Workshop prioritering Trondheim

WORKSHOP: PRIORITERING – BEVARING, AVHENDING ELLER DESTRUKSJON?
Her kjem det vi har av informasjon om tre forskjellige, men nokså like plogar. Landbruksreiskapar har
ein sentral plass i Hordamuseet si samling (museet starta som Hordaland landbruksmuseum). Alle dei
tre plogane presentert her er einhands åkerplogar og truleg frå siste halvdel av 1800-talet – ein
periode vi har nokså mykje landbruksreiskapar frå. Ved vurdering hadde vi 15 av denne typen. De kan
ta utgangspunkt i eit svært restriktivt konserveringsbudsjett og ingen intern kompetanse på feltet ut
over tørr reingjering og fjerning av overflatekorrosjon. Bruk vurderingsskjema og prøv å gi score på
dei enkelte punkt.
HOM-2015-20 Einhands åkerplog
Gjenstanden er relativt komplett, men manglar del av feste foran. Den har veltefjøl av tre. Noko
råteskade i treverk, samt omfattande spor av treborande insekt og ein god del korrosjon, spesielt
jernbeslag på veltefjøl er i dårleg stand. Plogen er relativt stabil strukturelt sett. Vi finn ingen
dokumentasjon.På eldre foto viser det ein brun «hentelapp» (brukt over ein periode på minst 30 år),
men denne er tapt. Vi har ein svært lik plog i god stand og med kjent givar.
HOM-2015-31 Einhands åkerplog
Plogen er komplett. Noko korrosjon og hol etter treborande insekt. Små sprekker i treverk framme
på åsen, men strukturelt stabil. Vi kjenner givar og bruksstad, samt at vi veit den kom til museet i
1962. Veltefjøla er jernbeslått, noko vi berre har eit par andre plogar som har. I tillegg har den eit par
litt spesielle element, t.d. ein krok på handtaket.
HOM-2015-21 Einhands åkerplog
Plogen er komplett. Gjenstanden er strukturelt stabil, har overflatekorrosjon, samt ein del sprekker
og småskader i treverk og litt spor etter treborande insekt. Vi finn ingen dokumentasjon. Vi har fleire
veldig like plogar i betre stand.