Brev til Plan-og utviklingssjef Kristine Dahl.

Til
Plan-og utviklingssjef Kristine Dahl.
Frå
Nordfjordeid 22.02.2015
Anngåande reguleringsplanen for Nordøyrane, arealet syd for Fargerelva
Naturvernforbundet i Eid er bekymra for utviklinga der stadig meir av den verdifulle
strandsona langs Eidsfjorden blir bygd ned.
Spesielt vil vi gjere merksam på uttalen vår av 14.11.2013 vedrørande forslag til endring av
reguleringsplanen for Nordøyrane, arealet syd for Fargerelva (vedlegg 1). Dette området er eit
av få fjorddelta som er att i Nordfjord, eit område med store naturverdiar og eit rikt biologisk
mangfald. Området er mellom anna ein viktig biotop for trekkjande fuglar, inkludert
fleire raudlisteartar, som makrellterne, hettemåke, storspove, stare og vipe (vedlegg 2). Vi
ynskjer å supplere informasjonen vi tidlegare har sendt inn med bildedokumentasjon av noko
av det rike dyre- og plantelivet i dette området. Derfor legg vi ved dette brevet eit utval bilete
tatt i området som dokumenterer ein del av artsmangfaldet/naturverdiane. (Vedlegg3)
Vi meiner verdien av dette naturområdet er sterkt undervurdert, og at det er svært viktig å ta
vare på det som er att av området. Ved riktig bruk er dette området ein ressurs for
lokalbefolkninga og besøkande i form av naturopplevingar, friluftsliv og undervisning.
I innspel til kommuneplanen side 4 nemner vi noe om sjøplan. (Vedlegg4).
Vi saknar kor saka ligg i systemet no og kommunens tankar om fugle/dyre- og plantelivet i
dette området i Eid sentrum og verdien i forhold til naturmangfaldlova i denne saken. Det
er fortsatt mogleg å redde mange av naturkvalitetane i dette området. Vi ber om at om at det
bør heller ruste opp område og lage til friområde med minimalt med utfylling.
Vi meiner at ein brei medverknad er viktig og at naturen trenger ein større plass i alt
planarbeid.
Naturvernforbundet ønskjer lykke til i den vidare planprosessen.
Med venleg helsing Naturvernforbundet i Eid v/Thorleif Jakobsen, leiar
E-post:[email protected]
Skulevegen 92,
6770 Nordfjordeid.
LA NATUREN GÅ I ARV!