Kommunestyreval Tysvær 2007 r Med hjarta for heile Tysvæ Gode Tysværbu! Som Senterpartiet sin ordførarkandidat, vil eg arbeida for at alle Tysværbuar skal ha det godt i heim, skule, arbeid og fritid og for ei langsiktig og miljøvenleg næringsutvikling. Eg vaks opp og bur i Grinde. Etter utdanning som jordmor og lektor, har eg dei seinaste åra arbeidd innan heimesjukepleie og på høgskulen Stord/Haugesund med undervisning, administrasjon og forsking. Administrativ erfaring har eg òg frå frivillige organisasjonar, frå det offentlege og frå politiske verv i kommune, fylkesstyre og sentralstyre. I fritida prioriterer eg akkurat nå familien og friluftsliv. Les programmet vårt! Me i Senterpartiet meiner programmet viser ei klar verdihaldning, der omsynet til den enkelte skal prega innsatsen i fellesskapet. Gi oss di stemme dersom du er einig! Godt val 10. september! Tone Kringeland Sp vil arbeida for… BUSETNAD & NÆRING • at det vert tilgang på tomter både i kommunal og privat regi i heile kommunen. • at Tysvær skal vera ein attraktiv næringskommune, med tilgang til gode næringsareal. • at kommunen skal vera ein aktiv medspelar for etablerte og nye bedrifter i næringspolitiske spørsmål. • at kommunen skal legga til rette for nyetablering innan varehandel for å styrka verdiskapinga i kommunen. • breiband til alle deler av kommunen. • fokus på landbrukskommunen Tysvær. • ei fornuftig praktisering av jordlova ved frådeling av bustadtomter. • utvikling av Haugaland næringspark. • aktiv bruk av næringsfondet. • å oppretthalda tilskot til vedlikehald av private gardsvegar. • utbygging av kommunale vass- og kloakkleidningar der dette er den beste løysinga. 1. Tone Kringeland 2. Ola S. Apeland 3. Ole Andreas Stakkestad 4. Kari Lavik Brenne 5. Marit Hølland Gjedrem ENERGI & MILJØ • at Tysvær står fram som miljøkommune. • bruk av gass og vassboren oppvarming i næringsbygg, offentlege bygg og bustadfelt. • reinsing av CO2 ved gasskraftverket på Kårstø. • støtta vindkraft innan avgrensa område. • å få fram klimagassrekneskap og energiplan for kommunen. • at det vert utarbeidd framlegg til utsleppsreduksjonar. BARNEHAGE, SKULE & UTDANNING • full barnehagedekning i heile kommunen. • eit barnehagetilbod som er av høg kvalitet, og tilpassa brukarane sine behov. • eit fullverdig SFO-tilbod. • eit framtidsretta skuletilbod med høg kvalitet. • at skulekvardagen skal kjennast trygg og god for elevar og tilsette. • styrking av samarbeidet mellom skule og heim. • skuleskyss til alle som har farleg skuleveg. • å utnytta breiband og nettbasert undervisning. • å vidareføra kompetanseheving for tilsette og leiarar i skule og barnehage. • å sikra tilpassa opplæring for alle. • å oppretthalda det gode samarbeidet med Tveit vidaregåande skule. • å utvikla bruk av ”Ungt Entreprenørskap” i skule og barnehage. 6. Aasmund Austerheim 7. Else Bjelland 8. Sonja Bustad 9. Erlend Dale 10. Solveig K. Eriksen HELSE & SOSIAL • å gi einskildmenneske sosial og helsemessig tryggleik. • at alle som treng offentleg helsehjelp skal få bu heime lengst mogleg. • sjukeheimstilbod som tek vare på både brukarar og tilsette. • å legga til rette for varierte dagtilbod for alle psykisk utviklingshemma. • samarbeid med private aktørar for tilrettelagt sosial trening/aktivitetar: ”grøn omsorg”. • å styrka førebyggjande arbeid mot rusmisbruk, i eit tverrfagleg samarbeid. • at det er fokus på psykisk helse og rehabilitering. KULTUR & OPPVEKSTMILJØ • å sikra allmenn ferdsel til fjell, sjø, bade- og båtplassar. • at frivillige lag og foreiningar skal få gode vilkår for å aktivisera flest mogleg. • støtte til etablering av kunstgrasbane på Troppene. • å styrka undervisningstilbodet i kulturskulen. • at velforeiningar og grendalag får støtte til å skape gode bumiljø. • å oppretthalda ein god standard på dei bygga og anlegga som me har. • å legga til rette slik at innvandrarar i kommunen vert integrert i lag og organisasjonar. • å ta vare på mangfaldet av kulturarven/historisk materiale i kommunen. 11. Wenche Fjeldheim 12. Hans Inge Fjellet 13. Tove E. Fjellet 14. Einar Glette 15. Egil Hervik KYRKJER OG KYRKJEGARDAR • at kyrkjelydsarbeidet vert sikra gode arbeidsvilkår. • at kyrkja og kyrkjegardane vert haldne i god og verdig stand. • arbeida for å bevare folkekyrkja. TRYGG OG EFFEKTIV SAMFERDSEL • utviding av sykkel- og gangvegnettet og tilhøyrande veglys. • vidare opprustning av det kommunale vegnettet. • å påverka sentrale styresmakter for å betra riks- og fylkesvegar i kommunen. • utbetring av risikosona på E-39 og E-134 gjennom kommunen. • eit betre kollektivtransporttilbod. • å ta vare på hurtigbåtsambandet mellom Nedstrand, Ryfylket og Stavanger. • støtta arbeidet med høgfartsbane over Haukeli. 16. Kjell Høyvik 17. Åsmund Kringeland 18. Oddbjørn Kvam 19. Per Johan Lyse 20. Grete Lønning TURISTKOMMUNEN • å samordna og marknadsføra dei gode turisttilboda i kommunen. • å legga til rette for auka satsing og kompetanseheving innan turistnæringa. • å styrka felles marknadsføring av Haugalandsregionen som reisemål. GOD KOMMUNEØKONOMI MED SP I REGJERING • at betaling for kommunale tenester skal vera så låg som mogleg. 21. Vivian Olsen Masternes 25. Åse Berit Rolland 22. Liv Narrevik 26. Rune Stokkeland 23. Dagfinn Nordtveit 27. Tønnes Straum 24. Ingebjørg Rasmussen 28. Torleif Susort 29. Kåre Ommund Våg Målet for politikken vår er å skapa eit godt samfunn for alle, der rettferd, jamstilling og rett til arbeid er berande prinsipp. Senterpartiet bygger politikken sin på eit menneskesyn med basis i det kristne kulturgrunnlaget og verdiar i tråd med dette. Bruk stemmeretten din! Du treng Senterpartiet og Senterpartiet treng di stemme! A1 Karmøy Trykkeri • Tlf. 52 84 86 86 VEL SP
© Copyright 2024