Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust

OSTERØY KOMMUNE
Tilleggsinnkalling
av
Formannskapet
Møtedato:
Møtestad:
Møtetid:
05.05.2015
Osterøy rådhus - heradsstyresalen
kl. 14:00
Eventuelle forfall må meldast til Bente Skjerping per tlf. 56192100, sms til 41587200
eller per epost til [email protected]
Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.
Sakliste
Saknr
031/15
032/15
033/15
035/15
Tittel
Sal av Bruvik tomtefelt
Utbyggingsavtale for Bruvik bustadfelt, del aust - planid
Søknad om refusjon for vass- og avlaupsutgifter i forbindelse med boligfeltet på Børo
Framlegg til avtale om leige av lokaler til Familiens hus, Vaksenopplæring og
Heimetenestene jmf F-sak 057/14
4. mai 2015
Kari Foseid Aakre
ordførar
Bente Skjerping
sekretær
SAKSPAPIR
Saksnr
031/15
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
05.05.2015
Saksbehandlar
ArkivsakID
Jostein Førre
14/293
Sal av Bruvik tomtefelt
32T
Salskontrakt Bruvik sentrum, del aust
Arealavståing til Bergen økologiske landsby 13.02.2015
«Formannskapet har ikkje merknadar til framforhandla salskontrakt»
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Bruvik tomtefelt var eit sammarbeidsprosjekt mellom Osterøy kommune og dei ulike grunneigarane i
feltet. Tomtefeltet lå ute for sal i ein lengre periode mellom 2009 og 2012. Det kom ikkje inn bod som
blei godtatt av eigarane i prosjektet. I 2012 kjøpte Osterøy kommune ut dei andre grunneigarane.
I 2013 kom det inn bod på prisantydning frå Bergen Økologiske Landsby (BØL). Bodet var godtatt og
forhandlingar om kontrakt og utbyggingsavtale har pågått sida det.
Det er framforhandla ein utbyggingsavtale som sikrar utbygging av området i tråd med
reguleringsplanen for området.
I salskontrakten binder Osterøy kommune seg til å leige ut jord til hagebruk til Bergen Økologiske
Landsby.
Vurdering
Det har tatt lang tid å få solgt bustadfeltet på Bruvik. Det er difor gledlig at BØL ynskjer å realisere
dette feltet. I samtalar med BØL har ein komme fram til at ein held tilbake den sør-vestligaste
bustadklynga i reguleringsplanen. Her er det sett av plass til 5 bustadtomter. Dette sikrar at det blir
nokre tomter ledige på kommunale vilkår.
Folkehelse
Miljø
Økonomi
Konklusjon
Osterøy kommune sel området for bustadfeltet på Bruvik, men beheld BG 9 for eigen utvikling.
Salskontrakt for delar av gnr 153 bnr 2, 3, 13, 61 og 71
som gir grunn til Bruvik bustadfelt, del aust
mellom
Osterøy kommune, org. Nr. 864 338 712 (selgar)
og
Bergen økologiske landsby (kjøpar)
1. Avtalens bakgrunn og intensjon
Denne avtalen regulerer sal av areal, rettar og plikter frå Osterøy kommune til Bergen økologiske
landsby i forhold til realisering av reguleringsplanen “Bruvik Sentrum, Del Aust” vedtatt av Osterøy
heradsstyre 21. mai 2008.
2. Overføring av areal
Ved underskriving av denne kjøpekontrakt gjev Osterøy kommune (selgar) Bergen Økologiske
landsby (kjøpar) fullmakt til å søkja om overdraging av delar av areal frå, gnr 153 bnr 2, 3, 13, 61 og
71 som vist på vedlagt kart datert 13/2-2015. Arealet er markert med raud skravur.
Selgar pliktar å underteikne naudsynt dokumentasjon for arealoverføringa.
Det er eit atterhald for avtalen at Osterøy kommune får overført eigedommen frå Stiftelsen Ulvsnesøy
/ Bergen kommune.
3. Pris
Prisen for området blir sett til kroner 4 900 000,-. I tillegg kjem dokumentavgift, tinglysningsgebyr,
kostnader ved konsesjonshandsaming, kostnader ved oppmåling og frådeling av eigedomen.
4. Betaling
Kjøpar betalar inn kroner 10 000,- ved kontraktsinngåing. Resten i forhold til ein slik betalingsplan:
01.08.2015
01.12.2015
01.08.2016
01.08.2017
01.08.2018
01.12.2018
40 000,650 000,1 100 000,1 100 000,1 100 000.900 000,-
5. Tilbakekjøp
Om kjøper ikkje evnar å starte utbygging innan 30.04.2016, har Osterøy kommune rett til å kjøpe
attende eigedommen for kjøpssummen med tillagt rentekostnad. Renta skal bereknast ut frå 3 mnd.
NIBOR rente.
6. Utbyggingsavtale
Kjøpar må akseptere utbyggigsavtalen for reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust – planid 2003001.
Ved omregulering av feltet skal eksisterande utbyggingsavtale implementerast i så stor grad som
mogleg, og ikkje til forringing for Osterøy kommune eller ålmenta.
Side 1 av 2
7. Areal til hagebruk
Det skal i løpet av 2015 utarbeidast ein intensjonsavtale om leige eller eventuelt kjøp av
jordbruksareal som Osterøy kommune disponere, og som ikkje nyttast av kommunen sjølv eller
andre.
8. Som den er
Eigedommen blir solgt i den forfatning den er under visning. Salet følgjer avhendingslova § 3-9.
Avhendingsloven § 3-9 fråvikast slik at kjøper ikkje kan gjere gjeldande at det føreligg skjulte
manglar ved eigedommen, verken som følgje av at seljar ikkje har oppfylt si opplysningsplikt (avhl §
3-7), eller at eigedommen er i dårlegare stand enn det kjøpar har lagt til grunn (avhl § 3-9, siste
punktum).
9. Tvistar
Tvist med utspring i denne avtalen vert avgjort ved dei alminnelege domstolar med Nordhordland
tingrett som rett verneting.
Dato
Dato
___________________________
Osterøy kommune
_________________________
Bergen økologiske landsby
Vedlegg 1: Grunneigarkart med arealavståing markert
Side 2 av 2
SAKSPAPIR
Saksnr
032/15
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
05.05.2015
Heradsstyret
PS
Saksbehandlar
ArkivsakID
Jostein Førre
14/293
Utbyggingsavtale for Bruvik bustadfelt, del aust - planid
32T
Bruvik reguleringsplan 210508.pdf (L)(202147)
REGULERINGSFØRESEGN_ BRUVIK_AUST.PDF (L)(190300)
VA plan Bruvik tomtefelt
Rådmannen rår Formannskapet til å gje slik innstilling til Heradstyret: «Forslag til utbyggingsavtale
for gjennomføring av reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust – planid 2003001, mellom Osterøy
kommune og Bergen Økologiske Landsby legges ut til høyring.
Utlegging til høyring skjer i medhald av plan- og bygningslovens § 17-4».
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Det er framforhandla utbyggingsavtale for reguleringsplanen Bruvik sentrum, del aust. Planid er
2003001. Forslaget er framforhandla samtidig med forhandlingar om salsavtale for grunn til området.
Utbyggingsavtalen tar utgangspunkt i H-sak 048/08 Utbyggningsavtalar etter plan og bygninglova XIA og for momsavtalar i H-sak 29.04.2015 Prinsippvurdering for bruk av momsavtalar.
Avtalen forpliktar utbyggar (Bergen Økologiske Landsby), grunneigarane av gnr 153 bnr 2, 3, 13, 61
og 71), Inger og Lars Bjørgo, Jørn Mjelde Brudvik (2 tomtar i BG 6) og Osterøy kommune (5 tomtar i
BG 9) til avståing av grunn og finanisering av offentleg og feltintern teknisk infrastruktur.
Avtalen forpliktar utbyggar (BØL) til å finansiera:
·
·
·
·
Fortau frå kryss til Bruvikdalen til Bruvik skule.
2 busshaldeplassar og snuplass for buss.
Hovudleidning for avlaup og reinseanlegg.
Intern teknisk infrastruktur som veg, omlegging av høgspentleidning, vatn og
avlupsleidningar.
Osterøy kommune forpliktar seg til å finansiere:
·
·
·
·
Hovudvassleidning til feltet.
Utbetring av kryss i Bruvik sentrum / Eidsvika
Intern veg i Osterøy kommune sitt bustadfelt BG 9 (5 tomter).
Arkeologiske utgravingar.
I tillegg avklarar avtalen kva kommunen skal overta av teknisk infrastruktur med omsyn til drift og
vedlikehald, og kva framtidige bebuarar skal ha ansvar for. Ein avklarar også korleis ein skal ivareta
tekniske standardar med meir.
Avtalen innrømmer også utbyggar moglegheiter til å inngå momsavtalar med Osterøy kommune.
Det vart varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale 13. mars 2015. Frist for merknadar
vart sett til 13. april 2015. Ingen innspel er kome inn.
Opparbeiding av badeplass i Eidsvika med parkeringsplassar, toalett etc. er tatt inn i Bergen og
omland si prioriteringsliste i forhold til opparbeiding og finansiering av friluftsområde i Osterøy
kommune. Dette er ikkje tatt inn i avtalen, men handsama i eige sak i Komite for oppvekst,
undervisning og kultur 007/15 den 4. mars 2015 Langsiktig forvaltningsplan for friluftsområde i
Osterøy kommune.
Vurdering
Plan- og bygningslovens kapittel 17 omhandlar utbyggingsavtalar. I § 17-3 heiter det blant anna:
Avtalen kan også gå ut på at grunneier eller utbygger skal besørge eller helt eller delvis bekoste tiltak
som er nødvendige for gjennomføring av planvedtaket. Slike tiltak må stå i rimlig forhold til
utbyggingens art og omfang og kommunens bidrag til gjennomføring av planen og forpliktelser etter
avtalen. Kostnaden som belastes utbygger eller grunneier til tiltaket, må stå i forhold til den
belastning den aktuelle utbygging påfører kommunen. Avtalen kan uansett gjelde forskuttering av
kommunale tiltak som er nødvendige for gjennomføring av planvedtak.
Kommunen sine retningsliner for tilskot til bustadfelt.
For tilskot til bustadfelt har kommunen utarbeida retningslinjer jfr. vedtak i utval natur 29.08.01som
følgjer:
·
·
·
·
Kommunaltekniske anlegg i bustadfelt (interne kostnader) kvalifiserer ikkje til tilskot.
Kostnader frå eksisterande kommunaltekniske anlegg og til feltgrense kan i visse høve
kvalifisera til tilskot.
Kommunen overtek kommunaltekniske hovudanlegg i bustadfelt vederlagsfritt til vedlikehald,
herunder veglys når anlegget er ferdig utbygd og godkjend.
Det må setjast opp avtale mellom utbyggar og kommunen i kvart enkelt tilfelle.
I vedlagt avtale har ein vurdert fordelane med utbetring av offentleg infrastruktur i forhold til
ålmenta og det forhold at Bruvik er ei bygd med fallande folketal. Ein har difor prøvd å legge til rette
for ei løysing for utbygging av området som gjer at det kan realiserast i tråd med intensjonane i
reguleringsplanen.
Kostnadsfordelinga er konkretisert i forhold til det enkelte delprosjekt for å få på plass teknisk
infrastruktur. Dette for at den enkelte part skal kunne gjennomføre utbygging av sine områder i
større uavhengigheit enn om alt hadde vært eit felles prosjekt, med felles finansiering.
Rådmannen meiner det er positivt at utbyggar tar eit ansvar for det å realisere vestlandets første
økologiske landsby. Dette må dog organiserast innaføre dei rammer lov og forskrifter fastsett.
På bakgrunn av dei nemnte forhold dekker Osterøy kommune enkelt kostnadar og tilbyr
momsavtalar til beste for utbyggar. Osterøy kommune dekkar og kostnadar på bakgrunn av at ein er
grunneigar og forventer å få desse inndekt ved kommande tomtesal.
Folkehelse
Miljø
Økonomi
Konklusjon
Rådmannen rår til at føreslege utbyggingsavtale blir lagt ut til høyring.
1
Osterøy kommune –
Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust
REGULERINGSFØRESEGNER
Reguleringsplan for Bruvik sentrum, del aust på g.nr.153, Osterøy kommune
Reguleringsplan utarbeidd av :
FORTUNEN AS
v/ l.ark MNLA Frode Røynestad
Osterøy kommune
Dato for siste revisjon av planen 09.02.07
Dato for vedtak i heradsstyret....................
§1
GENERELT
1.1
Planen viser regulert område med plangrense.
1.2
Arealet innafor planområdet er regulert til :
1. BYGGEOMRÅDE
* bustader
* offentleg undervisning (skule)
* forsamlingslokale/grendahus (Knausatun)
2. LANDBRUKSOMRÅDE
* landbruk generelt
3. OFFENTLEGE TRAFIKKOMRÅDE
* køyreveg
* gang- sykkelveg
* busshaldeplass
* anna veggrunn
* parkeringsplass
4. OFFENTLEGE FRIOMRÅDE
* anlegg for leik
* friområde generelt
* anlegg for idrett
* friområde i sjø
6. SPESIALOMRÅDE
* friluftsområde på land
* friluftsområde i sjø
* privat veg
* vass- og avlaupsanlegg
* frisiktsone veg
7. FELLESOMRÅDE
* felles avkøyrsel
* felles gangareal
* felles parkeringsplass
* felles leikeareal for barn
2
* felles grøntareal
* felles anlegg for boss og post
1.3
Etter at denne reguleringsplanen med tilhøyrande føresegner er stadfesta, kan det ikkje
gjerast privatrettslege avtalar som er i strid med planen og føresegnene.
§2
FELLES FØRESEGNER
2.1 PLANKRAV
2.1.1
Før handsaming av søknad om rammeløyve / søknad om igangsettingsløyve (tostegsmodellen) vert det kravd utarbeidd plan for utbygging for husgruppe
i målestokk 1 : 500 i byggeområde for bustader.
Planen skal visa hus med kotehøgder ferdig golv, gesims- og mønehøgde, tilkomst til hus,
interne vegar, trim/leikeapparat, parkeringsplassar/-garasje, søppelhandsaming og
avkøyrsler.
2.1.2
Kommunen skal ved handsaming av søknad om rammeløyve / søknad om
igangsettingsløyve sikra at utbygginga får ei god form og materialval, og at bygg i samme
byggefelt får ei heilskapleg og harmonisk utforming.
Farge på hus og taktekking skal godkjennast av kommunen.
2.1.3
I samband med detaljplanlegging og seinare tiltak i området (byggesøknader etc.) vil det
bli satt krav om at naudsynte tiltak mot inntrenging av radongass må undersøkjast og
eventuelt setjast i verk før byggearbeid startar opp.
2.2 BYGGJEGRENSER
2.2.1
Innafor viste byggegrenser skal bygg plasserast som vist i planen.
2.3 BUSTADTYPAR/ETASJETAL / BYGGEHØGDER
2.3.1
Bustadområdet vert tillete bygd ut med einebustader. I bustadgruppe BG2 og BG3 er det
tillete å bygge einebustader i rekkje. Gjennomsnittleg gesimshøgde skal ikkje overstiga
3,0 m (1 etasje). Der terrenget gjer det naturleg, kan bygga utførast i to etasjar
(m/underetasje) og med en gjennomsnittleg gesimshøgde på 4,5 m i samsvar med
byggeforskriftene.
2.3.2
Takvinkel skal ikkje overstiga 35 grader.
2.4 PARKERING / TILKOMST
2.4.1
Parkering skal skje på eige tomt med minimum 2 plassar pr. einebustad.
Der einebustad har hybelhusvære må det reknast med 3 plassar pr. bustad.
Eigne hybelhusvære skal ha minimum 0,8 plassar pr. bustad.
3
2.4.2
Garasje kan innanfor føresegnene i byggeforskriftene, oppførast i nabogrense og
eventuelt saman med nabotomt. Endeleg plassering og utforming av garasjar skal
godkjennast av kommunen. Plassering av garasje skal vera vist på situasjonsplan som
fylgjer søknad om rammeløyve/søknad om løyve til tiltak, sjølv om garasje ikkje skal
oppførast samtidig med bustader.
2.4.3
Tilkomst til tomt er vist i reguleringsplan.
2.5 UBYGDE AREAL
2.5.1
Ingen del av planområdet må tilplantast med buskar eller tre som etter kommunen si
meining kan virka sjenerande for offentleg ferdsel. Dei ubygde områda må gjevast ei
tiltalande form og handsaming.
2.5.2
Transformatorkioskar o.l. vert berre tillete oppført der dei etter kommunens si meining
ikkje er til ulempe. Det vert stilt strenge krav til arkitektonisk utforming av denne typen
mindre bygg.
§3
BYGGEOMRÅDE FOR BUSTADER
3.1
Areal for framtidige bustader skal nyttast til einebustadføremål og rekkjehus med
tilhøyrande anlegg innafor dei avgrensingar som er gitt i reguleringsføresegner og
plankart.
3.2
For bustadområda skal det opparbeidast nødvendige parkeringsplassar (sjå pkt. 2.4).
3.3
Bustadgruppene skal byggast ut i den rekkjefølgja dei er talfesta. Gjelder ikkje
bustadgruppe BG10 og BG11. Tilsvarande skal infrastruktur (vegar, vass- og
avlaupsanlegg/leidningar) følgje same rekkjefølgje.
Det kan ikkje oppførast nybygg i bustadgruppe 9 (BG9) før ny kryssløysing til Eidsvika er
opparbeidd.
3.4
I samband med byggesøknader for bustadgruppe BG7 og BG8 skal det leggjast fram
fotomontasje som syner korleis busetnaden vert sjåande ut sett frå Bruvik sentrum eller
sjø m.o.t. det omkringliggjande natur- og kulturlandskapet (fjernverknaden).
Disse to bustadgruppene må i form, størrelse og materialbruk ta spesielt omsyn til
landskapsverknaden av tiltaka.
3.5
Det må foretas ei arkeologisk undersøking i bustadgruppe BG9 før det vert sett i gang
tiltak i området.
4
3.6
Alle bustadgrupper skal i størst mogleg grad ha universell utforming med omsyn til
funksjonshemma brukarar (rørsle, syn, orientering etc.).
I kvar bustadgruppe skal minimum 50% av bustadene ha tilkomst og felles utomhusareal
som er universelt utforma. Hovuddel i kvar bustad skal ha livsløpsstandard.
§ 4 OFFENTLEG UNDERVISNING (skule)
4.1
Området nyttast til offentleg skule for Bruvik, Osterøy kommune, med tilhøyrande anlegg
innanfor dei avgrensingar som er gitt i reguleringsføresegner og plankart.
4.2
Det må settes av areal til snusløyfe for buss ved skuleområdet i samband med anlegg av
busstopp som offentleg trafikkområde.
§ 5 FORSAMLINGSLOKALE/GRENDAHUS (Knausatun)
5.1
Området skal nyttast til grendahus med tilhøyrande anlegg innafor dei avgrensingar som
er gitt i reguleringsføresegner og plankart.
§6
LANDBRUKSOMRÅDE
Området skal nyttast til landbruksområde med naudsynte våningshus og driftsbygningar
for drift av dei eksisterande gardsanlegg.
§7
OFFENTLEGE TRAFIKKOMRÅDE
7.1
I trafikkområdet skal det opparbeidast :
* køyreveg
* gang- sykkelveg
* busshaldeplass
* anna veggrunn
* parkeringsplass
7.2
Avkøyrsler er vist i planen.
7.3
Vegskjeringar mot byggeområde og fellesareal må vera sikra med gjerde når området vert
teke i bruk.
7.4
Terrenginngrep i samband med veganlegg skal skje mest mogeleg varsamt. Vegskjeringar
skal plantast til eller handsamast på anna tiltalande måte.
7.5
Det skal etablerast min. 10 stk offentlege parkeringsplassar i tilknyting til friområdet med
badeplass i Eidsvika.
5
7.6
Det skal etablerast busstopp ved snusløyfe ved Bruvik skule.
7.7
Det må foretas ei arkeologisk undersøking i samband med etablering av ny tilkomstveg frå
vest til bustadgruppe BG9 og ved etablering av nye offentlege parkeringsplassar og anna
anlegg (toalett etc.) i Eidsvika.
§8
OFFENTLEGE FRIOMRÅDE
8.1
Friområde er delt i :
* anlegg for leik
* friområde generelt
* anlegg for idrett
* friområde i sjø
8.2
Det skal leggjast til rette for ein offentleg nærleikeplass sentralt i bustadfeltet med eit
areal på minimum 1.500 m2.
Dette leikearealet skal vera opparbeidd før bustadgruppe 7 (BG7) vert teke i bruk.
8.3
Friområde på land og i sjø i Eidsvika er vist i planen, og skal nyttast til offentleg
badeområde med tilhøyrande anlegg (toalett, bosspann etc.)
8.4
Eksisterande steingjerde ved friområdet i Eidsvika skal bevarast.
§9
SPESIALOMRÅDE
9.1
Spesialområde er delt i:
* friluftsområde på land
* friluftsområde i sjø
* privat veg
* vatn- og avlaupsanlegg
* frisiktsone veg
9.2
Friluftsområde er sett av som eit belte med naturlig vegetasjon og terreng mot
eksisterande køyreveg mot nordaust (breidde minimum 10,0 m), samt mellom de einskilde
bustadgruppene som sikrar fri allmenn tilkomst til utsiktspunkt og rekreasjonsareal.
9.3
Området skal nyttast til offentleg kloakkreinseanlegg i Vikane for det nye bustadfeltet i
planområdet (Håhaugen), med tilhøyrande anlegg innanfor dei avgrensingar som er gitt i
reguleringsføresegner og plankart.
6
§ 10
FELLESOMRÅDE
10.1
Fellesområder er delt i :
* felles avkøyrsel
* felles gangareal
* felles parkeringsplass
* felles leikeareal for barn
* felles grøntareal
* felles anlegg for boss og post
10.2
Felles avkøyrsler, gangvegar, parkering og leikeareal skal haldast ved like og brøytast for
snø av dei eigedomene som naturlig nyttar og soknar til desse areala.
10.3
Felles leikeareal for barn (leikeplass ved inngang) skal tilretteleggast ein sentral stad i kvar
bustadgruppe, med eit samla areal på min. 50 m2. Saman med sentralt anlegg for leik
(FRI1 og FRI2) skal disse areala gi minimum 50 m2 felles utomhusareal pr. bustad for
heile bustadfeltet.
10.4
Heile bustadfeltet er gruppevis sameigarar i desse fellesareala.
Bergen 12.08.03
Justert 09.02.07
Osterøy kommune
KJB
SAKSPAPIR
Saksnr
033/15
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
05.05.2015
Heradsstyret
PS
Saksbehandlar
ArkivsakID
Jostein Førre
14/2688
Søknad om refusjon for vass- og avlaupsutgifter i forbindelse med boligfeltet på Børo
32T
Søknad_Refusjon-infrastruktur_gnr88bnr37_220414
Søknad om refusjon 2
OVERSIKTSKART
Rådmannen rår Formannskapet til å gje slik innstilling til Heradstyret:
«Osterøy kommune gjev støtte til etablering av vassleidning til Børo med intil 1/3 av
totalkostnaden inkludert moms, i tilleg til momskompensasjon for heile lanlegget . Totalt avgrensa
til kroner 450 000,-. Osterøy kommune overtek vassanlegget mot drift og vedlikehald i tråd med
kommunen sine retningslinjer. Kostnad til drift og vedlikehald vert å leggja inn i framtidige
budsjett.
Vilkår:
·
·
·
Dimensjonerast slik at ny og eksisterande bebyggelse på Børo får tilgang på kommunalt
vatn og slukkevatn.
Gnr.88 Bnr. 40-45 skal bebyggas eller lysast ut for sal i løpet av 3 år.
Osterøy kommune skal ha moglegheit til ved overtaking og søkje kompensasjon for
moms for heile anlegget.
Tilskotet finansierast med løyving frå investeringsbudsjettet, post: Ymse vatn og avlaup»
Saksopplysningar:
Bakgrunn
Eigarar av Gnr. 33 Bnr 40-45, har skipa Sameiget Montebøro og søkjer om tilskot til vassforsyning til
bustadområdet Børo. I kommuneplanens arealdel er det regulert inn 10 nye bustader som spredt
bebyggelse. 6 av desse tomtene byggemodnes nå. I den forindelse legges det vassleidning frå
Skålvika til bustadområdet (sjå vedlagt kart). Dette gir dei nye bustadane og i underkant av 10
eksisterande bustadar/hytter kommunalt vatn og tilstrekkleg kapasitet slik at man får slukkevaten til
området. Det er søkt om tilskot tilsvarande 100 % av aneggskostnaden, 960 000,- kroner.
Avlaupskostnaden dekkes fullt ut av utbyggar.
Vurdering
Kommunen sine retningsliner for tilskot til bustadfelt.
For tilskot til bustadfelt har kommunen utarbeida retningslinjer jfr. vedtak i utval natur 29.08.01som
følgjer:
·
·
·
·
Kommunaltekniske anlegg i bustadfelt (interne kostnader) kvalifiserer ikkje til tilskot.
Kostnader frå eksisterande kommunaltekniske anlegg og til feltgrense kan i visse høve
kvalifisera til tilskot.
Kommunen overtek kommunaltekniske hovudanlegg i bustadfelt vederlagsfritt til vedlikehald,
herunder veglys når anlegget er ferdig utbygd og godkjend.
Det må setjast opp avtale mellom utbyggar og kommunen i kvart enkelt tilfelle.
Tilskot
Ny vassleidning gjer moglegheiter for at fleire eksisterande bustadar og nokre hytter kan få tilgang til
kommunalt vassleidningsnett om dei ynskje å koble seg til. Samstundes er vassleidninga
dimensjonert slik at ein har trykk til eventuelle slukningsarbeid. Dette bidreg til å stette gode
buforhold i området.
Rådmannen vurderer at tiltakshavar bør få kompensert sine meirkostnadar i forhold til vassanlegget i
så måte og vil gje eit tilskot i forhold til naudsynt oppdimesjonering av anlegget til eksisterande
bebyggelse. Samt at Osterøy kommune vil forskottera momskompensasjon for anlegget.
Oppdimensjonering utgjer ca. 1/3 av totalkostnaden inkludert moms.
Overtaking
I tråd med retningslinjene har kommunen i tidlegare saker praktisert vederlagsfri overtaking av
kommunaltekniske hovudanlegg (veg, vatn, avløp) i bustadfelt, herunder også veglys. Med
hovudanlegg for vatn og avlaup har ein rekna dei anlegga som ligg i offentleg veg. Øvrige
stikkleidningar i feltet vert rekna som private.
Hovudvegen opp i Børo er ikkje offentleg veg. Rådmannen meinar likevel at utbygginga gir ein
moglegheit til å sørgje for tilknytning til kommunalt vassleidningsnett for nye og eksisterande
bebyggelse i tråd med mål om auka tilknytningsgrad i Vassforsnyningsplanen 2013-2024.
Med bakgrunn i tidlegare praksis gjer rådmannen framlegg om at kommunen overtek tekniske anlegg
for vatn, til kommunalt vedlikehald i tråd med kommunen sine retningslinjer. Kostnaden til drift og
vedlikehald vert å leggja inn i framtidige budsjett.
Når anlegget har vore ferdig utbygd og godkjend skal det settast opp avtale for overtaking.
Naudsynte grunnavtalar må sikrast i avtalen.
For vassforsyninga skal den enkelte betala tilkoplingsgebyr og årsgebyr etter gjeldande regulativ.
Folkehelse
Miljø
Økonomi
Konklusjon
Osterøy kommune dekker ekstrakostnad for oppdimensjonering av vassanlegg til også å dekke
naudsynt behov hos eksisterande bygningsmasse samt slukkevatn til området.
Osterøy kommune
v/ Assisterende rådmann
Rådhuset
5282 Lonevåg
Hosanger, 22.04.2014
GBN 88/37 – Søknad om refusjon av utgifter til VA-anlegg.
Vi viser til søknad om etablering av infrastruktur, datert 14.11.2013, samt tilhørende søknad
om dispensasjon (VA-anlegg), datert 12.12.2013. Vi viser for øvrig til godkjent
fradelingssøknad, datert 24.07.2013 med tilhørende Utomhusplan.
Sameiet Montebøro v/ Bjørn Øvsthus arbeider med å etablere 6 eneboliger i området (ref.
Utomhusplan). Vi har startet arbeidet med vei og arbeider nå med å ferdigstille planene for
VA-anlegget. Vi søker i denne sammenheng om refusjon av utgiftene til anlegget og ønsker
med dette å innlede en dialog vedrørende eventuelle kriterier som må tilrettelegges for at
dette skal være aktuelt.
Teknisk løsning
Vannforsyningen til feltet vil gå fra kommunalt påkoblingspunkt i Hosanger (Skålvika), i sjø,
via borehull til kum nederst i det nye feltet. Derifra blir vannledningen lagt i ny adkomstveg
med avstikk til hver tomt (se vedlagt skisse).
Spillvannledningen blir lagt i ny adkomstveg med avstikk til hver tomt. Samleledningen går til
slamavskiller nederst i det nye feltet. Herfra går overvannet fra avskilleren via borehull til
forskriftsmessig dybde i sjø (se vedlagt skisse).
Begrunnelse for søknad
Sameiet Montebøro har arbeidet med dette prosjektet siden 2009. Området er i
kommuneplanen sin arealdel avsatt til boligformål (spredt bustadbygging), og inngår i et
areal som er avsatt for til sammen 10 boenheter. Innenfor rammene av det pågående
prosjektet, vil det bli etablert 6 boenheter og vi ønsker å tilrettelegge infrastrukturen for
fremtidig etablering av de resterende 4 tomtene i nærområdet. Kostnadene for infrastruktur
er forholdsvis store i det pågående prosjektet og tilrettelegging av fremtidig kapasitet for 4
ytterligere tomter vil ikke kunne gjennomføres uten støtte fra kommunen eller annen
utbygger.
Det er også ytret ønske fra eksisterende boliger og hytter i området om knytte seg til
kommunalt anlegg dersom dette tilrettelegges. Vi er også kjent med at det er boenheter i
området som har privat anlegg og som ikke ønsker å koble seg til kommunalt anlegg på
nåværende tidspunkt.
Ved etablering av kommunal vanntilførsel i området er det dessuten mulig å dimensjonere
anlegget for slukkevann, noe som vil bedre beredskapen ift. brann, både for nye boenheter
og for eksisterende bebyggelse i området – både hus og hytter.
Det finnes ikke byggeklare tomter i Hosanger og vi håper derfor kommunen ser det
pågående prosjektet som en viktig brikke i arbeidet med å tilrettelegge for øket utbygging på
Osterøy – og på Hosanger spesielt. Vi ber derfor kommunen vurdere å refundere utgiftene til
VA-anlegget og at dette dimensjoneres slik at det kan det kan tilrettelegges for utbygging iht.
kommuneplanen sin arealdel.
Vi håper på en snarlig tilbakemelding slik at eventuelle forhold knyttet til teknisk løsning og
dimensjonering kan avklares så snart som mulig. Dersom det er behov for utfyllende
opplysninger eller det er spørsmål til søknaden, ber vi Dere kontakte undertegnede.
Med vennlig hilsen
Bjørn Øvsthus (for Sameiet Montebøro)
Tlf.:
Mob.:
E-post:
56 19 11 64
952 33 052
[email protected]
SAKSPAPIR
Saksnr
035/15
Utval
Type
Dato
Formannskapet
PS
05.05.2015
Saksbehandlar
ArkivsakID
Jostein Førre
14/1347
Framlegg til avtale om leige av lokaler til Familiens hus, Vaksenopplæring og
Heimetenestene jmf F-sak 057/14
32T
Leigeavtale for Coop-bygget (26935)
Sal av Coop-bygget til Osterøy Utbygging AS (26943)
«Formannskapet har ingen merknadar til framforhandla avtale»
Saksopplysningar:
Bakgrunn
I Formannskapssak 057/14 Alternative løysingar for lokale til Familiens hus blei det gjort slikt vedtak:
«Osterøy formannskap vedtek å selje Coopbygget til Osterøy utbygging AS. Det vert stilt som
føresetnad at det skal vere rett til å kjøpe bygget attende. Rådmannen må koma attende til
formannskapet med utkast til intensjonsavtale. Prosjektet må igangsetjast snarast med ei øvre
ramme på kr 30 mill.
Osterøy formannskap bed rådmannen tinge fram leigeavtale med Osterøy Utbygging AS for bruk av
lokala til dei tenestene rådmannen finn mest tenleg og økonomisk forsvarleg.»
Rådmannen legg no fram framforhandla sals- og leigeavtale for lokaler til Familiens hus,
Vaksenopplæring og Heimetenestene i eit nyrestaurert og tilpassa Coop-bygg.
Vurdering
Når det gjeld lokale til Vaksenopplæring er situasjonen prekær både når det gjeld kvalitetar med
lokaliseringa som f.eks. av- og påstiging og når det gjeld behov for ytterlegare klasserom.
Heimetenestene har trong for utvida lokale, samt ei betre løysing for parkering av tilsette sine bilar
og tenestene sine bilar. Rådmannen vurderer det og slik at ein ikkje greier å ta ut dei positive
effektane ved betre samordning og samarbeid mellom dei ulike tenestene i Familiens hus om ein
ikkje samlokaliserer desse.
Rådmannen vil peike på at den framforhandla løysinga gjer ei dyrare løysing i forhold til bygging og
drift av huset i eigen regi.
Antyda meirkostnad på 0,5% i auka rentekostnad gjev ein meirkostnad på om lag 1,4 mill i løpande
kroner over 10 år (3,4 mill over 30 år). Skattekostnad på om lag 700 000 over 10 år i løpande kroner
(7,4 mill over 30 år).
I tillegg kjem auka kostnader ved administrasjon av avtalen i form av styrekostnader, fakturering,
reknskapsførsel administrasjon av vedlikehaldsavtale med meir. Meirkostnaden er vanskeleg å
tallfesta, men ein plass mellom 50-100.000 pr. år er sannsynleg.
Samla sett vil dette utgjere 12 -13 millionar i løpande kroner i løpet av 30 år, samt at ein når bygget
er nedbetalt ikkje sit at med verken verdi av tomt eller bygnad.
Det vil i teoriene verta ei favoriseringa av betre vedlikehald på eit kommunalt bygg enn andre. Det er
sett av 110,- kr kvm til vedlikehald i leigeavtalen i tråd med anbefalingane gjort av
Forvaltningsrevisjonen ved gjennomgang av kommunale bygg i 2014. Det kommunale gjennomsnittet
pr. kvm i 2014 var 71,- kr kvm. Samla utgjer det ein favorisering ut over gj. snitt på 73 000 kroner
årleg, eller 730 000 i løpande kroner over 10 år.
Når det gjeld sjølve investeringa har ein ingen grunn til å vurdere at det vert forksjell i pris om ein
organiserer dette i eigen regi eller gjennom Osterøy Utbygging. Her er det konkurransen i marknaden
som avgjer og standarden som ein vel å ha på bygget. Når det gjeld standard på bygget legg ein opp
til normal standard i tråd med gjeldande teknisk standard.
Folkehelse
Miljø
Økonomi
Konklusjon
Ein inngår leigekontrakt med Osterøy Utbygging om lokaler til Vaksenopplæring, Familiens hus og
Heimetenestene.