Møteveke med Wenche Lunde

Wenche Lunde i møteveke
For nokre år sidan var det ei flott oppleving å ha misjonær Wenche
Lunde som talar i møteveke på Volda bedehus. Derfor vart vi svært
glade då vi fekk vite at ho skal vitje oss igjen. Ho har i talrike
periodar vore misjonær i Peru, ja, var ein av pionérmisjonærane til
Misjonssambandet i det landet. Når ho er blitt ein skatta forkynnar
her heime, også i generalforsamling og ungdommens landsmøte, er
det både fordi ho har stor evne til å leggje ut Ordet på ein original,
fengande og byggjande måte, og fordi ho har så mykje erfaring og
kan gi interessante og talande misjonsglimt frå si lange teneste. No
vonar vi folk – ikkje berre i Volda, men i vidare ring – veit å setje
pris på og å nytte høvet frå komande tysdag kvar kveld til og med søndagsamlinga på ettermiddag.
Songkrefter vert òg med. Lat oss gjere det vi kan for at samlingar på bedehuset må fungere godt
både for sosialt og åndeleg fellesskap og til misjonsinspirasjon!
Reidulf Lillebø