Fitjar kommune Møteinnkalling Utval: Møtestad: Dato: Tid: Utval for plan og miljø Kommunestyresalen, Fitjar rådhus 17.03.2015 13:00 Forfall vert å melda til kundetorget på tlf 53 45 85 00, som syt for innkalling av varamedlemar. Varamedlemar møter kun etter særskild innkalling. Innkalling er sendt til: Namn Torstein Grimen Annar Westerheim Gunn Marit Søreide Bård Inge Sørfonn Sigurd Andre Maraas Varamedlemar Roger Nesbø Karen Elisabet R. Sæbø Terje Træet Johannes Nesse Odd Jarl Larsen Funksjon Leiar Nestleiar Medlem Medlem Medlem Representerer H AP AP KRF FRP Funksjon Varamedlem Varamedlem Varamedlem Varamedlem Varamedlem Representerer AP SP H KRF FRP Torstein Grimen Leiar Kristin Meland Utvalssekretær Side1 Saksnr Innhald Lukket PS 16/15 Godkjenning av protokollar PS 17/15 Meldingar PS 18/15 Saker handsama etter delegering PS 19/15 Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan for oppføring av bustad på 61/219. Synfaring PS 20/15 Søknad om løyve til restaurering av 2 sjøhus og reperasjon av molo, gnr. 50/16. PS 21/15 Søknad om godkjenning av bygging av altan ved naust på gnr. 49 bnr. 210. PS 22/15 Restansar pr. 12.03.2015 PS 23/15 Ymse Side2 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2014/753 Sakshandsamar: Kristin Meland Dato: 10.03.2015 SAKSFRAMLEGG Godkjenning av protokollar Utval sak Utval Møtedato 16/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Vedlegg: Protokoll frå møte 10.02.2015 Protokoll frå møte 03.03.2015 Framlegg til vedtak: Utval for plan og miljø godkjenner protokoller frå møte 10.02.2015 og 03.03.2015 Atle Tornes Rådmann Side3 Side4 Side5 Side6 Side7 Side8 Side9 Side10 Side11 Side12 Side13 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2014/753 Sakshandsamar: Kristin Meland Dato: 12.03.2015 SAKSFRAMLEGG Meldingar Utval sak Utval Møtedato 17/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Vedlegg: Skriv frå fylkesmannen vedk. endring i plan- og bygningslova §§ 11-8 og 12-4 Rundskriv H-2/15 – ikrafttredelse av endringar i plan- og bygningslova (plandelen) Orienteringar: Torgeir Steien vil orientere om endringar i plan- og bygningslova jfr. vedlegg Rådmannen vil orientere om meklingsmøte med fylkesmannen vedkomande reguleringsplanen for Hellandsfjorden Framlegg til vedtak: Utval for plan og miljø tek meldingane til vitande. Atle Tornes Rådmann Side14 Side15 Side16 Side17 Side18 Side19 Side20 Side21 Side22 Side23 Side24 Side25 Side26 Side27 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2014/753 Sakshandsamar: Kristin Meland Dato: 10.03.2015 SAKSFRAMLEGG Saker handsama etter delegering Utval sak Utval Møtedato 18/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS DS 22/15 23/15 24/15 25/15 26/15 27/15 28/15 29/15 30/15 31/15 32/15 33/15 34/15 35/15 36/15 37/15 38/15 39/15 40/15 41/15 42/15 43/15 44/15 45/15 46/15 47/15 48/15 49/15 50/15 51/15 52/15 53/15 Løyve til oppføring av bustad på gnr. 67 bnr. 148 Rossneset. Stord Taksering AS, ansvarsrett i samband med oppføring av bustad 67/148 Rossneset. Hatlevik Rør AS, ansvarsrett i samband med oppføring av bustad på 67/148 i Rossneset. Engevik & Tislevoll AS, ansvarsrett i samband med oppføring av bustad på 67/148 i Rossneset. Terje Henriksen, ansvarsrett som selvbygger, bustad 67/148 Rossneset. 69/55 - Oppretting av matrikkelenhet 49/12 Løyve til tiltak - oppretting av boenhet 49/12 Søknad om ansvarsrett ved oppretting av boenhet 49/12 Ansvarsrett for rørleggerarbeid ved oppretting av boenhet 65/450 Oppretting av matrikkelenhet 61/372 Oppretting av matrikkelenhet 61/3 Søknad om opprettelse av matrikkelenhet 65/301 - Løyve til tiltak - tilbygg til Bakken barnehage 65/301 - Ansvarsrett Engevik & Tislevoll AS for tilbygg Bakken barnehage 65/301 - Ansvarsrett for Stord Taksering as - tilbygg Bakken barnehage 49/20 - Løyve til tiltak - fasadeendring fritidsbustad 61/652 Ett trinn søknad - oppføring av fritidsbustad 61/652 Ansvarsrett ved oppføring av fritidsbustad - Aarbø og Korsvik forskaling DA 61/652 Ansvarsrett ved oppføring av fritidsbustad - Engevik & Tislevoll AS 61/652 Ansvarsrett ved oppføring av fritidsbustad K. Volden Transport AS 61/652 Ansvarsrett ved oppføring av fritidsbustad - Hatlevik rør AS 59/15 - Løyve til tiltak - riving av gamal garasje - oppføring av ny 59/15 - Ansvarsrett for oppføring av garasje - Engevik & Tislevoll AS 61/652 Søknad om lokal godkjenning av ansvarsrett ved oppføring av fritidsbustad - Einar Tholvsen Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå 2 rorbuarar, gnr 83 bnr 1 og 18, Søgardsjøen 50/179 - 124 Søknad om deling av grunneigedom - rekv. av oppmålingsforretning Søknad om løyve til å leggja ut vassleidning i sjø gnr/bnr 83/1 - Søgardsjøen Søknad om matrikulering med oppmålingsforretning parsell av 61/275 Søknad om matrikulering med oppmålingsforretning, parsell av gnr. 61 bnr. 273 i Kråko. 61/493 Oppretting av matrikkelenhet 83/1 Bruksendring frå naust til fritidsbustad 83/18 Bruksendring frå naust til fritidsbustad Framlegg til vedtak: Utval for plan og miljø tek delegeringssakene til vitande. Atle Tornes Rådmann Side28 Fitjar kommune Arkivkode: 61/219 Saksmappe: 2014/554 Sakshandsamar: Torgeir Steien Dato: 06.03.2015 SAKSFRAMLEGG Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan for oppføring av bustad på 61/219. Utval sak Utval Møtedato 19/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Vedlegg: Teikningar. Situasjonskart. Bakgrunn: Frå Engevik & Tislevoll AS ligg det føre, på vegne av Eldrid Myrvang Simonsen og Stein Simonsen, søknad om dispensasjon frå reguleringsplan for oppføring av bustad på gnr. 61 bnr. 219 Kalveid. I dispensasjonssøknaden står det mellom anna: Tiltakshaver ønsker å bygge bustad med flatt tak i to etasjer. Reguleringsplanens krav overholdes ikke da denne sier takvinkel skal ha minst 25 grader og maks gesimshøyde 5 meter. Mønehøyde maks 7,5 meter overholdes for topp takflate. Tiltakshaver har brukt mye tid med JK Nielsen Arkitekter as for å komme i mål med tilfredsstillende bolig godt tilpasset terreng i og rundt tomten. Dette medfører også at tiltaket vil komme i konflikt med regulert byggegrense. Dette er en av de siste tomtene i området og ønsket arkitektonisk utforming vil ikke skape presedens. Samtidig ser en at det er «inn i tiden» og bygge boliger med flate tak og at det bør åpnes for en valgfrihet. Ingen av de nevnte momentene vil ha negativ betydning for naboer og/eller siktsone. Boligen ligger som nest siste hus i en blindveg. Det er søkt om dispensasjon frå takform og frå regulert byggjeline mot veg. I tillegg vil tiltaket og krevje at det vert gjeve dispensasjon frå utnyttingsgrad og byggjehøgde. I søknaden er det oppgjeve at grad av utnytting BYA er 35 % etter gjeldande plan, dette er feil. BYA er 20% etter gjeldande plan, slik at tiltaket og krev dispensasjon frå utnyttingsgrad. (I søknad er det oppgjeve at tiltaket får ei utnyttingsgrad på 29 %.) Når det gjeld takkonstruksjon, så vert det søkt om dispensasjon frå kravet om møna tak. Det er oppgjeve at ein ikkje vil overstige regulert byggjehøgd. Her har nok søkjar feiltolka føresegner og gjeldande regelverk. Søkjar har nok lagt til grunn at regulert byggjehøgd er 2 etasjar + innreia loft, vil gje ei lovleg byggjehøgd på ca. 7,5 meter. Når det gjeld denne bustaden med flatt tak, så er lovleg byggjehøgd 5 meter til gesims målt frå gjennomsnittleg planert terreng. (Gesimshøgde er høgda til skjæringen mellom ytterveggen si ytre flate og tak flaten.) For gjeldande tiltak vert det tale om 4 dispensasjonar, takform, regulert byggjeline mot veg, gesimshøgde og utnyttingsgrad. Bustaden er i 3 etasjar, har brutto areal på 294 kvm. Side29 I reguleringsføresegnene § 5-4 står det følgjande: Området skal nyttast til frittliggjande bustader. Utnyttingsgrad BYA= 20%. Bustadene skal ha takvinkel på minst 24 grader. Maks byggehøyde = 2 høgder + innreia loft (3 etg. etter dagens regler) Maks gesimshøgd 5 m. Vurdering: Som det er nemnd i søknaden, så er dette den siste tomta i denne delen av byggjefeltet. Alle andre bustader i området har møna tak, saltak eller valmtak, den omsøkte bustaden med flatt tak vil difor skilja seg ut frå eksisterande bebyggelse. Om dette vert estetisk feil vert ein vurderingssak. Administrasjonen meiner tiltaket vil skilja seg ut på ein måte som ikkje vil harmonera med øvrige bustader i området. I søknaden er det oppgjeve at tiltakshavar, saman med arkitekt, har brukt mykje tid for å komma i mål med ein tilfredstillande bustad som er godt tilpassa terreng i og rundt tomta. Denne utsegna finn administrasjonen underleg, all den tid det må gjevast 4 dispensasjonar for at ein skal få realisert bustaden på gnr. 61 bnr. 219. Dersom ein skal gje dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan med føresegner, må det vera overvekt av grunnar som talar for dispensasjon. Det at tiltakshavar ønskjer ein bustad med takkonstruksjon og høgde som ikkje er i samsvar med plan og føresegner, meiner administrasjonen ikkje er grunnar som talar for dispensasjon. Det at ein og har vald ein bustad som gjev utnyttingsgrad som vert ca. 9,5 % over det som er vedteken i plan, er heller ikkje god nok grunn til å tilrå dispensasjon etter administrasjonen sitt syn. Den einaste gode grunnen til å tilrå dispensasjon, måtte vera dispensasjon frå byggjeline mot veg. Dette grunna det at nedre del av tomta skrånar mykje. Slik administrasjonen tolkar reguleringsplan med føresegner, samt tolking av kva som må vera overvekt av grunnar som talar for dispensasjon, så ser ein ikkje at det er grunnlag for å tilrå dispensasjon(ar) i dette høvet. Framlegg til vedtak: Utval for plan og miljø kan ikkje sjå at det er dokumentert at det ligg føre grunnar for at ein gjev 4 dispensasjonar frå plan med føresegner. Søknad om oppføring av bustad på gnr. 61 bnr. 219 slik det er vist i søknad vert ikkje stetta. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslova si § 19-2. Atle Tornes Rådmann Side30 Side31 Side32 Side33 Side34 Side35 Side36 Arkivkode: 50/16 Saksmappe: 2013/128 Sakshandsamar: Torgeir Steien Dato: 05.03.2015 Fitjar kommune SAKSFRAMLEGG Søknad om løyve til restaurering av 2 sjøhus og reperasjon av molo, gnr. 50/16. i område N 7. Utval sak Utval Møtedato 20/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Vedlegg: Teikningar. Situasjonskart. Oversiktskart. Foto. Bakgrunn: Saka gjeld oppbygging av 1 sjøbu, reperasjon av 1 sjøbu og molo, bygging av kai. Tiltaka ligg på gnr. 50 bnr. 16. Etter kommuneplanen er området vist som naustområde N7 og det kan førast opp 3 naust i området etter kommuneplanen. I søknad frå Bjørn A. Westerheim står det mellom anna følgjande: Vedlikehold som skal utføres er oppbygging av nordre del av mol, kai front i aust Restaurering av 2 sjø boder. Molo delen mot nord er reparert midlertidig, opprøyst med steinmasser etter at fleire stormer har revet denne ned. Denne delen vil bli tatt igjen og murt opp med steinblokker. Kaifronten under sjøbod 1 er på vei ut. Nå vil bua bli totalrenovert med ny ramme og skifer på taket der dette mangler, i same utførelse slik den ble satt opp. I den sammenheng blir og kai fronten vedlikeholdt. Sjø bod 2 ble tatt ned nylig på grunn av tilkomst med gravemaskin til opprydding av steinmasser ved utløpet av hoved veit. 8sjøboden var i veldig dårlig forfatning) Hoved veita vart laga ved dyrking på 70 tallet, men ikke fullført. Vatnet er nå ført ut på 4 m dyp, med rør. Sjøboden vil bli sett opp på samme plass i samme storleik. Sjøboden som skal repareres har eit areal på 12 kvm. Sjøboden som skal byggast opp att, har eit areal på 31,2 kvm. Vurdering: Tiltaka er i samsvar med gjeldande kommuneplan, når det gjeld storleik på bygga samt arealbruk etter kommuneplanen. Slik tiltaka er vist i situasjonsplanen, vil området bli vesentleg oppgradert og sjå tiltalande ut når det er ferdigstilt. Det skal ikkje byggjast veg ned til området, så det vert ikkje sett krav om utarbeding av reguleringsplan. Side37 Med vising til saksopplysningar og vedlegg til saka i form av teikningar og situasjonskart, tilrår administrasjonen at det vert gjeve løyve til tiltaka slik det er vist i søknaden. Framlegg til vedtak/tilråding: Utval for plan og miljø godkjenner repareasjon av kaier, molo, 1 sjøbu og bygging av 1 sjøbu på gnr. 50 bnr. 16 slik det er vist i søknad. Vedtaket er fatta med heimel i plan og bygningslova si § 21-4 og lov om hamner og farleder §9 §27 og §29. Atle Tornes Rådmann Side38 Side39 Side40 Side41 Side42 Side43 Side44 Fitjar kommune Arkivkode: 49/210 Saksmappe: 2014/439 Sakshandsamar: Torgeir Steien Dato: 10.03.2015 SAKSFRAMLEGG Søknad om godkjenning av bygging av altan ved naust på gnr. 49 bnr. 210. Utval sak Utval Møtedato 21/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Vedlegg: Situasjonskart Foto av tiltaket Bakgrunn: Frå Jan Inge Helland ligg det føre søknad om godkjenning av altan, som allereie er oppført, på naust på gnr. 49 bnr. 210. I søknad står det: Har bygd altan og søkjer om å få den godkjent. Den blei bygd fordi me ikkje har kveldsol på eiendommen vår, for det er bygd store naust som skygger for sola. Glassveggen skjermer for nordvesten. I brev av 14.07.2014 frå naboer til tiltaket står det mellom anna: I Planlegging og byggesaksbehandling loven § 1 heiter det. Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og fremtidige generasjoner. Planlegging etter loven skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgaver å gi grunnlag for vern av resusser. Byggesaksbehandling etter loven skal sikre at tiltak blir i samsvar med lov, forskrifter og planvedtak. Det enkelte tiltak skal utføres forsvarlig. Planlegging og vedtak skal sikre åpenhet, forutsigbarhet og med virkning for alle berørte interesser og myndigheter. Det skal legges vekt på langsiktige løsninger, og konsekvenser. Underteikna grunneigar i naustområdet i Hellandsfjorden vil be Fitjar kommune å vurdere om tilbygget på eiendom 49-210 tilfredsstiller Fitjar kommune sine retningslinjer for praktisering av Plan og bygningsloven. Ein ber også Fitjar Kommune ta nødvendig hensyn til eksisterende eiendommer med sine tilkomstbehov frå både land sjø ved utarbeidelse av reguleringsplanen som nå er ute på høyring. P.S. Det er ingen av berørte grunneigarar som har mottatt noen form for nabovarsel i denne saka. Tiltaket ligg i område med godkjent reguleringsplan som for tida er under revisjon. Det vart gjeve løyve til oppføring av naust på parsellen den 31.05.1990. Side45 Vurdering: Altan er ikkje noko som er ein naturleg del av eit naust. Grunngjevinga vedkomande soltilhøve verkar noko søkt. Det vil vera fullt mogleg å få tilfredsstillande «tiltang» på sol framfor naustet, eller på bakkenivå der altanen er bygd. Gjeldande reguleringsplan for området inneheld ikkje reglar om «utstyr» til naust, (t.d. altanar). Då gjeld dei generelle reglane i kommuneplan, strandsonerettleiar m.v. I § 3.8 i kommuneplanen er det ei rekkje kriteria som definerer korleis eit naust skal sjå ut, og kva «utstyr» som ikkje er tillete: mellom anna er det spesifisert at naust ikkje skal ha terrassar, balkongar, ark eller karnapp. Det er heller ikkje tillete med gjerde/levegg eller andre stenglse i naustområde. Altan må reknast som terrasse eller balkong, og er såleis i strid med kommuneplanen. Pågåande reguleringsplanarbeid i området vil innskjerpa krava til naust samanlikna med den gjeldande planen, snarare enn opne for fleire tiltak. Ei rekkje naboar har i skriv av 14. juli 2014 stilt spørsmål ved dette tiltaket, og om det er i samsvar med gjeldande retningsliner. Kommunen meiner dette tyder på at dei er kritiske til tiltaket. Administrasjonen kan ikkje tilrå at det i etterkant vert gjeve godkjenning for ulovleg bygd altan i tilknyting til naust på gnr. 49 bnr. 120. Framlegg til vedtak: Utval for plan og miljø finn ikkje at det er grunnlag for å gje godkjenning for ulovleg oppført altan ved naust på gnr. 49 bnr. 120. Søknaden vert ikkje stetta. Vedtaket er fatta med heimel i plan- og bygningslove si § 21-4. Utval for plan og miljø ber administrasjonen om å følgja op det ulovlege tiltaket i samsvar med reglane i plan- og bygningslova si § 32. Atle Tornes Rådmann Side46 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2014/753 Sakshandsamar: Kristin Meland Dato: 12.03.2015 SAKSFRAMLEGG Restansar pr. 12.03.2015 Utval sak Utval Møtedato 22/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Byggjesaker Delingssaker Plansaker Oppmåling Anna Sum 19.11.2014 9 5 4 10 11 35 Byggjesaker Delingssaker Plansaker Oppmåling Anna Sum 04.12.2014 7 5 4 6 12 34 Byggjesaker Delingssaker Plansaker Oppmåling Anna Sum 04.02.2015 8 6 2 8 12 36 Byggjesaker Delingssaker Plansaker Oppmåling Anna Sum 12.03.215 11 5 4 8 14 40 Framlegg til vedtak: Utval for plan og miljø tek saka til vitande. Atle Tornes Rådmann Side47 Fitjar kommune Arkivkode: 033 Saksmappe: 2014/753 Sakshandsamar: Kristin Meland Dato: 10.03.2015 SAKSFRAMLEGG Ymse Utval sak Utval Møtedato 23/15 Utval for plan og miljø 17.03.2015 Vedlegg: Bakgrunn: Vurdering: Framlegg til vedtak: Atle Tornes Rådmann Side48
© Copyright 2025