LUSTER ARBEIDARPARTI ÅRSMØTE 8.FEBRUAR 2015 ÅRSMØTE LUSTER ARBEIDARPARTI 8.FEBRUAR KL 1800 PÅ FJORDSTOVA I SKJOLDEN. PROGRAM OG SAKLISTE: Velkommen til Skjolden v/ Eli M Hansen Moen, Nestleiar Luster AP Kulturinnslag Praktiske opplysningar Velkomen /Opningstale v. leiar i Luster AP Arne Johannessen Tale for dagen Stortingsrepresentant Ingrid Heggø held tale for dagen og svarar på spørsmål Årsmøtesaker Sak 1. Godkjenning av innkallinga Sak 2. Godkjenning av saklista Sak 3: Konstituering av årsmøte 3.1. Val av møteleiarar Framlegg på møteleiarar: Arne Johannessen og Elin Hauge 3.2. Val av sekretærar: Framlegg på sekretærar: Odd Atle Stegegjerdet og Anne Marie Bolstad 2 3.3. Val av 2 medlemar til å skriva under møteboka (styret godkjenner protokollen) Framlegg frå salen Sak 4.1. Årsmelding frå styret til godkjenning Årsmeldinga vert presentert av leiaren 4.2. Årsmelding frå kommunestyregruppa til orientering Presentert av gruppeleiaren 4.3. Årsmelding frå AUF til orientering Presentert av AUF leiaren Sak 5. Rekneskapet 2014 Kasserar Svein Tore Heltne legg fram styret sitt rekneskap Sak 6. Budsjett 2015. Kasserar Svein Tore Heltne legg fram styret sitt framlegg til budsjett 2015 Sak 7. Innkomne saker. 3 4.1 LUSTER ARBEIDARPARTI ÅRSMELDING 2014 Styret i 2014: • Leiar Arne Johannesen • Nestleiar Eli M. Hansen Moen • Sekretær Odd Atle Stegegjerdet • Kasserar Svein Tore Heltne • Styremedlem Marit Vee Haugen Myklemyr • Styremedlem Kirsten Vikdal • Styremedlem Svein Arve Ruud • Styremedlem Anne Marie Bolstad • Styremedlem(AUF) Henrik T. Lefdal • Lagsvise varamedlemar til styret Luster Arbeidarlag: Elin Hauge og Kåre Hauge Hafslo Arbeidarlag: Karita Hjelmeland og Bergljot Buskaker Gaupne Arbeidarlag: Jorunn Ødegård og Erling Kvalsøren Jostedal Arbeidarlag: Jon Berget Auf: Hanne Teigen (valt av AUF) Tillitsvalde og representasjon: Tor Bremer er 1. vara til Stortinget, Anette Stegegjerdet Norberg er 3.vara til Stortinget Odd Atle Stegegjerdet er Fylkestingsrepresentant og styremedlem i Sogn og Fjordane AP. Finn Roald Skare var nestleiar i nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane AP Anette Stegegjerdet Norberg var leiar i valnemnda til Sogn og Fjordane AP 2014 Formannskapet: Morten Vigdal og Anette Stegegjerdet Norberg Luster AP har vore representert på alle samlingane i regi av Sogn og Fjordane AP, m.a. regionsamlingar både på Skei og i Sogndal, Fylkesårsmøte i Førde 15.-16. mars (11 utsendingar), 8. november representantskapsmøte Sogn og Fjordane AP (vedtaking av fylkesprogrammet), 29. november nominasjonsmøte Fylkestingslista, 30.-31. Januar Toppkandidatskulering. 4 Leiaren var på strategiseminar 4.-5. April i Florø. Luster AP har markert seg på dei ulike samlingane med framlegg til endringar og aktivitet i debattane. Medlemstal: Luster AP sitt styre har jobba med medlemsverving i 2014. Starta arbeidet med stand på Lustramarknaden. I 2013 var det 253 medlemmar + AUF I 2014 var det 270 medlemmar + AUF. Arbeidet med medlemsverving vil halda fram i 2015. Møter og aktivitet: Det har vore eit svært aktivt arbeidsår. Det vart avvikla heile 12 styremøter. Årsmøtet i 2014 vart halde på Gaupnetunet. Det har vore 2 reine medlemsmøte: 1/10, og 9/11, Møte den 10.mars med utsendingane til fylkesårsmøte Ope møte om kommunestruktur: 7/4 Fellesmøte styret og kommunestyregruppa 15/5 Møte med Fagforbundet vedr. kjøkkensaka Deltaking på stand Lustramarknaden 8 møte i programnemnda 3 opne dialogmøte i samband med programarbeidet Deltaking på regionkonferanse 2/9 Program- og nominasjonsmøte: 23/11 Felles ope møte med Hafslo Arbeidarlag vedr. grasveksten i Hafslovatnet Høgdepunktet i ei lang møte-rekke var besøket til partileiar Jonas Gahr Støre på vårt opne møte på Eikum hotell, Hafslo måndag 15.desember. Det vart eit svært vellukka arrangement med over 150 frammøtte. Arrangementet var eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane AP og Luster AP. Det var gode kulturinnslag, god tale frå partileiaren og stort engasjement med mange spørsmål til Støre. I forkant av det opne møte var det eit møte for alle ordførarar og ordførarkandidatar frå AP i Sogn og Fjordane. Eit utval av saker som styret har jobba med i 2014. Arbeidsåret har vore prega av at det er valår i 2015. Mykje aktivitet i høve programarbeidet og nominasjon. Det har vore ein svært involverande prosess med utarbeiding av valprogrammet. Det 5 vart arrangert 3 opne dialogmøter og 1 medlemsmøte med ulike tema. Sosiale media har også vore nytta for å få innspel, men også tipskasse på Lustramarknaden. Styret har teke initiativ til å skriva lagssoga til Luster AP, også med deler av historia til lokallaga og arbeiderkvinnene. Styret har vore så heldige at ein har fått 2 av dei fremste profilane Luster AP har hatt, Kåre Øvregard og Malvin Moen, til å skriva historia. Det er også kontaktpersonar/ arbeidsgrupper i alle lokallaga. Eit utplukk av saker frå aktiviteten i 2014 Innspel til fylkesårsmøtet- saker + val Oppfølging av saker frå årsmøtet til Luster AP Aktivitetsplan, budsjett, møteplan 1.mai, førebuing, gjennomføring, evaluering Verveaksjon Innkjøp av nytt valkampmateriell Nominasjon- og programarbeidet til Sogn og Fjordane AP Lagssoga til Luster AP. Fritak for verv, og suppleringsval Grasveksten i Hafslovatnet Planlegging av årsmøte 2015 Program og nominasjon kommunevalet 2015 Saker til landsmøtet «Kjøkkensaka» Arealdelen av kommuneplanen Kommunestruktur Div politiske saker, «stort og smått»: o Butikk Skjolden o Vegstandard Nes – Skjolden o Framdrift byggjeprosjekt Hafslo Barne- og ungdomsskule o Gangveg Gaupne – Marifjøra o Drift av kommunale veglys 6 Økonomi: Sjå rekneskapet. Styret har prioritert innkjøp av ein del profilartiklar til valkampen 2015. Dette er både store (som telt til stand) og mindre effektar. Dette var det ikkje lagt inn pengar til i budsjettet, men styret tok av eigenkapitalen. Luster AP hadde ved utløp av året 2014 kr 104 000,- i bank. Det er ein nedgang på kr 34219,- i eigenkapitalen sidan 2013. Media: Luster AP har vore profilert i media i mange saker, både i Sogn avis, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane. Det har vore lesarinnlegg og redaksjonell omtale. Luster AP har sett dagsorden i fleire saker. Merker og utmerkingar 2014 Fylgjande medlemmar fekk utmerking for langt medlemskap i Arbeidarpartiet tildelt på årsmøtet 2014: 50 år Otilde Høyheim, Gunnhild Øvregard, Gunnar Fossen 40 år Alfred Hov, Terje S Kilen, Ragnar Melheim, Inger Ekrene, Brita Haugen, Kristina Haugen, Kåre Haugen, Torfinn Bruheim, Jan Arne Finstad, Kjell Nondal, Magnar Norheim, Nils Sverre Fardal, Svein Haugen 30år Dagfinn Kjos, Gunnlaug EH Monsen, Marit Vee-Haugen Myklemyr, Målfrid Neset, Olav N Ødegård, Johanna Ødegård. 20 år Olav Tuften, Kjell Arild Brendstuen, Marianne Hansen, Erna Haglund, Laila Irene Røneid, Karen Hillestad, Lillian Bolstad, Ragna Bolstad Avslutning: Arbeidsåret 2014 har vore svært aktivt og vore prega av god samhandling og felles fokus. Som styreleiar vil eg takka alle i styret og andre tillitsvalte i Luster AP for mykje godt arbeid og ikkje minst for svært godt samarbeid. Luster AP har sett dagsorden og markert seg i Luster og i Sogn og Fjordane AP. Luster AP er det nest største kommunepartiet i Sogn og Fjordane AP. Det gjev oss store moglegheiter for påverknad , men det set også krav til oss. 2015 er valår. Luster AP må har store ambisjonar inn i valet, både om å få 3 i formannskapet og ei større kommunestyregruppe. 7 AP sentralt er i medvind, medan regjeringspartia og støttepartia slit i motvind. Kva utslag dette vil gje for kommunevalkampen vert spennande å sjå. Styret i Luster AP må leggja ein god strategi for ein synleg og offensiv valkamp. For Luster AP vert det viktig å vidareutvikla ein god dialog med fagforeiningane i 2015. Regjeringa legg opp til ein politikk for kraftig sentralisering på mange viktige samfunnsområder, dette vil også påverka vårt lokalpolitiske arbeid. Særleg vert det spennande å sjå kva kommuneøkonomi regjeringa vil leggja opp til i åra framover. Regjeringa vil ha ein storstila kommunesamanslåing, og det er naturleg å tenkja seg at økonomien vert nytta både som "lokkemat og pisk". Styret i Luster AP 4.2 Årsmelding frå kommunestyregruppa 2014, til orientering Luster Arbeidarparti. Det har blitt halde 7 kommunestyremøte og handsama 76 kommunestyresaker i 2014. I samband med kommunestyremøta har det blitt halde gruppemøte. Det er ført protokoll frå gruppemøta. Det har blitt halde 1 fellesmøte for styret og gruppa. Det er blitt halde 15 formannskapsmøte og 7 møte i Plan og forvaltningsstyret. Kommunestyregruppa til Luster Arbeidarparti har i 2014 hatt følgjande medlemmar: Finn Skare (Gruppeleiar) Anette S. Norberg (Nestleiar og formannskapsmedlem) Morten Vigdal (Formannskapsmedlem) Odd Atle Stegegjerdet (Sekretær) Jorunn Ødegård Hanne Teigen Geir Arne Kvam Karita Nes I tillegg har desse vararepresentantane møtt: Elin Hauge, Kjell Arild Brendstuen, Svein Tore Heltne, Bergljot Buskaker, Svein Arve Ruud og Anne Britt Kjærvik. Nokre av dei viktigaste/største sakene kommunestyregruppa har handsama er ma. kommuneplanen sin arealdel, budsjett og økonomiplan 2015-18, planleggingsprogram 2015-18. (Meir informasjon vedr. kommunestyresakene og kommunestyregruppa sine forslag i kommunestyret finn ein på kommunen si heimeside eller på kommunestyreprotokollane utlagde på Rådhuset og ved biblioteka.) Som eit «utplukk» av andre saker kommunestyregruppa har handsama kan nemnast: Forskrift om kommunalt forsøk med snøscooterløyper 8 Søknad om bygging av Vigdøla kraftverk i Luster kommune - høyring Storelvi Øvre- og Storelvi Nedre kraftverk i Luster kommune - Avgrensa høyring Forvaltningsplan for Hafslovatnet fuglefredingsområde. Økonomireglement - godkjenning , nokså drastisk endring, (gjev rådmannen adskillige nye fullmakter) Kommunereforma og lokal utgreiingsprosess (sterke føringar frå Høgre-FRPregjeringa om kommunesamanslåing) Bustader i Gaupne sentrum. Godkjenning av utbyggingsprosjekt til Stiftinga Luster Høyring - forslag om å oppheva konsesjonslova og buplikta. Bibliotektenesta i Luster kommune Betalingssatsar 2015 Dette er eksempel på saker som har vore handsama. I år som dei fleste andre år har blant anna fleire store og små reguleringsplanar vore oppe til endeleg godkjenning. Det har som vanleg også vore handsama fleire søknadar om lån og tilskot til næringslivet i Luster. Ein kan kanskje drøfta kor viktig det er at ein i opposisjon har eit «godt forhold» til dei «styrande» partia, posisjonen. I Luster kommunestyre har Senterpartiet, Høgre, FRP, KRF og Venstre felles gruppemøte og stemmer i dei fleste sakene samla. Konklusjonen etter dette året er at klimaet ikkje har vore berre godt. Det toppa seg då den borgarlege alliansen bortimot samstemt angreip Arbeidarpartiet og spesielt Karita Nes då Arbeidarpartigruppa ikkje var villige til å røysta med posisjonen i vedtaket om å innføre felleskjøken for sjukeheimane. Dette vart teke opp i det påfølgjande kommunestyremøtet der me fekk lagt ved møteprotokollen eit innlegg frå gruppeleiaren som konkluderte med at ordføraren sin passivitet som møteleiar var eksempel på dårleg møteleiing. Ingen av dei andre partia reserverte seg mot denne protokolltilførsla. Gruppa har under desse omstenda gjort ein god jobb og markert seg på politiske saker og synspunkt i Lustrapolitikken. Kommunestyregruppa legg vekt på god kommunikasjon, godt samarbeid innad i gruppa og med styret, og aktiv deltaking på alle møte i regi av Luster Arbeidarparti og Luster kommune. For kommunestyregruppa 4.februar 2015 Finn Roald Skare Gruppeleiar Anette Stegegjerdet Norberg Nestleiar 9 Odd Atle Stegegjerdet Sekretær 4.3 Årsmelding frå AUF , til orientering ÅRSMØTE LUSTER AUF 2014 10 SAKLISTE: 1. Opning v/Leiar Henrik Thorsnes Lefdal 2. Val av ordstyrar og referent 3. Godkjenning av innkalling og sakliste 4. Årsmelding 2014 5. Rekneskap 2014 6. Budsjett 2015 7. Aktivitetsplan 2015 8. Val 9. Ymse o Val 2015 ÅRSMELDING LUSTER AUF 2014 Styret har i denne perioden vore samansett av: Leiar Henrik Thorsnes Lefdal Nestleiar Linda Watten Sekretær Anne Britt Kjærvik Kasserar Vegard Bolstad Styremedlem Daniel Fossheim Styremedlem Marie Alme Varamedlem Varamedlem Anette Norberg Stegegjerdet Hanne Teigen Aktivitet: Styret har i år hatt 1 møte, i tillegg til fleire samtalar på Facebook. Luster AUF har ikkje vore så aktive i år som året før grunna valkamp. Likevel stilte me opp mannsterke på den store marknadsdagen i Gaupne 14. juni under Lustramarknaden. Der me klarde å verve to nye medlemmar. Her var me saman med Luster Arbeidarparti. Laget nytta høvet til å verve nye medlemmar noko som me lukkast med. Anette Stegegjerdet Norberg, Henrik Thorsnes Lefdal og Marie Alme deltok frå laget. 1. mai arrangementet i år vart halde på Pyramiden Kafé, der holdt Henrik Thorsnes Lefdal ein appell. 11 I år har også Luster AUF vore aktive i både programnemnda og valnemnda til Luster Arbeidarparti. Me fekk mange saker inn i programmet til ”heradspartiet”, blant anna utvikling av Sogn Skisenter og å stø opp om planane om kultursal i parken. I tillegg er saker som ein desentralisert skulestruktur og opprusting av Fv. 55 Nes-Fortun med i programmet. Anette Stegegjerdet Norberg og Henrik Thorsnes Lefdal stilte i programnemnda. I nominasjonsnemnda har Hanne Teigen representert Luster AUF. Ho har saman med nemnda laga ei liste med 31 gode kandidatar. To av desse representerer oss. Daniel Fossheim på 5. plass, 11. plass Linda Watten. På 12. plass Anette Stegegjerdet Norberg og 16. plass Hanne Teigen som representerer Gaupne Arbeidarlag. På 19. plass har me Marie Alme som representerer Luster Arbeidarlag. Anette Stegegjerdet Norberg stilte opp på årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Måndag 15. desember var ein aktiv dag for oss i Luster AUF. Fyrst stilte Henrik Thorsnes Lefdal opp på stand saman med Sogndal og Førde AUF på Sogndal vidaregåande skule. Her verva me 5 medlemar, men diverre ingen til Luster. Seinare på dagen kom sjefen over alle sjefar og vår neste statsministar Jonas Gahr Støre til Luster. 150 spreke lustringar og sogningar deltok! Økonomi: I fjor søkte laget om 5000,- frå Luster Arbeidarparti som skulle brukast til ny ”roll-up”, dette vart kjøpt og resultatet blei fantastisk. Utanom dette vart det brukt pengar til premiar på årsmøtet og noko og bita i på det eine styremøtet me hadde. Vegard Bolstad vart vald som kasserar ved førre årsmøte. På grunn av problem med endring av tilgang til kontoen, måtte Anne Britt fortsetta som kasserar eit år til. Verv og representasjon: Anette Stegegjerdet Norberg og Hanne Teigen har etter valet hausten 2011 vore representantar i kommunestyret. Etter at Torunn Hønsi trakk seg frå politikken, møter Anette Stegegjerdet Norberg som fast medlem i formannskapet. Henrik Thorsnes Lefdal er medlem i styret til Luster AP, der Hanne Teigen møter fast som vara. Avslutning: Luster AUF har i år fått mange nye medlemmar, og dei fleste har betalt kontingent. Før årsmøte kan me telja om lag 25 medlemmar, inkludert støttemedlemmar. Me ser tilbake på eit mindre aktivt år, og håpar på at me til neste år kan yta ein super innsats i valkampen mot kommunevalet. Politisk har me fått stor medverknad i formannskap og kommunestyre sidan oppstarten i 12 2006. Henrik Thorsnes Lefdal har leia laget i eitt år, og tykkjer det har vore kjekt, men og travelt med verv i Luster arbeidarparti og programnemnd. Målet for 2015 er å bli endå meir aktive, ha sosiale og politiske aktivitetar saman og verva endå fleire medlemmar! Gaupne, 18.12.2014 Henrik Thorsnes Lefdal Leiar Aktivitetsplan for 2015 Målet for det kommande året vil Luster AUF fortsette som før med oppbygging av organisasjonen. Samstundes arbeida for å få ein meir aktiv medlemsmasse, og å bruke tid på å skape tilbod og aktivitetar for medlemmane våre. Samstundes vil Luster AUF ta aktivt del i aktivitetar i Luster Arbeidarparti, og gjera Luster AUF sine saker synleg i kommunestyre/formannskap. Organisasjonen består av ____ medlemmar ved utgangen av 2014. Styret i Luster AUF er ansvarleg for å oppretthalda medlemstalet i laget. I tillegg skal kvart styremedlem tek ansvar for å verva minimum 1 medlem kvar, men den som vervar mest, vil få ein premie! Månad Januar Februar Mars April Mai Juni Juli August September Oktober November Desember Aktivitet Årsmøte i Sogn og Fjordane AUF 24-25. januar i Sogndal Årsmøte i Sogn og Fjordane AP Styremøte 1. mai arrangement Stand på Lustramarknaden Sumaravslutning, medlemsmøte Valinnspurt Styremøte Val 2015 Styremøte Årsmøte 13 VAL Styret i AUF: Leiar Nestleiar Sekretær Kasserar Styremedlemmar Henrik Thorsnes Lefdal Linda Watten Vara Anette Stegegjerdet Norberg Hanne Teigen - attval - attval Daniel Fossheim? Anne Britt Kjærvik? Marie Alme? - attval - attval Styret i Luster arbeidarparti: Fast medlem Vara Henrik Thorsnes Lefdal Revisor: Birgit Stegegjerdet Fossen - attval - attval 5.Rekneskap 2014 6.Budsjett 2015 14 7. Innkomne saker Frå Hafslo Arbeidarlag Næringsutvikling i Luster kommune Hafslo Arbeidarlag ønskjer det vert utgreia om næringsapparatet i Luster bør omorganiserast for å styrka næringspolitikken i kommunen. Luster, Sogndal og Leikanger har felles bu- og arbeidsmarknadsområde. Eit felles næringsutviklingsapparat, i tett samarbeid med lokalt næringsliv, for desse kommunane vil gje større fagmiljø for dei tilsette. Selskapsformen kan vere AS eller IKS. Eit felles utviklingsselskap kan også gje moglegheiter til å sjå næringsutviklinga i indre Sogn i samanheng. Grunngjeving I kommuneprogrammet for 2015-2019 legg Luster Ap vekt på å styrka næringsapparatet i kommunen. «Luster skal vera ein aktiv utviklingsaktør og tilretteleggar» Vidare ønskjer Luster Ap å utgreia om næringsapparatet i indre Sogn bør vera organisert som eit interkommunalt selskap. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet viser til det vedtekne kommunevalprogrammet og går inn for ei utgreiing av felles næringsapparat i Luster, Sogndal og Leikanger. _______________________ Masterplan for reiselivsutvikling i Luster i kommune Hafslo Arbeidarlag meiner at Luster kommune må utarbeida ein masterplan for reiselivsutvikling. Planen bør ta for seg produktutviklingstiltak som på kort og lang sikt skal gi verdiskaping for aktørar i reiselivsnæringa og tilgrensa næringar. Planen må konkludera med kva som skal vera hovudområda og strategien for reiselivssatsinga i kommunen. Grunngjeving Langsiktigheit i reiselivsnæringa er viktig. Saker den siste tida har vist behovet for ein overordna strategi i høve utviklinga av reiselivet i Luster. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar utarbeiding av ein Masterplan for reiselivsutvikling i Luster. _______________________ Uttalar frå Luster Arbeidarlag Trafikktryggleik i Luster Kommune Luster Kommune er ein kommune med store avstandar og mange bygder. Luster Arbeidarlag ynskjer at grunnlaget for at folk skal bu i bygdene er på plass. Med tanke på dette er trafikktryggleik særs viktig. Mange av innbyggarane er avhengige av å kunne bruke 15 offentleg transport langs hovudvegane for å koma seg dit dei skal eller for å kunne gå til skulen, og då er det viktig med ein trygg skuleveg. Det er dessverre fleire punkt langs både fylkesveg 55 og på sidevegar som i dag ikkje er spesielt trygge. Fylkesveg 55 er kjennemerka av bl.a. busstoppar i sjølve vegen, uoversiktlege busstoppar og mangel på skikkelege overgangar. Det er heller ikkje alle stader trafikktryggleiken rundt skuleområda er gode nok. Ein kan nemne til dømes: - Born som skal over på busslomma på Høyheimsvik og Nes - Uoversiktleg og utrygg busslomme bl.a. ved butikken i Luster sentrum og ved banken - For kort 60- sone på Nes - Behov for fartsdump ved Skjolden oppvekstsenter - Manglande gangveg forbi kyrkjegarden i Luster Luster Arbeidarlag meiner at det er mykje enno som må gjerast for å betre tryggleiken for dei mjuke trafikantane i Luster Kommune. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar forslaget __________________________ Trygg mat I media siste året har det vore stort fokus på antibiotikaresistente bakteriar i kylling. Dette er berre ei av mange saker siste åra der det blir sett fokus på matvarer som kjelde til potensielle farar. Forskarane legg fram at fleire menneske vil døy av antibiotikaresistente bakteriar enn kreft i 2050. Ein kjenner heller ikkje til langtidsvirking av kjemikalie i mat. Luster Arbeidarlag meiner at me må vere sikre på at den maten me kjøper i butikkane og elles et, er trygg. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar intensjonen i forslaget og vedtek følgjande uttale: 16 Trygg mat I media siste året har det vore stort fokus på antibiotikaresistente bakteriar i kylling. Dette er berre ei av mange saker siste åra der det blir sett fokus på matvarer som kjelde til potensielle farar og der dei antibiotikaresistente bakteriane vert kopla til bruk av antibiotika i for til dyr i matproduksjon, utan at ein kan påvise samanhengen heilt sikkert. Britiske forskarar legg fram at fleire menneske vil døy av antibiotikaresistente bakteriar enn kreft i 2050. Mattilsynet rapporterer at i Norge er det liten bruk av antibiotika i matproduksjon, og dermed at norsk mat er trygg å eta berre ein tek dei rette førehandsreglar. Norge har bl.a. under ein tredjedel av Sverige og ein tiendedel av Danmark sin bruk av antibiotika i matproduksjon. I Tyskland er forbruket 50 gonger høgre. Samtidig vert det også hevda at ein kan sjå ein auka resistens i Norge, trass i at forbruket av antibiotika i matproduksjon er lågt. Ein veit derimot at ein treng meir forsking og kunnskap på området for å vita heilt sikkert kva bruk av antibiotika i matproduksjon på lang sikt har å seia for helsa til folk. Me kan ikkje risikere å koma i den situasjon at t.d. viktige operasjonar ikkje kan utførast fordi ein er resistent mot legemidlar. Luster Arbeidarparti vil at mat me kjøper i butikkane og elles et, er trygg. Me treng meir forsking på området samtidig som at me lyt syte for vilkår i norsk matproduksjon som set mattryggleik, velferd for husdyra og miljøet framfor fri handel, for å unngå ukritisk import og «billigast muleg mat»- produksjon. __________________________ Trygge og føreseielege arbeidsforhold for alle arbeidstakarar Kva arbeidsforhold ynskjer me for arbeidsfolk? Signala frå den sittande regjeringa om å mjuke opp arbeidsmiljølova og dermed også å opne opp meir for midlertidige tilsettingar er ikkje av det gode. Alle arbeidstakarar vil kunne bli råka av dette, og me er særleg uroa for: - Dei utan utdanning - Personar som tek på seg omsorgsansvar - Funksjonshemma - Menneske som har blitt sjuke utan å vera fast tilsett - Arbeidsledige Me i Luster Arbeidarlag vil sterkt gå imot denne endringa. 17 Styret si tilråding til årsmøtet: Styret støttar intensjonen i forslaget og vedtek følgjande uttale. Uttalen vert også send som forslag til årsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti: NY ARBEIDSMILJØLOV OG ARBEIDSLIVSPOLITIKK. Luster Arbeidarparti er svært uroa over dei endringane som ligg i Solberg-regjeringa sitt framlegg til ny arbeidsmiljølov. Arbeidsmiljølova som vart innført i 1978 er ei vernelov med klare reglar og ein god rollefordeling og "maktbalanse" mellom arbeidsgjevar og tillitsvalte/arbeidstakarane. (vedteken av Stortinget i 1977) Særleg er framlegget til mellombels tilsettingar svært alvorleg. I dag er det klare reglar i høve til tilsettingar i faste stillingar som hovedregel, og reguleringar på når ein unntaksvis kan nytta mellombels tilsetting. Ved dei nye reglane som ligg i Solberg-regjeringa sitt framlegg, kan arbeidsgjevar tilsetta mellombels i faste stillingar og avslutta arbeidstilhøve utan grunngjeving. Framlegget til nye reglar om arbeidstid, vil også svekka arbeidstakarane sine rettar og balansen mellom arbeid og fritid. Arbeidsgjevaren vil i større grad få styringsrett. Dei nye reglane svekkar grunnpilaren i 3 partsamarbeidet i den Norske modellen. Dersom framlegget frå Solberg-regjeringa til ny arbeidsmiljølova vert vedteke i Stortinget, vil Luster AP arbeida for at Luster kommune som arbeidsgjevar skal laga lokal særavtale med organisasjonane , som byggjer på dagens reglar i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid. Luster AP vil invitera dei andre partia i Luster til dialog om dette dersom Stortinget vedtek lova med dei svært negative endringsframlegga som ligg der pr i dag. Luster AP vil også oppmoda Sogn og Fjordane AP sitt årsmøte til å vedta dette som sin politiske føring i det vidare arbeidet. ___________________________ Uttalar frå Gaupne Arbeidarlag Bustader: Tilgang på nye bustadtomtar er ein føresetnad for framleis utvikling i bygda. Det er viktig å tilretteleggja for ulike typar bustader, frå små leiligheiter til einebustader og rekkjehus. I Gaupne er det få mogelegheiter til å finna bustadområde på andre areal enn dyrka mark, då anna areal i hovudsak er utsett for ras, flaum, auka havnivå eller liknande. Jordvernet må brukast med fornuft, slik at det ikkje blir eit trugsmål mot vidare utvikling av bygda. 18 Ein må kunna tillata høgare bygningar (4-5 etasjar) der det ligg til rette for slikt, for på den måten å sikra at ein også heile tida har tilgang på attraktive einebustadtomtar samstundes som ein stettar (minimums)-krava kva vedkjem arealutnytting. Kommunen må sjølv tilretteleggja for bustadtomtar, for å unngå private tomtemonopol slik ein har hatt i bygda nokre år. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar forslaget, og viser til programmet der temaet er innteke. __________________________ Trafikk. Bygda opplever sterk trafikkvekst, samstundes som det går tregt å utvikla tenelege trafikkløysingar: Den nye barnehagen medfører sterk trafikkvekst i nordre del av bygda, og i dette området er ny bustadutbygging planlagt (Grindane). Øyagata er opprusta nærast sentrum, men i nordre del stettar den ikkje dagens krav til trafikkavvikling og tryggleik for dei mjuke trafikantane. Kryssløysingane på FV 55 i sentrum er planlagt forbetra, men det dreg ut. Gamle brua over Jostedøla treng opprusting, snarare enn at den skal stengjast slik stadanalysen antydar. Ei stengt bru i nordre del av bygda vil medføra sterk auke av trafikken gjennom sentrum. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar framlegget, og ein vil arbeida for å få inn konkrete tiltak som løysingar på utfordringane som er skisserte. __________________________ Lustrabadet må vidareutviklast. Det er viktig for folkehelse og næringsutvikling at badet gjev eit godt tilbod til fastbuande og tilreisande. Badet er blitt ein viktig møteplass, og ein stad for trening og velvære. Treningssenter og andre aktivitetar bør kunna samlokaliserast med badet. Bygdalaget ønskjer tilbodet utvikla med eit utebasseng. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar forslaget, og viser til programmet der temaet er innteke. ___________________________ Motorsportbane. Det er avsett areal til motorsport på Leirmoøygarden. Interimstyret treng drahjelp i form av regulering, planlegging og økonomisk støtte for å få eit slikt tilbod på plass. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar forslaget, og viser til programmet der temaet er innteke. __________________________ Om flyktningarbeid Dette er eit innspel til den pågåande gjennomgangen av flyktningarbeidet i kommunen: 19 Flyktningane som kjem til landet vårt har ein vanskeleg bakgrunn og somme er utan skulegong. Dei aller fleste tykkjer det er svært viktig å kunne stå på eigne bein, men det kan ofte sjå langt og motlaust ut til arbeid eller utdanning. Sjølv om mange kan mykje frå før, manglar dei ofte det formelle. Flyktningane får opplæring i norsk og samfunnsfag, men ein del vaksne treng også anna basisopplæring, særleg i rekning. Luster Arbeidarparti ser det som særs viktig at flyktningane kan komme seg ut i arbeidslivet eller i utdanning, mykje eller lite. Det bør gjevast fleksible og tilpassa tilbod både i skule og arbeid, slik at vegen fram vert kortare. Dette er utfordrande, men truleg kan mykje gjerast gjennom breitt samarbeid mellom kommunar, kommunale etatar, NAV, næringslivet og frivillige. Styret si tilråding til årsmøtet: Årsmøtet støttar intensjonen i framlegget og oversender det til kommunestyregruppa i samband med handsaming av «Plan for integrering av flyktningar og arbeidsinnvandrarar» _________________________ Sak 8 Val Leiar i valkomiteen Eli M Hansen Moen legg fram valkomiteen sin innstilling Avsluttning Årsmeldingane frå lokallaga: ÅRSMELDING FOR LUSTER ARBEIDERLAG 2014 Styret har vore: Leiar: Svein Tore Heltne Nestleiar: Eli Hansen Moen Kasserar: Anders Bolstad Sekretær: Anne Marie Bolstad Styremedlem: Finn R. Skare Styremedlem: Elin Hauge Styremedlem: Kåre Høyheim 20 Varamedlemmer til styret: Bodil Dyrdal, Astrid Martinsen, Atle Kvalsvik, Marianne Hauglum, Kåre Hauge Styremedlemmer i Luster Arbeidarparti: Eli Hansen Moen, Svein Tore Heltne, Anne Marie Bolstad (valt inn etter årsmøte) Vara: Kåre Hauge, Elin Hauge, Kåre Høyheim, Marianne Hauglum. Revisorar: Kåre Hauge og Jorunn Solheim Representantar elles frå lokallaget: I programnemnda for kommunevalet: Eli Hansen Moen, Svein Tore Heltne, Elin Hauge I nominasjonsnemnda for kommunevalet: Finn Roald Skare I nominasjonsnemnda for fylkestingsvalet: Finn Roald Skare Gruppeleiar i kommunestyret: Finn Roald Skare I kommunestyret: Finn Roald Skare. Som vara: Elin Hauge, Svein Tore Heltne. I plan- og forvaltningsstyret: Finn Roald Skare I kontrollutvalet: Anders Bolstad (leiar) På fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti: Eli Hansen Moen, Svein Tore Heltne, Anne Marie Bolstad Delteke i arbeidet med bokprosjekt: Kåre Høyheim, Finn Roald Skare, Anders Bolstad, Kåre Hauge Delteke på kvinnenettverk i Sogndal: Eli Hansen Moen Aktivitet Det har i perioden vore halde 1 årsmøte, 5 styremøte og eit medlemsmøte. Året har vore mykje prega av arbeid inn mot valet i 2015. Årsmøte: Årsmøte vedtok 3 resolusjonar angåande samferdsle, kvalitetssatsing i barnehage og utgiftsauke for næringslivet og landbruket. Resolusjonane vart sendt til Luster Arbeidarparti og Sogn Avis. Styremøte: Saker som har vore behandla omhandlar bl.a. kommunestruktur, nominasjonsprosessen, valkamp og medlemsverving, innspel til programnemnda, 1.mai, budsjett og arealplan. Medlemsmøte: Saker her var tal kumulerte på kommunevallista og forslag på kandidatar frå Luster Arbeidarlag. Medlemsmøtet ynskte jamt over 2 kumulerte. Medlemsmøtet foreslo Elin Hauge og Finn Roald Skare som førstekandidatar frå Luster Arbeidarlag. Nominasjonsprosessen: Luster Arbeidarlag sine foreslegne kandidatane til kommunevalet er komne med på vallista. Elin Hauge står på 2. plass, elles er også desse med: Eli Hansen Moen, Finn Roald Skaret , Svein Tore Heltne, Marie Alme, Anne Marie Bolstad, Ole Geir Alme. Eli Hansen Moen står også på lista til fylkestingsvalet. 21 Facebook side: Laget oppretta ei facebook side på nyåret for å informere medlemmar og andre om aktiviteten vår og som eit forsøk på rekruttering. Alle styremedlemmane har muligheit til å administrere den. Me har nådd ut langt med denne sida. 1.mai Luster Arbeidarlag markerte 1.mai som vanleg med gratis frukost på Fjordstova. I år møtte ca. 80 stk. til frukosten. Me hadde loddsal og underhaldning ved Sprø Sangglede. Talar for dagen var Arne Johannessen. Representantar for laget møtte også som vanleg opp på omsorgssenteret. Der hadde laget ordna med kaffi, kaker og underhaldning ved Johan Heltne. Medlemstalet Medlemstalet i Luster Arbeidarlag er no 61, sett i forhold til 55 i fjor. _______________________________________________ Årsmelding 2014 Hafslo Arbeidarlag Tillitsvalde i 2014 Styret Leiar: Kasserar: Styremedlem: Styremedlem: Styremedlem: Vara: Vara: Eirik Hoem Per K. Sønsthagen Svein Arve Ruud Sigfred Haugen Geir Arne Kvam Bergljot Buskaker - Revisorar Torstein Lomheim Inger Beate Dalheim Valnemnd Geir Arne Kvam Bergljot Buskaker 22 Representasjon Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti (februar 2014) Eirik Hoem Arne Johannessen Representantskapsmøte om fylkesvalprogrammet (november 2014) Eirik Hoem Arne Johannessen Nominasjonsmøte i Sogn og Fjordane Ap (november 2014) Eirik Hoem Arne Johannessen Fast representant i formannskapet Ingen Faste representantar i kommunestyret: Karita Nes Geir Arne Kvam Programnemnda i Luster Ap Eirik Hoem Arne Johannessen Nominasjonsnemnda i Luster Ap Sigfred Haugen Lagssoga til Luster Ap Sigfred Haugen Luster Ap Arne Johannessen blei i februar 2014 vald som leiar i Luster Ap Styremedlem: Svein Arve Ruud Medlemstal Ved utgangen av 2014 var det 64 betalande medlemmer i Hafslo Arbeidarlag. Dette er ein oppgang på sju medlemmar frå året før. Medlemstala dei siste 3 åra i Hafslo Arbeidarlag: År 2014 2013 2012 Medlemstal 64 57 58 23 Møte og arrangement Styre- og medlemsmøter: Det var i 2014 fire styremøte og to medlemsmøte. Styremøta blei haldt: 17.01.2014, 16.02.2014, 27.04.2014 og 31.08.2014. Det blei arrangert medlemsmøte 20.05.2014 og 19.10.2014 Til saman blei det behandla 21 saker i styret. Tema på medlemsmøta var: Framlegg på kandidatar til kommunevalet i 2015 Den aukande grasveksten i Hafslovatnet Innspel til kommuneprogrammet i Luster Ap Andre møter og arrangement i regi av laget Det har vore fleire møte ei ad hoc «historienemnd» i laget i høve utgiving av lagssoga til 50-årsjubileet til Luster Ap. Dei blei arrangert eit ope møte 5. november saman med Luster Arbeidarparti om grasveksten i Hafslovatnet. Det møtte rundt 30 personar. 9. mai 2014 blei 75-års jubileet til Hafslo Arbeidarlag markert på Eikum hotell 1. mai : Hafslo Arbeidarlag stilte med kake til bebuarane på Hafslo omsorgssenter. Til slutt kan det namnast at Luster Arbeidarparti 15. desember arrangerte eit ope møte med partileiar i Ap, Jonas Gahr Støre, på Eikum hotell. Om 2014 11. desember 2013 fylte Hafslo Arbeidarlag 75 år. Feiringa skjedde på Eikum hotell 9. mai. 2014. Det var 23 personar tilstades. Både Luster Ap og Sogn og Fjordane Ap var representert i tillegg til våre eigne medlemmar. Det var middag, helsingar, og historisk gjennomgang ved Malvin Moen. Arne Johannessen hadde ei innleiing om rekruttering til lokalpolitikk. Aktiviteten elles i laget har i stor grad vore knytt til lokalvalet i 2015. Laget fremma 10 kandidatar til kommunevalet, og med Arne Johannessen som ordførarkandidat. Arbeidet med å få kvinner til å stilla som kandidatar var spesielt vanskeleg. Dette resulterte i eit framlegg på 6 menn og 4 kvinner. Etter at fristen for å melde inn kandidatar var gått ut melde Karita Nes at ho likevel tok attval i kommunestyret. Laget tilrådde ho som kandidat i tillegg til det opphavlege listeforslaget frå laget. Nominasjonsmøtet i Luster Ap vedtok til slutt ei liste der 10 av 31 kandidatar er frå Hafslo Arbeidarlag. Arne Johannessen blei valt til ordførarkandidaten til Luster Ap. Det er planlagt ei i bok i høve 50-årsjubileet til Luster Ap. Det har derfor vore fleire møte ei «historienemnd» i laget. Me har no samla alle protokollane frå 1938 til 2014. Noko ligg på 24 fylkesarkivet og dei nyaste er lagra hos lagsleiaren. Me har og dei fleste årsmeldingane. Grunnlaget er dermed godt for dette arbeidet. Luster Ap har hatt ein vervekampanje i 2014 som laga i kommunepartiet har hatt ansvar for å gjennomføre. Laget har ikkje lukkast med vervekampanjen, og ein må legge ekstra arbeid i dette i 2015. Det er likevel positivt at laget har ein auke på 7 medlemmar i år. Laget har på styremøta hatt nokre av dei mest aktuelle sakene i lagsområdet til drøfting. Dette gjeld nye arbeidet med «ny» Hafslo barne- og ungdomsskule, Bustadfeltet Beheim 2, planene om sentralkjøken i Luster med nedlegging av kjøkenet på Hafslo, og vedtaket om snøskuterløyper på Hafslo. I media Laget har hatt oppdateringar på Facebook og Twitter gjennom heile året. Ved utgangen av 2013 hadde laget rundt 40 følgjarar på Facebook. Nettsida hafslo.arbeiderparti.no har også vore oppdatert jamleg. Laget har vore omtalt i desse medieoppslaga i Sogn Avis: Mai 2014: Artikkel om 75-årsjubileumet 20.05.2014: Utspel om utviding av gymsalen 01.07.2014: Om snøskuterløyper på Hafslo 08.11.2014: Om grasveksten i Hafslovatnet 04.11.2014: Felles lesarinnlegg med Luster Ap om grasveksten i Hafslovatnet Nokre aktuelle saker i 2014 Luster vidaregåande skule nedlagt frå og med skuleåret 2014/2015 Kommunen hadde i 2013 oppstart av arbeidet med rullering av arealdel 2015 – 2026 i kommuneplanen. Kommunestyret vedtar kommunedelplanen i 2015. Utvidinga av Hafslo barnehage var ferdig i august 2014. Tomtene i bustadfeltet Beheim 2 blei lagt ut for sal i oktober 2014. Meir merksemd rundt attgroinga av Hafslovatnet. Det blei vedteke å innføre sentralkjøken Gaupne frå 2015. Kjøkenet på Hafslo sjukeheim vert lagt ned. Oppstart av ny rassikring/tunnell til Veitastrond Urnesferja blei sikra ei tid framover Den nye skiheisen til Sogn skisenter, Sognaheisen, opna til 2014/2015-sesongen Den nye kunstgrasbana ved Hafslo Barne- og ungdomsskule ved Hafslo Barne og ungdomsskule vart opna i august. Utbygginga av Hafslo barnehage var ferdig i august 2014 Utvidinga av ny skule på Hafslo blei formelt vedteke i mai 2014. Saker ein kan jobba vidare med stien rundt Hafslovatnet må fullførast frå Straumane til Osen. (Skogsvegen) 25 gatelys, fortau, gang- og sykkelvegar. attgroinga av Hafslovatnet stoppa etableringa av snøskuterløyper på Hafslo trygde\omsorgsbustader vidareutvikling av Sogn skisenter og spesielt fritidsbustader knytt til skianlegget vidareutvikling av sentrum på Hafslo. Sentrumsnære bueiningar på Hafslo. auka kommunal innsats for næringsetablering på Hafslo auka kommunal marknadsføring av det nye bustadfeltet på Borhaug i Solvorn. regionalt samarbeid generelt. Utvida samarbeid med Sogndal og Leikanger. konsekvensane for Hafslo, Solvorn, Veitastrond og Urnes ved ei eventuell kommunereform i Luster. utviding av gymsalen på Hafslo utbygginga av ny skule på Hafslo sjukeheimsplassane på Hafslo Avslutning Det er trongare økonomiske tider i Luster. Dette har ein i 2014 sett at gir auka sentralisering i Luster kommune. Det er endå viktigare enn før at Hafslo og Solvorn, som er gode alternativ til busetjing og bustadbygging i Sogndal, vert prioritert og satsa på av Luster kommune. Det er viktig å vidareutvikle det regionale samarbeidet, og då spesielt mot Sogndal og Leikanger. Det er viktig at sentrum på Hafslo vert vidareutvikla med nye tilbod. Eit eksempel er at Hafslo sentrum manglar ein kafé. Hafslo treng generelt ei utvikling av sentrum. Tidsmessig busshaldeplass og eit bustad/næringsbygg på billagstomta vil vere eit løft for Hafslo sentrum. Husmorskulebygget kan vurderast bygd om til leilegheiter. Fritidstilbodet for barn og ungdom er det viktig å halde oppe. Tilstrekkeleg kommunal støtte til frivillig barne- og ungdomsarbeid er derfor viktig. Hafslo Arbeidarlag har hatt stor organisatorisk aktivitet i 2014. I 2015 bør det vere rom for å jobbe meir med konkrete politiske saker. I tillegg kjem lokalvalet i 2015 som vil ta mykje tid og vil vere ei viktig oppgåve for laget. Rekruttering av nye medlemmar er spesielt viktig. Takk til alle som tek på seg verv for lokallaget. Takk også til medlemmane som støttar Hafslo Arbeidarlag gjennom medlemskapet. ______________________________________________________ ÅRSMELDING FOR GAUPNE ARBEIDARLAG 2014 Styret: Kirsten Vikdal Odd Atle Stegegjerdet Jorunn Ødegård leiar nestleiar kasserar 26 Palmar Kjærvik Gunn Beate T. Lefdal skrivar studieleiar/styremedlem Det har i meldingsåret vorte halde 5 styremøter og 1 medlemsmøte i laget. 2014 har vore eit svært aktivt lokalpolitisk år. Kommunepartiet har hatt stor auke i aktivitet i meldingsåret. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal kartleggja organisasjon og aktivitet i kommuneparti og lokallaga, og ev. koma med forslag til endringar. Representantar frå Gaupne Arbeidarlag har i tillegg til eigne møte delteke i alle møte og prosessar i regi av Luster Arbeidarparti og Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Arbeidet med kommunevalprogrammet, dialogmøte og lista til komande kommuneval har teke mykje tid. Leiar og nestleiar har vore faste medlemmar i Luster AP sitt styre. Representantar frå Gaupne Arbeidarlag har mellom anna delteke i følgjande: - Årsmøte Luster AP - Årsmøte S&Fj AP i Førde, 15-16 mars 14 - Representantskapsmøte S&Fj AP - Nominasjonsmøte S&Fj AP 29.11.14 - Program- og nominasjonsnemnd Luster AP: - Politisk stand og vervearbeid, på Lustradagane - Bygdevise møter ved handsaming av ny arealplan, for Luster kommune - Dialogmøter i samband med programarbeidet - Fleire av oss var tilstades på Eikum hotel for å høyra partileiar Jonas Gahr Støre, då han vitja kommunen vår. Representasjon: - Anette er medlem av formannskapet. - Jorunn, Hanne, Anette og Odd Atle er faste kommunestyremedlemar, Kjell Arild er varamedlem. - Anette er vararepresentant til Stortinget. - Odd Atle er fylkestingsmedlem og styremedlem i S&Fj AP. - Anette var leiar i valkomitèen til S&Fj AP, Følgjande frå Gaupne har fått tilbod om plass på kommunevallista til Luster AP og teke imot: Odd Atle Stegegjerdet, Gunn Beate T. Lefdal, Anette Stegegjerdet, Hanne Teigen, Kjell Arild Brendstuen, Kjell Bergum, Kjell Magne Solstad og Palmar Kjærvik. Styret sende innspel til programarbeidet, der dei viktigaste sakene for utviklinga av Gaupne vart understreka ( sjå vedlegg). 27 1. mai var ei fin markering, over 100 personar deltok. Gaupne arbeidarlag hadde ansvar for utlodding og innkjøp av premiar. På Gaupne omsorgssenter vart det underholdning av korpset og kaffi og kaker som laget spanderte. 28.09 vart det sendt ut info til medlemmar, per e-post. Økonomien i laget er god, me viser til rekneskapet. Laget har hatt eit godt arbeidsår med godt internt samarbeid og høg aktivitet. Ein har prøvd å løfta fram dei sakene ein meinar er viktigast for å få ei god utvikling for bygda og kommunen. Styret _____________ Vedtak: Samrøystes vedteken med følgjande merknad: Representantar frå laget deltek også i arbeidet med lagssoga for Luster Arbeidarparti. ___________________________________ Årsmelding 2014 Jostedal Arbeidarlag Styret i 2014 har vore: Even Loe – leiar Jarle Ruud – nestleiar Gunnar Ruud – kasserar Morten Vigdal – sekretær Jon Berget Marit Vee Haugen Myklemyr Varamedlemmer: Svein Norberg Revisor: Alfred Tuften og Karsten Moen Laget hadde per 31/12-2014 32 medlemmer (2 meir enn i 2013). Marit Vee Haugen Myklemyr har vore styremedlem i Luster Arbeiderparti. Vara: Jon Berget. Morten Vigdal sit i kommestyret og formannskapet. Morten Vigdal og Marit Vee Haugen Myklemyr har vore med i programnemnda for kommunevalet 2015. Svein Norberg har vore i nominasjonsnemnda til Luster Arbeiderparti. Morten Vigdal (stemmetillegg), Even Loe og Oddbjørg Ese er på lista til kommunevalet 2015. Valnemnd Luster Arbeiderparti for 2014: Even Loe stiller som leiar av lokallaget. Valnemnd for Jostedal Arbeiderlag i 2014 har vore Morten Vigdal, Jarle Ruud og Svein Norberg. Laget har delteke i valkampen blant anna på Lustramarknaden. Jon Berget deltok på fylkesårsmøtet. Laget har hatt 2 styremøter. -Styret 28
© Copyright 2024