NORD-FRON SENTERPARTI SITT PROGRAM FOR

INFORMASJON
NORD-FRON
PROGRAM 2015 – 2019
Ta heile Nord-Fron i bruk!
Senterpartiet si valliste
Nord-Fron Senterparti si liste har gode kandidatar. På vallista er det både personar med
lang politisk erfaring og personar som stiller til val for fyrste gong. Du finn ungdom og
vaksne som vil arbeide for at Nord-Fron skal vera ein god kommune. Gode saker og gode
kandidatar gjer at Senterpartiet er eit godt val.
Dei som stiller til val for Nord-Fron Senterparti er:
Olav Røssum
Er 53 år, er gift og har tre vaksne barn. Bur i Kvam og driv gard saman med Anne. Er utdanna
sivilagronom og arbeider som lærar i den vidaregåande skulen. Er nå ordførar. Vil vidareføre
det gode politiske samarbeidet i Nord-Fron. Næringslivet må utviklast, slik at verdiskaping kan
gi grunnlag for framtidig vekst og busetjing. Godt samarbeid mellom det offentlege, nærings­
livet og frivillige lag og organisasjonar er avgjerande for å kunne løyse Nord-Fron kommune
sine utfordringar. Kommunen må vera ein pådrivar for slik samarbeid.
Øyann Brandstad
Er 33 år og bur i Ruste. Har mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå NMBU. Driv
gard, saman med far, med produksjon av kjøt og mjølk. Arbeider som rådgjevar i jord­bruket.
Er ­særleg opptatt av at det må leggjast til rette for fleire arbeidsplassar. Dei kommunale
­tenestene må utviklast vidare slik at innbyggjarane kan få gode tilbod. Er særleg opptatt av at vi
må ha busetjing i alle delar av kommunen.
Hans Petter Solberg
Er 59 år, har 4 barn og bur i Ruste. Driv gard med produksjon av mjølk og sauekjøtt. Utdanna
agronom, har yrkeserfaring som produksjonsrettleiar og snekker. Er leiar i HOK (utval for helseoppvekst og kultursaker) i Nord-Fron kommune. Omsorg for eldre må fornyast, for å sikre rett
hjelp til rett tid. Førebyggjande helsearbeid og gode tilbod om opp-trening etter sjukdom og
skade er svært viktig. Er opptatt av fysisk fostring, særleg mellom barn og ungdom. Vil auke
norsk matproduksjon basert på norske ressursar.
Ingunn Bakken
Er 38 år og bor i Sødorp. Er odelsjente og jobber i OM Bakken Bygg AS. Er opptatt av
­landbrukets store ringvirkninger for lokalt næringsliv. Det er særlig viktig å utnytte ressursene
i utmarka. Det skal ikke være ulv i Nord-Fron og populasjon av jerv skal være på et minimum.
Nord-Fron kommune må legge til rette for både eksisterende og nye bedrifter. Kommunale
anbudsprosesser og rammeavtaler skal ikke ekskludere lokalt næringsliv.
Sterkere lokalt selvstyre er nødvendig.
Finn Hellebergshaugen
Er 78 år, er gift og har 2 vaksne barn på 32 og 28 år. Har budd i Skåbu i 45 år, og har arbeidd
som fjelloppsyn. Vil ha ei bærekraftig utnytting av naturressursane i heile kommunen. Bygdene
i Vinstra-dalen må ikkje gløymast. Skulen i Skåbu, slik den er i dag, og legekontoret i fjellbygda
må vi ikkje for nokon pris misse. Eg vil framleis ha fokus på ein enda betre FV 255. Det må
satsast på reiseliv basert på naturbruk og kultur. Psykiatri-tenesta i kommunen må styrkast.
Bruk av verneområda i kommunen må sikrast ved aktiv tilrettelegging.
Linda Myromslien
Bor i Kvam, har en datter på 24 år og en foster-sønn på 12 år. Arbeider på landbrukskontoret i
Nord-Fron. Er opptatt av at det må klargjøres næringsareal i Nord-Fron. Det må legges til rette
for at barn og unge kan drive med fysisk aktivitet i nærmiljøet. I skolen må det bli mer praktisk
undervisning. Hjemmeboende pasienter med demens må få gode dagtilbud. Utbyggingen av
Sundheim må videreføres. Arrangement og aktiviteter i kommunen vår må «framsnakkes».
2
Eli-Anne K. Olstad
Bur i Kvikne, er 47 år og har 2 barn. Er utdanna og har jobba som hjelpepleiar i 24 år.
Har også yrkeserfaring innan reiselivet. Er i tillegg gardkjerring. Er særleg opptatt av
­kulturarbeid, som svært viktig for det sosiale livet i heile kommunen vår. Særleg gjeld dette for
barn og unge. Nord-Fron kommune har gode tenester innan pleie og omsorg, og
desse må utviklast vidare.
Sverre Spjotum
Eg kjem frå ein gard i Ruste. Er 18 år og går på Vinstra v.g.s., der eg startar 3. året på musikk­
linja til hausten. Som lokalpolitikar i Nord-Fron er eg veldig oppteken av ungdom. Spesielt
­helsetilboda for barn og unge i kommunen. Både fysisk og psykisk. Derfor vil eg kjempe
for å opprette ei helsesysterstilling til og flytte helsestasjonen til nye lokale nærare VVS.
Opningstidene på helsestasjonen for ungdom må utvidast, ikkje berre ein time i veka i
­skuletida, slik ordninga er i dag.
Steinar Veslum
Er gift og har 2 barn på 18 og 19 år. Bor i Skåbu. Jobber i TINE som rådgiver. Driver sammen
med familien gard i Skåbu der vi produserer sauekjøtt. Har hatt forskjellige styreverv, særlig
innen idrettslaget. Er opptatt av barne- og ungdomsidrett. Det er viktig å ta vare på de arbeids­
plassene som vi har, i tillegg at nye må skapes. Samarbeidet mellom landbruk og reiseliv må
styrkes. I bygder med lang reiseavstand må vi ta vare på skolen og andre tilbud. Alle ungdom­
mer må sikres gode tilbud i fritiden. Vegen mellom Skåbu og Vinstra må utbedres videre.
Eivind Hage
Er 42 år, er samboer og har barn på 1 og 3 år. Bur i Sødorp og arbeider i Siemens som Senior
Ingeniør. Driv gard i Kvikne. Er oppteken av at levande bygder må ha eit aktivt landbruk. Det
er svært viktig at kommunen legg til rette for næringsutvikling. Vil arbeide for å oppretthalde
gode sosiale tilbod og eit blomstrande kulturliv i nærmiljøet vårt.
Julie Gårderløkken
Eg er 18 år. Eg er med i styret i Midt-Gudbrandsdal Senterungdom. Bur i Ruste, og er elev
ved Vinstra Vidaregåande Skule, på Studiespesialisering. Er oppteken av lokalmiljøet mitt, og
ønskjer å påverke korleis vi skal ha det i kommunen vår fram­over. Ein god helsestasjon og eit
godt psykia­tritilbod for ungdom er viktig for meg. Elles ønskjer eg å jobbe for at all dyrka mark
skal nyttast, og eg er oppteken av lokal produksjon av mat. Gode saker og gode kandidatar gjer
at Senterpartiet er eit godt val.
Simen Ragnar Sylte
Er født i 1978, er gift og har 2 barn. Drosjeeier på Vinstra. Ønsker å sette fokus på betydningen
av norsk matproduksjon, og rammevilkårene vi må ha for å kunne produsere mat i Nord-Fron.
Ønsker å styrke næringslivet sine muligheter i Nord-Fron Kommune. Det er viktig at kommunen
viser interesse og engasjement for de som ønsker å satse. Vinstra har mange regionale arbeids­
plasser og er derfor viktig for hele midt-dalen sin utvikling.
Dei andre på lista vår er:
Johan Rusthage
Borgny Skansen Sletten
Anders Slåen
Ingrid Teige Melby
Ola Einar Krok
Kenneth Andersstuen
Terje Korpberget
Odd Arne Myromslien
Ole Brandvold
Liv Elin Aasmundstad
Gerd Skansen Aasmundstad
Jan Gårderløkken
Ann Helen Stenseng
Gode saker og gode kandidatar gjer at Senterpartiet er eit godt val.
3
Til alle i Nord-Fron
Senterpartiet sin politikk er særleg retta mot at vi må bruke alle dei ressursane vi har.
Vi må ta heile Nord-Fron i bruk.
Dette gjeld både menneska, naturen og kapitalen. Vi må legge til rette for at det enkelte
menneske får eit godt liv, vi må forvalte naturen vår godt, og vi må bruke kapital og
­produksjonsutstyr på ein måte som gir verdiskaping.
Det er lokalt i Nord-Fron at vi må gjera dette arbeidet. I tillegg er det svært viktig at vi har
god kontakt med regionale og nasjonale styresmakter. Vi må vera tydelege i vår bodskap
om at Stortinget og regjeringa må føre ein offensiv distriktspolitikk dersom vi skal kunne
ta heile landet i bruk.
I Nord-Fron har vi mykje å vera glade for og stolte over. Likevel er det mange utfordringar
som vi må løyse i dei næraste åra. Senterpartiet har samarbeid som ei viktig rettesnor.
Sju politiske parti stiller til val i haust, og om vi skal lykkast med å nå våre felles mål må vi
bruke det beste i alle parti sine program.
Dette er eit spennande og viktig arbeid. Vi som stiller til val
for Senterpartiet vil gjera vårt beste for å lykkast med eit
godt samarbeid om svært viktige oppgåver, til det beste for
vår felles framtid.
Godt val!
Olav Røssum.
Vi er inne i ei tid der det er viktigare enn nokon gong å ta opp kampen for distrikta.
Sentralisering av makt og kapital skjer i eit aukande tempo. Det er svært viktig at vi, som
bur i område som er utsette for dette, seier tydeleg i frå. Ei anna utvikling er nødvendig
dersom vi skal løyse både lokale, nasjonale og globale utfordringar.
Nord-Fron kommune sin økonomi er god. Vi investerer nå mykje på Sundheim for å
gi ein god eldreomsorg, og det økonomiske handlingsrommet framover blir mellom
anna ­påverka av dette. God økonomistyring og prioritering er nødvendig for at vi skal
­oppretthalde og vidareutvikle kommunen sine tenester.
I programmet vårt kan du lesa kva som er Senterpartiet sine viktigaste mål for
­lokalsamfunnet vårt, og korleis vi kan nå dei.
Det er to ord som kan brukast for å illustrere kva Senterpartiet meiner Nord-Fron treng:
Arbeidsplassar og møteplassar.
Vi treng alle arbeidsplassar, kvardagar, fylte med meiningsfulle oppgåver. Anten det er
barn eller eldre, i arbeidsliv eller som pensjonist, om vi er friske eller sjuke. Det er viktig
at alle kan fylle dagane sine med meining, med noko ein kan gjera. Arbeidsplassar der det
blir skapt verdiar er særleg viktige for at vi skal kunne finansiere velferden vår. Vi må ta
vare på dei arbeidsplassane vi har, og vi må legge til rette for nye etableringar.
Likeeins treng vi møteplassar der vi kan treffe andre. Anten det er i arbeid eller fritid. Å
vera saman med andre gir oss mykje, på mange måtar. Støtte til frivillig kulturliv, tilret­
telegging for friluftsliv og arealplanlegging som sikrar felles areal er nokre eksempel på
korleis vi kan skape viktige og gode møteplassar. Møteplassar der folk kan treffast for
utvikling av vennskap, sosialt fellesskap og personleg utvikling.
Anten det gjeld arbeidsplassar, møteplassar, eller andre viktige tilbod vi vil utvikle, så er
det viktig med godt samarbeid. Kommunen må legge til rette for dette, og har eit særleg
ansvar, men det kan berre lykkast dersom offentleg sektor, privat sektor og frivillig sektor
samarbeider godt. Vi må gjera det i fellesskap.
4
Olav Røssum og Øyann Brandstad er dei to
fyrste på lista vår. Øyann stiller til val for fyrste
gong. Olav har vore med i kommunestyret i
fleire perioder, og er nå ordførar.
5
Dersom kommunegrensene i midtdalen skal endrast meiner Senterpartiet at det for
Nord-Fron berre er to alternativ: Ein ny kommune i Fron, eller ein ny kommune for Fron
og Ringebu. Ei endring av kommunestrukturen må sikre betre fagmiljø, kompetanse og
tenestenivå. Det må også dokumenterast ei stor økonomisk innsparing i administrative
kostnader.
Senterpartiet vil ikkje avvise at Nord-Fron bør halde fram som eigen kommune. Før
ein kan ta endeleg stilling til det må ein vite meir om kva dei to alternativa vil inne­
bera. Drøftingar mellom dei tre kommunane må gjennomførast før ein kan vite nok
om det. Senterpartiet vil at det skal haldast ei rådgjevande folkerøysting om endring av
­kommunestrukturen.
Senterpartiet vil ta heile Nord-Fron
i bruk
Næringsliv og busetjing
Senterpartiet legg stor vekt på desentralisering. I ei tid der vi ser at presset på sentrale
strok aukar, medan distrikta har store utfordringar knytt til næringsutvikling og folketal, er
det meir enn nokon gong behov for at Senterpartiet sin politikk kan påverke utviklinga.
Nord-Fron har gode føresetnader for å kunne utvikle sterke bygdesamfunn der folk både
kan bu og arbeide. I eit samarbeid mellom private aktørar og kommunen kan ein få til
mykje. Nord-Fron kommune har eit stort ansvar for å ta initiativ til slik samarbeid, og
Senterpartiet vil legge stor vekt på å få til dette.
Vi har rike naturressursar i kommunen som vi må forvalte godt. Dei er grunnlaget for
mange eksisterande arbeidsplassar som det er viktig å sikre, og desse kan gi grunnlag for
utvikling og nye etableringar.
Den økonomiske situasjonen til Nord-Fron kommune er relativt god. Vi veit at vedtekne
investeringar dei næraste åra vil redusere det økonomiske handlingsrommet. Difor er det
nødvendig med ei streng prioritering mellom ulike tiltak. Senterpartiet vil dei neste fire
åra vera opptatt av å ta vare på dei tenestene vi har, og å utvikle dei på ein god og kost­
nadseffektiv måte. Kommunale bygningar og anlegg må ein likeeins halde godt ved like.
Nord-Fron skal vera ein “ja-kommune” for næringslivet. Lokal verdiskaping er grunnlaget
for at kommunen kan fordele tenester til innbyggjarane. Kommunen må vera positiv til
alle som vil utvikle sine bedrifter. Både overfor dei som er etablerte, og for nye som vil
etablere seg. Kommunen må legge til rette for at det er tilgjengelege næringsareal. NordFron kommune har i dag lite slik areal. Det er difor nødvendig å utnytte godt dei areala vi
har, samtidig som ein må etablere nye. Særleg i Kvam og i Vinstra-området er dette viktig.
I tettstadene Skåbu, Kvam og Vinstra må ein legge til rette for ei god utvikling. Det er
­viktig med sentrumsnære bustader, og det må stimulerast til bygging av slike. Kommunen
må vera aktiv for å få til nye etableringar til alle delar av kommunen, særleg i tettstadene.
Landbruksnæringa er viktig i Nord-Fron, og gir store ringverknader. Både jordbruk og
skogbruk har i Nord-Fron eit ressursgrunnlag som kan gi større verdiskaping enn det vi
har i dag. For å sikre bruken av beiteressursane vil Senterpartiet arbeide for eit effektivt
uttak av store rovdyr. Kommunal støtte gjennom ei god rettleiingsteneste og økonomiske
verkemiddel er viktig. Det kommunale landbruksfondet er det viktig å oppretthalde.
Nedbygging av dyrka jord og beiteareal må vi unngå.
Vinstra er regionsenteret for midtdalen og har eit særleg stort potensiale for vidare
­utvikling. Nord-Fron kommune må ha eit særleg fokus på det.
Reiseliv er ei viktig næring i Nord-Fron. I dag er reiselivet sterkt knytt til hytteturisme.
Utbygging av hytteområde kan vera eit viktig bidrag til utvikling av reiselivet, og reiselivs­
6
7
Attraktive tomter er viktig for å auke tilflyttinga til kommunen. Det er viktig at det blir
lagt ut gode areal for bustadbygging. Senterpartiet vil at det skal vera mogleg å bygge seg
hus i alle delar av kommunen. Det må leggast til rette for spreidd busetjing. Det er viktig
med bustader i sentrumsnære strok, og her må det stimulerast til bygging av hus med
fleire bueiningar.
Området omkring VVS er viktig for utviklinga på Vinstra. Her må både private aktørar,
kommune og fylkeskommune finne fram til gode løysningar for å utvikle sine eigedomar.
Kommunen må som ansvarleg for planlegging av arealbruken ha sterkt fokus på dette. Det
er viktig at retningslinjer for disponering av areala blir følgde opp, slik at utviklinga blir i
samsvar med det som er målet.
Vinstra og Kvam skal bli naturlege og attraktive stoppestader for dei som køyrer på
ny E6. Her må det utviklast gode tilbod for dei som skal ha tenester av ulike slag. Kvam
og Vinstra blir naturlege innfallsportar til fjellområda på båe sider av Gudbrandsdalen.
Når ny E6 opnar hausten 2016 vil ein kunne utvikle fleire tilbod innan handel, reiseliv,
landbruk og kultur på “gamle E6”. Senterpartiet vil at private aktørar skal stimulerast til
å ­samarbeide om å utvikle dette til ei “merkevare” for Gudbrandsdalen. Senterpartiet vil
ikkje at butikkar skal vera opne på søndagar.
Skåbu er ei bygd med særlege utfordringar. Det er viktig å legge til rette for at vi i heile
Vinstra-dalen kan oppretthalde og styrke busetjinga. Skåbu er rik på naturressursar, og
både jordbruk, skogbruk og reiseliv har her eit stort potensiale for verdiskaping. Utbetring
av fylkesvegen til Skåbu er svært viktig i så måte. Gjennomføring av planane om tunell ved
Høgberget og andre nødvendige utbetringar vil gjera det lettare å bu i Skåbu. Å opprett­
halde dei kommunale tilboda som legekontor, barnehage og skule i Skåbu er ei prioritert
oppgåve for Senterpartiet.
Vinstra Motorsportarena på Pallane vil bli viktig. I tillegg til at det er eit viktig anlegg
for barn og unge vil arrangement her gi store ringverknader for næringslivet i regionen.
Senterpartiet er positiv til vidare utbygging av Vinstra Motorsportarena.
Fjellområda er viktige for å kunne auke sysselsetjing og verdiskaping i Nord-Fron.
Verneområda og områda inntil desse, både i Langsua og i Rondane, må brukast dersom vi
skal lykkast med det. Kommunen må arbeide for ei forvaltning som gjer dette mogleg.
Foto: Bård Gundersen.
bedrifter kan på si side gjera hytteområde meir attraktive. Eit samarbeid er viktig for å få
til dette, og kommunen må bidra til det. Utbygging av kommunal infrastruktur i fjellom­
råde kan vera eit godt tiltak både for næringsutvikling og for å ta vare på miljøverdiar.
Senterpartiet vil støtte slike tiltak.
Barn og ungdom
Senterpartiet vil prioritere gode oppvekst­vilkår.
Det er viktig for å gi alle ein god inn­gang til
utdan­ning og yrkesliv. Alle må få ei opplæring og
under­visning som gjer at den enkelte kan utvikle
sine evnar. Gode t­ ilbod til barn og ungdom er
også viktig for at b
­ ygdene våre skal vera attrak­
tive for busetjing og etablering. Senterpartiet vil
difor priori­tere ­ressursar til barnehagar og ­sku­lar
i dei kommu­nale budsjetta.
Ungdomsarbeid er svært viktig. Senterpartiet
vil støtte ungdomstiltak som Ungdomshuset i
Kåja, “Kåja Camp”, MOT-arbeid og «Heim for ein
50`lapp», for å nemne noko. Ungdommen må
få ­til­lit og ansvar for å drive med trygge og gode
­akti­vitetar. Vi vil også gi god støtte til kultur­tilbod
som frivillige lag og organisasjo­nar står for.
Nord-Fron kommune må ha læreplassar slik at elevar kan fullføre si vidaregåande opp­
læring i yrkesfag. Desse plassane må følgjast opp med god tilrettelegging for den enkelte
eleven.
Den vidaregåande skulen på Vinstra er viktig for midtdalen. Det er svært viktig at lokal­
samfunnet støttar opp, og engasjerer seg i saker som vedkjem skulen. Utbyggingssaker og
endringar av tilbod ved VVS er det viktig at kommunen følgjer godt opp. Senterpartiet vil
prioritere VVS høgt.
Vidareutdanning av lærarar. Endringar skjer i eit stadig raskare tempo, også innan skule­
sektoren. Difor meiner vi det er viktig med systematisk kompetanseheving hjå lærarane.
Staten har gode tilbod om etter- og vidareutdanning av lærarar. Senterpartiet meiner det
8
9
er viktig at kommunen følgjer opp dette, slik at Nord-Fron kvart år nyttar dei plassane dei
kan få. Senterpartiet vil at alle lærarar skal få tilbod om etter- og vidareutdanning kvart
5.år.
Fysisk aktivitet i skulen. Fysisk aktivitet, leik og læring heng tett saman. Forsking syner
at elevar som er fysisk aktive minst ein time kvar dag, oppnår betre læring. Senterpartiet
ønskjer å innføre ein time fysisk aktivitet kvar dag for alle klasser.
Det er viktig at skulen koplar teori og praksis saman. Skulen skal vera god for alle. Både
for elevar som er flinke i praktisk arbeid og for elevar som er teoretisk dyktige. Alle elevar
må få like moglegheiter til å utvikle seg, slik at dei kan møte samfunnet med skapartrong
og framtidstru.
I Nord-Fron skal det ikkje tolast at nokon blir mobba i barnehagar eller skular. Det må
gjerast godt førebyggande arbeid for å unngå mobbing, og det må vera gode rutiner for å
oppdage og forhindre mobbing.
Helse og omsorg
Gode helse- og omsorgtenester betyr svært mykje. Sundheim skal nå byggast ut til eit
heilt nytt omsorgssenter. Det er nødvendig å legge til rette for ei god og effektiv drift av
denne store sektoren. Gode tilbod for dei som må bu på institusjon, avlasting og hjelp til
dei som bur heime, og gode dag-tilbod for dei som ønskjer det, er viktige stikkord. Dei
som ønskjer å bu heime må kunne gjera det så lenge som råd. Det er betre for den enkel­
te og det er meir effektiv bruk av ressursar dersom omsorg kan vera heimebasert.
fleire oppgåver innan omsorg og pleie. For å tilpasse seg dette er det viktig at dei tilsette
får gode arbeidsforhold, og at det blir stilt krav til effektiv organisering av tenestene.
Alle over 75 år må få tilbod om frivillige samtaler med kommunen. Målet med slike
samtaler er å gi den enkelte kjennskap til kva som finst av tilbod om kommunal hjelp og
støtte, og at ein kan planlegge tiltak for å gi dette.
Innan psykiatri er det store og aukande oppgåver. Det er nødvendig å styrke innsatsen
her, særleg når det gjeld barn og ungdom. Førebyggande tiltak i ung alder er svært vik­
tig. Senterpartiet vil auke innsatsen på dette feltet, også for vaksne. Tenestetilbodet må
­styrkast og både helsesøstertenesta og psykiatritenesta må få betre lokalitetar.
Menneske med demens må få eit betre tilbod, både når det gjeld dag-tilbod og tilbod i
institusjon. Tilbod på gardsbruk, som «Inn på Tunet», må bli ein viktig del av slik omsorg
også i Nord-Fron.
Samferdsel
Dei kommunale vegane er viktige for innbyggjarane i kommunen vår. Godt vegvedlike­
hald, trafikksikring og tilrettelegging av gang- og sykkelvegar er avgjerande for trafikan­ta­
ne, særleg dei mjuke. Gang- og sykkelveg frå Kvam til Harpefoss er viktig å få bygd. Vidare
fokus på utbetring av fylkesvegane, gjennom eit godt samarbeid med fylkeskommunen,
vil vera nødvendig også framover. Kommunale tilskot til private vegar er ei ordning som
Senterpartiet vil arbeide for å vidareføre.
Utbygginga på Sundheim vil gjera det lettare å tilpasse ressursbruk og organisering til den
enkelte brukar sine behov. Det er viktig at utbygginga blir gjennomført etter planen, slik
at ein kan gi så gode tenester som mogleg. Det blir fleire eldre, og kommunane får stadig
10
11
Dovrebanen er viktig for Gudbrandsdalen. Kryssingsspor nord for Lillehammer vil gi fleire
avgangar, og eit betre tilbod både for gods- og persontrafikk. Senterpartiet vil vera ein
pådrivar for å få til det.
Nye vegar i fjellområda må vurderast ut i frå omsyn til både næringsliv og miljøverdiar.
Vegen mellom Skåbu og Murudalen, og vegen frå Øyasetra til Frya (i Sødorp-fjellet) er to
vegar Senterpartiet meiner bør regulerast inn i kommunen sin arealplan. Vegen mellom
Skåbu og Murudalen bør regulerast som open for allmenn ferdsel.
Miljø
Nord-Fron kommune er rik på miljøverdiar. Gjennom fornuftig bruk kan naturressur­
sane våre brukast til verdiskaping og sysselsetjing. Reiseliv og landbruk er to eksempel på
naturbaserte næringar som skaper verdiar og gir store ringverknader for lokalsamfunnet.
Nord-Fron kommune må ha ei bevisst haldning til dette og støtte opp om naturbasert
næringsliv.
Fornuftig bruk av naturen er den beste forma for naturvern. Vi må bruke naturen slik at
kommande generasjonar får tilgang til dei same verdiane som vi har glede og nytte av.
Arealplanlegging må sikre at areal ikkje blir tatt i bruk til formål som reduserer miljøet
sin verdi.
Kommunen bør gi støtte til utarbeiding av turkart som viser vegar og råk som er fine å gå
turar på, i alle tettstader og bustadfelt sine nærområde.
Energiøkonomisering er viktig. Her kan kommunen gjennom ulike tiltak både spare
­pengar og drive haldningsskapande arbeid. Det må gjennomførast slike tiltak i kommunale
bygg og anlegg. Dette gjeld også veg- og gateljos.
Kommunen har vedtatt ein klimaplan med ulike tiltak. Det er viktig at tiltaka i planen
blir følgde opp, og at han blir revidert.
Erfaringane etter flommane i 2011 og 2013 må bli følgde opp med tiltak. Bustadområde
som er utsette for skader må sikrast. Det er viktig at kommunen har gode rutinar for
ettersyn og vedlikehald av sikringstiltak.
Kulturliv og frivillig arbeid
Kyrkjene og grendahusa er viktige samlingspunkt i grendene våre. For at desse skal være
tilgjengelege er det ei viktig oppgåve å oppretthalde gode kommunale støtteordningar.
Nord-Fron har eit aktivt og rikt kulturliv som det er svært viktig å støtte opp om. Det er
viktig med eit mangfaldig tilbod innan idrett, musikk, dans og teater. Senterpartiet vil gi
tilskot til denne type kulturarbeid. Det må prioriterast å gi tilskot til drift, til nye anlegg og
til vedlikehald av anlegg. Fron kulturskule må sikrast gode driftsvilkår, slik at alle barn og
unge i kommunen har tilbod om opplæring gjennom kulturskulen. Det er viktig at sam­
arbeidet med VVS og kulturskulen held fram, mellom anna for å kunne rekruttere fagleg
dyktige lærarar både i kulturskulen og ved musikklinja på VVS.
Å vera aktiv, og ute i frisk luft, er godt for helsa. Nord-Fron kommune må bidra til
­rydding av råk, køyring av skiløyper, etablering av nærmiljøanlegg og anna, slik at flest
mogleg kjem seg ut i sitt eige nærmiljø. Slike tiltak er også viktige for at reiselivet skal
kunne tilby gode opplevingar til sine gjestar.
Nord-Fron har store nasjonale aktørar innan kulturbasert næringsliv. Eksempel på slike
arrangement i Nord-Fron er Vinstra Country Music Festival, Peer-Gynt stemnet, Rondaståk
og Furusjøen Rundt. «Liv Lågå i Skåbu» er eitt av fleire viktige lokale arrangement.
Senterpartiet vil arbeide for merkevarebygging og «fram-snakking» av slike arrangement.
Dei er viktige for at regionen skal framstå som attraktiv for tilflytting, etablering og besøk.
12
13
Politisk samarbeid
Senterungdommen
Som to av Senterpartiet sine ungdomskandidatar har vi eit spesielt ansvar for å tale ung­
dommen si sak både i valkampen, og i dei kommande fire åra. Det er godt å vekse opp og
vere ungdom i Nord-Fron i dag, men vi meiner absolutt det er område det kan bli betre på.
Mellom anna er vi opptekne av at helsetilbodet til ungdommen bør styrkast. Slik
­situasjonen er i dag er det eit godt stykke å gå frå den vidaregåande skulen til helsestasjo­
nen for ungdom. I tillegg er huset ikkje godt eigna til denne type bruk. Derfor vil vi jobbe for
å flytte helsestasjonen til nye lokale nærmare den vidaregåande skulen. I tillegg vil vi utvide
opningstida på helsestasjonen for ungdom. I dag er helsestasjonen berre open ein time ein
dag i veka. Dette er ikkje nok for å oppretthalde eit godt helsetilbod til ungdommen. Difor
vil vi opprette ei ekstra helsesysterstilling i kommunen. Ved å flytte helsestasjonen til nye
lokale, utvide opningstida samt opprette ei ny helsesysterstilling vil vi styrke kvaliteten og
tilgjengelegheita på helsetilbodet til ungdommen i Nord-Fron.
Det er viktig at all ungdom i Nord-Fron har eit godt fritidstilbod, ikkje berre dei som er glad
i idrett. Difor vil vi jobbe for at planane for Vinstra Motorsportsenter på Pallane blir ferdigs­
tilt. Dette gjer at fleire ungdom i Nord-Fron får eit betre fritidstilbod enn det dei har i dag.
Ung I Midtdalen er eit regionalt samarbeid som driv med ungdomstiltak, slik som Kåja Camp
og Heim for ein 50-lapp. Dette er gode tiltak, som vi vil at skal fortsette slik som i dag.
MOT-arbeidet må også vidareførast.
Senterpartiet, Høyre, Venstre, Kristelig Folkeparti og Fremskrittspartiet har ­inngått ei
avtale om eit politisk samarbeid i Nord-Fron for dei neste fire åra.
Avtala legg grunnlaget for eit politisk samarbeid om saker som vi meiner er svært viktige
for vårt lokalsamfunn i åra som kjem.
Desse fem partia går til val med Olav Røssum (Senterpartiet) som felles ­ordførarkandidat.
Avtala har fått namnet «Rondablikk-erklæringa» og har mellom anna dette ­innhaldet:
Nord-Fron kommune sitt psykiske helsevern skal prioriterast
sterkare enn i dag.
• nye lokale for helsesøster- og psykiatritenestene
• styrke psykisk helsearbeid retta mot barn og unge
• styrke omsorg for menneske med demens
Nord-Fron kommune skal legge til rette for næringsutvikling basert på­l­okale
­ressursar.
• følgje opp vedtekne reguleringsplanar for næringareal med ­investeringar
• støtte næringsverksemd i fjellområda
• stimulere til omstilling, investeringar og nye etableringar
Nord-Fron kommune skal ha eit barnehage- og skuletilbod
som er betre enn i dag.
• ekstra tiltak for barn som har særlege behov
• styrke opplæringa i praktiske fag
• alle skuleelever skal kvar dag ha ein time med fysisk aktivitet
Ein anna ting vi er opptekne av er at vi må ta vare på den dyrka marka vi har i Nord-Fron.
Landbruket er viktig for kommunen, og for at det skal fortsette å vere slik også i framtida
må vi ta godt vare på den dyrka marka vi har. På denne måten sikrar ein framtidige arbeids­
plassar for dagens ungdom, og dermed legg ein til rette for at
dagens ungdom skal kunne bu i Nord-Fron når vi blir vaksne.
Det er viktig at ungdom er med på å påverke lokalsamfunnet
i den retninga vi vil at det skal gå. Difor vil vi nytte anledninga
til å oppmode alle, både vaksne og spesielt unge, til å bruke
­stemmeretten.
Godt val!
Sverre Spjotum og Julie Gårderløkken.
Sverre Spjotum og Julie Gårderløkken er to
av ungdomskandida­tane våre. Dei vil særleg
arbeide for saker som opptek ungdom.
14
15
Møt oss på
Facebook
Nord-Fron Senterparti
www.senterpartiet.no/nord-fron
E-post: [email protected]
www.dg-trykk.no
Bruk stemmeretten din!
Stem Senterpartiet!