Kulturlandskapsgruppa sin grunn for tildelinga:

Kulturlandskapsgruppa sin grunn for tildelinga:
Gunnar Hjellan er eit eksempel på brukarar som viser pågangsmot og tru på framtida, som er
svært interessert i det han driv med, og som får eit bra resultat!
Gunnar med familie overtok garden etter sine foreldre i 2013. Han overtok då ein velstelt
gard, der det er tatt vare på gamal kulturmark, og rydda gjengrodd mark, til gode beiter.
På Hjellan har dei i dag 89 ammekyr av rasane Limosin og skotsk høglandsfe. Oksane blir
dels seld som mellomkalv direkte frå beite eller framfôra til mellomkalv. Det vert drive 1250
dekar innmark, av dette er ca 450 dekar innmarksbeite, ca 450 dekar til slått og beite og ca
350 dekar korn. I tillegg er godt 2000 dekar inngjerda utmark brukt til beite.
På Hjellan blir det tatt vare på eit fint kulturlandskap, eit landskap som diverre ikkje visest så
godt frå vegen (rv 17). Her er det gravhaugar, steingjerde, rydningsrøyser, spor etter tidleg
åkerdrift og restar etter gamlegarden. Beita har botanisk kvalitetar som gjer at delar av
område er karakterisert til å vera regionalt viktig (verdi B) i Naturbase. Alt dette er godt
skjøtta med beiting og elles god jordbruksdrift!
Vi må vel vera så ærlege å seia at dei gode beita på Hjellan skuldast ikkje berre dagens drivar.
Tidlegare eigar Gunnar Vada er nok den som har gjort den største innsatsen i beiteryddinga.
Kor mange timar som er brukt er det vel ingen som veit, men det er mange!! Men
nyebonden har følgt godt etter i same spor, det er eit godt teikn!
Ryddinga av beita starta for fullt omkring år 2000 då det vart søkt om SMIL midlar til rydding
av gamal kulturmark. Etter dette har det fortsett, med rydding av området etter området
hogst, inngjerding, kvistrydding og ei beiting som gjer at områda ikkje gror igjen. Her er det
god beitestyring!
Området som av folk flest blir lagt merke til er nok området langs rv 17 mellom Vellamelen
og Hjellebotn. Her går dei langhorna høglandsfea og dei andre kjøtfèa i ei flott strandeng
nedom vegen og på fine innmarksbeiter på oppom vegen.
På Hjellan tenkjer dei og på meirverdi av produkta sine. Omlag 20 prosent av
kjøtproduksjonen blir i dag seld frå eigen gard og frå lokal butikk. Planen er å få enda meir
lokal omsetning og då gjennom firmaet OX som på nyåret etablerer eigen restaurant på
Steinkjer. Målet er at 100 prosent av kjøtproduksjonen skal gå gjennom denne bedrifta.
Dette krev produkttilpassing, kanskje litt meir skotsk høglandsfè? «Kjøtet blir produser
nesten berre på gras, det er positivt både for miljø og kvalitet, seier Hjellan»
Lukke til med Miljø- og Kulturlandskapsgruppa sin beitepris for 2015!