Til plankontaktar Invitasjon til plannettverk 25.november 2015 med tema Statistikk og analysar for planstrategi og planarbeid Vi inviterer til årets siste plannettverk der hovudtema er statistikk og analysar for arbeidet med kommunale planstrategiar. Kommunane er i startgropa for arbeidet med planstrategi. Det er ynskjeleg å samordne kommunane sitt behov for statistikk og analyse med behovet for kunnskapsgrunnlag for regional planstrategi. På samlinga vil vi femne om breidden i omgrepet berekraftig utvikling og presentere nøkkeltal for Hordaland. På samlinga vil det vera høve til: - Prøva ut verktøyet i Statistikk i vest - ta med PC!!! Stilla spørsmål om bruk og tolking av statistikk og analyseverktøyet Koma med innspel til korleis fylkeskommunen kan bistå kommunen med statistikk og analysar Læra gode løysingar av kollegaer Tid: Onsdag 25. november kl 1000 -1500 (planprat kl 0930) Stad: Fylkeshuset, møterom Vestland Påmelding innan mandag 23.november kl 1200 på nettsida www.hordaland.no/plan Vel møtt! Venleg helsing Marit Rødseth Program: Tid 0930-1000 1000-1015 1015-1045 Tema Planprat i kantina Velkomen og introduskjon om regional planstrategi – prosess og samarbeid med kommunane Resultat av spørreundersøking i kommunane om behov for statistikk 1045-1130 Statistikk i vest – oversikt over innhald – nærare om befolkning, bustad og arbeid 1130-1200 Felles utfordringar og kunnskapsgrunnlag for berekraftig utvikling i Hordaland 1200-1245 1245-1315 Lønsj Nøkkeltal for økonomisk utvikling 1315- 1345 Nøkkeltal for folkehelse, sosial- og kulturell utvikling 1345-1400 1400 -1430 Pause Nøkkeltal for areal og miljø 1430-1500 Drøfting av vidare behov for samarbeid om opplæring og tilrettelegging av data Innleiar Marit Rødseth Plansjef, planseksjonen Kathrin Jacobsen, seksjonsleiar , seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse Stian Skår Ludvigsen, seniorrådgjevar, seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse Eva Katrine Taule, seniorrådgjevar , planseksjonen Stian Skår Ludvigsen, seniorrådgjevar, seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse Aina Haugstad , rådgjevar , seksjon forskning , internasjonalisering og ,analyse Martin Tvedt, rådgjevar, seksjon for forsking, internasjonalisering og analyse
© Copyright 2024