Brosjyre - Fjell kommune

Kontakt
Vi samarbeidar om Aktiv+
Har du spørsmål eller tips, ta gjerne
kontakt med AKTIV+ sin representant i
Sotra Arena tysdagar evt. prosjektleiar i
Fjell kommune: Janne Mo tlf 55097152/
47 82 34 25 / [email protected]
AKTIV+ vil drivast av frivillige
organisasjonar i samarbeid med Fjell
kommune. Tilbodet vil utviklast i tråd med
ønskje frå dei som deltek. Målet er at vi skal
utvikla ein sosial og helsefremmande
møtestad som seniorar ikkje kan gå glipp av!
SOTRA
Aktivitets- og
kulturtilbod for
yngre og eldre seniorar
- tysdagar i Sotra Arena -
Vi er på Facebook
www.facebook.com/groups/
kvaskjerifjell/
LC SOTRA
Vi er på Facebook
www.facebook.com/aktivpluss
2015
Kartlegging
Program
Oppmøte
I ei kartlegging som vart gjort blant
seniorar i Fjell kommune, har det kome
fram ønskje om ein sosial møteplass med
ulike aktivitets- og arbeidstilbod,
kulturopplevingar og hygge rundt felles
måltid. AKTIV+ vart starta 28. oktober 2014
og tek sikte på å møte desse behova.
Du vel sjølv om du vil delta på alt eller
berre delar av programmet kvar gong.
Det er høve til å byta aktivitet etter
dagsform. Kom gjerne med tips til nye
aktivitetar og foredrag.
AKTIV+ er open for alle seniorar som
ønskjer å delta og det er berre å møta
direkte opp på Sotra Arena. Er du ny, vil du
få informasjon om aktivitetar og omvising i
hallen når du kjem første gongen.
Faste aktivitetar kl. 10.30. – 12.00
• Tur på grusveg i parken – forskjellige grupper som går ulik lengde
• Tur i terreng – 2-3 timars tur
• Trening i sal. Ei av gruppene er for
seniorar med behov for balansetrening.
• Trening i styrkerom
• Volleyball
• Badmington
• Kulespill / Petanque
• «Skru og snikkar»- gruppe
Har du spørsmål om tilbodet, ring Fjell
Frivilligsentral tlf. 55 09 69 29 eller send ein
mail til [email protected].
Transport
Treng du transport for å koma deg fram –
eller er du ein sjåfør som kan hente nokon,
ønskjer vi at du tek kontakt med Fjell
Frivilligsentral på tlf. 55 09 69 29
Kulturinnslag / foredrag frå kl. 12-13
Informasjon om tema finn du:
• AKTIV+ i Sotra Arena
• På plakaten i Vestnytt
• Fjell kommune si internettside
(www.fjell.kommune.no) og på
• Facebooksidene «AKTIV+» og «Kva skjer i Fjell kommune».
Nokre av tysdagane har Senioruniversitetet
ansvaret for foredraget.
Middag / lunsj i kafe frå kl. 13-14
Vi avsluttar dagen med prat og måltid i
kafeen. Det er høve til å kjøpa seg
middag / lunsj. Kafe er open frå kl. 11-14.
Laget for Aktiv+ Sotra Arena av Monica Hovland, Informasjon