LAVINESAMLING I SOGNDALSDALEN

DISTRIKT SOGN OG FJORDANE INVITERER TIL
LAVINESAMLING I SOGNDALSDALEN
TORSDAG 16. FEBRUAR - SUNDAG 19. FEBRUAR 2017
OPPMØTE TORSDAG ETTERMIDDAG
Lavinetrening i 3 heile dagar. Du er velkomen uansett erfaringsnivå.
Treninga føregår i nærleiken sogndal skisenter, hodlekve, med høve for
lunsj og varme pausar innandørs.
Det vert også høve for prøvar på laurdag
OVERNATTING:
• I hytter og leilegheiter på Selseng. Sjå ute-plassen.com for meir informasjon.
• 2 personar på kvart rom. Eige sengetøy/sovepose, eller leige for 150 kr. Utvask er inkludert.
• ankomsttid: 18:00-20:00 på torsdag. Gi beskjed om du kjem før eller etter dette tidsrommet.
HUNDANE:
• Kan sove inne. Helst i bur.
• eit par av romma har litt dårleg plass til hundebur, her er det OK at dei ikkje søv i bur.
• i nokre av leilegheitene er det ikkje lov til å ha hund, på grunn av omsyn til allergikarar. Det vert
ordna med varme i ein garasje, slik at hundane kan vera der.
• Gi beskjed om du har hund som søve ute i bil/hengar uansett.
MAT:
• Det vert ikkje organisert felles mat på torsdag, alle må ordne sjølve.
• Middag fredag og laurdag er inkludert. Dersom du er allergisk mot noko, som er aktuelt å putte i
middagen, gi beskjed! Elles må kvar enkelt ta med mat sjølve. Det er kjøken i kvar hytte/leilegheit.
PRIS:
• Kursavgift 600 kr. inkludert middag fredag og laurdag
• overnatting 1000 kr. per person.
prøvar:
• Sogn og Fjordane arrangerar B-kurs i samarbeid med Hordaland. Fysrte helga er 9. - 12 februar
på Brandseth, andre helga er på denne samlinga i sogndalsdalen, 16. - 19. februar.
• Dei som skal delta på B-kurs melder seg på til Hordaland, her kjem det info og påmelding seinare.
• A-prøvar
PÅMELDING:
• påmeldingsfrist fredag 6. januar
• Etter denne datoen vert resterande overnattingsplassar avbestilt.
• avbestillingsgebyr etter påmeldingsfrist er 400 kr. Ved veterinærattest/legeattest vert dette
kravet fråfalt.
• Bindande påmelding, og eventuelle spørsmål, via straumpost til [email protected]
Skriv kva de ynskjer å trene på, og om lag kva nivå de er på.
• betaling til konto 3730.10.33940.
• Påmelding til a-prøvar skal også meldast til Johanne ([email protected])
• skal du opp til prøve må du levere standard påmeldingsskjema frå NRH
velkomen!