Velkomen til Distriktsmøte på Voss laurdag 19

Velkomen til Distriktsmøte på Voss laurdag 19.september 2015
i Voss-ski og tursenter.
2015 er friluftslivets år og Voss Soroptimisklubb ynskjer å markera dette med å invitera til
Distriktsmøte ute i det fri. Dette vil vera ein fin anledning for oss alle til å bli betre kjent med
kvarandre. Det meste av programmet føregå ute i det fri, der me skal igjennom gruppeoppgåver ved
ulike postar – kanskje får me prøva oss på skyting òg??
Friluftsliv har ein sentral plass for dei fleste vossingar, og dette er nok òg ein av grunnane til at så
mange vossingar har fått medaljar i både VM og OL. Gro Marit Istad Kristiansen er vossajente og
verdsmeister i skiskyting. Ho vil vera med oss og fortelja om sine erfaringar.
Dei som ynkjer det er velkomne til å overnatta privat på Voss frå fredag til laurdag, og me inviterer til
uformell samling heime hjå president Kristine Saue Farestveit i Sverresbakken 4a fredag kveld.
Program Distriktsmøte laurdag 19.september
10.30
11.00
11.15
11.20
11.45
13.45
15.00
16.00
Avreise med bil frå Tinghusplassen (parkeringplass på høgre side av Vangskyrkja)
Kaffi og velkomst
Lystenning og appell
Dagleg leiar og Verdsmeister Gro Marit Istad Kristiansen fortel om det å vera
aktiv skiskyttar
Gruppeaktivitetar ute
Mat
Nytt frå klubbane
Avslutning
Antrekk laurdag: Fritidskle og joggesko, regnkle om nødvendig.
NB! Området er tilgjengeleg for alle, også for rørslehemma.
Distriktsmøte kostar kr 350,- (dette dekkjer òg bompengar på veg opp). Betaling til
konto 3480 20 13940 (Voss Soroptimistklubb sin konto) innan 20.juni 2015.
Påmelding til Vibeke Knudsen i Bergen Soroptimistklubb før 16. juni – vi frå Bergen sender en
felles påmelding til Voss innan den 20. juni. Dei som ynskjer å overnatta privat frå fredag til laurdag,
skriv dette i påmeldinga til Vibeke. Den uformelle samankomsten fredag kveld vil koste kr 100,-, som
du betaler ved oppmøte.