Budsjettsøknad 2016 frå Sotra brannvern

SOTRA BRANNVERN IKS
Organ
Sotra Brannstyre
Representantskapet
Møtedato
02.09.2015
dd.mm.2015
Saknr.
26-2015
MØTEBOK
Arkivnr.
550.1
Saksbeh.
Bjørn Olav Paulsen
DRIFTSBUDSJETT 2016 – 2. BEHANDLING
Trykte vedlegg:
Svar frå Fjell kommune vedk. ønskje om møte med KFF
Svar frå Sund kommune vedk. ønskje om møte med Formannskapet
Saka gjeld driftsbudsjett for 2016 for selskapet. Budsjettet legg opp til brutto auke i det samla tilskotet frå eigarane våre på 3,5 %. I tillegg kjem fondsmidlar. Det blir vist til tidlegare
intensjonsvedtak om faste overføringar til investerings- og driftsfond på til saman kr 600 000.
Framlegg til budsjett har vore behandla første gong i juni. Det har ikkje kome nye momenter
inn som gjer at brannsjefen har måtte endre på totalramma. Brannsjefen rår styret til gå inn
for driftsbudsjettet for 2016 for Sotra Brannvern IKS slik det ligg føre.
SAKSOPPLYSNINGAR
Brannsjefen har i arbeidet med driftsbudsjettet for 2016 lagt til grunn følgjande:
o Årsbudsjett for 2015.
o Heilårsverknad av lønsoppgjeret frå 2015.
o Avsetnad til lønsoppgjeret i 2016 med årseffekt heiltid på ca. 2,15 %. 2016 er eit hovudoppgjer. Vi har stillingar i kap. 3, 4 og 5. Altså både lokal og sentral lønsfastsetting
o Budsjettet blir saldert med å leggje inn ein mindre sum i stipulert renteinntekt, sal av kurs og
andre tenester, men noko lågare enn for 2015.
o Vi reknar med å driftsmessig gå i null i 2016 om budsjettet får den ramme som er estimert.
o Det er budsjettert med ei auke i overføringane frå eigarane på 3,5 % der avsetnad til fond kr
600 000 (investeringsfond og driftsfond) kjem i tillegg
o Den totale auke i driftspostane (inkl løn og sosiale kostnadar) er kr 647 000 ca. 2,7 %. Inkludert i dette er auke i sløkkjeavtale og ekstra kostnader med nytt nødnett – TETRA.
o Løns- og sosiale kostnadar aukar med 1,7 %. Merk at det ikkje er budsjettert med vidareføring av lærlingeordning, og dette fører då til kr 250 000 lågare utgift for 2016 vs. 2015
Driftsinntekter
Sotra Brannvern IKS (SBV) får i all hovudsak sine driftsmidlar frå følgjande forhold:
1. Overføring frå eigarane utgjer 92,8 % (92,5 % i 2014 og 91,0 % i 2015).
2. Inntekter frå sal av tenester, assistansar, andre refusjonar o.a. utgjer 7,2 % av budsjettet (7,5 % i
2014 og 9,0 % i 2015)
Driftsinntektene er budsjettert lågare m.a. fordi det ikkje lengre blir levert vatn, eller er utleige av
undervisningslokale
Finansinntekter- og utgifter
Brannsjefen har estimert finansinntekter til ca. 60 000 (renteinntekter).
______________________________________________________________________________________________________________________
Sotra Brannvern IKS, Tranesvegen 5, 5347 ÅGOTNES
Sentralbord tlf. 56 33 40 10
side 2 av 4
Kort om Prisregulativ for leverte tenester:
I regulativet går det fram at Sotra Brannstyre kvart år under behandling av driftsbudsjettet for 2015,
skal fastsette nye satsar for våre leverte tenester. Brannsjefen legg opp til ein justering med 5 %, sjå
elles eiga sak 19-2015 om dette.
VHBR-prosjektet
Det er grunn til å tru at etablering av VHBR vil gje nokre ekstrakostander. Sidan etableringsprosjektet ikkje er starta opp, er det vanskeleg å si noko om dette. Interimsstyret hadde sitt første møte 25.
juni, og eit fleirtal vedtok der å hyre inn ein ekstern prosjektleiar og sekretariat. Rådmannen i Fjell
fekk oppgåva med å hente inn prisar. Interimsstyre hadde så eit møte 20.08 der det opna tilboda. I
møtet 27.08 valde dei prosjektleiar og sekretariat. Den vidare framdrift er per nå ikkje klart.
Sotra Brannstyre sende brev til Fjell kommune og Sund kommune for å be om eit møte med Komite
for finans og forvaltning i Fjell og formannskapet i Sund. Fjell kommune har svara at dei ikkje fant
rom for slikt møte pga. valet. Sjå vedlegg. Det har også kome svar frå ordføraren i Sund, der brannsjefen er invitert til møte i formannskapet 15. september.
VURDERINGAR
Det nye årsverket ved førebyggjande avdeling er inkludert med heilårsverknad. Lærlingeordninga er
ikkje ført vidare. Vi tek med auka kostnader med nytt nødnett, og kostnaden med sløkkjeavtale med
Bergen går opp med 3,5 % iht avtale.
Fellesnemnaren er at avdelingane i stor grad held dei vanlege driftskonti til utstyr, energi, reinhald,
samband etc. på om lag same nivå som for 2015
Det er elles litt utfordrande at dei to eigarkommunane har ulik moglegheit til å ta i mot ei orientering frå selskapet.
Under er vist ein tabellarisk framstilling av budsjettet fordelt per avdeling
Tal i heile kr 1 000
Bud
Bud Endring
2016
2015
i kr
1
Administrasjonsavd. (teneste 120)
2 734
2 625
92
Førebyggande avd. (tenest 380+381)
7 139
6 874
265
Lærlingar (teneste 382)
0
288
-288
2
Beredskapsavd.(teneste. 390+391+392)
14 688
14 127
561
Brutto driftsbudsjett
24 561
23 914
647
Inntekter og refusjonar
1 769
1 896
-127
Netto driftsbudsjett
22 792
22 018
774
Endring i
%
3,5
3,9
4,2
2,7
- 6,7
3,5
1. Alle kostnadar med lån (renter og avdrag) blir ført her
2. Inkludert Kystverket sitt oljeverndepot, som i heilskap blir dekt av Kystverket, og administrert av SBV.
_______________________________________________________________________________________________
Sotra Brannvern IKS, Tranesvegen 5, 5347 ÅGOTNES
Sentralbord tlf. 56 33 40 10
side 3 av 4
Netto auke i driftsbudsjettet er kr 777 000 i høve til rev. bud for 2015. Ei auke på 3,5 % i forhold til
2015. Det er særleg kostnad med TETRA (nytt nødnett), og auke i sløkkjeavtala (som årleg er på
3,5 %), som trekk opp budsjettet. Om vi isolerer TETRA-kostnaden er budsjettauka 2,7 % på drifta.
Dette meiner brannsjefen er nøkternt, når ein veit av auka i sløkkjeavtala utgjer omlag kr 80 000
åleine.
Eigar
Innbyggjartal
Bruttokostnad
(per 01.01.2015)
(eigarane sitt driftstilskot)
Fjell
Sund
24 427
6 752
Fråtrekk
Nettokostnad*
2 867
805
15 078
4 042
17 945
4 847
*
Nettokostnaden kjem fram ved å trekkje frå kostnadar til feie- og tilsynstenesta (inklusiv lærlingeordninga), som er
avgiftsfinansiert. SBV har ikkje ansvaret for innkrevjing av feie- og tilsynsavgift og heller ikkje noko med fastsetting av
nivået på denne avgifta.
Figuren til høgre viser fordeling av kostnader til dei respektive
avdelingane.
I prosent utgjer dette:
- brannførebygging inkl. feiing og tilsyn
med fyringsanlegg: 29,1 %.
- beredskap inkl. oljeverndepot: 59,8 %
- administrasjonsavdelinga: 11,1 %.
Merk at det for 2016 ikkje er budsjettert med framhald av lærlingeordning.
2016 - Drift
Administrasjon,
Feiing og tilsyn med
Lærlinge-
Totalt
beredskap, førebyggjande
fyringsanlegg
ordning
u/fond
u/feiing og lærlingar.
Inkl. kap. kostnadar
Fjell kommune
15 078 000
2 867 000
0
17 945 000
Sund kommune
4 042 000
805 000
0
4 847 000
Inntekt. refusjonar
1 562 000
207 000
0
1 769 000
SUM
2016 - Fond
24 561 000
Driftsfond
Investeringsfond
Totalt
Fjell kommune
78 000
392 000
470 000
Sund kommune
22 000
108 000
130 000
100 000
500 000
600 000
SUM
_______________________________________________________________________________________________
Sotra Brannvern IKS, Tranesvegen 5, 5347 ÅGOTNES
Sentralbord tlf. 56 33 40 10
side 4 av 4
Brannsjefen gir følgjande
INNSTILLING
Sotra Brannstyre godkjenner utkast til driftsbudsjett for 2016.
Driftsbudsjett 2016
Fjell kommune
drift
kr 17 945 000
feiing og tilsyn
(inkludert i drift kr 2 867 000)
fond
Kr 470 000
kr 18 415 000
Sund kommune
drift
kr 4 847 000
feiing og tilsyn
(inkludert i drift kr 805 000)
fond
Kr 130 000
kr 4 977 000
VEDTAK
Sotra Brannstyre godkjenner utkast til driftsbudsjett for 2016.
Driftsbudsjett 2016
Fjell kommune
drift
kr 17 945 000
feiing og tilsyn
(inkludert i drift kr 2 867 000)
fond
Kr 470 000
kr 18 415 000
Sund kommune
drift
kr 4 847 000
feiing og tilsyn
(inkludert i drift kr 805 000)
fond
Kr 130 000
kr 4 977 000
Samrøystes vedteken
Sotra Brannvern IKS
02.09.2015
Bjørn Olav Paulsen (sign)
brannsjef
Rett utskrift
Kopi til
_______________________________________________________________________________________________
Sotra Brannvern IKS, Tranesvegen 5, 5347 ÅGOTNES
Sentralbord tlf. 56 33 40 10