PROGRAM FOR FLORA SENTERPARTI 2015 – 2019 1 www.sp.no www.sp.no MÅLSETTING KVIFOR STEMME PÅ FLORA SENTERPARTI? • Eit triveleg og harmonisk samfunn, bygd på dei kristne/humanistiske grunnverdiane og den nasjonale arv. Flora Senterparti vil i komande bystyreperiode prioritere drifta og tenestetilbod. • Jamstelling mellom distrikta og mellom næringane. For å få til dette må kommunen utnytte inntektsgrunnlaget betre. • Eit samfunn der menneska kan kjenne seg trygge og finne seg til rette i eige lokalmiljø • Eit samfunn med desentraliserte tenester. • Eit samfunn som tek vare på grunnleggjande menneskerettar, kulturverdiar og miljøkvalitetar. • Eit levande folkestyre med Noreg utanfor EU. I KOMANDE VALPERIODE VIL FLORA SP SÆRLEG PRIORITERE • Opprusting, asfaltering og vedlikehald av kommunale vegar og gater. Vi ynskjer at: • Skular ikkje blir nedlagde for å spare pengar. Her skal borna sin behov vege mest. • Eldre og andre som treng omsorg får den hjelpa dei treng. • Gater og kommunale vegar får betre vedlikehald og fast dekke, samt vert trygge å ferdast langs. • Vi vil arbeide for at det blir oppretta rehabiliteringsplassar ved Florø sjukehus. • Helse, omsorg og eldrepolitikk. • Kommunen skal føre ein aktiv areal- og bustadpolitikk som sikrar lett tilgang på utbyggingsareal i heile kommunen. Kommunen skal, både i sentrum og i distrikta, legge til rette for ungdom i etableringsfasen. • Statlege arbeidsplassar. • Vi vil auke løyvingane til vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar. •Kystvegen. • Vi ynskjer eit variert og pulserande liv i byen, med eit mangfald av tilbod. • Fleire sjukeheimsplassar. • Kulturpolitikken må ha som mål å skape gode og trivelege lokalmiljø, der enkeltmenneska kan utvikle skaparevne og ta del i sunne aktivitetar. Satsing på kulturlivet må vere ein viktig strategi for å skape bulyst i Flora kommune. Å vidareutvikle kulturskulen er viktig for å nå desse måla. • Næring/ industriareal. • Tilfredsstillande breiband i heile kommunen. • Nei til søndagsopne butikkar. • At Flora kommune primært skal stå åleine eller slå seg saman med Bremanger. • På miljøsida er klimatrusselen den største utfordringa i framtida. Her må kommunen framleis ha ei aktiv rolle for ein meir framtidsretta energibruk. • Senterpartiet er positive til å hjelpe flyktningar i naud. Vi vil at alle flyktningar som kjem til kommunen må inn i eit aktivt kvalifiseringsprogram, som får dei inn i arbeidslivet, og som integrerer dei i nærmiljøet. • Kommunen skal arbeide for at gjestearbeidarar ved lokale bedrifter skal ha gode vilkår og få eit positivt bilde av lokalsamfunnet slik at flest mogeleg ynskjer å busetje seg. 2 3 INVESTERINGAR NÆRINGSLIV • Sjølv om Flora kommune har høg gjeld, må det likevel gjerast investeringar for å oppretthalde tenestetilbod. Senterpartiet vil arbeide for eit variert næringsliv både i sentrum og distrikta. BUSTADBYGGING OG BUMILJØ Senterpartiet vil at • Flora må få meir aktivitet innan oljeindustri og forsyningsteneste ved komande konsesjonar. Bustadbygging må ta omsyn til trivsel for alle aldersgrupper, i sentrum og distrikta • Kommunen legg tilhøva til rette for næringsverksemd og nyetableringar. Senterpartiet vil at: • Kommunen stør ei positiv utvikling av landbruket. • Bustadfelt ikkje bør leggast til dyrka eller dyrkbar jord. • Kommunen arbeider for betre vilkår for tradisjonelt fiske etter laks og aure med kilenot. • Bustadbygging i distrikta ikkje må hindrast av eit strengt regelverk. • Ein må ha ei liberal handheving av 100 m grensa. • Bustadbygging må prioriterast framfor hyttebygging. • Vedlikehald av kommunale bygningar må trappast opp. • Det må skillast mellom industri og bustadbygging. • Kommunen stør opp om tiltak som kan vidareutvikle turist- og reiselivsnæringa frå hav til bre. • Kommunen bidreg til etablering av nye arbeidsplassar i distrikta. • Nesjane må marknadsførast som industriområde. • Kommunen legg til rette for utleigebustader for folk som vil prøvebu i distrikta. 4 5 UREINING OG MILJØ SKULAR OG BARNEHAGAR Ved vern av område på land og sjø må det leggast vekt på grunneigar sine synspunkt. Senterpartiet går inn for eit desentralisert skulemønster. Omsynet til borna må prioriterast i alle skulepolitiske saker. Senterpartiet vil at: • Bruks og verneplan for Svanøy må vere ein modell for framtidige vernetiltak i kommunen i staden for bruk av naturmangfaldlova. • Kommunen legg til rette for ein framtidsretta og bærekraftig energibruk. Senterpartiet vil at: • Barnehagane må framleis vere fleksible med omsyn til opningstid og fleire delte plassar. • Løyvingane til læremiddel og bøker vert auka. • Spesialundervisning blir gjeve straks behov blir avdekka, og løyvingane bør fylgje skuleåret. SAMFERDSLE Sterk satsing av samferdsle på sjø og land er særs viktig i ein kommune som Flora. Senterpartiet vil at: • Alle distrikt får eit tenleg offentleg transporttilbod til kommunesenteret. • Arbeid med trafikksikring av skulevegar vert opprioritert. • Vedlikehald av kommunale vegar vert styrka og det vert lagt fast dekke. • Gang- og sykkelvegar får høg prioritet. • Kommunen må prioritere lys på offentlege bruer. HELSE OG SOSIAL Flora Senterparti vil arbeide for ei vidareutvikling av ei områdebasert og ei desentralisert helseteneste. Arbeidet i helse og sosialsektoren må ha som målsetting – førebygging og leking. Senterpartiet vil at: • Langtidspleie- og demensplassar på Furuhaugane Bu- og Servicesenter og ved Eikefjord omsorgssenter vert oppretthaldne og vidareutvikla. • Løyvingane til open omsorg vert auka. • Avlastningstilbodet til pleiepasientar og funksjonshemma i heile kommunen vert auka. • Kommunal jordmorteneste og svangerskapskontroll må halde fram. • Skulehelsetenesta bør styrkjast. • Det skal arbeidast aktivt for å unngå at unge vert avhengig av sosial stønad. • Rekruttering av pleiepersonell må styrkast. • Arbeide for at det blir oppretta rehabiliteringsplassar i Flora i samband med samhandlingsreforma. 6 7 KULTUR FLYKTNING- OG INNVANDRARPOLITIKK Kulturpolitikken må ha som mål å skape gode og trivelege lokalmiljø, der enkeltmenneska kan utvikle skaparevne og ta del i sunne aktivitetar. Vi er positive til å hjelpe flyktningar i naud. Senterpartiet vil at: Senterpartiet vil at: • Frivillig arbeid i lag og organisasjonar må verdsetjast høgt. • Kommunen bør nytte kulturmidlar målretta og kommunen sin del bør utløyse eigeninnsats eller eksterne tilskot. • Nærmiljøtiltak må få høg prioritet. • Alle flyktningar som kjem til kommunen, må inn i eit aktivt kvalifiseringsprogram som får dei inn i arbeidslivet og integrerer dei i nærmiljøet. • Kommunen skal arbeide for at gjestearbeidarar ved lokale bedrifter skal ha gode vilkår, få eit positivt bilde av kommunen slik at flest mogeleg ynskjer å busetje seg i kommunen. • Det må gjevast kommunal støtte til drift av grendehus og idrettsanlegg. • Løyvingane til vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar må auke. 8 9 FLORA SENTERPARTI SI LISTE TIL KOMMUNEVALET 2015 1. MÅLFRID STEINDAL 62 år gamal, gift, 3 voksne born og 5 barneborn. Jobbar som konsulent ved fagavdelinga i Helse Førde. Tidlegare yrkeserfaring: Gardbrukar, produksjonsarbeidar ved båtbyggeriet i Eikefjord, forpleiningsassistent i Nordsjøen. Er leiar i Flora Senterparti. Har vore medlem av Eikefjord sokneråd og Kinn Kyrkjelege Fellesråd siste prioden. Oppteken av: At gode og tenlege kommunikasjonstilbod, omsorgstenester, skule og barnehage er like tilgjengelege i utkantane i kommunen som i sentra. 2. JARLE ODDGEIR SOLHEIM 47 år. Sambuar og ein son. Driv med dei bevaringsverdige husdyrrasane vestlandsk raudkolle, gammal norsk spelsau og fjordhest, samt jakt og friluftsliv. Eg ønskjer å: Trygge eldreomsorga i kommunen, ved å legge til rette meir ressursar til dette. At Flora kommune også i framtida skal være ein kystkommune. Legge til rette for utvikling og bruk av naturressursane i kommunen, frå fjord til fjell. Å trygge dei gjenverande grendaskulane i kommunen. 4. LEIDULV STAVØ Det som er viktig for meg er å oppretthalde liv i bygdene. Auke busetnad i utkantstrøk. Oppretthalde arbeidsplassar, skular, kollektiv trafikk, barnehage og jordbruk i bygdene. Eg arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Eg har sambuer og to barn. 5. ELISABETH SOLHEIM 48 år, gift, 3 barn er bonde og jobber deltid i barnehage, har hatt tillitsverv i Tine og Nortura. Viktige saker er eldreomsorg, barn og unge og å synliggjøre landbrukets betydning i kommunen. 3. BRITT SISSEL MIDTBØ 58 år. Busett i Eikefjord. Er utdanna som gartnar og agronom og arbeider i avløysarring i jordbruket for bønder i Flora og Bremanger. Viktige saker: Oppretthalde og forbetre tenestetilbodet til dei som bur i kommunen, uavhengig av kvar ein bur. Oppretthalde (og gjenopprett = øyaskule) desentralisert skulestruktur, la borna gå i skule og barnehage i sitt eige nærområde. Gje god eldreomsorg der dei eldre bur og når dei ynskjer det. Stimulere til busetting også utanfor sentra gjennom tilrettelegging av tomteland slik at bygdene får sin del av veksten som for ein stor del er skapt nettopp der, i jord- og skogbruk og frå konsesjonskraft som genererer millionar til kommunekassa kvart år. Fiskeoppdrett og fiskeri skapar arbeidsplassar og store verdiar. Syte for skuleskyss for elevar i vidaregåande skule til alle deler av kommunen. Mest mogleg likt tenestetilbod i heile kommunen, det skapar trivsel og samhald! 10 STIG ASLE MIDTBØ, NORDDALSFJORD 52 år, sambuar og tre barn. Yrke: Gardbrukar, småentrepenør. Leiar i Norddalsfjord Idrettslag og Norddalsfjord grendelag. Politisk oppteken av tilbod til distrikta, ta vare på unge og eldre der dei bur. Vedlikehald av kommunal infrastruktur. 11 Kommunevallista 2015 – 2019 1. Målfrid Steindal 2. Jarle Oddgeir Solheim 3. Britt Sissel Midtbø 4. Leidulf Beverli Stavø 5. Elisabeth Solheim 6. Stig Asle Midtbø 7. Marianne Kvalvik Kvamme 8. Asle Magne Ellingsund 9. Anne Karin Kleiven Rynning 10. Harry Aldeholm 11. Brede Andre Gjøringbø 12. Eldbjørg Stegane Engebø Flora Senterparti vil ynskje deg eit godt val! Flora Senterparti v/Målfrid Steindal – leiar E-post: [email protected] Mobil: 91 70 97 04 senterpartiet.no Dei fem første kandidatane på Flora Senterparti si liste: Frå venstre Jarle Oddgeir Solheim, Målfrid Steindal, Elisabeth Solheim, Britt Sissel Midtbø og Leidulf Beverli Stavø. INNMELDING:Bli SP-medlem – send «SP» til 2360. (for deg under 30) Bli Senterungdoms-medlem send «SUL» til 2360 GRAFISK PRODUKSJON: E. NATVIK PRENTEVERK AS, FLORØ Flora Senterparti
© Copyright 2024