øen
Oddleif Terje Systaddal
Alvhild Nordis Åsmul
Ingvar Leif Sætre
9
SALMEKVELD
Døpte:
Hyllestad:
Carmen Kristiansen
Nordal
Gravlagde:
Øn:
Arne Birger Hatlem
Deltakande var Erlend Ona Gjul,
Arlen Espeland, Kristen Holt, lærarkrefter i musikk og kulturskulen, Fjordklang, Korpsgruppe og
Balsam,
Vi, omlag 80 frammøtte, fekk
oppleve ei høgtideleg, varm og
god stund. Solosong, duett, kor,
korps, ord for dagen og allsong.
Kjende og kjære salmar vart
framførde på ein gripande måte
både i songen og musikken. Vi
vart dregne med. Vi "måtte" berre
klappe etter kvart innslag-
To små på leiting etter engasjerte
foreldre forsterka den gode
kjensla. Og jammen dukka mi
barndoms kveldsbøn opp: Gud
og Fader lat meg sova under
englevakt i stova. Ver mitt ljos
om natta du. Og når sol i gravi
glader løft meg opp i dine salar.
Lei meg over stjernebru.
Hjarteleg takk til alle som var
med og gjorde denne stunda så
god. De er flinke. Vonar vi får
feire slike stunder. Kari Wolff
Kyrkjelydskveld i
Hyllestad kyrkje.
2. oktober kl. 19.00 innbyr
vi til Kyrkjelydskveld i
Hyllestad kyrkje. For kort
tid sidan vart vi saman med
Høyanger innlemma i
Sunnfjord prosti. Vår tidlegare prost Geir Sørebø er
blitt prost i NordHordaland, og vår nye
prost i Sunnfjord er Reidar
Knapstad. Begge to vil vere
med oss i Hyllestad kyrkje
denne kvelden. Dei vil ta
for seg temaet «Å vere kyrkje i ei ny tid» Det har
skjedd mykje i kyrkja den
siste tida. Ny kyrkjeordning, ny liturgi og vi i
Hyllestad har teke i bruk
nytt kyrkjerom. Prostane vil
kome inn på dette i sine
foredrag.
Vi vil ta avskil med vår
gamle prost og ynskje den
nye velkommmen. Det vert
eit variert program med
mat og høve til samtale og
spørsmål.
Set av denne kvelden
allereie nå. Alle velkomne.
10
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
for Hyllestad
30.juni 6.s. i treeiningstida
Øn kapell kl. 16:00
Offer til kyrkjelydsarb.
7. juli 7. s. i treeiningstida
Øn kyrkje kl 11.00
Diakoni i Hyllestad
14. juli 8. s. i treeiningstida
Bø 16.00
Offer til KFUM/KFUK
21. juli 9.s. i treeiningstida
Hyllestad kl 11.00
Offer til Kirkens SOS i Bjørgvin
28.juli 10. s. i treeiningstida
Skor kl. 12.00 Olavsgudst.friluft.
Kyrkjekaffi v/Skor grendelag, Dronning Mauds minne
04.aug. 11. s. i treeiningstida
Inga gudst. i prestegjeldet
11. aug. 12. s. i treeiningstida
Hyllestad kl.11.00
Offer til Mali
18. aug. 13. s. i treeiningstida
Bø kl.11.00
Offer til Mali
25.aug. 14. s. i treeiningstida
Kvernsteinsparken kl. 11.00 Friluftsgusteneste,
Kyrkjekaffi v/Åfjorddal bygdekvinnelag
Offer til Trusopplæringa
Ramsgrø bedehus kl. 14.30 Basar
01.sept. 15 s. i treeiningstida
Hyllestad kl. 11.00 Presentajon av konfirmantane,
Offer til Misjonsalliansen
08. sept. 16. s. i treeiningstida
Øn kpl kl.16.00 Tur på den gamle kyrkjestien.
Offer til Mali
15.sept. 17. s. i treeiningstida
Bø kl. 11.00 Gudsteneste
Offer til Bildøy bibelskule
22. sept. 18. s. i treeiningstida
Hyllestad kl.16.00 Hausttakkefest
med utdeling av 4-årsbok
Offer til Mali
29. sept. 19. s. i treeiningstida
Øn kl. 11.00
Offer til Trusopplæringa
06. okt. 20. s. i treeiningstida
Hyllestad kl 15.00 Kyrkjelydsbasar
13.okt. 21. s. i treeiningstida
Hyllestad kl. 11.00 50-årskonfirmantar.
Kyrkjekaffi v/gudstenesteutvalet
Offer til Kyrkjelydsarbeidet
20. okt. 22. s. treeiningstida
Øn kl. 11.00
Offer til Søndagsskulen i Sørbøvåg
27.okt. Bots og bønedag.
Hyllestad kl. 11.00 6-årsbok
Offer til Søndagskulen S. og Fj. krins
3.nov. Helgemesse
Hyllestad kl. 16:00
Offer til Mali
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD
11
INFORMASJON
Kontaktinformasjon
for kyrkja i Hyllestad
Kyrkjekontoret har telefontid
tysdag og torsdag kl 10.00-13.00
Telefon: 57 78 85 65 / Telefaks: 57 78 86 9
Felles postkasse: [email protected]
For anna adresseinfo sjå:
www.hyllestad.kyrkja.no
KYRKJEKONTORET:
Dagleg leiar/kyrkjeverje: Rune Ziener
E-post: [email protected]
Kyrkjesekretær: Aslak Åm Sognnes
E-post: [email protected]
Sokneprest: Ole Agnar Helland
E-post: [email protected]
Mobiltelefon: 909 20 521
Vakttelefon i
Ytre Sogn prosti
Kvardagar etter kl 17:00
og på helge- og høgtidsdagar er det alltid ein
prest i prostiet med beredskapsvakt.
Vakttelefonen skal nyttast om ein har bruk for
prestetenester som ikkje
kan vente, t.d. ved dødsbod, soknebod for døyande eller i andre kritiske situasjonar.
Telefonnummer til vakttelefonen er
I KYRKJENE:
Organist
Privattelefon:
Kyrkjetenar / klokkar
Privattelefon:
Klokkar
Privattelefon:
Erling Akse
57 78 86 45
Gunvor Instefjord
57 78 88 03
Aslak Åm Sognnes
975 83 290
UTADRETTA STILLINGAR:
Kyrkjelydspedagog
Toril Lange
E-post:
toril.lange@hyllestad. kyrkja.no
Mobiltelefon:
922 40 966
HYLLESTAD SOKNERÅD:
Soknerådsleiar
Aslak Åm Sognnes
Privattelefon:
975 83 290
KYRKJEBLADET FOR HYLLESTAD:
Utgjevar:
Hyllestad sokneråd
Redaksjon:
Rune Ziener (ansvarleg redaktør),
Ole Agnar Helland
og Aslak Åm Sognnes
Bankkonto:
3705.01.58455
954 83 831
12
KYRKJEBLAD FOR HYLLESTAD