Høyringsbrev Dregnismorki Ytrismorki 5 mai 2015

Sakshandsamar: Tom Dybwad
Telefon: 57643123
E-post: [email protected]
Vår dato
05.05.2015
Dykkar dato
Vår referanse
2015/772 - 432.1
Dykkar referanse
Til adressatar i følgje liste
Dregnismorki - Ytrismorki naturreservat - framlegg om oppretting
og utviding av verneområde
Fylkesmannen sender med dette på høyring eit framlegg om oppretting av eit
naturreservat i Ytrismorki gjennom utviding av Drægnismorki naturreservat, saman
med ei utviding i Dregnismorki som er avtalt med grunneigar. Prosessen følgjer
prosedyren for frivillig vern. Fristen for å kome med fråsegn er 20. juni 2015.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Vi viser til vårt brev av 03.03.2015 med melding om oppstart av arbeidet med områdevern
etter naturmangfaldlova i Ytrismorki og Dregnismorki.
Fylkesmannen sender med dette eit framlegg om vern på høyring. Framlegget går ut på å
utvide Drægnismorki naturreservat med Ytrismorki og med eit område på gnr/bnr 14/1 i
Dregnismorki der Klima- og miljødepartementet (KLD) tidlegare har underskrive avtale med
grunneigaren. Sidan dei aktuelle områda vert samanhengande, gjer vi framlegg om at heile
området vert verna som eitt samla naturreservat under namnet Dregnismorki - Ytrismorki
naturreservat.
Bakgrunn
Sidan St.meld 25 (2002-2003) har frivillig vern, saman med vern på statsgrunn, vore ein av
hovudstrategiane for vidare vern av skog i Noreg. Frivillig vern inneber at det er
grunneigarane, i samarbeid med skogeigarlaget, som tilbyr staten areal for mogleg vern.
Dersom verneverdiane er så store at miljøvernstyresmaktene finn det interessant, vert det så
starta forhandlingar mellom staten og grunneigarane. Det vert då forhandla både om
avgrensing, verneforskrift og pris, og det vert ikkje inngått avtale om vern med mindre
partane vert samde.
Framlegget vert med dette brevet send på offentleg høyring der alle aktuelle instansar og
samfunnsinteresser kan kome med fråsegn.
Merknader til oppstart av planarbeidet
Det kom fem innspel til meldinga om start av arbeidet med vern av Ytrismorki og utviding av
Drægnismorki naturreservat.
WWF-Norge støttar at naturreservatet vert utvida, men held fram at det er viktig at det vert
arbeidd med vidare utviding, då det framleis er mykje verdfullt areal som ikkje er med.
Direktoratet for mineralforvaltning har ingen merknader då området ikkje berører bergrettar
eller kjende mineralførekomstar.
Hovudkontor
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 65 33 02
Org.nr 974 763 907
Landbruksavdelinga
Fjellvegen 11, 6800 Førde
Postboks 14, 6801 Førde
Telefon: 57 64 30 00
Telefaks: 57 82 17 77
E-post:
[email protected]
Internett:
www.fylkesmannen.no/sfj
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/7
Statnett opplyser at det går ein 300 kV simpleks kraftleidning gjennom det planlagde
Ytrismorki naturreservat. Leidningen sto ferdig i 1970 og går mellom Leirdøla og Fortun. Den
er ein viktig del av sentralnettet på Vestlandet. Klausuleringsbeltet under leidningen har ei
breidde på 38 meter. Det ligg ikkje føre konkrete planar om oppgradering eller utskifting av
leidningen, men kapasiteten er allereie i dag ei avgrensing, og mastene si levetid er normalt
ca 70 år. Dette inneber at mastene må skiftast ut ca. 20-30 år fram i tid. Når det blir aktuelt å
erstatte leidningen, vil det bli bygd ny leidning parallelt med den gamle før den gamle blir
riven. Det er ikkje aktuelt å nytte eksisterande master. Det vil i anleggsfasen bli minst 20
meter mellom ytterfasane på eksisterande og ny leidning. Det er ikkje teke stilling til på kva
for side av eksisterande leidning den nye kraftleidningen vil bli bygd. Klausuleringsbeltet
under ein framtidig leidning med spenning på 420 kV vil bli på 40 meter. Statnett ønskjer at
det vert sett av en korridor på 50 meter på kvar side av senterlinja til eksisterande leidning
for framtidig bygging av ny kraftleidning (sjå vedlagte kart). I tillegg må det i verneforskrifta
opnast for transport og anleggsverksemd i samband med drift og vedlikehald, og til bygging
av ny kraftleidning.
Stadnamntenesta på Vestlandet: Namna Yttrismorki/Ytrismorki og Drægnismorki/
Dregnismorki er ikkje så langt komne med i det offisielle stadnamnregisteret. Namna
Yttri/Ytri og Drægni/Dregni er godkjende former som gardsnamn. Skal dei namneformene
som er føreslegne nyttast som offisielle namneformer, må det først gjennomførast
namnesaker for gardsnamna. Dette vil kunne ta lang tid sidan det må gjennomførast minst ei
lokal høyring.
Statens kartverk: Dersom Fylkesmannen vel skrivemåtane Drægnismorki naturreservat og
Yttrismorki naturreservat, må det fyrst gjennomførast namnesak der skrivemåtane vert
vurderte opp mot alternativa Dregnismorki og Ytrismorki, slik stadnamntenesta tek opp.
Dersom Fylkesmannen vel skrivemåtane Dregnismorki naturreservat og Ytrismorki
naturreservat, kan Kartverket derimot tilordna desse skrivemåtane direkte i Sentralt
stadnamnregister (SSR) utan namnesak, sidan Dregni og Ytri allereie står som tilrådde
skrivemåtar. Kartverket tilrår difor at ein vel dei sistnemnde skrivemåtane, sidan dei er mest
tilrådelege språkleg og krev kortast saksgang. Kartverket viser til § 15 siste ledd i forskrift
om skrivemåten av stadnamn, at når to eller fleire skrivemåtar er registrerte i Sentralt
stadnamnregister (SSR), bør ein i offentleg bruk velja den skrivemåten som er brukt på
namneeiningsplassen i SSR. I dag er det primærnamna Dregni og Ytri som står på
namneeiningsplassen.
Fylkesmannen sine merknader til innspela:
WWF-Norge: Eventuelle utvidingar av vern etter naturmangfaldlova i området må kome etter
nye rundar med frivillig vern.
Direktoratet for mineralforvaltning: Vi tek til vitande kunnskapen om at det ikkje er aktuelle
mineralførekomstar i området.
Statnett: Fylkesmannen er kjend med eksisterande kraftlinje gjennom området, at linja må
vedlikehaldast, og at ho må fornyast når ho er vorte for gammal. Vi meiner formuleringane i
framlegget til verneforskrift tek høgde for dette, sjå § 4 pkt 2 og 10 og § 7 pkt 2 og pkt 10, 1.
og 2. strekpunkt i verneforskrifta. Desse punkta er standard for naturreservat i Noreg og gjev
etter vårt syn dei opningane for kraftleidninga som Statnett etterspør. Når det gjeld å setje av
ein korridor eller sone, meiner vi at dette må gjerast i ein forvaltningsplan for verneområdet.
Fylkesmannen tek sikte på å setje i gang arbeidet med ein forvaltningsplan så snart
vernevedtaket er gjort.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/7
Stadnamntenesta på Vestlandet og Statens kartverk: Namna Yttrismorki/Ytrismorki og
Drægnismorki/ Dregnismorki har vore nytta i alle saker om (mogleg) vern i området sidan
1990-talet, og det er ikkje aktuelt å endre det no før høyringa. Drægnismorki naturreservat
er det namnet som blei brukt då naturreservatet vart verna gjennom frivillig vern ved kgl.res.
05.03.2010. Ut frå Statens kartverk sitt råd vel Fylkesmannen å bruke namnet Dregnismorki
– Ytrismorki naturreservat no når framlegget vert sendt på høyring. Namnet er elles ein del
av høyringa.
Aktuelt verneområde
Utvidinga av naturreservatet i Dregnismorki med (sjå vedlagt kart) ligg i Ytrismorki i Luster,
og heng saman med Drægnismorki naturreservat i sørvest, og det grensar til Mørkridsdalen
landskapsvernområde i nordvest. Meldinga omfattar også å utvide Drægnismorki
naturreservat i sør med eit område på gnr/bnr 14/1, der KLD og grunneigar har underskrive
avtale om vern som naturreservat (sjå vedlagt kart).
Eigarar i Ytrismorki er
Gnr/bnr 8/1: Kåre Hammerborg
Gnr/bnr 8/2: Jorunn K. Yttri
Gnr/bnr 8/3: Jan Petter Nyløy
Eigar i utvidingsområdet i Drægnismorki naturreservat er
Gnr/bnr 14/1: Johannes Drægni
Andre eigarar i Drægnismorki naturreservat er
Gnr/bnr 8/5: Johannes Yttri
Gnr/bnr 14/2: Sigmund K Hauge, 6877 Fortun
Gnr/bnr 14/5: Jakob Flaten, 6877 Fortun
Eigedomstilhøva vert ikkje endra ved oppretting av naturreservat.
Naturreservatet i Ytrismorki omfattar både felles areal (to teigar på høvesvis 58 daa og 382
daa) og teigar på gnr/bnr 8/1, 8/2 og 8/3 på til saman 2660 daa. I tillegg er det gjort avtale
om ein teig tilhøyrande gnr/bnr 8/5 lengst i sør, og eigar av gnr/bnr 8/1 har kome med tilbod
om å utvide sine teigar mot søraust slik at m.a. delar av ein sopplokalitet med store
verneverdiar kjem med i naturreservatet.
Fylkesmannen har kome til at oppretting av eit naturreservat i Ytrismorki bør skje ved å
utvide Drægnismorki naturreservat.
Verneverdiar i området
Verneverdiane i Ytrismorki er godt kartlagde og er godt kjende. Biofokus v/ Tom Hellik
Hofton har i rapporten Siste sjanse 2003-10 gjeve området Dregnismorki – Ytrismorki *** (tre
stjerner) og høgste verdi. Dei omtalar verneverdiane i området slik:
«Et større skogområde med store naturverdier er registrert i nedre deler av Fortundalen i
Luster, Sogn og Fjordane. Området består av en bratt SØ-vendt liside som strekker seg fra
dalbunnen opp på snaufjellet. Variasjonen i naturtyper er uvanlig stor, med velutviklet og
svært verdifulle utforminger av bl.a. gammel furuskog, kalkfuruskog, ospeskog, gråoralmeskog og alm-lindeskog. Forskjellige furuskogstyper dominerer, dernest er det store
arealer gråor-almeskog. Store deler av skogen er gammel med stor tetthet av
nøkkelelementer. Deler av furuskogen er uvanlig lite påvirket, og visse partier har
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
4/7
urskogspreg. En lang rekke til dels meget sjeldne arter innen mange artsgrupper er
registrert, flere nye for fylket og dels for Vestlandet. 23 rødlistearter. Totalt sett har området
helt spesielle og særegne kvaliteter som svært få andre områder kan oppvise, og lokaliteten
har utvilsomt store nasjonale naturverdier ***.»
Verneform
Naturreservat er den aktuelle verneforma i området. Naturreservat er ei streng verneform
etter naturmangfaldlova, og § 37 i lova seier kva som er grunnlaget for eit naturreservat:
Ǥ 37.(naturreservater)
Som naturreservat kan vernes områder som
a) inneholder truet, sjeldan eller sårbar natur
b) representerer en bestemt type natur
c) på annen måte har særlig betydning for biologisk mangfold
d) utgjør en spesiell geologisk forekomst, eller
e) har særskilt naturvitenskaplig verdi
Som naturreservat kan også vernes et område som er egnet til ved fri utvikling eller aktive
gjenopprettingstiltak å få verneverdier som nevnt i første ledd.
I et naturreservat må ingen foreta noe som forringer verneverdiene angitt i verneformålet. Et
naturreservat kan totalfredes mot all virksomhet, tiltak og ferdsel. I forskriften kan det gis
bestemmelser om vern av kulturminner i reservatet.
Treffes vedtak om reservat som krever aktive gjenopprettingstiltak, eller vedtak om reservat
der bruk er en forutsetning for å ivareta verneformålet, skal det samtidig med vernevedtaket
legges frem et utkast til plan for skjøtsel for å sikre verneformålet. Planen kan omfatte avtale
om bruk av arealer, enkeltelementer og driftsformer. Planen eller avtalen kan inneholde
bestemmelser om økonomisk godtgjørelse til private som bidrar til områdets skjøtsel.»
Verneforskrift
Ved oppretting av eit naturreservat vert det utarbeidd særskilde verneforskrifter som fortel
kva for restriksjonar som vert lagde på aktivitetar i området. Det vil bli forbod mot tekniske
inngrep, hogst og motorferdsel. Beite, vanleg friluftsliv, fiske og vanlegvis også jakt vil vere
lov. For ei utviding av Dregnismorki med Ytrismorki har Fylkesmannen teke utgangspunkt i
og brukt verneforskrifta for Drægnismorki naturreservat. Framlegget til verneforskrift for
Dregnismorki – Ytrismorki naturreservat (vedlagt) er difor identisk med vedteken
verneforskrift for Drægnismorki naturreservat, med unntak av nokre språklege og tekniske
oppdateringar, og eit punkt om oppføring av sel på stølen Lønningane, som er som følgjer:
9.b) Oppattbygging av sel på stølen Lønningane slik at kvart gnr/bnr har eitt sel på stølen. Plassering
på eksisterande murar eller annan stad på stølen vert avgjort i samråd med kulturminnestyresmaktene.
Sela skal ha tradisjonell stil og utsjånad.
Vi har for ordens skuld også lagt ved gjeldande verneforskrift for Drægnismorki
naturreservat.
Erstatning
Etter § 50 i naturmangfaldlova har eigar eller rettshavar i område som vert verna som
naturreservat rett til erstatning for økonomisk tap når vernet fører til vanskeleggjering av
igangverande bruk. Ved frivillig vern følgjer ein derimot ikkje den ordinære framgangsmåten
ved fastsetjing av erstatning som er omtalt i § 51. Frivillig vern er basert på at partane har
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
5/7
vorte samde, også om erstatninga. Difor kan erstatningssummane utbetalast så snart
området er verna, utan å vente på dei fristane som er omtalte i § 51.
Namn
Namn på verneområdet er ein del av verneplanprosessen. Fylkesmannen sitt framlegg til
namn når Drægnismorki naturreservat vert utvida med Ytrismorki, er Dregnismorki –
Ytrismorki naturreservat. Sidan Statens namnekonsulent og Statens kartverk har kome med
merknad om namnet, vil vi gjerne ha tilbakemelding om det finst eit anna samlande namn på
heile verneområdet i Dregnismorki og Ytrismorki. Vi vil også gjerne ha fråsegner om
alternative skrivemåtar Dregnismorki/Drægnismorki og Ytrismorki/Yttrismorki.
Saksgang vidare
Framlegget om vern vil bli kunngjort gjennom annonser i lokalavisa og kunngjering på
internett i tillegg til utsendinga med dette brevet.
For å følgje opp Stortinget si satsing på frivillig vern i budsjettet for i år, og for at ikkje
grunneigarane skal måtte vente unødig på erstatningsutbetalingane, er det sterkt ønskjeleg
at utvidinga av Drægnismorki naturreservat med eit naturreservat i Ytrismorki kan vedtakast
ved kongeleg resolusjon i år. Dette føreset ein relativt stram tidsplan fordi Miljødirektoratet
og Klima- og miljødepartementet vil få eit stort tal saker frå heile landet, og som det vil ta tid
å handsame i dei ulike departementa og andre sentrale instansane som skogreservata
vedkjem.
Høyringsfristen for framlegget om utviding av Drægnismorki naturreservat til å omfatte
Ytrismorki og avtalt område i Dregnismorki vert difor sett til
20. juni 2015
Vi reknar med å sende tilrådinga vår til Miljødirektoratet innan 1. august i år. Miljødirektoratet
tek sikte å sende si tilråding til Klima- og miljødepartementet innan 1. september.
Fylkesmannen legg opp til å arrangere opne møte eller synfaringar i det omfanget
grunneigarane og andre interesserte ønskjer. Høyringsframlegget, med verneforskrift og
avgrensing, er det som grunneigarane og staten har vorte samde om.
Etter at planen har vore på høyring, vil Fylkesmannen oppsummere alle lokale innspel og
sende si tilråding over til sentrale styresmakter, som vil leggje planen fram til endeleg
avgjerd i Regjeringa (kongeleg resolusjon).
Adresselister
Dette brevet er sendt ut til alle grunneigarar og rettshavarar innanfor det aktuelle området,
lokale, regionale og nasjonale organ og organisasjonar som kan ha interesse av
planarbeidet.
Vi ber om forståing og orsaking for om det skulle vere feil og manglar ved adresselistene, og
ber samstundes om tilbakemelding på manglar eller feil adresse.
Informasjon
Spørsmål om planarbeidet kan rettast til
- seniorrådgivar Tom Dybwad, tlf. 57 64 31 23, e-post [email protected]
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
6/7
Skriftlege innspel sendast til
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller på e-post
[email protected]
Med helsing
Nils Erling Yndesdal
fylkesmiljøvernsjef
Tom Dybwad
seniorrådgjevar
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Vedlegg:
- Kart over framlegg til verneområde i Ytrismorki utarbeidd av Allskog
- Kart over utvidingsområde i Dregnismorki
- Kart over Drægnismorki naturreservat (kgl.res. 05.03.2010)
- Oversiktskart over dei tre områda: Drægnismorki naturreservat, avtalt
utvidingsområde i Dregnismorki, og framlegg til naturreservat i Ytrismorki
- Framlegg til verneforskrift for Dregnismorki –Ytrismorki naturreservat
- Verneforskrift for Drægnismorki naturreservat (kgl.res. 05.03.2010)
Adresseliste:
Grunneigarar:
Kåre Hammerborg (8/1), Stasjonsgata 48, 3300 Hokksund
Jorunn K. Yttri (8/2), 3. Bera terrasse 50 A, 3026 Drammen
Jan Petter Nyløy (8/3), Yttri, 6877 Fortun
Johannes Yttri (8/5), 6877 Fortun
Johannes Drægni (14/1), Vei 228-5a, 9170 Longyearbyen
Sigmund K Hauge (14/2), 6877 Fortun
Jakob Flaten (14/5), 6877 Fortun
Andre:
Luster kommune, [email protected]
Luster Bondelag v/ Henny Karin Skildheim, Skildheim 6872 Luster, [email protected]
Luster Bonde- og Småbrukarlag v/ Kjell Edvin Vedvik, 6873 Marifjøra
Fortun grunneigarlag v/ Jacob Øygard, 6877 Fortun
Fortun bygdelag v/ Jan Norvald Steig, 6877 Fortun
Fortun sauesankelag v/ Jon Rolf Bjørnevåg, Holmastad, 6877 Fortun
Luster jakt- og fiskelag, [email protected]
Luster Turlag, [email protected]
Statens naturoppsyn Breheimen v/ Liv Byrkjeland (e-post)
Breheimen nasjonalparkstyre v/ Eldrid Nedrelo (e-post)
Sogn og Fjordane fylkeskommune, [email protected]
Sogn og Fjordane Politidistrikt, [email protected]
Høgskulen i Sogn og Fjordane v avd. for naturforvaltning, [email protected]
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, [email protected]
Norges Jeger- og Fiskerforbund NJFF Sogn og Fjordane, [email protected]
Norges vassdrags- og energiverk, region vest, [email protected]
Sogn og Fjordane Bondelag, [email protected]
Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag v/fylkessekretær, [email protected]
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
7/7
Sogn og Fjordane Skogeigarlag, [email protected]
Sogn og Fjordane Skogselskap, [email protected]
Sogn og Fjordane Turlag, [email protected]
Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, [email protected]
Sogn og Fjordane avd. NOF v/Anders Braanaas, [email protected]
Visit Sognefjorden,: [email protected]
Norges jeger- og fiskerforbund, [email protected]
Technogarden (nødnett), [email protected]
NOTS, [email protected]
Stadnamntenesta på Vestlandet, [email protected]
Statnett, [email protected]
Avinor, [email protected]
Direktoratet for mineralforvaltning, [email protected]
Universitetsmuseet i Bergen, [email protected]
Den Norske Turistforening, DNT, [email protected]
Det Norske Skogselskap, [email protected]
Fortidsminneforeningen, [email protected]
Luftfartstilsynet, [email protected]
Norges geologiske undersøkelse (NGU), [email protected]
Norges Naturvernforbund, [email protected]
Norges Skogeierforbund, [email protected]
Norsk institutt for Naturforsking NINA, [email protected]
Norsk Hydro, v/ Knut Stokkenes, [email protected]
Norsk ornitologisk forening (NOF), [email protected]
Norsk Skogbruksforening NORSKOG, [email protected]
Riksantikvaren, [email protected]
SABIMA, [email protected]
Universitetet i Bergen, Geologisk institutt, [email protected]
Verdens Naturfond (WWF Norge), [email protected]
Kopi pr. e-post m/vedlegg:
Miljødirektoratet
Allskog
Klima- og miljødepartementet