Den gamle verdsveven - Museumssenteret i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland inviterer til seminar og Workshop
Den gamle verdsveven
- levande kulturarv frå nord og sør i møte med praktisk forsking
14. september 2013 på Osterøy museum
Oppstadveven er kjent frå store delar av
verda. Den har vore brukt til ulike tider og
til ulike føremål, frå det enkle til det mest
avanserte. Noreg er det einaste landet i den
vestlege verda der tradisjonskunnskapen
enno lever - i greneveven i Troms og i
åkleveven på Vestlandet.
Dette er likevel berre ein del av veven sine
bruksområde. Frå tidlegare tider har ein
bevart produkta, ikkje framgangsmåtar.
Dei siste åra er det gjort praktisk og
teoretisk forsking for å rekonstruera og
sansynleggjera arbeidsmetode og arbeidsgang. Særleg gjeld dette dobbeltvev og den
mellomalderske vararfelden.
På seminaret og workshopen 14. september 2013 møtes for første gong dei to levande
tekstiltradisjonane og den utprøvande.
Seminaret/workshopen er ope for alle. Målgruppa vil vera generelt tekstilinteresserte, dei som
arbeider med og/eller er særleg opptekne av tradisjonsformidling og levande kulturkunnskap.
Program
08.30 Kaffi
09.00 Velkommen!
09.15 Oppstadvev i historisk perspektiv – ein sveip ved professor Lise Bender Jørgensen
10.00 Grenevev – oppsetjing og vevemåte ved Anna Salo og Åse Grønbakk
12.00 Lunsj
13.00 Å veva dobbeltvev på enkel reiskap ved Katherine Larson
14.00 Åklevev og vadmålsvev ved Marta Kløve Juuhl
15.00 Redskap for billedvev i gammel og ny tid. Jon Pettersen
Pris: kr 500
Påmelding: [email protected]
Om foredragshaldarane
Lise Bender Jørgensen er professor ved NTNU, Institutt for arkeologi og religionsvitenskap.
Hennar forskingsområde er: arkeologiske tekstiler og drakt i Europa og den romerske verden:
handverk og teknologi som kunnskapsformer; arkeologihistorie.
Anna Salo er frå Manndalen i Troms. Ho er ein tradisjonsberar som har lært å veva grene på
oppstadvev av mor og tante. Saman med mannen dreiv ho lenge ei vevstove der ho også
utvikla og tok patent på figursydde vamsar, vovne på oppstadvev.
Åse Grønbakk frå Kåfjord i Nord-Troms representerer den museale og den praktiske
grenetradisjonen. Ho har arbeidd ved Holmenes sjøsamiske gard i Lyngen som er ei avdeling i
Nord-Troms museum. Formidling, m.a. av vevinga, var ein viktig del av hennar arbeid.
Katherine Larson har PhD frå University of Washington i Seattle. Emnet for
doktoravhandlinga er Norwegian Double-Weave and the Warp-Weighted Loom. Arbeidet
byggjer på tekstile observasjonar og eksperiment. Ho er såleis ein av dei etter kvart fleire som
ser det nødvendig å kombinera teori og praksis for å kunna driva forsking og
kunnskapsutvikling i eldre tiders arbeidsteknikkar.
Marta Kløve Juuhl, Hordaland fylkeskommune (50%) med arbeidsplass på
Museumssenteret i Hordaland/Osterøy museum er vevar og faglærar og har teke opp arven
etter Berta Liarbø. Ho har hatt fleire kurs i oppstadvev, på Osterøy og i Amerika. Ho arbeider
med boka Klingande steinar saman med Hildur Håkonardottir og Elizabeth Johnston, og har
prøvd ut måtar å veva vadmål på, og forska på den mellomalderske vararfelden.
Jon Å Pettersen er førsteamanuensis i tekstil ved Kunsthøgskulen i Bergen. Han særmerker
seg ved eit breidd spekter innom vevkunsten, har lang erfaring som designar for norske og
utanlandske veveri. Rekonstruksjon er eit viktig arbeidsfelt, likeeins å kombinera kunstnarleg
uttrykk med funksjon og kontekst. Han er vel kjent med gamle og digitale verkty. Han fekk
"Merket for god design 2007" av Norsk designråd.
Seminaret er støtta av